Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Tollef Davidsen (1821-1890) og Anna Sjursdotter (1825-1909) i Bergen og huslyden deira - manglande detaljar?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Denne huslyden vart omskriven i Gards- og Ættesoga for Luster, bd. II (1986), men med manglande kjeldetilfang var det den gongen ikkje so lett å finna ut stort meir.  No syner det seg at det ikkje er vorte so mykje lettare i dag, so eg legg fram dette delvis oppdaterte manuskriptet med von om at nokon kan hjelpa meg finna detaljar som framleis manglar...

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Tollef Davidson, f. 17.2.1821, gifte seg 3.1.1849 med Anna Sjursdotter frå Kjempeneset under Kvale.  Ho var f. 25.1.1825.  Dei vart buande i Årstu eit par år som innerstar.

Tollef og Anna flytte kring 1853 til Bergen.  Tollef var daglønnar, og dei budde mange stader, mellom anna i Nøstesmuget, i Baneveien og sist i Vaskerelvsgaten.  Alt i 1861 fekk både mann og kone attest hjå presten i Luster for å utvandra til Amerika, men av ukjende orsaker var det berre mannen som kom til å fara, og han utvandra ikkje før kring 1865.  Under namnet Tollef Davidson finn me han att i Carrolton township, Fillmore Co., Minn. der han livnærte seg som farmarbeidar (”farm laborer”).  Han d. i Fillmore Co., Minn. 14.8.1890, og då var han komen på legd (”pauper”).  Folketeljingi frå 1880 kalla Tollef for enkjemann, men Anna levde framleis i Bergen under namnet Anna Tollefsen(!).  I 1870 budde ho i arbeidarbustaden på Stølen, men ho flytte sidan til Østre Jernbanegate, og der d. ho 20.1.1909.  Då vart ho sagt  vera enkje etter ein ”musikkorporal”.  Det ser elles ut til at ho levde i små kòr, for alt i 1870 fekk ho underhald hjå fattigvesenet i Bergen, og dei laut visstnok syta for ho so lenge som ho levde.  Me veit om sju born etter Anna og Tollef:

a. David Tollefsen, f. i Luster 10.1.1849, flytte med foreldri til Bergen 

 

     ##### (lagnaden hans? – hjå mor si 1870 – ikkje nemnd 1896)

 

b. Bertha Sophie Tollefsen, f. i Luster 13.12.1852, flytte òg med foreldri til Bergen  

 

     ##### (lagnaden hennar? – hjå mor si 1870 – ikkje nemnd 1896)

 

c. Sivert Johan Tollefsen, f. i Bergen 1.12.1854,

 

     ##### (lagnaden hans? – hjå mor si 1875 – kalla sjømann – levde framleis 1896!)

 

d. Christian Gjertin Tollefsen, f. i Bergen 17.9.1857,

 

     ##### (lagnaden hans? – hjå mor si 1875 – kalla anglemakarsvein – ikkje nemnd 1896)

 

e. Hans Andreas Tollefsen, f. i Bergen 22.12.1859, d. i Bergen

 

     ##### (dødsdatoen hans? – før 1865!?)

 

f. Anna Thorgine Tollefsen, f. i Bergen 28.12.1861, d. i Bergen

 

     ##### (dødsdatoen hennar? – før 1865!?)

 

g. Petra Severine Tollefsen, f. i Bergen 20.8.1864, d. på eit sjukehus i Bergen 17.12.1931.  Ho arbeidde som reingjeringsassistent og budde levetidi ut i Bergen.  Ho var ugift, men let etter seg ei dotter.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche
Egil Russøy

Petra døydde 17. des. 1931 i Bergen, ugift vaskepike. http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000001550186

I dødsfallsprotokollen står det oppført som arving Astrid Gullaksen (eg klarer ikkje heilt å lese det som står før namnet, men kanskje det er "M" for myndig?) Nr. 1002

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Bergen by, Dødsfallsprotokoll 17 , 1931-1934, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27867/13/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090611350821.jpg
 
 
Petra og Astrid i 1910 Bergen http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036708016552
 
mvh Egil

Endret av Egil Russøy - Førde

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Johannessen

Finner Sivert Johan Davidsen emigrert i 1892, her er det oppgitt at han var gift og hadde bodd 15 år i Amerika http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000687632

 

 

Census 1900

 

S J Davidson
Kjønn: Mann
Født: des 1855
  Norway
Bosted: 1900
  Chicago city, Cook, Illinois, USA
Alder: 45
Ektskapsstatus: Gift
Ekteskap: Ca 1883
Immigrasjon: 1879
Rase: Hvit
Entisitet: American
Kone: Salma Davidson
 

Endret av Lars Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten, Egil og Lars J. for fleire skikkeleg spennande og nyttige innlegg!  Eg har fått svar på det alle meste, men gjennom dei opplysningane som er framkomne, er det dukka opp nokre nye spørsmål.  Først vil eg syna manuskriptet mitt slik det no ser ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Tollef Davidson, f. 17.2.1821, gifte seg 3.1.1849 med Anna Sjursdotter frå Kjempeneset under Kvale, f. 25.1.1825.

