Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Johannes Sjurson Bolstad (1827-1886?) - frå Luster til Øksnes - og so??

Recommended Posts

Lars E. Øyane

I samband med oppdatering av eit manuskript frå 1980-åri ønskjer eg samla fleire detaljopplysningar om denne Johannes Sjurson frå Bolstad i Luster som kring 1850 flytte til Nordland og i alle fall i mange år var busett i Øksnes:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Sjurson, f. {i Luster} 10.4.1827,

Johannes Sjurson flytte kring 1850 til Nordland og gifte seg i Øksnes 31.10.1866 med Sanderine Bergitte Nilsdotter frå Ramsvik i Øksnes.  Ho var dotter av gardbrukar Nils Martinus Annaniasson på Ramsvik, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Anna Martha Martinusdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og f. i Øksnes 16.11.1844.  Johannes hadde vore fiskar, men han og Sanderine vart gardbrukarar på Dyrøy i Øksnes der dei budde levetidi ut. 

 

##### (sjekka om dette stemmer? - flytte dei kan henda etter yngste sonen var fødd?)

 

Johannes d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – ei amerikansk kjelde seier at Johannes d. i Nordland 2.12.1886 – stemmer dette?)

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Dei fekk sju born i lag:

 

##### (sjekka om dette stemmer?)

 

a. Sophie Gjertine Johannesdotter, f. i Øksnes 18.2.1866,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

b. Nils Martinus Johannesson, f. i Øksnes 22.6.1869,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

c. Peder Andreas Johannesson, f. i Øksnes 14.2.1872,

 

     ##### (FT1910: Peder Andreas Bolstad, gardbrukar og fiskar på Guldhaugen i Øksnes, gnr. 4, bnr. 7 – gift kring 1900 med Augusta Marie, fødd i Hadsel 21.5.1868 – eldste barn (av fem) f. Dverberg 2.6.1901 – lagnaden til Peder og Augusta?)

 

d. Anna Elina Johannesdotter, f. i Øksnes 2.9.1874,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

e. Elen Kaspara Johannesdotter, f. i Øksnes 12.7.1877,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

f. Anne Marie Johannesdotter, f. i Øksnes 13.7.1879,

 

     ##### (FT1910: Nikolai Edvard Olsen, gardbrukar og fiskar på Skipnes østre, gnr. 18, bnr. 2 – gift kring 1899 med Anne Marie, f. Øksnes 13.7.1879 – fire born – lagnaden til Nikolai og Anne?)

 

g. Johan Severin Johannesson, f. i Øksnes 6.7.1883,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg har ikkje finne huslyden i FT1900, og i FT1910 har eg berre greidd å oppdaga dei to borni Peder Andreas og Anne Marie.  Ein skulle neste tru resten av dei var bortflytte, eller...?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary, Kyrre Martin, Carsten og Lars Ø, for mange flotte innlegg, og likeins takk til Johan Borgos for direkte melding!  Eg har motteke mange opplysningar som truleg fyller dei alle fleste hòli i dette manuskriptet, men det har vore ein anstrengande dag, og eg treng litt tid til å oppgradera manuskriptet før eg kjem attende med ein rapport!

 

Ein ny stor takk for kjempefint dugnadsarbeid!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

So har eg endeleg fått oppdatert manuskriptet mitt på denne huslyden.  Deimange innleggi har svart på mange av spørsmåli og eg har dessutan leitt fram ein del andre detaljar sjølv, so no ser dette manuskriptet slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Sjurson {Bolstad}, f. {i Luster} 10.4.1827,

