Gå til innhold
Arkivverket
Per Nistad

Selje- Axel Axelson Bortne (ca 1732-1798) Kven var han?

Recommended Posts

Per Nistad

Er det nokon som kjenner opphavet til Axel Axelson Bortne, som døydde i 1798? Skifte.

 

Han forlova seg med Mari Olsdtr Bortne 4.november 1758 Men eg finn han ikkje i dåpsregisteret etter 1731. Han kan  vere fødd før 1731, eller komme frå ein annan kommune.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Her er giftermålet 3. januar 1759:

Sogn og Fjordane fylke, Selje, Ministerialbok nr. A 4 (1743-1759), Ekteviede 1759, side 228-229. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11645&idx_id=11645&uid=ny&idx_side=-117
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070515630454.jpg

 

Men ser nå at du allerede lagt inn lenke. 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Ein kandidat her kan vel vere sonen til Axel Monssen Sneide og kona Magnilde Halstensdtr.? Her er Sneide i bygdeboka (Kona vert her kalla Ragnhild): http://www.nb.no/nbsok/nb/2428ce07288c5544cedfc84638c9804e?index=1#31

 

Ved skiftet etter Magnilde Halstensdtr. i 1753 er sonen Axel nemnd som 18 år: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24228/570/

 

Ved skiftet i 1784 etter Ole Axelsen Sneide si kone, Ragnilde Olsdtr., ser ein at Axel Bortne har pengar til gode i boet: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24236/483/

 

Eit skifte frå 1760 etter Halsten Halstensen på Hellebust i Vanylven, nemner m.a. Magnilde Halstensdtr. og sonen Axel Axelsen, diverre utan å oppgje sistnemnde sin bustad: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24560/370/

 

Axel Axelsen Sneide vart konfirmert 19 år gamal i 1753:

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Selje, Ministerialbok nr. A 4 (1743-1759), Konfirmerte 1753-1754, side 146-147.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11645&idx_id=11645&uid=ny&idx_side=-76
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070515630411.jpg

Endret av Inge Nygård

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per Nistad

Takk for opplysningar.

Kan Axel ha vore døypt i St. Jetmundskyrkja på Åheim, sidan det var kortare veg dit frå Sneide? Mora kjem jo frå Vanylven. Men dersom dei budde på Sneide, faren hadde garden der frå 1740, burde han vel vore innført i ministeriealboka for Selje?

 

Men det verkar sannsynleg at det kan vere han, alderen i 1798 er berre eit par år feil. Første barnet deira, fødd i juli 1761, vert kalla Magnilde.

Endret av Per Nistad

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Som du seier var Axel Monsen og kona busette på Sneide frå 1740. Kvar dei budde før veit vi ikkje, men det kan vel ha vore i Vanylven. Då ville ikkje det vere grunn til nokon innførsel i ministerialboka for Selje, sidan Axel Axelsen (Sneide) var fødd ca. 1734.

 

Elles var Halstein Halsteinsen på Hellebust ein fullbror til Magnilde, slik at vi ikkje veit sikkert av dette skiftet at Magnilde var frå Vanylven. Kanskje bygdeboka for Vanylven har opplysningar som kan vere til nytte?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per Nistad

Eg forstår skiftet på Hellebust i Vanylven slik at sønene til Magnilde var Ole Axelsen på Sneide, Halstein Axelsen på Lille-Kjøde og Axel Axelsen, som truleg er den same Axel Bortne som er nemnd i skiftet etter kona til Ole Axelsen.

 

Eg kom over utskrift frå skoskatten  i 1711. Då bur det ein Halsten på Nøre Hellebust i Vanylven med kone og to born. Det er truleg han som er far til Magnilde og Halstein Halsteinsen på Hellebust.

Endret av Per Nistad

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.