Gå til innhold
Arkivverket

Selma Svenson Bjorkholm - fødd i Västergötland 1855/1856 - utvandra 1880 til Amerika? - svensk opphav?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har fått eit nytt problem som gjeld utvandring frå Sverige.  Kan nokon hjelpa meg, please, med å finna opphavet til denne jenta og andre mann hennar?

 

Selma Bjorkholm døydde i Chicago, IL 29.9.1934.  Jentenamnet hennar var SVENSON, og ved dødsfallet vert ho oppgjevi vera fødd i Västergötland i Sverige 1.2.1855.

 

Ifølgje FT1900 var ho fødd i Sverige i januar 1856 og skal ha utvandra til Amerika i 1880.

 

FamilySearch syner at ei Selma Lovisa Svensson var fødd i Sexdrega, Älvsborgs län, Sverige 12.1.1856 som dotter av Magnus Svensson og Caroline Petersdotter

 

I 1918 hadde Selma bokstaven "J" som mellombokstav!

 

Ho gifte seg første gongen i Chicago, IL 2.12.1882 med Sivert Johan Davidson frå Bergen (1854-1911)

 

Ho gifte seg andre gongen i Chicago, IL 16.2.1918 med Ernst Antonius Björkholm, kjend som Anton Bjorkholm, som skal vera fødd i Borås, Västergötland i Sverige 2.3.1886 og som utvandra over Göteborg i 1911.

 

FT1930 syner at Anton hadde ei dotter Wandla (Vera?) Bjorkholm, fødd i Sverige 1905, som utvandra i 1923!

 

Utifrå desse opplysningane har eg følgjande spørsmål:

 

* Nøyaktig dato og stad for fødsli til Selma Svenson?

 

* Fulle namn på foreldri hennar, yrket til far og fødestad/opphav til båe?

 

* Utvandringsåret hennar?

 

* Stadfesting av dato og stad for fødsli til Ernst Antonius Björkholm?

 

* Fulle namn på foreldri hans, yrket til far og fødestad/opphav til båe?

 

* Hadde Ernst Antonius Björkholm vore gift FØR han utvandra i 1911?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om desse to svenske emigrantane!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I Sexdrega C:5 s. 440, nr. 33/1856 født 13. januar, døpt 14. januar er Selma Lovisa, datter av Magnus Svensson og hustru Carolina Petersd. på Kårtö qwarn.

 

Hilsen Tor

 

Og i følge husforhør AI:20 (1856-1866), s. 110 var Magnus født 1814 i Svenljunga, Carolina i 1819 samme sted, og datteren Johanna 1845 samme sted. Senere barn var født i Sexdrega: Clas Hilmar 1853, Selma L 1856, Augusta Hemfrida 1851. Magnus er oppført som "mjølnare".

 

Familien flyttet 1857 til "socknens slut"??, dvs side 192 i protokollen. Her er hustruen Carolina oppført med patronym Johansdtr. De flyttet videre til Dannike??? 1859.

 

Tor

Endret av Tor Weidling
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Tor for spennande og nyttig innlegg!  Du har gjort grundig greie for Selma Lovisa frå Sexdrega i Älvsborgs län og opphavet hennar, men har du finne ho utvandra frå Sverige?  Eg er enno ikkje sikker på om det verkeleg er denne Selma me skal leita etter...  Mellombokstaven "J" frå andre vigsli hennar får meg til å tru at "vår" Selma skulle heita Johanna eller noko liknande, og ikkje Lovisa...

 

Eg ventar spent på om det finst andre alternativ...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Beklager Lars, men jeg har ikke helt greit å tolke flyttingen 1859. Skal se om jegfinner tråden igjen.

 

Tor

 

Jeg ser på flyttelista B:3 s. 8, og jeg lurer på (under mye tvil) om familien i Sexdrega er utflyttet til N. Amerika i 1859.

 

Tor

Endret av Tor Weidling
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei, det ser ut til at flyttestedet i 1859 skal være i Elvsborgs len.

 

Tor

 

Ja, det var til Dannike anneksforsamling de flyttet (Länghem B:2 s. 31). Men så forsvinner de for meg igjen. Hmmm

 

Tor

Endret av Tor Weidling
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Post 2845922

Ernst Antonius

f. 1886 i Kinnarumma (Älvsborgs län, Västergötland)

s.
Pojke, barn i familjen

Rydboholms Konstväfveri fabrik
Kinnarumma (Älvsborgs län, Västergötland)

v

Födelseort i källan: Kinnaruma
 

------------------------------------------------------------------------------------


Ernst Antonius Björkholm står med sivilstand "Ä" ved utflyttingen. Han ble enkemann 23.02.1909.

