Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Anders Bottolfson Kalgrav gift 1797 med Britha Andersdotter Søndre Gjønnevåg - Solund - kven var dei? - lagnaden deira?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg finn denne vigsli i Solund (Gulen) 6.9.1797 (trulova 20.7.1797): http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11446&idx_id=11446&uid=ny&idx_side=-45

 

Anders Bottolfson Kalgrav og Britha Andersdotter Søndre Gjønnevåg.  Kven var dei?

 

I bygdeboki for Solund kan eg ikkje sjå at dette parfolket er nemnt, korkje under Kolgrov eller under Søre Hjønnevåg!  Heller ikkje ser eg dei i FT1801 for Gulen!

 

Anders og Britha fekk to born i Gulen:

 

* Mons Andersson, døypt Søndre Gjønnevåg i Solund (Gulen) 30.9.1796 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11446&idx_id=11446&uid=ny&idx_side=-164)

 

* Borni Andersdotter, døypt Øyjorden i Solund (Gulen) 29.4.1798 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11446&idx_id=11446&uid=ny&idx_side=-54). Borni vart gravlagd frå Øyjorden 3.5.1798, 6 dagar gamal.

 

So ser eg at dei er nemnde under Øyjorden i Solund, men berre at Anders var fødd 1770 som son av Bottolf Larsson frå Indrevær og første kona Christenca Gullaksdotter frå Nautøy.  Men bygdeboki har ingen fleire opplysningar om dei - nemner heller ikkje borni deira!

 

So var det Britha Andersdotter.  Kven var ho?

 

Husmann Arne Andersson på ein plass under Kolgrov (1769-1848), opphavleg frå plassen Halseteigen i Hafslo, hadde ei søster Britha Andersdotter, døypt i Hafslo 6.7.1760, som òg flytte til ytre Sogn.  Kan det vera ho??

 

Eg vonar at ein eller annan med lokal kunnskap eller "god teft" greier løysa denne "floken" og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Berit Knudsen

Strøket da det angikk muremester Anders Dah.

Endret av Berit Knudsen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har i ettertid oppdaga at ein Anders Bottolfson NORNEN vart gravlagd i Gulen 6.1.1799, 24 år gamal, men det er "skipla" med alderen! (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11448&idx_id=11448&uid=ny&idx_side=-153).

 

Kan dette vera same mann?  Men kvar er i so fall NORNEN?

 

Det finst òg ei "mistenkeleg" Britha Andersdotter på same side, gravlagd 21,5,1799, men til høgre (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11448&idx_id=11448&uid=ny&idx_side=-153).  Ho har namnet QVAM, og alderen hennar er "over ..0".  I databaseform på Digitalarkivet er alderen hennar oppgjevi til "over 70", men EG tykkjer heller det står "over 40" - eller kva meiner de?  Den Britha som me leiter etter, var fødd på ein husmannsplass under Kvam i Hafslo. og ho var fødd i 1760!  Er det mogeleg at det er ho?  Eller finst det ein gard Kvam i Gulen?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Johannessen

I Solund bygdebok bd I s. 167 er det nevnt en husmann Botolf Larson på plasset Myra under Nore Hjønnevåg , og at han hadde en sønn Anders i  1775. Kona skal ha vært Brithe Pedersdtr. Rognøen.

 

Anders' dåp
Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gulen, Ministerialbok nr. A 12 (1749-1776), Kronologisk liste 1775, side 180.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11443&idx_id=11443&uid=ny&idx_side=-181
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070228330310.jpg

Endret av Lars Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars J. for interessant innlegg!

 

Det ser for meg ut som om bygdebokskrivaren for Solund opererer med to Bottolf Larsson som har ganske so identiske huslydar, men det må vel vera den same?

 

Men eg finn ikkje noko ekteskap mellom ein Anders Bottolfson og ei Britha Pedersdotter nokon stad på den tidi!

 

Det må vera denne Anders Bottolfson som døydde i 1799, og Nornen må vera ei feilskrift eller forvansking av namnet Norevaagen eller Nordre Gjønnevaag!?

 

Men er då den "over 40" år gamle Britha Andersdotter Qvam bruri frå 1797?