Johannes Bolstad flytte kring 1850 til Nordland og gifte seg i Øksnes 31.10.1866 med Sandrine Bergitte Nilsdotter frå Ramsvik i Øksnes.  Ho var dotter av gardbrukar Nils Martinus Christian Annaniasson på Ramsvik og kona Anna Martha Martinusdotter frå Dyrøy og f. i Øksnes 16.11.1844.  Johannes hadde vore fiskar, men han og Sandrine vart gardbrukarar på Dyrøy i Øksnes der dei budde levetidi ut.  Johannes d. som gardbrukar på Lurøy 31.10.1900, medan Sandrine Bolstad d. som kårenkje på Møkland i Øksnes 25.6.1931.  Dei fekk sju born i lag:

a. Sophie Gjertine Johannesdotter Bolstad, f. i Øksnes 18.2.1866, d. som gardbrukarkone på Dyrøy i Øksnes 18.5.1923.  Ho gifte seg i Øksnes 16.9.1886 med Nikolai Laurits Olsen frå Røshagen i Malnes, Bø, f. i Bø 5.12.1864.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     1947.  Nikolai var fiskar, men han og Sophie tok over som gardbrukarar på Dyrøy i Øksnes etter foreldri hennar.  Dei fekk fire born i lag.

b. Nils Martinus Johannesson Bolstad, f. i Øksnes 22.6.1869, kom bort på sjøen under fiske 2.5.1900.  Han gifte seg i Øksnes 10.11.1891 med Josefine Amalie Johnsdotter frå Haukenes i Hadsel, f. i Hadsel 29.4.1867.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     1943. 

 

     ##### (yrke og bustad? – 1900: gardbrukar Gudmundsvik i Øksnes!)

 

     Dei fekk fem born i lag.

c. Peder Andreas Martin Johannesson Bolstad, f. i Øksnes 14.2.1872, d. på Møkland i Bø 22.8.1954.  Han gifte seg i Bjørnskinn, Dverberg 20.11.1899 med Augusta Marie Andersdotter Kronlund frå Lanesskogen, Bjørnskinn i Dverberg, f. i Hadsel 21.5.1868.  Ho d. på Møkland i Bø 3.11.1961. 

 

     ##### (yrke og bustad? – frå kring 1905 gardbrukar og fiskar på Møkland i Bø! – men stemmer dette? – FT1910: Peder Andreas Bolstad, gardbrukar og fiskar på Guldhaugen i Øksnes, gnr. 4, bnr. 7!)

 

     Dei fekk sju born i lag.

d. Anna Eline Johannesdotter Bolstad, f. i Øksnes 2.9.1874, d. som innerstkone på Krogberg i Øksnes 11.3.1908.  Ho gifte seg i Malnes, Bø 17.7.1904

 

     ##### (sjekka denne vigsli? – finn ho ikkje korkje i Malnes eller i Bø!)

 

     med Oluf Marelius Jentoft Pedersen frå Uvåg i Bø, f. i Bø 4.9.1880.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     1961. 

 

     ##### (yrke og bustad? – 1910: attgift som fiskar på Pollen i Bø!)

 

     Dei fekk ein son i lag.

e. Elen Kaspara Johannesdotter Bolstad, f. i Øksnes 12.7.1877,

 

     ##### (1910: ugift tenestejente på Nykvåg i Bø – seinare lagnad?)

 

f. Anne Marie Johannesdotter Bolstad, f. i Øksnes 13.7.1879, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     1969.  Ho gifte seg i Øksnes 19.11.1899 med Nicolai Edvard Olson Skipnes frå Skipnes i Øksnes, f. i Øksnes 29.4.1871.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     1952.  Nicolai var fiskar, og han og Anne Marie tolk over som gardbrukarar etter foreldri hans på Skipnes austre i Øksnes. 

