Gå til innhold
Arkivverket

Christen Johnson NORSE - fødd i Noreg 1858 - utvandra til Amerika 1880 - Texas og California? - kven var han?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har i mange år spekulert på det norske opphavet til denne karen:

 

Christen Johnson NORSE, oppgjeven fødd i Noreg 11.3.1858, skal ha utvandra til Amerika i 1880, truleg til Texas, men flytte sidan til Los Angeles, CA der han 11.3.1895 gifte seg med Jacobine Larsdotter Hærum, haugianarjente, fødd i Luster 19.7.1861 og utvandra i 1877 med foreldri sine til Ft. Worth, TX.

 

Christen Norse var skreddar, og han og Jacobine budde mange år i San Diego, CA, men flytte so til Alpine, CA der Jacobine døydde 10.1.1940.  Christen Norse døydde same staden 21.2.1941.  Dei fekk ein son i lag.

 

Eg har ei kjelde som seier Chrsten skal vera fødd på Hedmarken, kan henda på Hamar, men dette er berre ei "laus påstand"!

 

Er det mogeleg, ut ifrå desse opplysningane, å finna:

 

* Nøyaktig fødestad for Christen?

 

* Fulle namn på foreldri hans?

 

* Sjekka utvandringsåret hans?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fant en Christian f. 11-3-1858 Vang i Hedemark med foreldre John Eriksen og Karen Olsdtr.

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1495&idx_id=1495&uid=ny&idx_side=-40
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20051003010454.jpg

 

Sannsynligvis samme kar som er skredderlærling i Kragerø i 1875

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052158000934


Han som reiser i 1879 ?

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000441641

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for kjempeflott og kjapt svar!  Ingen tvil om at du har finne rett person, men me kan sjølvsagt undrast over at han kalla seg for NORSE i Amerika!

 

Eg finn ikkje Christian i FT1865.  Derimot ser eg at broren Emil Johnson 6 år i 1865 er fosterson og legdelem på Skogsrud i Vang, so det kan sjå ut til at det "gjekk ut" med huslyden på den tidi?

 

Men kven var eigentleg foreldri hans?  Eg ser at Christian er fødd i KUBREDeie, og her fann eg vigsli til foreldri John Erikson og Karen Olsdotter i Vang 15.1.1844: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8840&idx_id=8840&uid=ny&idx_side=-297

 

Her står det fleire gardsnamn for fødsel, opphald og bustad til fedrene deira.  Er er over hovudet ikkje kjend i Vang, so kanskje einkvan med lokal kunnskap eller eventuelt tilgjenge til ei lokal bygdebok kan fortelja meg følgjande:

 

* Kva heitte plassen under Hubred som John Erikson og Karen Olsdotter budde på?

 

* Kva gard/plass hadde John Erikson opphavet sitt ifrå?

 

* Kva gard/plass hadde Karen Olsdotter opphavet sitt ifrå?

 

Nok ein gong ein kjempetakk for hjelpi so langt med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Et tre på FS.

 

John Eriksen og Karen Olsdatter med 10 barn.

 

 

https://familysearch.org/ark:/61903/2:2:SYMR-YXN

 

 

Må sjekkes!

 

 

 

Sønnen Emil i 1865.

Pleiesønn på Skogsrud

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0414&kenr=007&bnr=0042&lnr=000

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Carsten for nye innlegg!

 

Eg har studert på familie-treet til denne huslyden, men får vel i grunnen ikkje svar på nokon av sørsmåli mine...  Me treng nok bygdeboki frå Vang for å vera på den trygge siden...?

 

Det var forresten den einaste sonen til Christian Norse, Lloyd Norse, som på 1980-talet fortalte meg at faren kom frå Hamar-området på Hedmarken.  Han hadde rett!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet frå i fjor, som lenge har lege «i dvale»...

 

Me treng vel her bistand frå lokalkjende i Vang, Hedmark eller frå ei lokal bygdebok for å finna svar på dei tre spørsmåli frå innlegg #3 ovanfor:

 

* Kva heitte plassen under Hubred som John Erikson og Karen Olsdotter budde på?

 

* Kva gard/plass hadde John Erikson opphavet sitt ifrå?

 

* Kva gard/plass hadde Karen Olsdotter opphavet sitt ifrå?

 

Dette er vel vigsli til John Erikson og Karen Olsdotter frå 15.1.1844: https://media.digitalarkivet.no/view/8840/297

 

Karen er tydeleg frå Ytre Hubredseiget, men eg har store vanskar med å lesa bustadnamni som eller er oppgjevne, og plassnamni synest å mangla...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips til løysing av desse spørsmåli!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Leif for nye interessante innlegg!