 

Mange spørsmål her, men dette ville i so fall forklara kvifor me ikkje ser noko til dette parfolket i 1801!  Men kvar vart det i so fall av sonen Mons Andersson fødd 1796?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips her!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Om me går ut ifrå at Mons Andersson vart foreldrelaus i 1799, bør me kunna finna eit fosterbarn med dette namnet ein eller annan stad, og ser ein på FT1801 for Sogn og Fjordane og Hordaland med Bergen, finst det berre EIN EINASTE "kandidat", på garden Berge i Dale sokn i ytre Holmedal (Fjaler):

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058401001685

 

Denne Mons Andersson er 5 år gamal og fosterson!  MEN, so finn eg denne på FamilySearch:

 

Name: Mons Andersen Berge

Gender: Male

Christening Date: 01 Nov 1796

Christening Place: FJALER,SOGN OG FJORDANE,NORWAY

Father's Name: Anders

 

So då er det vel ikkje han heller...

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Johannessen

Enda en Botolf Larson, eller den samme? Botolf Larson Kalgraf begravet 17. sept. 1797, alder oppgitt til mellom 60 og 70 år. Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gulen, Ministerialbok nr. A 15 (1788-1798), Døde og begravede 1798, side 462-463.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11446&idx_id=11446&uid=ny&idx_side=-207
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070305340022.jpg

Dette må vel være faren til Anders gift med Brithe Andersdtr?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars J. for nytt innlegg!

 

Jau, dette må vera far til Anders Bottolfson, ingen tvil om det...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Johannessen

Så litt info hentet fra Digitalarkivet.

 

Johanna Botolfsdtr. Kalgraf er fadder i 1779 http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000009676089

gift i 1790 http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000000616668

dåpsvitne i 1792 http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000007119660

mor i 1793 http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000007121284

 

Iver Botolfsøn Kalgraf gift 1791 http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000000616679

 

Kari Botolfsdtr. Kalgraf gift 1798 http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000000617248

 

Christense Botolfsdtr. Kalgraf er fadder i 1780 http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000009676459

Botolf Larsen Kalgraf er ført som dåpsvitne i 1788 http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000007114312

 

Botolf Larsen Øigjord blir far i 1792, til en datter Christense. Johanna Botolfsdtr. Kalgrav er en av fadrene. http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000007119654

 

Botolf Larsen Naarøen er fadder i 1795, til Iver Botolfsen Norøens sønn Berent http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000007124553

 

Iver og familien er nevnt i bygdeboka for Solund under garden Nåra (bd I, s 287f). Nornen, der Anders døde, er et annet navn på Nåra.

 

 

 

Endret av Lars Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Johannessen

Her er også skifte etter moren til Anders, Christence JOHANNESdtr. Ødejorden  i 1794 Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn sorenskriveri, Skifteprotokoll A 11b , 1791-1799, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Fol. 394-ut.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24171/168/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081124660175.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars J. for ny spennande dkumentaskon på huslyden til Anders Bottolfson!

 

Då budde dei med andre ord på Nåra i Solund då Anders døydde i 1799, men du verden kor "mangfoldig" denne huslyden synest ha vore.

 

Dersom me har finne den "rette" Britha Andersdotter, undrar eg likevel på kvifor dei to borni deira fekk namni MONS og BORNI.  Ingen av besteforeldri hadde nokon av desse namni!

 

Dette vert meir og meir spennande!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Alf Strand

Botolf Larsson og Kristense Gullaksdtr. hadde mange born, men dei var "syrgjeleg ryre", som bygdebokforfattar Alf Steinsøy ofte seier det. Dvs. at mange av dei døydde små. Av dei 12 borna dei fekk mellom 1758 og 1781, var det berre Johanne f. 1761, Ivar f. 1764, Kari f. 1770 og Anders f. 1775 som levde opp. Mellom dei som døydde i ung alder var Mons f. 1779. Så der kjem kanskje det namnet frå. Ivar Botolfson fekk festesetel på eit husmannsplass på Nårøyna i 1793. Borna til Anders Botolfson kan eg ikkje gjera greie for no, men skal leita vidare.

 

Alf Strand

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Alf for siste innlegg oim dette problemet!

 

Eg trur me kan vera ganske so sikre på at Anders Bottolfson er idemtifisert, både fødsli hans og dødsfallet.

