Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Dødsmelding og skifte (skiftedokument?) Florø 1893/1894 - Ole Sjurson?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ole Sjurson Solvorn, i mange år husmann i Solvornstrondi under Solvorn i Hafslo, flytte visstnok i 1892 til Florø der han døydde 2.8.1893.  Han let etter seg borni:

 

* Sjur Olson Tune (1860-1929), bakar i Solvorn

 

* Ole Olson (Solvorn), fødd 16.4.1865, utvandra i 1885 til Amerika

 

* Maria Olsdotter (1869-1947), gift 1893 med Gunder Elias Gundersen, skomakar i Florø

 

Eg har eit gamalt notat som seier at det vart halde skifte etter Ole Sjurson, og at dette vart slutta i 1894.  I samband med dette skiftet skal sonen Ole vera nemnd som "tilstadeverande", men han er ikkje å sjå i nokon andre norske kjelder, so eg TRUR denne utsegni er uriktig!

 

* Går det fram av dødsmeldingi eller skiftet, eventuelt skiftedokumenti, kvar sonen Ole Olson oppheldt seg på den tidi og kva namn han nytta?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Yngve Nedrebø

Boet ble registrert 9. august 1893, men konklusjonen var at han var hjemmehørende i Hafslo, og at det var begrensede midler i Florø. Boet i Sunnfjord ble sluttet 21. august 1893 med kr. 9,51 i kostnad til skifteretten for registreringen. Ingen av barna omtales i skifteslutningen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Yngve for overraskande svar!  Eg veit diverre ikkje KVAR notatet mitt kjem ifrå, men dersom det ikkje finst dokumentasjon på dette i Sunnfjord (heller ikkje ein pakke med skiftedokument), må vel saki ha vore oppe i skifteretten i indre Sogn!?  Er det mogeleg å få sjekka dette?  Dokumentpakken vil i alle fall, trur eg, vera den beste kjelda til oppklaring av problemet...

 

Eg takkar so mykje for vidare oppfølgjing av denne saki.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×