 

Eg har studert innleggi og kva som er opplyst om dei folki dette gjeld, men eg lyt tilstå at eg framleis har vanskar med å orientera meg i «geografien» i Vang...!

 

** At John og Karen budde som husmannsfolk på ein plass under Hubred, synest opplagt, men plassnamnet kjem ikkje fram nokon stad(?).

 

** John er altso fødd på ein ikkje namngjeven plass under Lerhus, medan han i 1844 hadde opphald på Midtre Imislund.  Faren er samstundes sagt å bu på ein ikkje namngjeven plass under Imislund!

 

** Karen skal ifølgje vigsli frå 1844 vera fødd på ein ikkje namngjeven plass under Hegvin-Opsahl, men hadde opphald på ein ikkje namngjeven plass under Hubred store.  Faren budde 1844 òg på ein ikkje namngjeven plass under Hegvin-Opsahl, men fødsli til Karen syner fødestad på ein ikkje namngjeven plass under Rabstad!?

 

Ein bør vel venta at ei bygdebok har litt meir konkrete opplysningar å by på når det gjeld desse bustadane!?

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet som har lege «i dvale» sidan januar 2017...

 

Eg er framleis svært i stuss når det gjeld desse stadnamni i Vang og vonar at det kanskje i mellomtidi er dukka opp meir lokal kunnskap om dei.

 

Eg har sett opp eit revidert manuskript for denne huslyden, og samstundes vil eg gjerne få hengja på biografien for sonen Lloyd som er avliden etter at eg hadde kontakt med han i 1982.  Eg har i dag sjekka ut huslyden hans, som syner seg vera noko meir «omfattande» enn kva han fortalte meg den gongen...  Kanskje kan det finnast obituaries som kan klarleggja denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Jacobine Larsdotter Hærum, f. {i Luster} 19.7.1861,

Jacobine Harum utvandra òg med foreldri til Amerika i 1877.  Ho budde ei tid i Fort Worth, Tx., men flytte sidan til Los Angeles, Cal. der ho 11.3.1895 gifte seg med Christian Johnson, opphavleg frå Hubredeiget i Vang, Hedmark, i Amerika kjend som Christian Norse.  Han var son av husmann John Erikson på

 

##### (ein plass, men kva for ein plass?)

 

under Hubred, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Karen Olsdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og f. i Vang 11.3.1858.  Han var skreddarlærling mellom anna i Kragerø, men utvandra til Amerika i 1879.  Christian Norse livnærte seg som skreddar («tailor»), og han og Jacobine slo seg ned i San Diego, San Diego Co., Cal. der Jacobine d. 10.1.1940.  Christen Norse d. same staden 21.2.1941. 

 

##### (sjekka dødsstadane? – she probably died in San Diego city and he in El Cajon, CA?)

 

Dei fekk ein son i lag:

a. Lloyd Edward Norse, f. i San Diego, Cal. 27.8.1896, d. i San Diego, Cal.

 

     ##### (verify place of his death? )

 

     25.7.1988.  Han gifte seg første gongen

 

     ##### (date and place of his 1st marriage? - 1927?)

 

     med Florence Dorothy Silberhorn, f. i San Diego Co., Cal. 22.8.1904.  Ho d.

 

     ##### (place of her death? - Carlsbad, San Diego Co., CA?)

 

     19.8.1995. 

 

     ##### (she remarried at Salome, AZ Dec. 16, 1939 to Donal Albert Hord)

 

     Men dei vart skilde kring 1938, og Lloyd vart kring 1941 sambuande og gifte seg att i Las Vegas, Nev. 1.5.1951 med Eva Gertrude Petree Rigsby, f. Ferguson, f. i Wayne Co., Ill. 26.12.1895.  Ho d. i San Diego, Cal.

 

     ##### (verify place of her death?)

 

     16.6.1995.  Eva hadde vore gift to gongar før. 

 

     ##### (married 1st time Webb, OK Jan. 1, 1913 to John Guy «Gary» Petree (1892-1931))

 

     Lloyd Norse var jarnbanemaskinist («railroad engineer»), medan første kona Florence var lærar («school teacher»).  Dei budde i San Diego, San Diego Co., Cal. og sidan i El Cajon, San Diego Co., Cal., medan Lloyd og Eva budde i Alpine, San Diego Co., Cal.  Lloyd fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men andre kona Eva hadde fire born frå første ekteskapet sitt.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Christian (Christen) Norse hadde en søster, Julia Berg
 
