Gå til innhold
Arkivverket

Cecilia Pedersdotter Losneøen/Risnes (1761?-1805) - kven var ho? - frå Strømmen i Askvoll?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Frå Amerika har eg fått eit spørsmål som eg ikkje greier å løysa utan hjelp.  Eg summerer frå meldingi eg fekk frå Amerika samt eit par eigne funn:

 

Einer Andersson frå Halseteigen under Hafslo prestegard i Hafslo (1772-1837), sidan husmann under Tjønn i Feios, Leikanger, tente i unge år på Losneøen i Gulen og fekk der ei "uekte" dotter Synneva (døypt i Gulen 6.5.1798) med:

 

Cecilia Pedersdotter, fødd kring 1761.  Ho døydde i 1805 på Risnes i Lavik der det året etter vart halde skifte etter ho (http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081125620615.jpg).  Det går fram av skiftet at dotteri vart oppali hjå faren Einer i Feios.

 

Men kven var denne Cecilia Pedersdotter?

 

Eg har studert FamilySearch og finn der berre EITT relevant alternativ, ei Cecilia Pedersdotter, døypt frå Strømmen i Askvoll 22.1.1762 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8596&idx_id=8596&uid=ny&idx_side=-76).  Kan det vera ho?

 

Kanskje nokon med tilgjenge til bygdeboki for Askvoll kan svara på dette?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for kjapt og godt svar!

 

Det ser ut til at bygdebokskrivaren for Askvoll ikkje er kjend med lagnaden til denne Cecilia, so då er jo sjansane absolutt gode for at det ER ho som hamna på Risnes i Lavik?  Men er det mogeleg å finna prov på dette?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg er litt usikker på kva Grethe har tatt med i forrige innlegg, men her er skifte etter Søren Pedersen, Sidsele Pedersdtr Strømmen sin yngste bror, som døyr i 1801. Han er då busett på Stavang. Av arvingane er oppgitt: Gierche Pedersdtr, gift med Søren Nielsen Stavanger og Cecilia Pedersdtr 39 år. Søren Nielsen Stavanger er oppgitt som verge, men dessverre ingen opplysningar om bustad. Men under sjølve skifte nederst, står det en henvisning til Bergen.

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord sorenskriveri, Svanø birk tinglag, Skifteprotokoll A 15 , 1779-1806, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Register.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24204/442/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081127620445.jpg
 

Eg ser no at Stavanger i dette tilfellet må vise til Stang i Askvoll, og ikkje Stavang i Kinn.

 

mvh Egil

Endret av Egil Russøy - Førde
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Egil for nye spennande innlegg!

 

I skiftet frå 1801 står det heilt tydeleg at Cecilia Pedersdotter tente i Bergen.  Dette var i mai 1801.  Då folketeljingi vart oppteki i februar 1801, budde "vår" Cecilia Pedersdotter framleis på Losneøen i Gulen (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058391001937)...

 

Eg veit ikkje...  Flytte ho til Bergen våren 1801, so kan dette framleis vera "vår" Cecilia!  Kanskje bør ein leita etter eit dødsfall i Bergen for ei Cecilia Pedersdotter?

 

Spennande problem dette!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for siste innlegg!

 

Tja, "dett var dett"...?

 

Kven kan då Cecilia Pedersdotter på Losneøen ha vore?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars!

 

Kan vere den samme "Cicilia Pedersdtr. (Nessie/ Nesje)" som her får en uekte sönn "Johannes", döpt 2 mars 1788 med "Lasse Johannesen Foss?" i "Gulen" nr. 18 : http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11446&idx_id=11446&uid=ny&idx_side=-60

 

"Nesje" i "Hyllestad" ligger bare rett over fjorden til "Losna", og "Risnes" ligger til högre gjennom "Listraumen".

 

Jeg finner henne ikke nevnt i "Hyllestad" BB b. 2 under gnr. 83 "Nesje", men jeg tror vi muligens er på sporet av noe ? :rolleyes: 
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Svehn for eit spennande innlegg!  Det er ikkje utruleg at du har finne den "rette" Cecilia Pedersdotter, men kvar er so dåpen hennar?

 

Det er underleg at ikkje huslyden er nemnd i Hyllestad-boki.  Kanskje budde dei på ein annan gard?

 

Saki bør so absolutt følgjast opp!

 

Hjarteleg takk for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.