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Foreldrene til Ernst Antonius - Fra Sveriges Befolkning 1890:

 

Post 2845918

Andersson, Johan Aron
Arb. vid Rydboh. väf-fabr.

f. 1862 i Kinnarumma (Älvsborgs län, Västergötland)

Gift man, far i familjen

Rydboholms Konstväfveri fabrik
Kinnarumma (Älvsborgs län, Västergötland)

Födelseort i källan: Kinnaruma

 

 

 

 

Post 2845919

Andreasdr, Amanda Charl.

f. 1859 i Kinnarumma (Älvsborgs län, Västergötland)

h.
Gift kvinna, mor i familjen

Rydboholms Konstväfveri fabrik
Kinnarumma (Älvsborgs län, Västergötland)

Födelseort i källan: Kinnaruma


 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Tor og Sven for nye imponerande innlegg!  Det er ikkje til å tru at du Sven kan finna so mange fine detaljar om Selma og Anton!

 

So vidt eg kan sjå, har eg fått svar på det aller meste, men to punkt står framleis som noko "uklåre"...:

 

* Innlegg #6 - tredje vedlegget, syner huslyden til Ernst Antonius Bjorkholm då han budde i Borås.  Det ser ut som om kortet er noko "avskòre" og eg lurer på:  Kor mange born sønber/døtrer hadde Ernst Antonius i Sverige?  (Me kan sjølvsagt spekulera på om Vera Vendela var Ernst Antonius' dotter, men me får vel aldri sikkert svar på dette spørsmålet...)

 

* Innlegg #7 - første vedlegget, omtalar Selma Josefina Johansdotter som fødd i Seglora og utvandra derifrå i 1880, medan hitt vedlegget har både faren Johannes Svensson og mori Cathrina Andersdotter som busette i Rydboholm, Borås!  Korleis skal me tolka dette?  Er kan henda Rydboholm i Seglora socken?

 

Nok ein stor takk for framifrå opplysningar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for nytt innlegg!

 

So vidt som eg kan tolka denne oversikti over Borås kommune, er Seglora og Rydboholm båe "delar" (socken?) av kommunen, og då burde vel Selma ha fødestaden Rydboholm, medan ho godt kan ha butt i Seglora og utvandra derifrå i 1880?

 

Når eg ser at Kinnarumma òg er ein "del" (socken?) av Borås, kan ein kanskje òg spørja seg om Ernst Antonius Björkholm budde i Kinnarumma då han utvandra i 1910, eller om han var flytt til sjølve Borås stad...?

 

Ikkje alltid so enkelt å setja seg inn i geografiske/admistrative tilhøve i andre land...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ernst og Alma hadde 2 barn: Vera Vendela og Gunborg Vilhelmina. Gunborg Vilhelmina døde 28.09.1908 i Borås.

 

Ernst og Alma giftet seg 02.11.1907 i Borås

 

I vedlegg #3 er det oppgitt at Ernst og Alma er foreldre til Vera Vendela

 

 

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for nytt innlegg!

 

So vidt som eg kan tolka denne oversikti over Borås kommune, er Seglora og Rydboholm båe "delar" (socken?) av kommunen, og då burde vel Selma ha fødestaden Rydboholm, medan ho godt kan ha butt i Seglora og utvandra derifrå i 1880?

 

Når eg ser at Kinnarumma òg er ein "del" (socken?) av Borås, kan ein kanskje òg spørja seg om Ernst Antonius Björkholm budde i Kinnarumma då han utvandra i 1910, eller om han var flytt til sjølve Borås stad...?

 

Ikkje alltid so enkelt å setja seg inn i geografiske/admistrative tilhøve i andre land...

http://www.svenskakyrkan.se/kinnarummapastorat/vara-kyrkor 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for nye spennande og utfordrande opplysningar!

 

Pastoratet heiter altso Kinnarumma, og dette har tre kyrkjer, Kinnarumma, Rydboholm og Seglora.  Då er det vel slik at Kinnarumma er "socknet", men det vert kanskje for "spissfindig" å gå slik i detalj.  Kanskje me heller berre burde seia at dei var frå Borås?  Tross alt har denne byen over 100000 innbyggarar!  Om nokon kjem frå Göteborg eller Stockholm, seier me jo berre dei var frå desse stadene utan å nemna namnet på kyrkja!

 

Noko anna som fell meg inn:  Foreldri til Selma Josefina, Johannes Svensson og Cathrina Andersdotter; finst det opplysningar om dei nokon gong gifte seg?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I Sveriges Befolkning 1880 står moren som ugift fortsatt:

 

Post 1880-15-156-2127

Andersdotter, Anna Katrina
Inhyseshjon

f. 1832 i Kinnarumma (Älvsborgs län, Västergötland)

Ogift kvinna, ensam i familjen

Rydboholms Konstväfveri Fabrik Ogifte qvinnspersoner
Kinnarumma (Älvsborgs län, Västergötland)

Registrerad födelseort: Kinnarumma Älvsborgs län
 

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Med litt hastverk; unnskyld dårlig sammenheng!

 

#15:

Borås kommun (som på senere år er begynt å kalle seg selv Borås stad) har  mange innbyggere, men det er sånn omtrent 18 gamle församlingar/socknar i kommunen.... Hvis noen sier fra Borås, antar man det gamle bysognet, hvilket her er feil.

