Gå til innhold
Arkivverket
Per Nistad

SF Selje. Peder Olssen Øvre Berge(1752-1831) Kvar kom han frå?

Recommended Posts

Per Nistad

Eg prøver å finne opphavet til Peder Olsen Øvre-Berge i Selje. Han blei gift med Christie Abelsdatter Berge( f. i april 1752), sommaren 1776. I folketeljinga  i 1801, er han og kona registrerte på garden Berge med borna Ole, Abelone, Malene, Marthe og Magdeli. Både Peder og Christi er då 50 år gamle. (Dei gjekk i sitt 50. år, som ein sa før). Den Peder Olsen som passar best, er døypt 29. mars 1752, av foreldre Ole Pedersen og Magdelene Thomassen Leganger (Leikong/Leikanger i Selje). Det er fødd ein  Peder Olsen Svinevik i mars-april 1751, men mora hans heitte Eli. 

 

Ei Christie Abelsdatter er død 81 år gammal i 1726, men det stemmer ikkje med  fødselsåret 1752.  Men ho hadde ei søster med same namn som vart fødd i april 1847, så det er nærare. Ho var truleg død før søstera var fødd, men eg har ikkje funne ho blant dei døde. (Det var ikkje heilt uvanleg at det vart rota med namn eller dato når det var avdøde søsken med same namn.)

Peder Olsen er død på Øvre-Berge 80 år gammal 25. januar 1831, så der stemmer alderen bra med han som var fødd i januar 1752.

 

Forvirringa vert større fordi J. Aaland skriv i bygdeboka at Peder Olsen som døyr i 1831, var Peder Olsen Amdam, og at Christie (han skriv Kristi) var kona hans og døydde 81 år gammal i 1826. Men i 1801 er Peder Olsen Amdam 55 år, og gift med Brite Rasmusdatter, 48 år. Borna deira heiter Rasmus og Peder.

 

Kven er den Peder Olsen som var gift med Christi?

 

Mvh

Per Nistad

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Ole Pedersen på Leikanger hadde ingen attlevande son med namn Peder, noko som skiftet frå 1787 viser: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24237/276/

 

Derimot hadde Ole Knudsen på Øvre-Berge ein son Peder Olsen. Skiftet frå 1768 viser dette: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24232/324/

 

Ole Knudsen budde først på Tungevåg. Han var gift iallefall tre gonger. Han hadde to born i første ekteskap med Marthe Arnesdtr. Sandvik (Poul og Marthe). Her er skifteekstrakt etter Marthe: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24225/107/

 

Andre kona Malene Pedersdtr. døydde i 1763. Her er skiftet etter ho: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24231/228/

Det var og to born i dette ekteskapet; Peder og Marthe (d.y.)

 

I skiftet etter Marthe Olsdtr. Tungevåg (Marthe den yngre) i 1787, er "Peder Olsen Øfre-berge" nemnt (sjå høgre side): http://arkivverket.no/URN:sk_read/24236/377/

 

Malene Pedersdtr. og Ole Knudsen vart gifte i 1743: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11645&idx_id=11645&uid=ny&idx_side=-84

 

Her er trulovinga: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11644&idx_id=11644&uid=ny&idx_side=-100

 

Her er dåpen til Peder Olsen Tungevåg i 1751 (Døypt i Sande kyrkje): http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11645&idx_id=11645&uid=ny&idx_side=-52

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per Nistad

Takk for raskt svar!

 

Då har nok Peder Olsen namnet sitt frå morfaren, og dottera Malene er oppkalla etter mora. Går ut i frå at det er han som døyr 81 år gammal i 1831, og ikkje Peder Olsen Amdam.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×