Gå til innhold
Arkivverket

Karoline Karlsen, Kongsvinger 1875 - kvar er ho døypt?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Eg har trass omfattande leiting ikkje greidd å finne kvar denne jenta - konfirmant nr 1 på denne sida - er døypt. Faren, Karl Olsen er truleg av reisande slekt, men slår seg ned i Ålesund omlag på denne tida, og har jenta med seg, endå det ikkje er hans dåverande kone som er mor, så vidt eg kan forstå. Men kvar og når er ho døypt - om ho då ER døypt?

 

Karl og kona oppgjev to ulike årstal for ekteskap når dei døyper born, og den eine gongen skriv presten "angivelige ektefolk", så det er tydeleg at han har sine mistankar i dette tilfellet.

 

Er det nokon som er flinkare enn eg til å leite?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja - det er merkeleg heile greia. Eg har tråla (og fått hjelp til å tråle) dei kyrkjebøkene som kan vere sannsynlege, og ingen har funne noko.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg går ut frå at ein må ha dåpsattest for å bli konfirmert? Attesten som er nemnt ved konfirmasjonen gjeld koppevaksine, som tydelegvis er utført året før (1890). Eg ser forresten her at den transkriberte utgåva som Ann Mary viser til, har lagt inn opplysningar som det ikkje er dekning for, nemleg bustad Ålesund på både far om mor - det står ikkje noko om i originalen.

 

Så - når Karoline er blitt konfirmert, må det bety at ho er døypt, eller om ikkje anna at ho har vist ein dåpsattest for seg?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I følgje konfirmasjons-innførsla skal mor hennar heite Karoline Johanne Karlsdtr, men eg har lurt på om dette er ei feilskriving, og at det er namnet på jenta som er notert her og.

 

Faren, Karl Johan Olsen, stundom kalla Karl Magnor, er heller ikkje ein som har sett mykje spor etter seg. Den fyrste gongen eg har funne han, er ved dåpen av sonen August Adolf Ferdinand i Bud i 1877 - der står det Omreisende angivelige ektefolk. Vigsla i Hustad 1870 finst i alle fall ikkje, og i følgje innførsla ved Karoline sin konfirmasjon, var han ungkar i 1875.

 

Ved neste dåp, Bud 1880, er vigsla flytta til 1871, men framleis Hustad.

 

Eg tek også med ein tredje dåp, i Haram 1882; her er det ikkje sagt noko om vigsle.

 

Så lenkar eg til folketellinga 1910 der Karl Johan har fått fødselsdato 19.03 og år 1852; tidlegare har eg sett 48, 49 50 og 51, så vi snakkar vel om ei heilgardering.

 

No blir det mykje einvegskommunikasjon her, men det er greit å ta med dei fakta ein har: Eg fann nettopp Karl si kone Karen død i 1911 i Ålesund. Eit skifteoppgjer etter henne ville avsløre om ho likevel er mor til Karoline.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

- og i 1932 døyr også Karl Olsen Magnor - oppgjeven som fødd Kongsvinger 12.03.1852.

 

Ein ugift legdslem, 15 år gammal, på Stomperud i Odal fangar interessa mi i 1865. Kva kyrkjesokn skal eg leite i om eg vil sjå etter ein konfirmasjon på denne guten?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er en Carl Olsen i denne boka:

Kildeinformasjon: Hedmark fylke, Sør-Odal, Ministerialbok nr. 3 (1864-1870), Konfirmerte 1865, side 175.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8871&idx_id=8871&uid=ny&idx_side=-182
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070124350384.jpg

(Nr. 69) 

.

Litt usikkert hva foreldrene heter, siden det er satt spørsmålstegn ved navnene.

