Gå til innhold
Arkivverket

SF Selje. Christie Andersdatter på Lillesalt - foreldre?

Per Nistad
 Del

Recommended Posts

Ved folketeljinga i 1801 bur Christie Andersdatter på Lillesalt i Selje med mannen Ole Iversen.  Han er son av Iver Robertson og 2. kona hans, Anne  Øgaarden (Lillesalt). Christie og Ole gifte seg 2. august 1795. Ole er døypt 9. mai 1767 , og Christie sannsynlegvis 27. september 1767. Eg har ikkje funne sikker kjelde for foreldra hennar.

Endret av Per Nistad
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Di Christi Andersdtr. var nok ikkje dotter til Anders Anderssen Vedvik og kona Synneve Joensdtr. Skiftet etter Anders Andersen i 1779 nemner fire attlevande born; 3 søner og dottera Sigri: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24235/317/

Eg meiner at den Christi som du leiter etter, var frå Austmyr/Dragsmyr ved Drage. Eg har ikkje noko endeleg prov, men som ein kan sjå var begge trulovarane ved giftermålet hennar frå Drage. Christi Andersdtr. Drage vart konfirmert i 1785 (I lag med Ole Iversen Lillesalt):

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Selje, Ministerialbok nr. A 6 (1782-1806), Konfirmerte 1784-1785, side 102.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11647&idx_id=11647&uid=ny&idx_side=-103
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070515640263.jpg

Dåpen er verre å finne, men det er vel truleg ho som presten har kalla Christianj ved dåpen 9.10.1768.

Ved skiftet etter mora Christi Pedersdtr. i 1778, er dottera Christi Andersdtr. 9 1/2 år: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24235/125/

Anders Gregoriussen og Christi (Kirsten) Pedersdtr. (Sandviknes) vart gifte i 1766, og hadde då ekteskapsløyve. Dei var då truleg i slekt med kvarandre (tremenningar eller nærare), men du kan evt. spørre Statsarkivet i Bergen om kvifor dei trong løyve.

Trulovinga er her: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11646&idx_id=11646&uid=ny&idx_side=-57

Ein ser at Jacob Knudsen var trulovar både i 1766 og i 1795. Jacob Knudsen var gift med Rachel Samundsdtr. frå Salt, som var syskenbornet til Christi Pedersdtr.

Christi Pedersdtr. Sandviknes sine foreldre var Peder Pedersen (Salt) og Christi Zachariasdtr. (Berge/Solem i Davik).

Peder Pedersen Salt sine foreldre heitte Peder Knudsen (Sandviknes) og Synneve Olsdtr. (Aarsheim).

Christi Zachariasdtr. Solem sine foreldre heitte Zacharias Anthoniussen og Christi Pedersdtr. (Myklebust ved Bryggja).

Mor, mormor og mormors mor til Christi Andersdtr. heitte altså alle Christi.

Takk for svar!

Eg og tenkte på Drage, men kunne ikkje finne nokon dåp som passa. Alderen høver bra med det som er oppgitt i 1801. Når begge forlovarane kjem frå Drage, er det lite truleg at ho kjem frå ein annan kommune. 

Eg prøvde å finne ut meir om Anders Gregoriusson Austmyr. Då vart eg nokså forvirra. I skiftet etter Christi Pedersdtr. er nemnt borna Christi og Gregorius.

Gregorius Andersen Austmyre er konfirmert i 1787  Permanent sidelenke:  http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11647&idx_id=11647&uid=ny&idx_side=-105

17 år gammal. Då skulle han vere fødd i 1772/73, men eg finn han ikkje. Men i 14. august 1773, døyper Anders Gregoriussen og Christi Pedersdatter barnet Ane.

Gregorius sin alder ved konfirmasjonen stemmer nokolunde med bygdeboka for Selje, der Gregorius Andersen døyr 87 år gammal i 1859.  Men det som eg trudde var faren, Anders Gregoriussen, har inga kone som heiter Christi. Uansett må det vere feil i bygdeboka, for 2. kona til Anders døyr før første kona hans.(nr. 2 i 1767, nr. 1 i 1772)

Var det to Anders Gregoriussen på Austmyr på same tid? Eller er det feil både i ministerialboka og bygdeboka?

Endret av Per Nistad
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.