Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Ingebrigt Pederson Melheim (1863) og den svenske kona Augusta (1877) frå Christiania til Cleveland, OH i 1906 - lagnaden deira?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette emnet tek utgangspunkt i tema #30500 frå det gamle brukarforum (http://forum.arkivverket.no/topic/116092-30500-ingebrigt-pedersenmelheim-gift-i-christiania-1902-med-augusta-lagnaden-deira/?hl=%2Bingebrigt+%2Baugusta) der eg jaktar på lagnaden til Ingebrigt Pederson Melheim og den svenske kona hans etter dei utvandrs til Amerika i 1906.

 

Manuskriptet mitt ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ingebrigt Pederson {Melheim}, f. {i Hafslo} 12.5.1863,

Ingebrigt Pedersen Melheim flytte i ung alder til Christiania (Oslo) der han 13.5.1902 gifte seg med Augusta Andersdotter frå Högsäter i Elfsborgs län, Sverige, i Christiania kjend som Augusta Andersson.  Ho var dotter av snikkarmeister Anders Jonasson (Dunder) i Högsäter, opphavleg frå Färgelanda, og kona Emilia Lindblad frå Högsäter og f. i Högsäter 20.11.1877.  Augusta var syerske, medan Ingebrigt tok over som leigegardeigar etter far sin i Hesselberggata, i alle fall for ei tid.  Men i 1906 utvandra Ingebrigt og Augusta til Amerika.  Dei fór først til ein bror hennar i Newark, N.Y., men flytte same året vidare til Cleveland, Cuyahoga Co., Ohio. 

 

##### (lagnaden deira?)

 

##### (fekk dei born? - opplysningar om dei?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det går fram av utvandringane deira frå 1906 der Ingebrigt reiste først og Augusta følgde, at Ingebrigt då alt var komen til Cleveland, OH, men kvar vart det so av dei?  Eg står ganske so "bom fast" og vonar på positivt "input" frå nokon som kanskje ser "ting" som eg ikkje får auge på...?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for spennande innlegg!

 

Skipsmanifestet frå 1928 er skikkeleg utfordrande:

 

* Augusta Melheim var "gift" i 1928

 

* Augusta vart naturalisert i Glendive, Dawson Co., MT i 1915

 

* Augusta reiste 1928 til Lowell, MT (ein by som eg ikkje finn på kartet!)

 

Det er berre so underleg at Augusta (eller Ingebrigt) ikkje er å sjå i noki folketeljing eller andre amerikanske kjelder!  Kvar kan dei ha "gøymt" seg?

 

Redigert: Eg vil leggja inn ei sak om dette på den norske Rootsweb-lista i Amerika.  Kanskje einkvan har tips å komma med der?

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Norske in Montana

Copyright by Richard H. Fretheim and the Montana State Genealogical Society

 

Information compiled from microfilm from the Montana Historical Library of the Naturalization Records of the 11/12 counties of North Eastern Montana that are indexed in Volume I of Richard H. Fretheim’s book “Norske i Montana”.  These records cover from the beginning to 1930.

 

 

 

Melheim, Ingebret

b Bergen Nor 12 May 1863 em fr Christiania on United States arr N Y 30 May 1906. Dec Int #602 fil Dawson Cty 28 Dec 1912. Pet Nat #729 fil Dawson Cty 12 Jul 1915. Cert Nat 521373 iss 3 Nov 1915.

 

 

http://www.rootsweb.ancestry.com/~mtmsgs/nim/nat/MSGSNatM.htm

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for nytt spennande innlegg!

 

Eg tenkte ikkje på verket til Richard Fretheim, so eg tok ein telefon og snakka med han om dette problemet.  Han veit ikkje noko meir, men han skal undersøkja nærare...  So får me sjå...

 

Eg har ogso lagt inn ei etterlysing på NORWAY-lista, men so langt ikkje fått noko svar...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne-Lise Hansen

I tema #30500 har du rett fødselsdato på Augusta Andersdotter - 30/11-1877 (ikke 20/11).

.

post-162-0-26200000-1425033545_thumb.jpg

.

