Gå til innhold
Arkivverket
Per Nistad

Gloppen-Selje. Lars Thorsen Devigen -fekk gard mot å overta enkja etter avtale med mannen

Recommended Posts

Per Nistad

I bygdebøkene for Selje og Gloppen står det at Lars Thorsen Devigen skulle få bygsle eit bruk på Berstad i Selje mot å gifte seg med enkja Giøde (Gyda) Olsdotter på Apalset i Gloppen, "etter avtale med mannen hennar". Lars og Giøde gifte seg 25.juli 1803. Kor vanleg var slike avtaler om å "overta" enkja? Og kva slag kjelde kan J.Aaland ha hatt for å skrive dette?  I Boka om Gloppen står det at dei flytte til garden Barmhaugen i Selje, men det skal vere Berstad, for dottera Rachel vart fødd der i 1804.  

Endret av Per Nistad

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Einar Rygg

Takk for rettinga til Berstad. Bygdebok for Gloppen har ikkje med vilkår for ekteskapet. Det står berr i bygdeboka for Selje, 1943 utg. 

Avtaler brukar å stå i kyrkjeboka i samband med trulovinga. Elles kan det vera munnleg overlevering. I dette tilfelle er vel ikkje det vidare truleg.

Har ikkje vore borti noko liknande.Etter bygdeboka for Gloppen etterlet 1ste. mannen, Rasmus Paulson Naustdal, seg 4 små born. At han hadde omtanke  for dei er vel prisverdig og vel ei av årsakene til dette uvanlege vilkåret.Men var det no eit vilkår? Kva hadde han å by?

Dei budde på Apalset i 1801, og brukaren på Berstad var ein Peder Ellingsen. 

Her er det nok arbeid å gjera.

Lukke til.

Einar

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Einar Rygg

Der er skifte etter Lars Torsen Berstad i 1809. Det viser at Giøde Olsdtr. fekk 2 born i 2dre ekteskap:

Thomas Larsen 2 år i 1809, og Rakel Larsdtr. 5 år i 1809. Dei 3 døtrene frå 1ste ekteskap fekk og sin

del.

Har ikkje funne noko om at første mannen har framsett noko vilkår for nytt ekteskap. Det ville elles vera heilt uhøyrt.

Han kan på dødsseng ha prøvt å hjelpa familien sin, og dette kan ha vorte feil oppfatta av etterslekt.

Det er den einaste forklaringa eg har. Ser fram til at nokon har eit anna syn på dette.

Mvh Einar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per Nistad

Eg hadde håpa å finne ei kjelde til det J.Aaland skriv, dersom det ikkje berre er noko han dikta opp. Rakel var mi tippoldemor. Ho vart gift med Ole Rasmussen frå Hole i Davik  21. september 1823. Eldste dottera vart fødd på Berstad, men seinare vart dei husmenn utan jord på Eide. Ved folketeljinga i 1865 bur dei saman med sonen Valdemar, som var skomakar, i Eidsnes-staaven. Ole er garnbinder.  Giøde Olsdtr. har eg ikkje funne i oversikten over døde i Selje, så det er mogeleg at ho kan ha flytta tilbake til slekta i Gloppen. Det var skifte etter Rasmus Paulsen Naustdal på Apalset i 1803, men så vidt eg kunne sjå, var det ikkje noko tilknyting til Berstad.

 

Men takk for hjelp likevel

 

Mvh

 

Per

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Utan at eg kan vise til eit døme akkurat no: Eg veit fleire forholdsvis gamle munnlege overleveringar som Jacob Aaland har brukt som kjelde. Hundre år er eigentleg ikkje så lenge - for å bruke meg sjølv som døme: Eg kan i dag fortelje borna mine ting som eg har fått overlevert av ein grandonkel som hadde fått det fortalt av si bestemor som var fødd omlag 1810.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Eg har eit døme på Aaland og kjeldene hans....

 

På garden Drageset i Innvik nemner Aaland Absalon Bentson som var i tiårskrigen og skulle ha teke livet av ei sengjakone og barnet hennar: http://www.nb.no/nbsok/nb/32ae417dca919c6711609fce69a6de7d?index=1#47

 

I Tysnessoga vert same historia fortald, men med den lille haken at det der er ein kar ifrå Tysnes i hovudrolla. Denne soga var innsamla av Torleiv Hannaas, som døydde i 1929. Dette var fleire år før Aaland gav ut boka si om Innvik og Stryn...

