Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Ole Hansson (1846-1930) - frå Lom til Amerika - kvar har denne mannen ættenamnet MOEN ifrå (nytta i Amerika)?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Desse opplysningane er henta frå eit "family-tree" på ancestry.com:

 

"Ole Hansen Stuekveen Hanson Moen

Birth 16 Oct 1846 in Stueqveen under nordre Gauper, Lom, Oppland, Norway

gifte seg (i Lom) 28.3.1873 med:

Brith Halvorsdatter Slaalien

Birth 11 Aug 1849 in Norway

 

Mellom borni deira er nemnd denne dotteri som interesserer meg:

Marit (Mary) Olsdatter Stuekveen Hanson

Birth 27 Nov 1879 in Slolien, Lom, Oppland, Norway

Death 09 Mar 1974 in USA

 

Det vert ogso sagt at dei utvandra i 1886, men i Amerika er både 1885 og 1887 nemnde som utvandringsår!

 

~~~~~~~~~~

 

Går me til kyrkjebøkene for Lom, finn me følgjande:

 

* Fødsli til Ole Hansson 16.10.1846 der foreldri er nemnde plassfolk N. Gauper (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8915&idx_id=8915&uid=ny&idx_side=-88)

 

* Fødsli til Brit Halvorsdotter 11.8.1849 der foreldri er nemnde gardfolk i Slålien (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8915&idx_id=8915&uid=ny&idx_side=-123)

 

* Fødsli til dotteri Marit 27.11.1879 der foreldri er nemnde gardfolk i Slålien (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6072&idx_id=6072&uid=ny&idx_side=-94)

 

Er det nokon med lokal kunnskap i Lom, eventuelt med hjelp av bygdebøkene for Lom, som kan hjelpa meg svara på følgjande:

 

** Stadfesta at Stuekveen var plassen under Nedre Gauper der Ole hadde opphavet sitt ifrå?

 

** Stadfesta at Brit var gardajente frå Slålien?

 

** Stadfesta at Ole og Brit var gardfolk i Slålien til dei utvandra til Amerika?

 

** Stadfesta at huslyden utvandra til Amerika i 1886?

 

** Og til slutt: kan nokon forklara meg kvifor denne huslyden skreiv seg for MOEN i Amerika?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for spennande melding!

 

Det var særleg interessant å sjå at Ole Hansson var HUSMANN då dei utvandra i 1885, men noko gards- eller plassnamn er ikkje nemnt!  Kanskje forklaringi på Moen-namnet ligg nettopp her?

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torø Anita Ringebo-Roen

kanskje de var noen år på Gauparsmoen f.eks....nok til at noen bytta navn det..bare ett forslag

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gro Anita for interessant innlegg!

 

Eg er ikkje so sikker på dette med Gauparsmoen.  Eg ser derimot at då sonen Ole vart fødd 23.12.1882 (og døypt 23.3.1883), var Ole og Brit plassfolk i KVEEN (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6072&idx_id=6072&uid=ny&idx_side=-110)!  Var dei då attende på fødestaden hans under Gaupar?

 

Eg trur me treng eit oppslag i bygdeboki for Lom for å få ei stadfesting av bustaden til denne huslyden...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torø Anita Ringebo-Roen

Det var Brukveen som de har kalt Kveen...gårdsnummer 134-5...Bodde der fra1878 til 1885..da flyttet hele familien til Amerika


og ja hun var fra Slålien...de var på Brukveen  ,en husmannsplass under Slålien når de utvandret. Stugukveen var en husmannsplass under Gaupar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gro Anita for nytt oppklarande innlegg!

 

Berre for at eg har dette heilt klart for meg:

 

* Stugukveen var plass under Gauper nordre, og det var denne plassen Ole Hansson hadde oppphavet sitt ifrå?

 

Framleis sit me att med spørsmålet om kvar dei hadde Moen-namnet ifrå, men dette er vel kanskje ikkje so godt å finna ut av...?

 

Nok ein gong ein kjempetakk for flotte opplysnngar!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torø Anita Ringebo-Roen

Hjarteleg takk til Gro Anita for nytt oppklarande innlegg!

 

Berre for at eg har dette heilt klart for meg:

 

* Stugukveen var plass under Gauper nordre, og det var denne plassen Ole Hansson hadde oppphavet sitt ifrå?

 

Framleis sit me att med spørsmålet om kvar dei hadde Moen-namnet ifrå, men dette er vel kanskje ikkje so godt å finna ut av...?

 

Nok ein gong ein kjempetakk for flotte opplysnngar!

 

ja den var under nordre Gaupar....Hans far var fra Brustugu og moren fra Kleiven (Brustugu er forresten nabo til Gauparsmoen)...tjukke slekta av meg ...noe av min slekt stammer også fra Kleiven (Kleivi i bygdaboka) trenger du mere så hjelper jeg gjerne

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gro Anita for siste svaret frå i går!

 

Bortsett ifrå spørsmålet om Moen-namnet kan me då sjå på dette problemet som endeleg løyst!

 

Nok ein gong hjarteleg takk for hjelpi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.