Forøvrig så jeg at faren, snekker Anders Jonasson, hadde vært en tur i Amerika fra 1881 og tilbake i november 1884.

 


Fra Emigranten Populär 2006:

 

Efternamn:   JONASON
Förnamn:     ANDERS
Ålder:       50            Kön: M
Född: 1830/1831
Församling:  HÖGSÄTER    Län: P
Titel/Anm:   
Utresehamn:  GÖTEBORG
Utvandrdag:  1881 04 06
Destination: MARQUETTE
Medåkande:   NEJ
Källkod:     17:151:18878
 

Endret av Anne-Lise Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg tak til Anne-Lise for siste innlegg og for opprettingi av fødselsdatoen hennar Augusta.

 

So har det skjedd at amerikanske lesarar har finne svært spennande opplysningar om denne huslyden.  Gjennombròtet kom då ein av dei oppdaga at Augusta i Amerika kalla seg for Hilda!  Her er dei viktigste kommentarane som har nådd meg:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

In the 1933 Billings (Montana) City Directory there is listed:

 

Melheim, Hilda (wid Ingebret) h 806 S 31st

 

In the 1930 US Census:
Melhem (as spelled), Hilda
Female - White - 54 - widowed - first married at age 22
Born in Norway - father/mother born in Norway
She was the proprietor of a rooming house and was living in Laurel Town, Laurel Township, Yellowstone County, Montana

Hilda Melheim is still listed in the 1956 Billings City Directory.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Montana County Marriages 1865-1950 Transcription
First name(s)     J. H.
Last name     Pennington
Age     65
Birth place     Rainshill, England
Race or color     White
Marital status     Divorced
Marriage year     1934
Marriage date     11 Apr 1934
Marriage place     Red Lodge, Carbon, Montana
Marriage county     Carbon County
Father's first name(s)     John
Father's last name     Pennington
Mother's first name(s)     Mary
Mother's last name     Blundell
Spouse's first name(s)     Hilda
Spouse's last name     Mehheim
Spouse's age     55
Spouse's birth place     Christiana, Norway
Spouse's race or color     White
Spouse's marital status     Widowed
Spouse's father's first name(s)     August
Spouse's father's last name     Anderson
Spouse's mother's first name(s)     Emelia
Spouse's mother's last name     Anderson
State     Montana
Country     United States
Record set     Montana County Marriages 1865-1950
Category     Birth, Marriage, Death & Parish Records
Record collection     Marriages & divorces
Collections from     United States

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

Monday, May 16, 1966
Billings Gazette
PENNINGTON Funeral services for Mrs. Hilda A. Pennington, age 88, of 2710
Slate St., will be held Monday at p.m. at the Dahl-Brown Funeral Chapel.
Interment will be in Sunset Memorial Gardens.

Her death registration
Name:    Hilda Pennington
Event Type:    Death
Event Date:    13 May 1966
Event Place:    Deer Lodge, Montana
Gender:
Age:    88
Marital Status:    Widowed
Birth Year (Estimated):    1878
Social Security Number:
County:    Deer Lodge
Registration Year (Original):    0
Index Number:    2425
Note:
Citing this Record:
"Montana, Death Index, 1860-2007," index, FamilySearch
(https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/VHCN-T4F : accessed 27 February
2015), Hilda Pennington, 13 May 1966; from "Montana Death Index, 1907-2007,"
Ancestry; citing State of Montana Department of Public Health and Human
Services, Office of Vital Statistics, Helena.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

Friday, December 16, 1955
Billings Gazette

Retired Railway Foreman Dies John H. Penninglon, 86, a resident of Billings
35 years, died Thursday of infirmities of age in his home at 2710 State St.
Funeral services will be at 10 a.m. Saturday in Seltergrin's Chapel, with
burial in Mountview Cemetery. Mr. Pennington born in England May 12, 1869,
and came to the United States when a small boy. His parents lived in
Glendive. He married Hilda Melheim in Red Lodge in ?, and they moved to
Billings the same year. He had been a bridge building foreman for the
Northern Pacific Railway Co., and retired many years ago. Surviving, In
addition to Mrs. Pennington, are a son by a former marriage, John H.
Pennington Jr. of Mandan, N.D.; two daughters by the former marriage, Mrs.
H. C. Helazic of Tacoma, Wash., a daughter in Missoula and several
grandchildren.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Med bakgrunn i desse spennande opplysningane har eg sett opp følgjande manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ingebrigt Pederson {Melheim}, f. {i Hafslo} 12.5.1863,