 

Nei - dette var feil, for han er her i 1865: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038037007084

Endret av Anne-Lise Hansen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

En annen Carl Olsen, født på Vestgaard i Nes 5. februar 1851:

Kildeinformasjon: Hedmark fylke, Sør-Odal, Ministerialbok nr. 3 (1864-1870), Konfirmerte 1866, side 180.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8871&idx_id=8871&uid=ny&idx_side=-187
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070124350389.jpg

(Nr. 16)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne Carl Olsen er født 19. november 1851på Opstadsørlie:
Kildeinformasjon: Hedmark fylke, Sør-Odal, Ministerialbok nr. 3 (1864-1870), Konfirmerte 1866, side 181.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8871&idx_id=8871&uid=ny&idx_side=-188
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070124350390.jpg
(Nr. 20)

 

Dåpen til denne Carl, som ikke er født den 19., men den 14. november 1851 utenfor ekteskap:

Kildeinformasjon: Hedmark fylke, Sør-Odal, Ministerialbok nr. 1 (1849-1859), Fødte og døpte 1851, side 35.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8869&idx_id=8869&uid=ny&idx_side=-41
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070124340289.jpg

(Nr. 157)

 

 

Ellers ser det ut til at det er felles bøker for de tre soknene på denne tiden.

Endret av Anne-Lise Hansen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk for tipsa, Anne-Lise, sjølv om dei ikkje nødvendigvis fører meg nærare løysinga, det er godt for alt som kan eliminerast. Og så må eg presisere for sikkerheits skuld: All etterslekta etter Karl og borna er kjend; det er opphavet som er problemet.

 

Eg tenkjer at fødestad Kongsvinger og "etternamn" Magnor nok ikkje er teke ut av lause lufta, men lenger har eg som sagt ikkje kome. En skikkeleg "murvegg" dette.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Han som var legdslem på Stomperud ved tellingstidspunktet i 1865, kan ha befunnet seg på en annen gård ved konfirmasjonen, for legdslemmer måtte vel flytte fra gård til gård?

Endret av Anne-Lise Hansen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det stemmer - og som legdslem er det ikkje utenkjeleg at han er seint konfirmert. Og sjølvsagt - det er på ingen måte sikkert at dette er MIN Karl Olsen. Og kvifor kunne han ikkje heller heitt Emanuel Emanuelsen eller noko slikt - Karl Olsen er nokså håplaust å leite etter ;-)

 

Eg nemner også at eg er i ferd med å sjå etter ein høveleg Ole i Fantefortegnelsen - men denne dekkjer vel berre ein liten del av landet (mellom Stavanger og Skien) - ?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange takk for lenka til Eilert Sundt! Der fann eg mykje interessant, m.a. om dåp av "fante"-borna. Under Eidskog fann eg desse namna:

 

113. Gustav Larson, svensk Familie ( Aasnæs, Hof) 6,1
114. Olaf Karlsen, svensk Familie 3,1
115. Lars Magnus Holm. Denne og de overnevnte Familier hadde Barn til Dåpen i 1861 og 1862 3,1
116. Karl Larson Kvik, svensk. Inngiftet her 3,3

 

Den svenske familie Olaf Karlsen er interessant.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...

No har eg fått svar frå Statsarkivet i Trondheim om dødsmeldinga til Karen. Der er dessverre ikkje nemnt namn på arvingane, men eg kan likevel dra litt konklusjonar. http://forum.arkivverket.no/topic/195278-arvingar-%C3%A5lesund-1911/

 

Det er nemnt følgjande personar: Manden - 3 myndige børn (......) 3 umyndige børnebørn her i byen.

 

For å ta dei siste fyrst, så er det eldste son August Adolf Ferdinand som er far til desse - han døydde i 1908. Så skal det vere 3 myndige born i live - eg får sortere litt på dei eg kjenner til.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg finn dottera Emma i Ålesund (= her i byen) i 1910.  Så finn eg Karoline i Borgund i 1910 - og med litt fantasi kan bustaden til det tredje barnet lesast som Borgund. Så skal der vere eit barn i Amerika - det må vere Kristine. Fleire born har eg ikkje funne, og det skulle då tyde på at Karoline faktisk ER dotter til Karen og.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No har eg fått svar frå Statsarkivet i Trondheim om dødsmeldinga til Karen. Der er dessverre ikkje nemnt namn på arvingane, men eg kan likevel dra litt konklusjonar. http://forum.arkivverket.no/topic/195278-arvingar-%C3%A5lesund-1911/

 

Det er nemnt følgjande personar: Manden - 3 myndige børn (......) 3 umyndige børnebørn her i byen.

