Gå til innhold
Arkivverket
Per Nistad

Gloppen - Ambrosius Lote, kven var han?

Recommended Posts

Per Nistad

I bygdeboka for Glppen, under Skjerdal br.2, er det vist til eit skifte i 1698 som nemner at Brite Olsdotter Skjerdal var gift med Peder Olsson Hestenes. Dei hadde ei dotter, Brite, som både Sandal og Aaland meiner var gift med Josef Rasmussen Indre-Fure, d. 1713.

Finst det kjelder som kan stadfeste at mor til Brite Olsdotter Skjerdal var dotter til Ambrosius Lote? Han er nemd som lagrettemann ved tingseta i Gloppestad skipreide i åra 1640-1650. Veit ein noko om slekta hans?

Influensaen gjer at hovudet surrar litt. Gimmestad skipreide i Gloppen vart til Gloppestad.  Det skal sjølvsagt vere Gimmestad. I bygdebok for Gloppen står det at mor til Brite Olsdotter kan ha vore Birgitte (Ambrosiusdotter Lote)

Endret av Per Nistad

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Fra skifteregisteret for Nordfjord: Josef Rasmussen. 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=24&filnamn=skifnfjo&gardpostnr=650&merk=650#ovre

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Skifteprotokoll A 5a , 1711-1713, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Fol. 1-284.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24221/141/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081127700365.jpg

Enken er i alle fall Brite Pedersdatter. Ser ut som det er fire barn: Ane, Sølvi, Brite og Ane Josefsdøtre, alle ugifte. Ja, jeg synes det står Ane to ganger. 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Skiftet i Skjerdalen 1698 er etter Nils Olsson. Han døydde barnlaus, og syskena arva: Heilsyskena Kristoffer Olsson Eikenes, Brite Olsdr gift med Peder Olsson Hestenes, Mari Olsdtr gift med Knut Fosse i Bremanger, Kristi Olsdr gift med Peder Rasmusson Sørgulen - og halvsyskena Hans Olsson, myndig, Brite Olsdtr gift med Aksel Hestenes, og Agnete og Anne Olsdøtre, begge med verje.

(Grethe har funne rett Peder Olsson, men Brite Olsdtr er vel ikkje mor til borna hans så vidt eg har funne).

Dersom vi les denne saka http://arkivverket.no/URN:rg_read/30924/21/finn vi provet på at mora er ei Ambrosiusdotter; syster til Anders og Aslak Bruse-søner.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Eit skifte frå 1753 etter Ole Pedersen på Ytre-Grotle i Bremanger reknar opp søsken og arvingar (borna til Peder Olsen Hestenes), mellom anna den nemnde Brithe Pedersdtr. [på Fure], og hennar 3 døtre:

-avdøde Sølvei Josephsdtr. sine døtre Mari og Anna Knudsdøtre [Refvik]

-Brithe Josephsdtr. gift med Samund Pedersen Salt af Nordfiord [desse er forøvrig mine aner]

-avdøde Anne Josephsdtr. sine 4 born; Joseph Christophersen, samt Dorothe, Brithe og Rachel Christophersdøtre. [Fure]

Den eldste Ane i skiftet etter Joseph Rasmussen Fure er første kona (Sølvei?) si dotter.

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per Nistad

Fra skifteregisteret for Nordfjord: Josef Rasmussen. 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=24&filnamn=skifnfjo&gardpostnr=650&merk=650#ovre

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Skifteprotokoll A 5a , 1711-1713, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Fol. 1-284.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24221/141/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081127700365.jpg

Enken er i alle fall Brite Pedersdatter. Ser ut som det er fire barn: Ane, Sølvi, Brite og Ane Josefsdøtre, alle ugifte. Ja, jeg synes det står Ane to ganger. 

I følgje J.Aaland skal Ane (i alle høve ei av dei) vere fødd rundt 1704. Peder Olsen Hestenes er nemnd, han var far til enkja. Ane gifte seg med Kristoffer Hansson Hestenes. Dei skal ha vore søskenborn og måtte ha kongeløyve for å gifte seg. Dersom det er rett at ho døydde i 1747, er ho mor til Rakel, som vart gift med Josef Paulsson Eldevik.  Dei var foreldra til Johannes Josefson Bortne d.e., f. 1783 (Her har eg berre Aaland som kjelde)

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Skiftet etter Ola Pederson Grotle i 1757 er også utan livsarvingar og gjev ein del opplysningar om familien.