Ingebrigt Pedersen Melheim flytte i ung alder til Christiania (Oslo) der han 13.5.1902 gifte seg med Augusta Andersdotter frå Högsäter i Elfsborgs län, Sverige, i Christiania kjend som Augusta Andersson.  Ho var dotter av snikkarmeister Anders Jonasson (Dunder) i Högsäter, opphavleg frå Färgelanda, og kona Emilia Lindblad frå Högsäter og f. i Högsäter 30.11.1877.  Augusta var syerske, medan Ingebrigt tok over som leigegardeigar etter far sin i Hesselberggata, i alle fall for ei tid.  Men i 1906 utvandra parfolket til Amerika.  Dei fór først til ein bror hennar i Newark, N.J., men flytte same året vidare til Cleveland, Cuyahoga Co., Ohio.  Snart etter finn me dei att under namni Ingebret og Hilda Melheim i Glendive, Dawson Co., Mont. der

 

##### (applied for citizenship 1912 – still lived there 1915!)

 

Sidan vart dei pensjonateigarar (”rooming house owners and operators” i Laurel nær Billings, Yellowstone Co., Mont. der Ingebret Melheim d.

 

##### (died about 1929? – date and place of his death? - Hilda buried in Sunset Memorial Gardens, Billings, MT)

 

Hilda gifte seg 11.4.1934 att i Red Lodge, Mont. med John H.

 

##### (middle name?)

 

Pennington, f. i Rainshill, England 12.5.1869.  John var jarnbaneformann (”bridge building foreman at a railroad company”) og hadde òg vore gift før.  John og Hilda budde i Billings, Yellowstone Co., Mont. der John d. 15.12.1955.  Hilda Pennington d. i Deer Lodge, Mont. 13.5.1966.  Ho fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine,

 

##### (to be verified?)

 

men John Pennington hadde tre born frå første ekteskapet sitt.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Me er komne mykje nærare eit ferdig manuskript, og eg veit ikkje om det let seg gjera å finna so mykje meir utan til dømes å kontakta kyrkjegarden Sunset Memorial Gardens i Billings, MT?  Og ein nekrolog etter Augusta "Hilda" vil vera svært interessant, om me greier finna ein slik!  Eller kanskje har nokon andre forslag?

 

Eg takkar igjen so mykje for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

John H Pennington i Montana i 1910.

Gift med Emma og hadde 4 barn hos seg i 1910.

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:MLC3-G4H

 

 

 

Her er de i 1900.

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:M9SY-ZQX

 

 

Jane Evangelina f 20 aug 1892 i Tracy,Lyon,Minnesota.

Mora het Emma Amelia Froehlich.Hun var født i Manchurch,Va.Det står at faren var født i Rainvill,England.

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:FDM9-22Q

 

 

Theresa M,f 29 aug 1900.

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:FDW3-HY3

Endret av Ann-Mary Engum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Vielsene til barna:

 

 

J.Evangelina f 1892 ,Tracy,Minnesota,giftet seg 14 nov 1911.

 

 

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:F34H-QM9

 

 

John D.H.var født i Tracy,Minnesota ca 1894.

 

Giftet seg i 1916.

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:F33T-8M9

 

 

Francis B Pennington var f ca 1896 i Tarmton,Minnesota.Giftet seg i 1919.

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:F37H-K6S

 

 

Teresa M var f ca 1901 i Fountin,Minnesota.

Giftet seg i 1920

 

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:F33K-DSC

 

 

 

 

John Domonic H Pennington jr f 4 aug 1894,døde 11 nov 1990.

 

 

http://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GSln=Pennington&GSfn=John&GSbyrel=all&GSdyrel=all&GSst=28&GScntry=4&GSob=n&GRid=126116318&df=all&

 

 

Her står han skrevet som John Domonic Haro Pennington,død 11.11.1990.