 

For å ta dei siste fyrst, så er det eldste son August Adolf Ferdinand som er far til desse - han døydde i 1908. Så skal det vere 3 myndige born i live - eg får sortere litt på dei eg kjenner til.

I folketellingen fra 1910, bor fostersønn Johny Nilsen f.30.05.1906 sammen med Karl og Karen. Link: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036746005600 .
 
Så langt jeg har funnet ut er denne Johny eldste sønn til datteren Emma, og i folketellingen 1910, er han også registrert bosatt hos foreldrene sammen med to yngre søsken. Link: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036746000474Jeg ser for meg at det er disse tre barna som har bodd hos Karen og Karl på tidspunktet for Karens død 21.03.1911, siden Emma må ha vært høygravid og fødte datteren Karen 18.04.1911. Ektemannen til Emma var fisker og det kan være at han var på fiske på denne tiden. 
 
Barna til sønnen August Adolf Ferdinand bor hos moren Petrea Oleif Margit Olsen f. Petersen. Folketelling 1910 Ålesund. Etter ektemannens død i 1908 livnærte hun familien sin som sydame. 
 
Du har gjort en kjempeinnsats i å nøste opp i denne familien. Spennende å følge videre! 
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, desse personane har "plaga" meg i mange år, og eg har teke dei opp att fleire gonger, med ulike innfallsvinklar. Kvar gong har ein ny liten detalj falle på plass, og familien tek no til å bli komplett - bortsett frå dåpen til Karoline, som vil kunne gje den siste prosenten sikkerhet for at ho likevel er dotter til Karen, og så veit eg framleis ikkje kven Karl Johan er.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du skrev i et av dine tidlige innlegg om denne familien, om Karen Pedersdattes familie. Du hadde funnet

utflytting fra Vang i 1854:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/uf/person/pu00000000009065

 

Det står ingenting om hvor familien flyttet. Utfra opplysninger i ft 1875 for Hamar, flyttet de til Eidsvold.

 

Berthe Eriksdatter, Karens mor, er tilbake på Hamar i 1875, som enke, sammen med to barn, Pauline, f. 1856 på Eidsvold og Bernt, f. 1867 Vang, Hamar.

Hamar i 1875:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052056000764

 

Berthe Eriksdatter, Hamar 1885:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01053258003448

 

Pauline Pedersdatter, f. 1856, Eidsvold, konfirmert 1871 Hamar/Vang:

Kildeinformasjon: Hedmark fylke, Hamar i Vang, Ministerialbok nr. 11 (1852-1877), Konfirmerte 1871, side 128.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9006&idx_id=9006&uid=ny&idx_side=-129

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070208620130.jpg

 

Nr. 53 Karl Einar f. 1880 er Paulines sønn.

Kildeinformasjon: Hedmark fylke, Vang i Vang, Ministerialbok nr. 19 (1886-1900), Konfirmerte 1895, side 262.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=4975&idx_id=4975&uid=ny&idx_side=-255

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060724020046.jpg

 

Han drar til Amerika i 1896:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/uf/person/pu00000000027133

 

Bernt f. i Vang i 1867, døpt 1868:

Kildeinformasjon: Hedmark fylke, Vang i Vang, Klokkerbok nr. 10a (1854-1896), Fødte og døpte 1868, side 212-213.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1495&idx_id=1495&uid=ny&idx_side=-118

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20051003010532.jpg

 

Ved å se på/lete etter hvor Karens familie bodde etter utflytting fra Vang i 1854, kunne det tenkes at dåpen til Karoline dukket opp. Men den gang ei.

 

Mulig du har oversikt over dette, men jeg tok sjansen på å legge det inn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.