 

Eg er framleis ikkje 100% overtydd om at me har finne rett Britha, og den første orsaki er namni til dei to borni.  Som du Alf seier, kan Mons vera ei opkalling etter ein bror hans Anders, men kva med namnet BORNI?  Dette er ikkje noko vanleg namn.  Det finst ikkje i indre Sogn det eg veit, og eg lurer på; kan det tenkjast at Britha er kommi i fosterheim hjå ei eller anna BORNI i Gulen/Solund?

 

Skal me tru FamilySearch, finst det berre TRE Borni vigde i Gulen mellom 1730 og 1770 som KAN vera aktuelle som fostermor:

 

~~~~~

 

Name: Hans Andersen Tverang

Spouse's Name: Borni Persdr Strand

Event Date: 01 Jul 1763

Event Place: , Gulen, Sogn Og Fjordane, Norway

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11443&idx_id=11443&uid=ny&idx_side=-112

 

~~~~~

 

Name: Ole Clausen Indre Tachle

Spouse's Name: Borni Nisdr Nesje

Event Date: 09 Jul 1751

Event Place: , Gulen, Sogn Og Fjordane, Norway

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11443&idx_id=11443&uid=ny&idx_side=-18

 

~~~~~

 

Name: Jon Gulugsen Svartholm

Spouse's Name: Borni Nielsdr Sætre

Event Date: 30 Jun 1742

Event Place: , Gulen, Sogn Og Fjordane, Norway

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11441&idx_id=11441&uid=ny&idx_side=-25

 

~~~~~

 

Eg veit ikkje om nokon av desse kan vera aktuelle?

 

Eg takkar igjen for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Alf Strand

Borni, dvs. Borgny er brukt ein del i Ytre Sogn og Ytre Sunnfjord. Borni Pedersdtr. Strand kan vera aktuell. (Ho er også ei av mine formødrer.) Men me har ikkje noko skrive som kan fortelja om det er slik så lenge me ikkje har konfirmantlister frå dette tidsrommet. Ingen Brite Andersdtr. fødde i Solund i det aktuelle tidsrommet, så me har truleg med ein innflyttar å gjera. I kyrkjeboka står det Qvam, og eg trur også det står over 40 år. Nokon gard Qvam finst ikkje i dåverande Eivindvik prestegjeld.

 

Alf

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Alf for siste innlegg!

 

Eg oppfattar innlegget ditt, Alf, som ei i alle fall "delvis" semje med teorien min framkasta ovanfor.  Dette Qvam-namnet er jo svært so spesielt...

 

Diverre manglar konfirmantlister for Gulen på denne tidi, men i bispearkivet finst det eit sjelemanntal med alle ungdomar busette i Gulen kring 1775, og Britha Andersdotter BØR vera nemnd i dette manntalet, kan henda i lag med søsteri Lussi, som sidan busette seg på Losna.  Manntalet er skanna, og eg ventar berre på at det vert lagt ut på Digitalarkivet!  Noko prov for identiteten hennar vil det nok ikkje vera, men i beste fall eit godt "indisium"?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik

I Solund bygdebok bd I s. 167 er det nevnt en husmann Botolf Larson på plasset Myra under Nore Hjønnevåg , og at han hadde en sønn Anders i  1775. Kona skal ha vært Brithe Pedersdtr. Rognøen.

 

Anders' dåp

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gulen, Ministerialbok nr. A 12 (1749-1776), Kronologisk liste 1775, side 180.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11443&idx_id=11443&uid=ny&idx_side=-181

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070228330310.jpg

 

 

Lurer litt på om det er rota litt her. Brithe Pedersdotter Rognøen, f. 1726 var gift to gonger, sist i 1760 med Bottolf Knudsen Stemnebø.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gisle for nye interessante innlegg!

 

Det er langt ifrå noki enkel oppgåve å halda styr på denne huslyden i Solund!  Eg kan ikkje fortelja deg noko om Hans Gregoriusson, men han har nok ikkje vore frå indre Sogn!  Kanskje er han frå Krakhella i Solund og døypt der 31.3.1767?  Rett nok har bygdeboki denne Hans gift med ei onnor, men han KAN jo ha vore enkjemann då han gifte seg med Kari?

 

Elles har eg no sett opp eit manuskriptforslag for Britha Andersdotter frå Halseteigen under Kvam i Hafslo som inneheld to viktige spørsmål:

 

* Kven var eigentleg Bottolf Larsson Øyjorden?  Kan han vera komen frå indre Sogn der Bottolf-namnet var «flittig» i bruk?