 

 

http://www.rootsweb.ancestry.com/~mtlcgs/mtmsgs/mtdeath90P.htm

 

 

 

 

Da het kanskje faren hans John Haro Pennington ?

 

 

 

På find a grave står Jane Evangelina med navnet Jane Eva Washington.

Hun døde i 1969.Ektemannen het Arthur A Washington.

 

http://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GRid=73499006

Endret av Ann-Mary Engum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Anne-Lise for nye interessante innlegg!

 

Eg har kontakta Sunset Memorial Gardens kyrkjegard i Billings, MT, men diverre ligg Hilda M. Pennington gravlagd i ei einskildgrav som ho kjøpte i 1958.  Formalitetane kring dødsfallet vart "handla" av administrator Armand S. Goudina "of Billings, MT", men eg kan ikkje sjå at han eller kona hans kan ha vore i slekt til Hilda.

 

So, det er ikkje noko meir å henta på kyrkjegarden!

 

Me kjem nok ikkje utanom ein nekrolog...  Eg mistenker Ingebret Melheim for å vera avliden FØR Hilda busette seg i Billings, MT, truleg i ein annan stat!?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Kan kanskje være samme Armand S Goudina som døde 6 juni 1972?

 

 

 

 

 

Armand S Gaudina 6.6.1971

 

 

 

http://www.rootsweb.ancestry.com/~mtlcgs/mtmsgs/mtdeath70G.htm

 

Gravlagt 8 juni 1972.

 

http://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GSln=Gaudina&GSbyrel=all&GSdyrel=all&GSst=28&GScntry=4&GSob=n&GRid=91787347&df=all&

Endret av Ann-Mary Engum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for siste innlegg!

 

Eg ser du har finne den "rette" Armand Gaudina, men ser du nærare på folketeljingane for Billings, MT, var både Armand og kona hans av italiensk opphav, so dei kan ikkje ha hatt noko med Melheim-ætti å gjera.  Truleg må det ha vore vennskap, eller kanskje Mrs. Goudina har vore pleiekraft hjå Hilda då ho vart eldre?

 

Ikkje so godt å vita, men får me tak i ein nekrolog, finn me kanskje svaret der...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Nye opplysningar er komne frå Amerika om denne huslyden!

 

* Ingebrigt og Augusta var i 1909-1910 på vitjing til Sverige og utvandra på ny frå Sverige i 1910

 

* Ingebrigt og Augusta flytte mellom 1915 og 1918 frå Dawson Co., MT til Billings i Yellowstone Co., MT

 

Men i 1928 kom Augusta Melheim ÅLEINE attende til Montana etter ein tur til Europa, og sidan ingen kan finna noko dødsfall for Ingebrigt Melheim i Montana, lurer me på om han kan vera avliden MEDAN DEI VAR I EUROPA?

 

Eg har vore gjennom dødsmeldingslistene for Christiania/Oslo 1918-1929, men finn ikkje nokon Ingebrigt Melheim avliden der.

 

Kan han vera avliden i SVERIGE?  Er det nokon med tilgjenge til Sveriges Dødbok som kan undersøka dette for meg, please?

 

Eg takkar igjen so mykje for hjelpi med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Finner ikke Ingebrigt Melheim i Sveriges Dödbok. Har søkt på de opplysningene som er tilgjengelige om ham.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for siste innlegg!

 

Då er med andre ord Ingebrigt Melheim IKKJE avliden under vitjing i Sverige!  Han KAN sjølvsagt vera avliden ein eller annan stad i Noreg, men om so er tilfelle, er det ikkje godt å vita nett KVAR han døydde.  I Oslo var det i alle fall ikkje!  Kanskje i "Stor-Oslo"?

 

Kan det tenkjast at AFTENPOSTENs register syner dette namnet?  Ingebrigt var jo leigegardseigar i Christiania før han utvandra i 1906!

 

Elles har eg i dag hatt telefonkontakt med skifteretten i Yellowstone Co., MT, men det er diverre ikkje registrert noko skifte etter Ingebrigt der!

 

Står me heilt "på staden kvil"?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.