Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Margit Hjørnevik, fødd i Florø 1885 - utvandra til Amerika, men urne nedsett i Florø 1947 - omskrivi i lokalavisa for Florø?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Margit Helgesdotter Hjørnevik, fødd i Florø 1.5.1885, utvandra til Amerika i 1906 og arbeidde ei tid som hushaldar i Boston, MA.  Ho var heime att fleire gonger (1911-1913 og 1915-1919), men utvandra då "for godt" til Manhattan, NY der ho skal ha arbeitt som detektiv(!) og sidan som bakeristyrar!

 

Slektningar fortel at ho skal vera avlidi i Amerika 1.1.1947(?), men ho vart bragt attende (i urne?) til Florø, og på kyrkegarden i Florø står det eit gravminne med årstali 1885-1947.

 

Dødsfallet hennar er IKKJE innført i klokkarboki for Kinn eller Florø, men kan det tenkjast at dødsfallet hennar er omskrive i lokalavisa for Florø?  Det er einaste staden eg kan komma på som relevant "meldestad"...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips i denne saki!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for kjempeflott svar!  Det er jo ingen tvil om at du har finne rett dame, men eg stussar òg på at dødsåret tydeleg er feil!

 

Kanskje det er mogeleg, med denne nye datoen, å finna ein avisartikkel om dødsfallet hennar?

 

PS: Margit må vera avlidi UTANFOR New York City, for ho står ikkje i dødsfallsregisteret der som gjeld perioden til og med 1948!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

En ansatt i Gravferdsetaten i Oslo sa en gang at (fødsels-) datoen 01.01 blir satt når de mangler opplysinger. Margit kan ha dødd i slutten av desember 1947, siden kremasjonen er 10. januar året etter.

Endret av Anne-Lise Hansen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja,eller så døde hun 1 jan ,slik som slektningene har fortalt.

 

Død 1 jan,og kremert 10 jan 1848.

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne-Lise, Ann-Mary og Vidar for nye spennande innlegg!

 

Då var altso dødsdatoen hennar Margit 6.1.1948, men då eg som "utlending" ikkje greier henta fram dødsannonsa, står det noko i annonsa om KVAR Margit døydde?

 

Nok ein kjempetakk for kjappe og gode opplysningar!

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for attgjeving av dødsannonsa etter Margit Hjørnevik.

 

Då har me so mange opplysningar som det vel er mogeleg å få om dette dødsfallet.  Eg er ikkje heilt nøgd med dødsstaden, men eg ser på spørsmålet som løyst!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for attgjeving av dødsannonsa etter Margit Hjørnevik.

 

Då har me so mange opplysningar som det vel er mogeleg å få om dette dødsfallet.  Eg er ikkje heilt nøgd med dødsstaden, men eg ser på spørsmålet som løyst!

 

Det er nok slik, Lars, at vi ikkje alltid kan få den dødsstaden vi ynskjer, men det må vi berre lære oss å leve med.

 

mvh Egil

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for siste kommentar!

 

Det dreier seg vel i grunnen ikkje om å finna den dødsstaden eg ønskjer, men om å finna den rette dødsstaden!  Kan henda vl eg freista kontakta krematoriet i New York City for å få svar på dette...

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for siste innlegg!

 

No har eg vore i telefonkontakt med Fresh Pond Crematory, og dei har stadfest at dei har ein "file" på Margit Hjornevik, men for å sjå på denne og eventuelt finna dødsstaden hennar, krev dei US $36 i gebyr, og det tykkjer eg er litt i meste laget...  Skulle eg betalt so mykje for kvar einaste detaljopplysning eg treng frå Amerika, ville eg forlengst vore på legd....  Hadde det vore ei lykkjelopplysning for å spora opp ei større eller mindre slektsgrein, som til dømes eit skifte, ville saki vore ei anna...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I ein annan tråd på forumet vert det klaga over at det er dyrt å kjøpe smørbrød og kaffi i Norge. Men me er iallefall bortskjemde når det gjeld tilgang til gratis opplysningar frå ulike arkiv :wub:. I USA gjer ikkje det offentlege slikt gratis.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Torbjørn for kommentar!

 

Diverre (etter mitt syn) er samfunnet vårt gjennomsyra av "pengemaskiner".  Alle vil tena peng på alt og alle, og me kan jo argumentera med at kvar ei teneste har ein verdi - og ein pris.  MEN, eg meiner at dersom ei teneste skal betalast for, so bør ogso betalingi stå i høve til den tenesta som vert ytt.  Kjøper ein eit rundstykke hjå ein bakar eller i eit supermarked, so kostar det vel ikkje meir enn eit par kroner stykket, og då kan ein undra seg over at det skal kosta 100 kroner ekstra å skjæra rundstykket i to helfter og hiva på eit par turre osteskiver eller liknande...

 

Jau, me er bortskjemde når det gjeld tilgang på historiske data.  Det er vel slik at me i Noreg oppfattar historiske data som samfunnsnyttige, og desse bør vera ålmennt tilgjengelege.  I motsetning til kva eg har opplevd i fleire andre land, trur eg ikkje det nokon gong har vore krevd betaling for å vitja Statsarkivi eller Riksarkivet for å sjå på gamle dokument, og eg oppfattar digitaliseringi og opprettingi av Digitalarkivet som ei vidareføring av dette gamle prinsippet.  I denne samanhangen vil eg forresten gjerne få nytta høvet til å utropa ein hyllest til Statsarkivar Yngve Nedrebø i Bergen som eg oppfattar som ein "primus motor" for gjennomføringi av denne ålmennyttige tenesta!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for direkte melding og nytt innlegg!  Eg er spent på om du får greie på dødsstaden til Margit og avventer...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.