 

     ##### (stemmer dette?)

 

     Dei fekk sju born i lag.

g. Johan Severin Johannesson Bolstad, f. i Øksnes 6.7.1883, omkom på sjøen mellom Leith i Skotland og Reykjavik på Island i 1906, dato ukjend.  Johan var sjømann og budde på Dyrøy i Øksnes, men var ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for kjempefin dugnadsinnsats og takkar òg for eventuelle tilleggsopplysningar som kan dukka opp!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Jeg ser i alle fall at Anna Eline og Oluf på Kråkberget hadde en dødfødt sønn i 1904 - men du tar kanskje ikke med dette i manus. Det var i bygdeboka for Øksnes, bind I, side 112, jeg fant den opplysningen:

 

Nordland fylke, Øksnes i Øksnes, Ministerialbok nr. 893A11 (1904-1914), Dødfødte 1904-1910, side 73. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=59840&idx_id=59840&idx_listetype=df&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-2
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10051208062076.jpg

 

Kanskje du kan kontakte bygdebokforfatteren Johan Borgos og få dødsdato og dødssted på det aktuelle personene?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

d. Anna Eline Johannesdotter Bolstad, f. i Øksnes 2.9.1874, d. som innerstkone på Krogberg i Øksnes 11.3.1908.  Ho gifte seg i Malnes, Bø 17.7.1904

 

     ##### (sjekka denne vigsli? – finn ho ikkje korkje i Malnes eller i Bø!)

 

     med Oluf Marelius Jentoft Pedersen frå Uvåg i Bø, f. i Bø 4.9.1880. 

 

Nordland fylke, Malnes, Ministerialbok nr. 892A02 (1902-1918), Ekteviede 1902-1904, side 135. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=262&idx_id=262&idx_listetype=vi&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-2
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050315030110.jpg

 

Dette er det nærmeste jeg kommer dødsfallet til Oluf Pedersen (klikk på vis, da kommer du vel inn på foto av gravsteinen):

 

                                                               Ddt     Dår

894495 Oluf  Pedersen    0409  1880    1910  1961    1961  m  Over står Her hviler          Takk for alt  Vis Duken Bø korrigering.gif

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for dei siste innleggi!

 

Eg har oppdatert manuskriptet mitt med dei siste opplysningane om Oluf Pedersen og sender ein oppdatert versjon til Johan Borgos med von om at han kan fylla inn noko av det som framleis manglar...

 

Eg takkar på ny for kjempefin dugnadsinnsats!

 

PS: Den einaste staden som eg trur kanskje Johan ikkje har svar, gjeld dotteri:

 

Elen Kaspara Johannesdotter Bolstad, f. i Øksnes 12.7.1877, som i 1910 var tenestejente på Nykvåg i Bø!

 

Lagnaden hennar synest heilt ukjend!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

I Bø bygdebok, bind 3 står det følgende om Peder M Pedersen, som Elen Kaspara var tjenestejente hos på Nykvåg:

 

Side 73:

 

"Peder Martin Pedersen, f. 1858, d. 1926. Kjøpmann frå 1909. Åtte Elvebakken 48/12, og Nykvåg 48/4. G. m. Jakobine Olsdtr."

 

I 1910 er i alle fall Peder M. Pedersen ugift og det var han også, da han døde i 1926, av kreft, på Storkmarknes sykehus:

Nordland fylke, Malnes i Bø, Ministerialbok nr. 892A04 (1917-1934), Døde og begravede 1926, side 169. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=39700&idx_id=39700&idx_listetype=bg&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-14
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10041104070138.jpg

 

Du synes vel det er rart at jeg trekker fram Peder, men jeg lurte kanskje på om Elen kunne ha blitt gift med ham. Men han døde ugift, så det er utelukket. Kanskje Elen fortsatte å være tjenestejente på Nykvåg - også etter 1910?? 

 

 

 

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget om Elen Bolstad.

 

Jau, det er eit aldri so lite "mysterium" kvar det er vorte av Elen.  Eg bladde kjapt gjennom vigselsregisteret for Bø fram til 1925, men finn ho ikkje der, og so vidt eg har forstått på Johan Borgos, har heller ikkje han finne lagnaden hennar!

 

Vel, ein eller annan stad vil ho nok "dukka opp"...

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.