Eg slit akkurat no litt med dokumentasjonen på at Brite Olsdtr Skjerdal ikkje var mor til Peder Olsson Hestenes sine born - men skal sjå litt nærare på det.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per Nistad

Skiftet i Skjerdalen 1698 er etter Nils Olsson. Han døydde barnlaus, og syskena arva: Heilsyskena Kristoffer Olsson Eikenes, Brite Olsdr gift med Peder Olsson Hestenes, Mari Olsdtr gift med Knut Fosse i Bremanger, Kristi Olsdr gift med Peder Rasmusson Sørgulen - og halvsyskena Hans Olsson, myndig, Brite Olsdtr gift med Aksel Hestenes, og Agnete og Anne Olsdøtre, begge med verje.

(Grethe har funne rett Peder Olsson, men Brite Olsdtr er vel ikkje mor til borna hans så vidt eg har funne).

Dersom vi les denne saka http://arkivverket.no/URN:rg_read/30924/21/finn vi provet på at mora er ei Ambrosiusdotter; syster til Anders og Aslak Bruse-søner.

Den Peder Olsson som er nemnd i skiftet etter Josef Rasmusson på Indre - Fure, må vere svigerfar til Josef. I følgje bygdeboka døydde han i 1728 (Då må han i så tilfelle ha vore 99 år) Med alderen som står i manntalet, døyr han 91 år gammal i 1728. Slik det ser ut er Brite Olssdotter Skjerdal mor til Hans, men ikkje til Brite. Men når Kristoffer Hansson gifter seg med dotter til Brite,Ane, kjem Brite si slekt inn på Fure.

Det blir så mykje kryssgifte at det kan godt hende at eg rotar. Har du tid til å skrive litt om det som står i den siste lenkja? Eg er ikkje flik med slik skrift

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Vi står midt i flytting og eg kan dessverre ikkje spandere så mykje tid på dette. Men det går fram av rettsboka at Aslak Ambrosiusson Lote er morbror til Kristoffer Olsson Skjerdal, som vi veit er bror til Brite Olsdr Skjerdal, som var gift med Peder Olsson Hestenes.

Men det store spørsmålet er om du "treng" denne opplysninga, sidan det er grunn til å tru at Brite Olsdtr er ei andre kone av Peder Olsson og ikkje mor til borna hans. Men som før sagt: Dokumentasjonen (eller indikasjonen) på det finn eg ikkje her og no, bortsett frå at det står i bygdeboka; der er nemnt ei fyrste kone Mari eller Magdeli.

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Skiftet i Skjerdalen 1698 er etter Nils Olsson. Han døydde barnlaus, og syskena arva: Heilsyskena Kristoffer Olsson Eikenes, Brite Olsdr gift med Peder Olsson Hestenes, Mari Olsdtr gift med Knut Fosse i Bremanger, Kristi Olsdr gift med Peder Rasmusson Sørgulen - og halvsyskena Hans Olsson, myndig, Brite Olsdtr gift med Aksel Hestenes, og Agnete og Anne Olsdøtre, begge med verje.

(Grethe har funne rett Peder Olsson, men Brite Olsdtr er vel ikkje mor til borna hans så vidt eg har funne).

Dersom vi les denne saka http://arkivverket.no/URN:rg_read/30924/21/finn vi provet på at mora er ei Ambrosiusdotter; syster til Anders og Aslak Bruse-søner.

Dette skiftet vart brått svært interessant for meg og ettersom Kristi Olsdtr. og Peder Rasmusson Sørgulen er kona mi sine 7xtippoldforeldrer og til denne tid har eg ikkje funne ut kvar Kristi Olsdtr. kom frå.  Virkelig flott å komme over slike skattar!  :D

Så ser eg i saka (2. lenka) at garden vår Ekornbakken er nemnd eit par gongar. Eg klarar ikkje tyde alt som står om det, men forstår det slik at det er pant i jordegods det er snakk om. Veit ikkje om det er rett av meg å blande det inn her så kansje det er best eg opnar ein ny tråd for å få hjelp til å få greie på meir om dette.

Endret av Harald L. Bakke

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Ja, barnlause skifte er skikkeleg "snop" for ein slektsgranskar. Kjekt at du fekk hekte deg på her! Eg skal lese gjennom ein gong til.

Om du ikkje allereie veit det: Kona til Nils Olsson Skjerdal, Kari Olsdtr, er syster til Josef Olsson Åse på Davik.

