Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Christen Johnson NORSE - fødd i Noreg 1858 - utvandra til Amerika 1880 - Texas og California? - kven var han?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har i mange år spekulert på det norske opphavet til denne karen:

 

Christen Johnson NORSE, oppgjeven fødd i Noreg 11.3.1858, skal ha utvandra til Amerika i 1880, truleg til Texas, men flytte sidan til Los Angeles, CA der han 11.3.1895 gifte seg med Jacobine Larsdotter Hærum, haugianarjente, fødd i Luster 19.7.1861 og utvandra i 1877 med foreldri sine til Ft. Worth, TX.

 

Christen Norse var skreddar, og han og Jacobine budde mange år i San Diego, CA, men flytte so til Alpine, CA der Jacobine døydde 10.1.1940.  Christen Norse døydde same staden 21.2.1941.  Dei fekk ein son i lag.

 

Eg har ei kjelde som seier Chrsten skal vera fødd på Hedmarken, kan henda på Hamar, men dette er berre ei "laus påstand"!

 

Er det mogeleg, ut ifrå desse opplysningane, å finna:

 

* Nøyaktig fødestad for Christen?

 

* Fulle namn på foreldri hans?

 

* Sjekka utvandringsåret hans?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Fant en Christian f. 11-3-1858 Vang i Hedemark med foreldre John Eriksen og Karen Olsdtr.

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1495&idx_id=1495&uid=ny&idx_side=-40
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20051003010454.jpg

 

Sannsynligvis samme kar som er skredderlærling i Kragerø i 1875

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052158000934


Han som reiser i 1879 ?

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000441641

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for kjempeflott og kjapt svar!  Ingen tvil om at du har finne rett person, men me kan sjølvsagt undrast over at han kalla seg for NORSE i Amerika!

 

Eg finn ikkje Christian i FT1865.  Derimot ser eg at broren Emil Johnson 6 år i 1865 er fosterson og legdelem på Skogsrud i Vang, so det kan sjå ut til at det "gjekk ut" med huslyden på den tidi?

 

Men kven var eigentleg foreldri hans?  Eg ser at Christian er fødd i KUBREDeie, og her fann eg vigsli til foreldri John Erikson og Karen Olsdotter i Vang 15.1.1844: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8840&idx_id=8840&uid=ny&idx_side=-297

 

Her står det fleire gardsnamn for fødsel, opphald og bustad til fedrene deira.  Er er over hovudet ikkje kjend i Vang, so kanskje einkvan med lokal kunnskap eller eventuelt tilgjenge til ei lokal bygdebok kan fortelja meg følgjande:

 

* Kva heitte plassen under Hubred som John Erikson og Karen Olsdotter budde på?

 

* Kva gard/plass hadde John Erikson opphavet sitt ifrå?

 

* Kva gard/plass hadde Karen Olsdotter opphavet sitt ifrå?

 

Nok ein gong ein kjempetakk for hjelpi so langt med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Et tre på FS.

 

John Eriksen og Karen Olsdatter med 10 barn.

 

 

https://familysearch.org/ark:/61903/2:2:SYMR-YXN

 

 

Må sjekkes!

 

 

 

Sønnen Emil i 1865.

Pleiesønn på Skogsrud

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0414&kenr=007&bnr=0042&lnr=000

Endret av Ann-Mary Engum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Det har jeg glemt husker jeg  :rolleyes:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Carsten for nye innlegg!

 

Eg har studert på familie-treet til denne huslyden, men får vel i grunnen ikkje svar på nokon av sørsmåli mine...  Me treng nok bygdeboki frå Vang for å vera på den trygge siden...?

 

Det var forresten den einaste sonen til Christian Norse, Lloyd Norse, som på 1980-talet fortalte meg at faren kom frå Hamar-området på Hedmarken.  Han hadde rett!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet frå i fjor, som lenge har lege «i dvale»...

 

Me treng vel her bistand frå lokalkjende i Vang, Hedmark eller frå ei lokal bygdebok for å finna svar på dei tre spørsmåli frå innlegg #3 ovanfor:

 

* Kva heitte plassen under Hubred som John Erikson og Karen Olsdotter budde på?

 

* Kva gard/plass hadde John Erikson opphavet sitt ifrå?

 

* Kva gard/plass hadde Karen Olsdotter opphavet sitt ifrå?

 

Dette er vel vigsli til John Erikson og Karen Olsdotter frå 15.1.1844: https://media.digitalarkivet.no/view/8840/297

 

Karen er tydeleg frå Ytre Hubredseiget, men eg har store vanskar med å lesa bustadnamni som eller er oppgjevne, og plassnamni synest å mangla...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips til løysing av desse spørsmåli!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Leif for nye interessante innlegg!

 

Eg har studert innleggi og kva som er opplyst om dei folki dette gjeld, men eg lyt tilstå at eg framleis har vanskar med å orientera meg i «geografien» i Vang...!

 

** At John og Karen budde som husmannsfolk på ein plass under Hubred, synest opplagt, men plassnamnet kjem ikkje fram nokon stad(?).

 

** John er altso fødd på ein ikkje namngjeven plass under Lerhus, medan han i 1844 hadde opphald på Midtre Imislund.  Faren er samstundes sagt å bu på ein ikkje namngjeven plass under Imislund!

 

** Karen skal ifølgje vigsli frå 1844 vera fødd på ein ikkje namngjeven plass under Hegvin-Opsahl, men hadde opphald på ein ikkje namngjeven plass under Hubred store.  Faren budde 1844 òg på ein ikkje namngjeven plass under Hegvin-Opsahl, men fødsli til Karen syner fødestad på ein ikkje namngjeven plass under Rabstad!?

 

Ein bør vel venta at ei bygdebok har litt meir konkrete opplysningar å by på når det gjeld desse bustadane!?

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.