Tollef og Anna flytte kring 1850 til Bergen.  Tollef var først militær soldat og sidan daglønnar, og dei budde mange stader, mellom anna i Nøstesmuget, i Baneveien og sist i Vaskerelvsgaten.  Alt i 1861 fekk både mann og kone attest hjå presten i Luster for å utvandra til Amerika, men av ukjende orsaker var det berre mannen som kom til å fara, og han utvandra ikkje før kring 1865.  Under namnet Tollef Davidson finn me han att i Carrolton township, Fillmore Co., Minn. der han livnærte seg som farmarbeidar (”farm laborer”).  Han d. i Fillmore Co., Minn. 14.8.1890, og då var han komen på legd (”pauper”).  Folketeljingi frå 1880 kalla Tollef for enkjemann, men Anna levde framleis i Bergen under namnet Anna Tollefsen(!).  I 1870 budde ho i arbeidarbustaden på Stølen, men ho flytte sidan til Østre Jernbanegate, og der d. ho 20.1.1909.  Då vart ho sagt  vera enkje etter ein ”musikkorporal”.  Det ser elles ut til at ho levde i små kòr, for alt i 1870 fekk ho underhald hjå fattigvesenet i Bergen, og dei laut visstnok syta for ho so lenge som ho levde.  Anna og Tollef fekk åtte born i lag:

a. David Tollefsen, f. i Luster 10.1.1849, flytte med foreldri til Bergen der han d. 6.3.1951.

b. David Andreas Tollefsen, f. i Bergen 19.4.1851, d. som bakar på Børsheim i Strandebarm 23.6.1888.  Han gifte seg i Strandebarm 3.9.1877 med Gjertrud Sebjørnsdotter frå Lillefosse i Strandebarm, f. i Strandebarm 25.2.1855.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – gravlagd Strandebarm 6.9.1929!)

 

     1929.  Som enkje gifte ho seg 18.11.1890 att i Strandebarm med enkjemannen Arne Arneson frå Bakke i Strandebarm, f. i Strandebarm 26.3.1860.  Han d.

 

     ##### (dødsstaden? – Strandebarm?)

 

     5.4.1943.  David var bakar, og han og Gjertrud budde på Børsheim i Strandebarm.  Arne Bakke var snikkar, og han og Gjertrud var gardbrukarar på Lødalen, Børsheim i Strandebarm. 

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – Arne hadde minst to døtrer frå første ekteskapet sitt! – Hilda Arnesen

            1884 og Kristi Arnesen 1886)

 

c. Bertha Sophie Tollefsen, f. i Luster 13.12.1852, flytte òg med foreldri til Bergen der ho d. ugift 9.5.1885.

d. Sivert Johan Tollefson, kjend som John S. Davison, f. i Bergen 1.12.1854, var ei tid sjømann,

 

     ##### (detaljar?)

 

     men utvandra til Amerika første gongen kring 1879.  Han gifte seg i Chicago, Ill. 2.12.1882 med Selma

 

     ##### (wife’s original name?)

 

     i Amerika kjend som Selma J. Svenson.  Ho var dotter av

 

     ##### (parents?)

 

     og f.

 

     ##### (januar 1855? – kan henda Selma Lovise Svensson, fødd i Sexdrega, Älvsborgs län, Sverige 12.1.1856 – dotter av Magnus Svensson og Carolina Petersdotter? – NB: dødsattesten hennar seier fødd i Västergötland 1.2.1855! - og då ho gifte seg att i 1918, heitte ho Selma J. Davidson!)

 

     men utvandra til Amerika i 1880. 

 

     ##### (sjekka utvandringsåret hennar?)

 

     John var ein tur heime på vitjing i 1892, men fór same året attende til Amerika.  Han livnærte seg som tinnsmed og sidan butikkmann i jarnvarenæringi (”tinner and hardware clerk”).  Han og Selma vart buande i Chicago, Cook Co., Ill. der John d. 18.12.1911.  Selma gifte seg att i Chicago Ill. 16.2.1918 med Ernst Antonius, kjend som Anton Bjorkholm frå Borås, Västergötland i Sverige.  Han var son av

 

     ##### (namn på foreldri hans, yrke til far og opphavi til båe?)

 

     Han var f. i Borås i Sverige 2.3.1886, men utvandra til Amerika i 1910.  Anton Bjorkholm var maskinist (”machinist”), og han og Selma vart buande i Chicago, Ill. der Selma d. 29.9.1934.  Anton Bjorkholm d.

 

     ##### (date and place of his death? – after 1942!)

 

     Selma fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men andre mannen Anton hadde visstnok ei dotter frå eit tidlegare ekteskap.

e. Christian Gjertin Tollefsen, f. i Bergen 17.9.1857, d. p[ eit sjukehus i Bergen 5.8.1907.  Christian var anglemakar og budde i Bergen, ugift.

f. Hans Andreas Tollefsen, f. i Bergen 22.12.1859, d. i Bergen 4.1.1861.

g. Anna Thorgine Tollefsen, f. i Bergen 28.12.1861, d. i Bergen 11.5.1862.

h. Petra Severine Tollefsen, f. i Bergen 20.8.1864, d. på eit sjukehus i Bergen 17.12.1931.  Ho arbeidde som reingjeringsassistent og budde levetidi ut i Bergen.  Ho var ugift, men let etter seg ei dotter.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg vil leggja inn eit par nye tema for å dekka dei fleste nye spørsmåli som er komne fram.

 

* Eitt i Arkivforum som gjeld bakar David Tollefsen i Strandebarm og huslyden hans,

 

* Eitt i Arkivforum som gjeld sjømannskapen til Sivert Johan Davidson, og

 

* Eitt i Brukarforum som gjeld den svenske kona til Sivert Johan Davidson i Chicago, IL

 

Eg takkar nok ein gong for det kjempeflotte teamarbeidet som har gjeve so gode resultat!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.