 

Kva eg meiner dette viser om Aaland som nordfjordingane har funne god nok til å reise bauta og minnestøtte over, skal eg ikkje nemne med ord. Men makkverket som "forfattaren" var frekk og pretensiøs nok til å kalle Nordfjord fraa gamle dagar til no burde ha vore innsamla og destruert for lenge sidan.

 

Elles har eg sett eit dikt i frå Moldefjorden i Selje, der ialle fall eit vers handlar om den då nye bygdesoga og som uttrykkjer kva dei tenkte om at ein "lærd mann" kom og gjorde om på historia deira, utan omsyn til kva sanninga var. Eg har ikkje dette verset for meg her og no, men det hadde passa bra her....

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

No tykkjer eg du er for stri med Aaland. Han arbeidde etter den tradisjonen som var vanleg i den tida, og verket hans må sjåast i lys av det. Det finst utan tvil vandrehistorier som han har attgjeve som sanning, men du kan ikkje gå ut frå at han har visst at det var vandrehistorier, og ein kunne ikkje guggle på internett i den tida. Han har gjort eit storverk, men det skulle gjerne stått ei åtvaring på bøkene, det kan eg vere enig med deg i.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Eg kan nemne mange døme på kor lite omgang Aaland hadde med sanninga:

 

På Svoren i Davik skriv han at Mari Torsdtr. (Klubben) døydde 105 år gammal i 1787: http://www.nb.no/nbsok/nb/4a30f02f2c87332f147523ed5e8b0f14?index=2#511

 

Kyrkjeboka dette året fortel ikkje om noko slikt dødsfall, heller ikkje noko som med all verda av velvilje kan lesast slik:

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Davik, Ministerialbok nr. A 2 (1742-1816), Døde og begravede 1785-1787, side 348.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8750&idx_id=8750&uid=ny&idx_side=-346
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070418640212.jpg

 

Skiftet etter Mari Torsdtr. vart halde i 1734, og då hadde ho 6 born. Det yngste barnet var 3 år, noko som ikkje tyder på at Mari vart spesielt gamal: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24224/545/

 

Det verste er kan hende at det ikkje endar her, men at lygnhistoriene vert teke oppatt i nyare bygdebøker (les Bremanger og Kjølsdalen) som kanskje burde ha vore meir forsiktig med å bruke Aaland som kjelde.

 

 

Elles galdt det eg skriv om folk i Moldefjorden ikkje ting som låg langt bak i historia som dei hadde lite forutsetnad for å vite noko om (på lik linje med Aaland), men i staden den nære historia som t.d. kven foreldra deira var gift med osb. Aaland var like lite etterretteleg her.

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Einar Rygg

Vi må prøve å forstå kva kjelder J. Aaland hadde å arbeida med samanlikna med det vi lettvint har tilgjenge til i dag.

Han hadde også full lærarpost,først i Oslo,seinare i Bergen. Han brukte all si fritid til det eg vil kalla eit storverk og ei 

framifrå gåve til Nordfjord- bygdene. Vi må tole at der er feil og manglar. Det er der også i seinare utgåver av bygdebøkene.

Alle som har arbeid med kyrkjebøker og folketeljingar veit at desse heller ikkje er utan feil og utelatingar. Har sjølv

funne at ei tenestjente var 10 år eldre enn ho var.

Når det gjeld munnlege  overleveringar, bør vi vel rekne med at forteljaren sette litt ekstra farge på historia. I min eigen

familie går der fråsegn om ein Børge som døydde i 1853 og skulle vere så sterk at han femnde ei sildetønne og

bar henn inn på stabburet. Der går også fleire historier om han. Dei skal eg ikkje gje att her. Dei skal få lov

å gå bort i gløymsla med meg.

Lat oss vere kritiske til innhaldet i bygdebøkene, og prøve å forbetre dei som eventuelt kjem ut heretter.

Mine eksemplar av bygdebøkene for Gloppen har no fulle margar med tillegg og rettingar.    Mvh Einar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Eg vil berre seie Amen til det du skriv, Einar. Prentesvarten fanst også i dei dagar, så skrivefeil og trykkfeil fanst i rikeleg monn. Kvar einaste bokstav vart t.d. sett manuelt i trykkeriet, og korrektur var ein ressurskrevande idrett.

 

Vi skal også hugse at "må-ha-vore"-ismen sto sterkt i sogeskrivinga på denne tida, og at "truleg" ofte var godt nok, ikkje berre hos Aaland, men hos alle som skreiv. Har du han Steinbjørn på garden i 1600, og han Steinbjørn Arneson 50 år seinare, "må" den yngre Steinbjørn vere barnebarnet til den eldre, utan andre prov.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.