Gå til innhold
Arkivverket

Thor Nilsen (1924-2005) og Liv Reidun Hansen (1921-2005) - Oslo-Tromsø-Bærum - yrke og vigsel?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette spørsmålet har vore oppe før, mellom anna her (http://forum.arkivverket.no/topic/191093-hjelp-til-%C3%A5-finna-to-vigsler-i-oslo-kanskje-aftenpostens-kunngjeringar/page-2?hl=%2B%C3%B8vrethun+%2Bsagene#entry1616862) (sjå til dømes innlegg #28), men noko svar har eg aldri fått.

 

* Thor Nilsen (fødd i Christiania 5.7.1924) og

Liv Reidun Hansen (fødd i Tromsø 28.10.1921)

skal vera vigde på slutten av 1940-talet, kan henda i Oslo, men mest truleg i Tromsø der Thor på den tidi arbeidde som typograf i avisa Nordlys...

 

Eg kontakta i si tid avisa Nordlys i Tromsø som undersøkte personalkartoteket sitt, men diverre kunne dei ikkje finna personalopplysningar lenger attende enn til 1960-talet, so då veit me ganske sikkert at Thor og Liv må vera flytte derifrå att før 1960-talet!

 

Her er manuskriptet mitt for dette parfolket:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

f. Thor Andreasson Nilsen, f. Christiania 5.7.1924, d. i Sandvika i Bærum 26.3.2005.  Thor gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hans? – før 1949?)

 

     med Liv Reidun Pettersdotter Hansen frå Tromsø, f. i Tromsø 28.10.1921.  Ho d. på Stabæk i Bærum 27.7.2005.  Thor var typograf, medan Liv var kontordame.  Dei budde ei tid i Tromsø, men flytte sidan til Sandvika i Bærum.  Dei var barnlause.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg har snakka fleire gonger med to søsterdøtrer av Thor, dei næraste slektningane hans, men dei hugsar ikkje noko om desse folki!  Det var tydeleg svært liten kontakt, men ei av dei snakka om at Thor skulle ha skift yrke etter han flytte til Sandvika, og ho trudde han kanskje hadde vore bilseljar?

 

Her er fødsli til Liv Reidun i Tromsø: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=22489&idx_id=22489&uid=ny&idx_side=-102

 

Og her er gravene til foreldri og rimelegvis ein bror med kone og son:

 

3247351 Petter  Hansen    1307  1896    0808  1966            Fred  Vis Tromsø Gravlund Tromsø korrigering.gif

3247352 Ragnhild  Hansen    2506  1897    2303  2006            Fred  Vis Tromsø Gravlund Tromsø korrigering.gif

3247353 Bjarne Johan  Hansen    1503  1923    2303  2006            Fred  Vis Tromsø Gravlund Tromsø korrigering.gif

3247354 Leikny  Hansen    1903  1922    2607  2007            Fred  Vis Tromsø Gravlund Tromsø korrigering.gif

3247355 Trond Hedley  Hansen    2611  1953    2712  2007            Fred  Vis Tromsø Gravlund Tromsø korrigering.gif

 

Men hjelper dette?

 

Er det i det heile mogeleg å finna ut:

 

* Dato og stad for vigsli til Thor og Liv?

 

* Kva tid flytte dei frå Tromsø til Bærum?

 

* Kva yrke hadde Thor Nilsen medan dei budde i Sandvika?

 

Kanskje finst det adressebøker?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan dette være korrekt person? 

 

Det er ganske mye om denne personen i forbindelse med hendelsen, kan skaffe flere skjermdumper hvis vi tror det er rett spor.

 

Edit: Redigert pga muligens sensitive opplysninger. Etter videre undersøkelse viste dette seg å være en person med samme navn som fortsatt (tror jeg) er i live, og han er født i 1931. Beklager feilspor, Lars, jeg ble nok distrahert av at han hadde samme navn, og også hadde samme yrke (typograf.)

Endret av Alexander Glasø
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Alexander for spennande innlegg!

 

Eg er ganske so sikker på at dette IKKJE gjeld den Thor Nilsen som eg leiter etter.  Det var nok berre heilt tilfeldig at dei båe var typografar!

 

Kanskje det let seg gjera å finna noko meir om det paret som eg leiter etter?  Er me heldige, so finn me kanskje slektningar av Liv i Tromsø?  Her er dødsannonsa hennar, som Torbjørn fann:

 

post-77-0-53464900-1401373144_thumb.jpg

 

Diverre so døydde Bjarne Hansen i 2006 og ligg gravlagd i Tromsø...  Og svigerinna Signe Syversen var ei søster hans Thor, og ho døydde i 2008!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

So har eg greidd å få kontakt med ei brordotter av Liv Reidun Nilsen i Tromsø, og nye opplysningar er innkomne:

 

Thor Nilsen og Liv Reidun Hansen skal vera vigde 3.7.1948, men vigselsstaden er framleis ukjend!  Det finst ikkje vigselsregister på nettet for Tromsø som går so langt fram i tid, men kanskje kan me få hjelp av Norsk Lysingsblad?  Eller Aftenposten?  Liv Reidun budde i Oslo under krigen, og dei vart kjende der, men skal ha butt i Tromsø alt i 1949!

 

Thor og Liv Reidun bygde eige hus i Tromsø i 1957, men flytte først på 1960-talet til Manglerud i Oslo der Thor arbeidde som salsagent for trykkerimaskiner.  I 1987 flytte dei so til Sandvika i Bærum.

 

Då står det altso berre eitt spørsmål att:

 

* KVAR fann denne vigsli i 1948 stad - Oslo eller Tromsø?

 

Eg takkar på ny so mykje for hjelpi med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.