Gå til innhold
Arkivverket
Olav Ringhus

Skomakar Ole Larsen Gierlow?

Recommended Posts

Olav Ringhus

27.okt.2014 hadde eg eit spørsmål om skomakar Ole Larsen Gierlow på Kongsberg. Eg trudde eg kan hende hadde funne han på Gjerla i Stokke, men Kristian Hunskaar sat inne med fakta om denne slekta som slo i hel den teorien. Han føreslo at eg skulle sjå til Furnes og Løten på Hedemark om det var der skomakaren var stukken utifrå. Det var eit svært godt tips - eg har funne nok til at eg ser slekta er komen frå Furnes!

I flg. Furnes Bygdebok, under Gjerlu gnr.246 br.nr.1 finn eg: Arne Mikkelsen f.omkring 1615, omkring 1649 blir han gift med Mari Jensdatter," og av barn kjenner vi: 1 Ole, senere på Kongsberg, far til Håken, Ole og Lars", osv. I flg. ein tinglysingsprotokoll av 4.november 1713, der Lars ser ut til å selge odel- og åseteretten til farbror sin Håken Arnesen Hovineie, blir det nemnt at Ole døyr utan livsarvingar. På Kongsberg finn eg ættlingar av både Håken og Lars, men eg finn ikkje når desse tre brørne er fødde(døypte), gifte eller gravlagde. Det er mange med same namn så det blir reine gjettverket!

Skomakaren vart gift med Berte Olsdatter Narverud i Jondalenog fekk desse borna: Ingebor 18.10.1751 - Live 28.10.1753 - Ingebor 09.07.1757 - Gunor 16.08.1760 og Lars 05.02.1763. Ingebor,ene ser ut til å ha døydt unge då dei ikkje er konfirmerte, dei andre har budd på Bråten i Jondalen då dei vart konfirmerte. Det er Gunor som er i ættelina mi. Eg greier heller ikkje finne ut kor det har blitt av Ole og Berte, eg finn ikkje skifte etter dei korkje på Kongsberg eller Jondalen - ikkje i Buskerud eller Telemark. Skomakarar har eg inntrykk av var folk med så vidt god råd at ein kunne tru det var noko å dela etter dei.

Er det nokon der ute som veit noko om denne Gierlowslekta - både i Kongsbergtraktene og på "Hedemarken"?

Endret av Olav Ringhus

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.