Gå til innhold
Arkivverket
Alf Strand

Jeremias Simonson på Espedal i Fjaler, Sogn og Fjordane

Recommended Posts

Alf Strand

I 1806 får ekteparet Jeremias Simonson og Anne Andersdtr. ein son: Nils Anders. Guten kjem til verda i Espedal i Fjaler og foreldra er gardbrukarar. Kan nokon med tilgang til bygdebok for Fjaler, evt. panteregisteret, finna ut om Jeremias Simonson nokon gong har vore gardbrukar i Espedal? Jeremias Simonson kom frå Åsen i Jølster og enda sine dagar som plassmann i Råke i Solund. Men då var han enkjemann. Døydde Anne Andersdtr.i Fjaler? I så fall, kva tid?

 

Alf

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Det er ikkje så mykje å hente i bygdeboka:

 

Frå 1805 til 1806 var brukaren Jeremias Simonson, g. m.
Ågote Andersdtr. Bom: Nils. Anders f. 1806.

 

 

 

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

På husmannsplassen Ystegjerdet under Igelkjøn dukkar det i følgje bygdeboka opp ein Anders Jeremiasson Espedal f. 1795, men han er i følgje FT1865 fødd i  Jølster. Eg finn ingen annan Jeremias Espedal enn han som du nemner. Kjenner du til denne Anders, eller veit du kvar Nils Anders Jeremiasson vart av?

 

post-77-0-71973600-1423693481_thumb.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

I kyrkjeboka finn eg følgjande (#2):

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Fjaler, Ministerialbok nr. A 5 (1821-1835), Ekteviede 1829, side 104. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8831&idx_id=8831&uid=ny&idx_side=-103

 

Faren, Jeremias Simensen er her kalla "Grdmd. i Espedal"

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Alf Strand

Anders Jeremiasson var fødd medan familien budde i Jølster, så han har vore med til Espedal. I og med at han slo seg til på Igelkjøn, har han truleg vakse opp der ikring. Det skal òg vera ein bror Peder i Vårdal. Han finn du gjerne i boka. Nils Anders kjem til Råke i Solund.

 

Mvh Alf

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Eg har sett litt meir på Jeremias og Agathe. Eg finn dei følgjande stader etter 1800:

FT1801 (Jølster): http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058403000837

1806 (Dåp av Niels Anders): http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000008395385

1808 (Dåp av Peder): http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000008395717

Deretter dukkar dei opp i Korssund i 1812, då vert nemleg dottera Oline døypt. http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000006810972

I FT1815 for Fjaler finn eg følgjande familie som innerstar på Hellevik: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01070683000782

 

I 1865 finn eg Peder i Vårdalsneset: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038264000122

og i bygdeboka står dette:

post-77-0-47288700-1423765912_thumb.jpg

 

Vigselen i 1863 (#4):

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Fjaler, Ministerialbok nr. A 6 (1835-1884), Ekteviede 1863, side 266. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1982&idx_id=1982&uid=ny&idx_side=-319

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Då har eg lagt inn ein del om desse folka på Geni: https://www.geni.com/people/Agate-Åsen-Jølster/6000000049590131839

 

Huslyden budde på Hellevik i Fjaler i 1815,då Agate døydde. Ho og dei to yngste borna vart gravlagde 5/11 1815. Den yngste, Gjertrud vart berre 1/2 dag gammal, så det har vel blitt komplikasjonar ved fødselen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.