Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Johannes Monsson (1743-18??) - husmann under Drægni i Luster - under Jevnaker i Årdal - og so kva? - kvar vart det av dotteri Sophia?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ein huslyd som eg har hatt mykje bàl med å finna ut av.  Johannes og Eli var først husmannsfolk i Drægnishaugen under Drægni i Luster, men flytte i 1780-åri til Steinhaugen under Jevnaker i Årdal.  Etter at kona døydde i 1803, forsvinn Johannes frå Årdal, og ogso dotteri Sophia vert borte på same tid.  Kvar kan dei ha vorte av?  Flytte dei kanskje til ytre Sogn eller Sunnfjord?  Eg har òg problem med å finna ut av svigerdotteri Gjertrud Pedersdotter, både opphav og lagnad.  Dessutan KAN det ha vore fleire born i denne huslyden som eg ikkje kjenner til; det var fleire "lange sprang" i barneflokken...

 

Her følgjer eit utdrag av manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Monsson Jevnager, frå Dalen under Kvale, vart døypt 24.11.1743 og gifte seg 5.7.1772 med Eli Johannesdotter frå Rebni, døypt 17.7.1746.  Dei budde ei tid på Ekrene under Yttri, men kom til Drægnishaugen kring 1780 og budde her til kring 1782.

Johannes Monsson og kona Eli flytte kring 1782 til Årdal der me finn dei att som plassfolk på Steinhaugen under Jevnaker.  Eli d. i Årdal 25.4.1803, medan Johannes

 

##### (truleg flytt frå Årdal etter 1803 – lagnaden hans? – dato og stad for dødsfallet hans?)

 

Me kjenner til sju born etter dei:

a. Cecilia Johannesdotter (1773-1858), vart gift med husmann Ole Pederson på

 

     ##### (ein plass – kva plass?)

 

     under Hovland i Årdal (1775-1857), ein son av husmann Peder Paulson på Plassen under Hovland (1746-1831), opphavleg gardbrukarson frå Kinsedalen i Hafslo (s.d.).

b. Johannes Johannesson, døypt i Luster 1.3.1778, d. som husmann under Jevnaker 11.3.1836.  Johannes gifte seg i Årdal 10.5.1812 med Gjertrud Pedersdotter frå Natvik i Årdal, f.

 

     ##### (dato og stad for fødsli hennar? – 1771? – sjekka opphavet hennar?)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Johannes og Gjertrud ser ut til å ha teke som plassfolk på Steinhaugen under Jevnaker i Årdal.  Dei fekk ikkje born i lag, men Gjertrud hadde ei dotter frå før.

 

     ##### (sjekka om dette stemmer?)

 

c. Susanna Johannesdotter, døypt i Luster 4.10.1780, d. truleg i Luster kring 1781.

d. Susanna Johannesdotter, f. i Årdal 20.12.1782, d. som legdelem på Jevnaker i Årdal 7.5.1852.  Susanna var tenestejente og budde dels i Luster og dels i Årdal.  Ho var ugift, men hadde ei dotter som d. kort etter fødsli.

e. Mons Johannesson, f. i Årdal kring 1785, d. i Årdal 14.8.1787.

f. Sophia Johannesdotter, f. i Årdal 10.3.1787,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

g. Britha Johannesdotter (1790-1835), vart gift med husmann Christen Nilsson i Bakken under Urnes i Hafslo (1791-1875) (s.d.).

 

##### (fleire born?? – opplysningar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg gjorde eit aldri so lite søk på FamilySearch og fann ei spennande vigsle på Leikanger (Balestrand) 10.6. (skal vera 10.5.?) 1829 mellom enkjemannen Colbein Lasseson på Farnæs, fødd Halland (50) og Sophia Johannesdotter på Farnæs, fødd på Jevnager (44) (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11569&idx_id=11569&uid=ny&idx_side=-291). Alderen er svært nær, so truleg er det ho me leiter etter!

 

Og ei Sophia Johannesdotter Farnæs, legdelem, døydde på Leikanger (Balestrand) 27.10.1848, 62 år (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11570&idx_id=11570&uid=ny&idx_side=-268).  Jau, dette må vera ho!

 

Og her har me ogso Kolbein Lasseson Farnæs, legdelem, døydde i Balestrand 15.10.1867, 90 år (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8379&idx_id=8379&uid=ny&idx_side=-108).

 

So då ser det ut til at denne delen av problemet er løyst!

 

So var det lagnaden til Johannes Monsson?

 

Og kven var Gjertrud Pedersdotter, kona til Johannes Johannesson?  Det finst berre eitt alternativ i Årdal, ho som i 1801 tente på Hovland, 30 år gamal, med ei dotter Kari Andersdotter på 12 år (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058396002162).  Men kven var ho, og kvar vart ho av?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Det siste spørsmålet trur eg kan svarast på her i Leikanger (Balestrand): http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11567&idx_id=11567&uid=ny&idx_side=-151

 

Kari vart altso døypt i Balestrand 2.10.1788 som dotter av Anders Larsson Mæland og Gjertrud Pedersdotter Mæland, båe frå Balestrand...

