Gå til innhold
Arkivverket

Jacob Olson (1763) og Dortha Siversdotter (1767) - frå Vågå til Luster i Sogn - kven var dei? - Bygdebokoppslag Vågå?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Jacob Olson, fødd kring 1763, og Dortha Siversdotter, fødd kring 1767, gifte seg i Vågå 28.12.1792 og flytte snart etter til Luster i Sogn der dei vart husmannsfolk i Stein under garden Skagen.  Jacob vart gravlagd frå Stein 3.4.1806, og Dortha gifte seg att med ein sogning og døydde som husmannskone på Fortun i Luster 10.7.1833.

 

Er det nokon som dreg kjensel på desse namni?

 

Eg ønskjer meg følgjande opplysningar:

 

* Dato og stad for fødsli/dåpen til Jacob og Dortha?

 

* Namni på foreldri til både Jacob og Dortha med bustad (gard/plass) og opphavi deira?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvor er de i 1801? Er det jeg som ikke søker riktig? Finner heller ikke giftermålet når jeg søker på Jacob Olsen som brudgom i Vågå...!! 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058252000362

 

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Vågå, Ministerialbok nr. 1 (1739-1810), Trolovede 1792-1796, side 116.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9247&idx_id=9247&uid=ny&idx_side=-138

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070603520359.jpg

 

Jacob? https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NW21-GNL

 

 

Høyre side, nummer 6 fra toppen

 

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Vågå, Ministerialbok nr. 1 (1739-1810), Fødte og døpte 1763, side 46.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9247&idx_id=9247&uid=ny&idx_side=-67

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070603520288.jpg

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058252000362

 

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Vågå, Ministerialbok nr. 1 (1739-1810), Trolovede 1792-1796, side 116.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9247&idx_id=9247&uid=ny&idx_side=-138

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070603520359.jpg

 

Takk, Svein! Da bodde de fremdeles i Vågå i 1801, og hadde to barn, Ole, 7 år, og Ragnhild, 3 år. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven og Grethe for spennande innlegg!

 

Eg seier meg lei for forvirringi kring flyttetidspuntet for denne huslyden.  Det skulle ha stått "... flytte kort etter hundreårsskiftet til Luster ..."

 

Uansett; den gongen eg første gongen arbeidde med denne huslyden tidleg på 1980-talet, hadde eg ikkje andre kjelder enn mikrokorti for 1801-teljingi (utlånt av Jan Oldervoll), og der fann eg dei på denne rydningsplassen i Vågå kalla "Springerbakken".  Noki bygdebok fanst ikkje for Vågå den gongen, og kyrkjebøkene for Vågå er heller "uoversiktlelege", so eg kom ikkje noko lenger.  No er det vel i mellomtidi komme ei bygdebok, so kanskje det då vil verta mogeleg å følgja denne huslyden litt meir "konkret". 

 

Er denne Springerbakken omskriven i bygdeboki?  Kanskje hadde Jacob og Dortha fleire born, medan dei budde i Vågå?  Foreldri deira hafr kanskje òg ein omtale?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er dette en datter av Jacob Olsen - Gjertrud døpt 1802 i Luster - morens navn: Guri.... feil for Dortha? Bosted: Stenen

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000008730234

 

Det ser ut som dette er riktig, for lille Gjertrud blir gravlagt i 1806 - foreldrene Jacob og Dorte bor på Steen u. Skagen:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000008760748

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Sven for nye innlegg!

 

Jacob og Dortha fekk to born etter dei flytte til Luster kring 1801, Gjertrud (1802-1802) og Gjertrud (1806-1875).  Dei to eldste borni, som eg kjenner til, var:

 

* Ole, fødd i Lom 1794, døydde i Luster 1808

 

* Ragnhild, fødd i Lom 1797, døydde i Luster 1837

 

Om dei hadde fleire i Lom, som døydde i barndomen, veit eg ikkje...  Det er so vanskeleg å halda barnedåpane frå kvarandre når berre førenamnet til faren er oppgjeve!