 

* Og kvar vart det av sonen Mons Andersson, fødd i 1796?  Eg ser han ikkje i 1801...

 

Her følgjer manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Britha Andersdotter (Quam), døypt i Hafslo 6.7.1760,

Britha Andersdotter flytte i svært ung alder til ytre Sogn, og er nok ho som 6.9.1797 gifte seg i Solund med Anders Bottolfson frå Øyjorden i Solund.  Han var son av strandsitjar og fiskar Bottolf Larsson på ein plass under Øyjorden, opphavleg frå

 

##### (kvar hadde denne Bottolf opphavet sitt ifrå? – kalla Indrevær ved vigsli)

 

og første kona Christenca Gullaksdotter frå Nautøy og vart døypt i Solund 7.5.1775.  Anders var nok fiskar, og han og Britha ser ut til å ha butt som innerstfolk fleire stadar i Solund, mellom anna på Søndre Gjønnevåg og på Øyjorden, men Anders vart gravlagd frå Norøen i Solund 6.1.1799.  Britha er kalla «Quam» då ho vart gravlagd i Solund 21.5.1799.  Dei fekk to born i lag:

a. Mons Andersson, døypt i Solund 30.9.1796,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

b. Borni Andersdotter, døypt i Solund 29.4.1798, vart gravlagd i Solund 3.5.1798, 6 dagar gamal.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar nok ein gong so mykje for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

"Britha er kalla «Quam» då ho vart gravlagd i Solund 21.5.1799. "

 

Den Brita som døde på Qvam i 1799, var hun over 70 år gammel iflg den søkbare transkriberte kirkeboka: 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000770295

 

Men i den originale kirkeboka står det vel over 40 år gammel?

SAB, Gulen Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 16, 1798-1808, s. 340-341
Permanent bilde-ID: kb20070305340274
 
Finner ellers en Mons Andersen, f. (beregnet) 1796 som er fosterbarn hos Bottolf Pedersen og familien på Berge i Ytre Holmedal. 
 
 
Men det ser ut som det er bomskudd, for her er vel giftermålet til Mons i 1829 og da står far som Anders Andersen Berge....!
 
SAB, Fjaler Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 5, 1821-1835, s. 106
Permanent bilde-ID: kb20070507650039
 
 
 

 

 

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nytt interessant innlegg!

 

Du har nok rett i at alderen til Britha Andersdotter Quam er feiltolka i basen på Digitalarkivet, sjå òg innlegg #3 ovanfor.

 

Og når det gjeld Mons Andersson som i 1801 var fosterbarn på Berge i Fjaler, hadde han andre foreldre, sjå òg innlegg #6 ovanfor.  Dersom Mons voks opp, er han ikkje i Sogn i 1801!

 

Det vert nok ikkje so lett på finna svar på desse siste spørsmåli om denne huslyden, men eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik

* Kven var eigentleg Bottolf Larsson Øyjorden?  Kan han vera komen frå indre Sogn der Bottolf-namnet var «flittig» i bruk?

 

* Og kvar vart det av sonen Mons Andersson, fødd i 1796?  Eg ser han ikkje i 1801...

 

Kan Bottolf Larsen/Lassessen dp. Lunde, Leikanger 3.6.1727 vere ein kandidat?

Ser ellers at det er ein Bottolf Larsen under Fedie, Leganger ved FT1801, f. ca. 1735. Reknar med at det er snakk om to ulike personer.

 

Angåande Mons så har eg ikkje funne ut noko om han...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gisle for nytt innlegg!

 

Eg har òg tenkt på denne Bottolf frå Lunde på Leikanger, men far hans heitte tydeleg Lasse, og dessutan trur eg at Bottolf Lasseson døydde i ung alder, for bror hans nytta Bottolf som namn på ein av dei eldste sønene sine...

 

Og Bottolf Larsson under Fedje var ifølgje ætteboki for Leikanger fødd i Djupviki i 1744, so det er ganske so sikkert ein annan...

 

Problemet med kyrkjebøkene i indre Sogn på den tidi, er at det manglar ein del innførsler, særleg i Årdal og i Borgund og dels også på Hafslo...  I Luster byrjar kyrkjebøkene først i 1731...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.