Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Maria Johannesdotter - fødd Hafslo 1865 - utvandra 1885 - sidan "Mary Johnson near Chicago, IL" - lagnaden hennar?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har slite med dette problemet i årevis utan resultat!

 

Maria Johannesdotter Urness alias Hill alias Hogan alias Kins alias Johnson, dotter av husmann Johannes Monsson og kona Maria Hansdotter, busette på plassen Haugen i Kinserdalen under garden Urnes i Hafslo prestegjeld, Luster i Sogn, var fødd i Hafslo 26.8.1865, men utvandra til Amerika i 1885.

Maria hadde fire eldre brør og to eldre søstrer som alle utvandra til Amerika mellom 1867 og 1882.  Dei nytta ulike ættenamn, Urness, Kins, Hill og Hogan. Dei budde dei første åri ALLE i Buffalo Co., WI og var framleis der då Maria utvandra i 1885!

Den EINASTE referansen eg har for lagnaden hennar kjem frå biografien til ein av brørne hennar som seier at "søsteri Mary JOHNSON budde nær Chicago, IL".  Eg ANTEK at ho gifte seg med ein som heitte JOHNSON, men er ikkje i stand til å finna ho att i noki folketeljing i Illinois!

Alle gode tips vert mottekne med stor takksemd!

PS: Dette spørsmålet vert lagt ut samstundes på NORWAY Rootsweb-lista, NORWAY-HERITAGE-lista og her i Brukarforum på Digtalarkivet.  Kjem det viktige opplysningar på eitt av dei andre fora, vert dette oppatteke her.

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

I ingen av dei nemnde fori er det komne nye opplysningar som bidreg til oppklaring av dette spørsmålet, men eg vil gjerne leggja ut dødsfallsopplysningar for alle søskeni til Maria som døydde i Amerika.  Dersom NEKROLOGANE til desse søskeni kan finnast, kan det kanskje bidra til å finna Maria som etterlevande søster?

 

* Hans J. URNESS, døydde i Colfax. Whitman Co., WA 15.1.1926

* Martha (Mrs. Nels) KINS, busett i Mondovi, Buffalo Co., WI, døydde i Eau Claire, WI 19.3.1904

* Nels J. KINS, døydde nær Shell Lake, Washburn Co., WI 28.11.1920

* Anna HAUGEN (HOGEN), budde i Barronett nær Shell Lake, Washburn Co., WI, men flytte som pensjonist til Superior, Douglas Co., WI der ho døydde 13.5.1930

* John J. HILL, døydde i Roseglen, McLean Co., ND 15.6.1923

* Chris(topher) J. HILL, døydde i Mondovi, Buffalo Co., WI 30.5.1946
  Redigert: Denne nekrologen er nettopp motteken frå Amerika, men nemner INGEN søsken!

 

Nokre av dykk er utruleg flinke til å finna nekrologar på nettet, so eg freister på dette viset først, før eg eventuelt tek kontakt med aviser eller lokale sogelag på dei ulike stadene.

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

John J. Hill

 

Birth:  Dec. 7, 1858 Death:  Jun. 15, 1923 trans.gif
Other children

Hill Mina O Daughter Female Jun 1886 13
Hill Christian Son Male Mar 1887 13
Hill Ella A Daughter Female Jan 1889 11
Hill Maria Daughter Female Oct 1891 8
 
 
Family links: 
 Children:
  John Hill (1883 - 1965)*
  Oliver J. Hill (1892 - 1915)*
  Melvin Julius Hill (1894 - 1923)*
  Carl Alfred Hill (1896 - 1946)*
  Arnold Clarance Hill (1900 - 1979)*
  Hilmer J. Hill (1902 - 1934)*
  Clifford M. Hill (1904 - 1961)*
  Floyd W. Hill (1907 - 1994)*
 
*Calculated relationship   Burial:
Roseglen Cemetery
Roseglen
McLean County
North Dakota, USA
Plot:  
Edit Virtual Cemetery info [?]  
Created by: Herb Schwede
Record added: Jan 06, 2007
Find A Grave Memorial# 17317205

http://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GRid=17317205

Endret av Ann-Mary Engum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for siste innlegget frå i går!

 

Sidan dette emnet vart lagt ut i mars, har eg no òg motteke nekrologar frå Amerika for John og Anna, men so mykje klokare vart eg i grunnen ikkje av nokon av dei!  Søsken er ikkje nemnde med namn, men i John Hill's nekrolog står det at han let etter seg tre brør og to søstrer!

 

No veit me at han hadde to attlevande brør i Amerika, Hans og Christopher, men han hadde òg to attlevande brør i Noreg, Mons og Lars!  I alt vert dette FIRE brør!

 

So veit me at han hadde ei attlevande søster i Amerika, Anna, medan han hadde ei attlevande søster i Noreg, Andrea.  Dette stemmer med TO søstrer, og Maria ville vore den tredje søsteri!  Då er spørsmålet:  Kan me stola på utsegni om to søstrer, når me veit det IKKJE stemte med tre brør?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg gjer nok ein heller «fortvila» freistnad på å henta fram att dette emnet, der eg framleis står fullstendig «bom fast».  Det ser ikkje ut til å vera noko å henta frå nekrologane til søskeni hennar, so den tydeleg EINASTE måten å komma vidare på, er at me finn ei jente i Chicago, IL som høver til omtalen av Maria.

 

Eg vil vera evig takknemlig for alle gode tips i denne saki!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.