Redigert: Gjennomlesinga gav meg ein slektssamanheng til, nemleg at Anne Andersdtr Lote som gifter seg med Lars Pederson Førde i 1690, er dotter til Anders Ambrosiusson, men det vedkjem forsåvidt ikkje denne tråden.

Godset i Ekornbakke er med i ein makebyteavtale mellom Anders Ambrosiusson og Nils Skjerdal - kanskje kan det vere gods Nils har fått gjennom kona?

Hjerteleg takk for presiseringa, Aase.

Ja at Kari var frå Åsane i Davik visste eg, ho er  også i slekta mi. Det er nok naturleg at det er gjennom henne dette jordegodset er komme inn for Åsefolket åtte ein part i Ekornbakken.

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per Nistad

Vi står midt i flytting og eg kan dessverre ikkje spandere så mykje tid på dette. Men det går fram av rettsboka at Aslak Ambrosiusson Lote er morbror til Kristoffer Olsson Skjerdal, som vi veit er bror til Brite Olsdr Skjerdal, som var gift med Peder Olsson Hestenes.

Men det store spørsmålet er om du "treng" denne opplysninga, sidan det er grunn til å tru at Brite Olsdtr er ei andre kone av Peder Olsson og ikkje mor til borna hans. Men som før sagt: Dokumentasjonen (eller indikasjonen) på det finn eg ikkje her og no, bortsett frå at det står i bygdeboka; der er nemnt ei fyrste kone Mari eller Magdeli.

Dersom alderen på Hans Pederson Hestenes i bygdeboka er nokolunde rett, kan han vere son til Brite Olsdotter.  Dersom det finst eit skifte som viser at han og systera Brite på Fure er heilsysken, så er det nok Magdeli som er mora til begge. At Hans fekk skøyte i 1705, kan jo tyde på at han må vere fødd før.1689.

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Skiftet etter Ola på Grotle omtalar ingen halvsysken, så det tilseier at alle borna til Peder O Hestenes har same mor. Vi har alder på alle gutane frå 1701-manntalet; Ola skal vere fødd rundtom 1671, Truls omlag 1673, Knut finn eg ikkje i manntalet, men alder ved død tilseier ca 1679, Hans ca 1680, og Peder ca 1686 - føresett at det er han som er kalla "Ola 15 år" I 1701. Brite og Anne har eg ikkje sett alder på, men dei er truleg innmellom gutane på eit par stader; det er god plass til det.

Men eg kan framleis ikkje seie deg kjelda til at Brite Skjerdal ikkje er mor deira - eg skal leite litt viss eg får tid og finn att tinga mine i flyttesjauen. Som sagt, det står nemnt ei fyrste kone død før 1686 i bygdeboka, men det er ikkje noko prov viss vi ikkje finn kjelda for opplysninga.

Tingboka kan det ikkje vere, for den manglar i perioden 1683-92.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per Nistad

Takk! 

Det var alderen på Hans i bygdeboka, og at Magdeli skal ha vore død i 1686, som gjorde at eg lurte på om han kunne vere son til Brite.  Men eg stolar ikkje på aldersoppgåvene rundt 1700, det er ofte mykje avvik. 

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Eg slit akkurat no litt med dokumentasjonen på at Brite Olsdtr Skjerdal ikkje var mor til Peder Olsson Hestenes sine born - men skal sjå litt nærare på det.

Har du sett noko meir på dokumentasjonen på mor til Peder Olsson sine born, Aase?

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen
Ja, no har eg brukt eit par kveldar på å prøve å finne fram i dette, men slit. Aldersmessig er Brite Olsdtr i stand til å vere mor til alle borna, men det VAR noko som skurra - skal seie frå om eg kjem over det att.

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Vil gjerne nemne, sjølv om det trulig ikkje er relevant, at Peder Olsen Hestenes hadde ein son Peder 1 år gamal i 1666.

Det eg lurer på er om dette kan vere den same Peder Pedersen som er nemnd som død i 1753 og med ei datter Anne, enke og busett på Grotle? I so tilfelle er vel det muligens ein indikasjon på at fyrste kona til Peder var mor til borna hans??

Sjå gard nr. 66.

RA, Sogneprestenes manntall 1664-1666, nr. 25: Nordfjord prosti, 1664-1666, s. 188-189
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/ft10051005192105

Eg har ikkje funne nokon dokumentasjon om Peder Pedersen i Holvik, slik at eg berre skyter frå hofta her no, og i blinde ... Som sagt muligens ikkje relevant!

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.