 

Då er kanskje Gjertrud Pedersdotter døypt frå Tingestad i Fresvik, Leikanger 29.9.1767 som dotter av Peder Andersson og Kari Nilsdotter (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11566&idx_id=11566&uid=ny&idx_side=-143)?

 

Skikkeleg "mobile" folk dette..., om det då er den rette Gjertrud Pedersdotter...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet som har lege «i dvale» sidan våren 2015.  Eg har vel ikkje so mykje nytt å tilføra sidan den gongen, men har lagt inn dei opplysningane som no ligg føre og vonar at nokre av desse spørsmåli kan finna ei løysing:

 

** Kvar vart det av Johannes Monsson etter 1803?

 

** Stadfesting av opplysningane om Gjertrud Pedersdotter, kona til Johannes Johannesson, og lagnaden hennar?

 

** Hadde Johannes Monsson og kona Eli fleire enn dei sju borni som er nemnde?

 

Og slik ser dette manuskriptet ut pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Monsson Jevnager, frå Dalen under Kvale, vart døypt 24.11.1743 og gifte seg 5.7.1772 med Eli Johannesdotter frå Rebni, døypt 17.7.1746.  Dei budde ei tid på Ekrene under Yttri, men kom til Drægnishaugen kring 1780 og budde her til kring 1782.

Johannes Monsson og kona Eli flytte kring 1782 til Årdal der me finn dei att som plassfolk på Steinhaugen under Jevnaker.  Eli d. i Årdal 25.4.1803, medan Johannes

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – ikkje finne i Årdal? – flytt??)

 

Dei fekk sju born i lag:

a. Cecilia Johannesdotter (1773-1858), vart gift med husmann Ole Pederson i Hola under Hovland i Årdal (1775-1857), ein son av husmann Peder Paulson på Plassen under Hovland (1746-1831), opphavleg gardbrukarson frå Kinsedalen i Hafslo (s.d.).

b. Johannes Johannesson, døypt i Luster 1.3.1778, d. som husmann under Jevnaker 11.3.1836.  Johannes gifte seg i Årdal 10.5.1812 med Gjertrud Pedersdotter frå Natvik i Årdal, f.

 

     ##### (dato og stad for fødsli hennar? – 1771? – sjekka opphavet hennar? – kan det vera ho som i 1801 tente på Hovland i Årdal, 30 år gamal med dotter Kari Andersdotter på 12 år? – denne Kari vart døypt i Balestrand 2.10.1788 som dotter av Anders Larsson Mæland og Gjertrud Pedersdotter Mæland, båe frå Balestrand – kan henda vart Gjertrud døypt frå Tingestad i Fresvik, Leikanger 29.9.1767 som dotter av Peder Andersson og Kari Nilsdotter? – sjekka om dette stemmer??)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Johannes og Gjertrud ser ut til å ha teke som plassfolk på Steinhaugen under Jevnaker i Årdal.  Dei fekk ikkje born i lag, men Gjertrud hadde ei dotter frå før.

 

     ##### (sjekka om dette stemmer?)

 

c. Susanna Johannesdotter, døypt i Luster 4.10.1780, d. truleg i Luster kring 1781.

d. Susanna Johannesdotter, f. i Årdal 20.12.1782, d. som legdelem på Jevnaker i Årdal 7.5.1852.  Susanna var tenestejente og budde dels i Luster og dels i Årdal.  Ho var ugift, men hadde ei dotter som d. kort etter fødsli.

e. Mons Johannesson, f. i Årdal kring 1785, d. i Årdal 14.8.1787.

f. Sophia Johannesdotter, f. i Årdal 10.3.1787, d. som legdelem på Farnes i Balestrand 27.10.1848.  Sophia gifte seg i Balestrand, Leikanger 10.5.1829 med enkjemannen Colben Lasseson, opphavleg frå ein plass under Halland i Leikanger, døypt i Leikanger 23.2.1779.  Han d. som legdelem på Farnes 15.10.1867.  Colben flytte i ung alder til Balestrand og gifte seg første gongen i Balestrand, Leikanger 10.10.1804 med Britha Hermundsdotter, opphavleg frå Hankehaugen, men visstnok døypt frå Menes i Balestrand, Leikanger 5.7.1767.  Ho sat då enkje etter ein innerst under Farnes indre i Balestrand der ho truleg d. kring 1825.  Colben vart buande som innerst på Farnes indre levetidi ut og fekk ei dotter, men ho var frå første ekteskapet hans.

g. Britha Johannesdotter (1790-1835), vart gift med husmann Christen Nilsson i Bakken under Urnes i Hafslo (1791-1875) (s.d.).

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.