Standard er å skrive församling, og jeg tror at husförhörslängd, födde/döpte, og utflyttade forteller om hvilken adresser hun hadde. 

Det er höyst mulig at det går å se i hvilken socken det er idag.

 

Det ser ut til at noenting ikke er helt rett,  hun  kann jo da ikke ha bodd i to nabosogn samtidlig.....

 

Rydboholm er ett tettsted, bedre å bruke det en Borås, men jeg syns at församling er bedre.

 

 

#13

Datteren er skrevet som hustruns dotter f.ä. (före äktenskapet), ikke u.ä . (utom äktenskapet), så det er nok Ernsts datter.

Hun vel da er ifölge den gamle loven "trolovningsbarn", hvilket ikke var uvanlig hvis en av barneforeldrene var under 21 og foreldrene ikke ga dem lov å gifte seg eller foreldrene av noen grund måtte vente med å bli gift.

Og det stemmer jo med "Föräldrar: Ernst Antonius Björkholm och h. afl. h. Alma..." (....hans aflidna hustru....)

 

Ekstra kommentar:

Det er flere av denne Björkholm-familien begravet på Sankta Birgittas griftegård i Borås by.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven og Vibeke for dei siste innleggi frå i aftes!

 

Eg må tilstå eg har litt vanskar med å setja meg inn i denne "Borås-geografien"; særleg dette med at Selma skulle vera fødd både i Rydboholm og i Seglora...!  For meg ser det likevel ut til at Rydboholm må vera det rette, og eg har no sett opp følgjande manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

d. Sivert Johan Tollefson, kjend som John S. Davidson, f. i Bergen 1.12.1854, var ei tid sjømann, men utvandra til Amerika første gongen kring 1879.  Han gifte seg i Chicago, Ill. 2.12.1882 med Selma Josefina Johansdotter Svensson frå Rydbohokm, Borås i Älvsborgs län i Sverige, i Amerika kjend som Selma Svenson.  Ho var dotter av fabrikkarbeidar Johannes Svensson i Rydboholm, Borås og jenta Anna Cathrina, kjend som Cathrina Andersdotter, likeins i Rydboholm, Borås og f. i Rydboholm, Borås, Älvsborgs län i Sverige 1.2.1855, men utvandra til Amerika i 1880.  John var ein tur heime på vitjing i 1892, men fór same året attende til Amerika.  Han livnærte seg som tinnsmed og sidan butikkmann i jarnvarenæringi (”tinner and hardware clerk”).  Han og Selma vart buande i Chicago, Cook Co., Ill. der John d. 18.12.1911.  Selma gifte seg att i Chicago Ill. 16.2.1918 med Ernst Antonius, kjend som Anton Johansson Björkholm, opphavleg frå Kinnarumma, Borås i Älvsborgs län, Sverige, sidan kjend som Anton Bjorkholm.  Han var son av fabrikkarbeidar Johan Aron Andersson Björkholm i Kinnarumma, Borås og kona Amanda Charlotta Andreasdotter, òg frå Kinnarumma, Borås og f. i Kinnarumma, Borås i Älvsborgs län, Sverige 2.3.1886, men hadde vore fabrikkarbedar og budde på Akerslund i Borås, Älvsborgs län i Sverige til han i 1910 som enkjemann utvandra til Amerika.  Anton Bjorkholm livnærte seg i Amerika som maskinist (”machinist”), og han og Selma vart buande i Chicago, Ill. der Selma d. 29.9.1934.  Anton Bjorkholm d.

 

     ##### (date and place of his death? – after 1942!)

 

     Selma fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men Anton hadde to døtrer frå første ekteskapet sitt.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Om nokon meiner eg har uttrykt meg feil, so ver god å seia ifrå...

 

Eg takkar på ny for kjempefine opplysningar og ser no på den "svenske" delen av dette problemet som løyst!

 

Lagnaden til Ernst Antonius Björkholm i Amerika vert det nok vanskeleg å finna ut av...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er jo ikkje til å tru, Sven!  Korleis har du greidd å finna dødsfallet til Ernst Antonius Bjorkholm?

 

Dette er imponerande!  Men har kjelda di opplysningar om nøyaktig dødsstad?  Var det New York City, NY?

 

Uansett, datoen er det viktigaste...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for nytt innlegg!

 

No har eg kikka på FamilySearch, og her fann eg nøyaktig svar:

 

Name: Ernst Bjorkholm

Event Type: Death

Event Date: 11 Oct 1959

Event Place: Lakewood, Busti, Chautauqua, New York

Gender: Male

Age: 73

Birth Year (Estimated): 1886

Death Year: 1959

File Number: 69613

 

Med dette kan me seia at problemet endeleg er løyst, og eg takkar på ny for den flotte dugnadsinnsatsen som har gjeve eit so godt resultat!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.