 
Evening Tribune
Monday, Feb 03, 1936
San Diego, CA
Page: 21
 
Capture.JPG.33cc3ab50c59a6cfd9bb1949417ad6f1.JPG
Endret av Frank Marton Pedersen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 minutter siden, Frank Marton Pedersen skrev:
San Diego Union
Monday, Oct 31, 1927
San Diego, CA
Page: 5
 
Capture.JPG.15a3b6ce2b874194a908aaa715bd939f.JPGCapture2.JPG.a9d56d638d487b7aadbaef9b54bc1aa9.JPG

 

Edward Johnson

BIRTH 1845
DEATH 1927 (aged 81–82)
BURIAL San Diego, San Diego County, California, USA Add to Map
MEMORIAL ID 96031579 · View Source

 

Family Members

Spouse

https://www.findagrave.com/memorial/96031579/edward-johnson

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Frank Marton og Ann-Mary for mange spennande og interessante innlegg!

 

So vidt eg kan sjå, står det no att berre ei viktig utfordring frå Amerika:

 

* Vigsli til Lloyd Norse og Florence Silbermann kring 1927?

 

Elles er det framleis eit par utfordringar å finna ut av opphavet til Christian Norse i Vang på Hedmarken...  Men kanskje bygdeboki for Vang gøymer ein par viktge detaljar?

 

Eg har med fryd oppdatert manuskriptet mitt for denne huslyden, som no ser slik ut - erstatnng for manuskriptet i innlegg #12 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Jacobine Larsdotter Hærum, f. {i Luster} 19.7.1861,

Jacobine Harum utvandra òg med foreldri til Amerika i 1877.  Ho budde ei tid i Fort Worth, Tx., men flytte sidan til Los Angeles, Cal. der ho 11.3.1895 gifte seg med Christian Johnson, opphavleg frå Hubred i Vang, Hedmark, i Amerika kjend som Christian Norse.  Han var son av husmann John Erikson på

 

##### (ein plass, men kva for ein plass?)

 

under Hubred, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Karen Olsdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og f. i Vang 11.3.1858.  Han var skreddarlærling mellom anna i Kragerø, men utvandra til Amerika i 1879.  Christian Norse livnærte seg som skreddar («tailor»), og han og Jacobine slo seg ned i San Diego, San Diego Co., Cal., men flytte på 1930-talet til Alpine, San Diego Co., Cal. der Jacobine d. 10.1.1940.  Christen Norse d. same staden 21.2.1941.  Dei fekk ein son i lag:

a. Lloyd Edward Norse, f. i San Diego, Cal. 27.8.1896, d. i El Cajon, Cal. 25.7.1988.  Han gifte seg første gongen i San Diego, Cal.

 

     ##### (exact date of his 1st marriage?)

 

     .9.1926 med Florence Dorothy Silberhorn, f. i San Diego Co., Cal. 22.8.1904.  Ho d. i Carlsbad, Cal. 19.8.1995.  Men dei vart skilde kring 1938, og Lloyd vart kring 1941 sambuande og gifte seg att i Las Vegas, Nev. 1.5.1951 med Eva Gertrude Petree Rigsby, f. Ferguson, f. i Wayne Co., Ill. 26.12.1895.  Ho d. i La Mesa, Cal. 16.6.1995.  Eva hadde vore gift to gongar før.  Lloyd Norse var jarnbanemaskinist («railroad engineer»), medan første kona Florence var lærar («school teacher»).  Dei budde i San Diego, San Diego Co., Cal. og sidan i El Cajon, San Diego Co., Cal., medan Lloyd og Eva budde i Alpine, San Diego Co., Cal.  Lloyd fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men andre kona Eva hadde fire born frå første ekteskapet sitt.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

7 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

a. Lloyd Edward Norse, f. i San Diego, Cal. 27.8.1896, d. i El Cajon, Cal. 25.7.1988.  Han gifte seg første gongen

 

 

 

     ##### (date and place of his 1st marriage? - 1927?)

 

Times-Advocate (Escondido, California) 03 Sep 1926, Friday, Page 2

Times-Advocate (Escondido, California) 03 Sep 1926, Friday, Page 2.jpg

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Florence Dorothy Silberhorn
1903-1995

 

 

Family Members
SPOUSES AND CHILDREN
1902-1966
Marriage: 16 December 1939
Salome, Yuma, Arizona, United States
Florence Dorothy Silberhorn
1903-1995
Children ()
 
PARENTS AND SIBLINGS
George K Silberhorn
1870-
Marriage:
 
Paula Silberhorn
1880-
Children (2)
Emma Silberhorn
1901-
Florence Dorothy Silberhorn
1903-1995

https://www.google.com/amp/s/ancestors.familysearch.org/en/LTDV-DW9/florence-dorothy-silberhorn-1903-1995

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.