Gå til innhold
Arkivverket
Aase R Sæther - Gloppen

Drikkeglas-spørsmål

Recommended Posts

Aase R Sæther - Gloppen

Vi ryddar hus, og finn 2 glas som vi gjerne skulle ha visst meir om. Glaset til høgre har påskrifta Bergensutstillingen 19.. og så er dessverre årstalet vekk. Tyngda tilseier at det er betydeleg yngre enn det andre. Rosemåla med porselensmåling?

 

Glaset til venstre har kong Haakon sitt portrett og namn, men ikkje noko årstal, og ikkje noko fabrikkmerke e.l.

post-44-0-52889700-1424259283_thumb.jpg

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sigbjørn Sandsmark

Spør "Google" etter Bergensutstillingen. Der fant jeg tilsvarende glass fra 1910. Får ikke til å lage lenke-

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Takkar for tipset!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Eli Randmo

Det har vore fleire store utstillingar i Bergen, men etter den nasjonalromantiske dekoren å døma kan drikkeglaset til høgre vera laga i samband med landsutstillinga i Bergen i 1910.

 

380.107 4 L
  Landsutstillingen : 1910 : Bergen)
    Officiel fører og katalog for Landsutstillingen i Bergen 1910. - Bergen
    : Grieg, [1910]  . - 87, 68 s. : ill., fold. kart

 

Katalogen har oversyn over utstillarane, men ikkje bilete av produkta dei stilte ut. Katalogen er interessant i seg sjølv, som eit artig tidsbilete, og han gir oversyn over ein heil del lokale produsentar. På side 80 finn ein t.d.utstillar 702 Johannese, J. Gloppen som stilte ut hesteselar, fotballar, handkoffertar og rypesekk. 705 Lødøen, O.H. Hornindal stilte ut fiskemodellar og undervisningsmiddel for skular, medan 708 Tveranger N. frå Aurland viste fram aurlandssko.

 

Med helsing

Eli Randmo

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Interessant! Takk til deg og. Men ein "glas-kjennar" meiner glaset er for tungt til å vere frå 1910 - har vi fleire "Bergens-utstillingar" seinare?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gunnar Sigdestad

Bergensutsilling i 1928 òg...

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Richard Johan Natvig

Ja nettopp:  “Landsutstillingen i Bergen 1928”. Kan anbefale boka Utstillingsbyen: utstillinger og store arrangement i Bergen, red. av Johan Fredrik Kroepelien (Bergen 2009). Av innholdet bl.a.: Frode Ulvund: "De store udstillinger er børn av vor tid" Bergensutstillinga 1898; Stein Tore Davidsen: Landsutstillingen i Bergen 1910. Reiselivet rundt 1900; og Sissel Hamre Dagsland: Landsutstillingen i Bergen 1928. Jeg har lånt boka en gang og husker det var bilder av glass og andre suvenirer fra utstillingene, men kan ikke huske om dine glass var avbildet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Kva med 40-talet, var det Bergensustilling då? Ved nærare gransking kan det sjå ut som tal-resten som kjem etter 19.. høyrer til på eit 4-tal.

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Eli Randmo

380.107 4 U
   Utstillingsbyen . - Bergen : Bodoni, 2009. - 216 s. - ISBN
   978-82-7128-532-6

 

Boka omtalar fleire store utstillingar i Bergen, men berre utstillingane frå 1898, 1910 og 1928 blir kalla Landsutstilling.

Den Internasjonale fiskeriutstilling : 1865 : Bergen
Havebruksutstillingen : 1910 : Bergen

Landsutstillingen : 1898 : Bergen

Landsutstillingen : 1910 : Bergen

Landsutstillingen : 1928 : Bergen

Motorutstillingen : 1907 : Bergen

Norges varemesse : 1927 : Bergen

Norges varemesse : 1940 : Bergen

Norges varemesse : 1948 : Bergen

 

s. 61, bilete av suvernirar frå Bergensutstillinga i 1898, 3 glas, 2 koppar og 1 fat.

s. 109, bilete av suvernirar frå 1910, 3 glas, ser ut til å ha gravert eller trykt mønster

s. 152, bilete av suvernirar frå 1928, 4 kaffikoppar (reklamekoppar, 1 fat, 2 papirknivar, 1 glas og 1 blomstervase

 

Ingen av glasa liknar på dei Aase har lagt ut bilete av.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Takk for endå meir utfyllande! Merk at Kong Haakon-glaset ikkje har noko tilknyting til Bergen - dei er berre naboar på bildet.

 

Eg skal prøve å få eit betre bilete av konge-glaset, så kan ein kanskje sjå kva fotografi det er laga etter.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Det er iallefall snakk om ein ung Haakon. Han liknar på slik han såg ut f. eks. på dette biletet frå 1906, så det er vel rimeleg å tru at glaset er laga kort tid etter unionsoppløysinga.

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Ja - eg fann nettopp fram til dette bildet sjølv også. At "kontrafeiet" på glaset er kopiert frå eit bilde er vel tvillaust, og hårlokken på kongens for oss høgre side, er ikkje alltid like kraftig - men på både glaset og dette bildet er han ganske utprega. Og kroninga ville vere eit godt tidspunkt for å produsere eit slikt glas.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sigbjørn Sandsmark

Hei Aase,har du fremdeles E adressen min ? I såfall,vil du sende meg 3ord så jeg får din ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Ser dårleg ut - men mi er a-rysskrøllalfaonline.no

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.