 

Elles vonar eg framleis at einkvan kan gjera oppslag i bygdeboki for Vågå for å sjå kva det står om Jacob og Dortha...?

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kåre for siste innlegg!

 

Eg trur det kan vera den rette Ole Jacobson du har finne, men denne skrifti er ikkje lett å tyda!  Utan nærare geografisk lokalkunnskap tør eg ikkje gje meg ut på å gissa på namni til fadrane...

 

Eg vonar det dukkar opp einkvan med tilgjenge til ei lokal bygdebok....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 år senere...

Jacob Olsen og Dorthe Syversdatter (som ble født på Skjerstulen i Skårvangen i Vågå) Ble fradømt Springerbakken i 1801 fordi de hadde ryddet i almenningen.

De hadde to barn Ole Jakobsen og Ragnild Jakobsdtr.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Innlegg #14:

 

Ein svært forseinka, men hjarteleg takk til Eric for dei siste meldingane, som eg ikkje har vore merksam på før, grunna stengt abonnement på favorittema i Brukarforum!

 

Eg er svært interessert i fleire opplysningar om opphavet til denne huslyden og har no freista lokalisera Eirik Haugen og Gudbrandsdalsmuséet, men finn ikkje nokon som høver!  Er det muséet på Lom som er meint?

 

Sven er tidlegare komen med forslag til opphav for både Jacob og Dortha, men eg let desse førebels liggja til Eirik Haugen (som lokalkjend?) har kunna uttala seg.  Her følgjer eit oppdatert manuskript pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Jacob Olson Stein, opphavleg frå

 

 

     ##### (kvar fødd og oppvaksen? – Vågå?)

 

 

     var son av

 

 

     ##### (foreldri hans?)

 

 

     og var f.

 

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? – 1763?)

 

 

     kring 1763.  Han gifte seg i Vågå 28.12.1792 med Dortha Sivertsdotter frå

 

 

     ##### (kvar fødd og oppvaksi?)

 

 

     Ho var dotter av

 

 

     ##### (foreldri hennar?)

 

 

     og f.

 

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – på Skjerstulen i Skårvangen, Vågå 1767?)

 

 

Jacob og Dortha fekk først rydda seg ein husmannsplass i Springerbakken under

 

 

##### (kva gard?)

 

 

i Vågå der dei budde fram til 1801 då dei vart frådømt plassen etter å ha rydda jord i almnenningi.

     Jacob og Dortha flytte i 1801 til Luster og tok på same tid over som plassfolk på ein av plassane i Stein, visstnok plassen som Christen hadde hatt, og herifrå vart Jacob gravlagd 3.4.1806.  Dortha vart buande her til kring 1814 då ho gifte seg att med husmann Erik Torbjørnson i Fortunshagen under Fortun (1779‑1864) og flytte dit.  Ho d. som husmannskone på Fortun 10.7.1833.  Jacob og Dortha fekk fire born i lag:

 1. Ole Jacobson (1794‑1808).

 2. Ragnhild Jacobsdotter (1797‑1837), vart gift første gongen med husmann Torkild Ingebrigtson på Yttreland under Hæri (1797‑1834) og sidan attgift med husmann Nils Johannesson på Sjøberget under Kroken (1807‑1888).

 3. Gjertrud Jacobsdotter (1802‑1802).

 4. Gjertrud Jacobsdotter (1806-1875), vart gift med husmann Johannes Andersson i Eidsbakken under Eide (1805‑1845).

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg vonar å komma i kontakt med Eirik Haugen og takkar på ny for alle gode tips til å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Hei Lars

Har dessverre ikke fått med meg denne meldingen før nå. 

Eierik Haugen jobber for Gudbrandsdals museene i Vågå ( Ullinsvin ) men for å gjøre det enklere for deg kan du nå han på tlf.90530671 

Mvh Eric Massey 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars

Eirik Haugen er fra Vågå (Skårvangen) og kan med rette kalles slektshistoriker for Gudbrandsdalen med spesielt godt kjennskap til Slektene som har levd og lever i Vågå. Tror nok du vil få svarene du søker fra han og kansje litt mer en du søker også. Mvh Eric Massey 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.