Gå til innhold
Arkivverket

Gjert Torbjørnson (1755-1827) - den blinde guten frå Luster som følgde sokneprest Munthe til Hjelmeland - huslyden hans?

Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er soga om ein blind gut fødd utanfor ekteskap i Luster i 1755 som i ung alder vart teken opp i heimen il dåverande kapellan Jens Munthe i Luster og som følgde med kapellanen då han i 1775 vart sokneprest til Suldal og i 1777 til Hjelmeland i Ryfylke!

Det som i alle år har vore ein "gåte" i denne huslyden, er vigsli til Gjert Torbjørnson og Siri Johnsdotter.  Eg har ikkje finne denne i Hjelmeland, og heller ikkje finn eg dåpen til korkje eldste dotteri eller dei yngste borni i Hjelmeland.  Kanskje nokon kan hjelpa meg å leita, bpde etter desse og nokre andre detaljar som òg manglar?

Her følgjer status for dette avsnittet:

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

Gjert Torbjørnson {Bolstad}, vart døypt {I Luster} 11.2.1755.  Gjert var visstnok blind frå barndomen og voks opp hjå kapellan Jens Christopherson Munthe på Kvale og budde der fram til 1774.

Gjert Torbjørnson flytte med Jens Munthe dü han i 1775 vart soknprest til Suldal og i 1777 sokneprest til Hjelmeland i Ryfylke.  Han gifte seg

##### (dato og stad for vigsli hans? – Hjelmeland kring 1792?)

med Siri Johnsdotter frå

##### (opphavet hennar?)

Ho var dotter av

##### (foreldri hennar?)

og f.

##### (dato og stad for fødsli hennar? – 1760?)

Gjert og Siri slo seg ned som plassfolk i Hagen under Hjelmeland prestegard der dei vart buande levetidi ut.  Gjert d. som legdelem i Hagen 6.12.1827, medan Siri Johnsdotter d. som legdelem same staden 4.8.1828.  Me kjenner til seks born etter dei:

##### (sjekka talet på born? – var det kanskje berre fem?)

a. Siri Gjertsdotter, f.

     ##### (dato og stad for fødsli hennar? – ikkje innført i kyrkjeboki for Hjelmeland!)

     1793,

     ##### (n. 1801 – konf. 1807 – 15 år – lagnaden hennar?)

b. Gjertrud Gjertsdotter, døypt i Hjelmeland 6.3.1795, d. som legdelem på Viga i Hjelmeland 30.10.1875.  Gjertrud var tenestejente ulike stader i Hjelmeland og budde ei tid òg hjå søsteri Ingeborg på Vasvik under Døvik i Fister.  Gjertrud var ugift, men fekk ei dotter.

c. Gjert Gjertson, døypt i Hjelmeland 2.3.1797, d. som innerst og legdelem i Hjelmelandsvågen 4.9.1866.  Han gifte seg første gongen i Hjelmeland 1.7.1828 med Inger Marie, kjend som Marie Hansdotter frå Hjelmelandsvågen.  Ho vart døypt i Hjelmeland 15.9.1805, men d. som paktarkone på Sande i Hjelmeland alt 28.7.1828.  Gjert gifte seg so att i Rennesøy 10.7.1829 med Berit Jacobsdotter frå Sokn på Mosterøy, Rennesøy, døypt i Rennesøy 13.4.1800.  Ho d. som strtandsitjarkone i Hjelmelandsvågen 22.7.1860.  Gjert og første kona Inger pakta prestegarden på Sande i Hjelmeland, medan Gjert og Berit slo seg ned som plassfolk på Rennå under Sæbø i Hjelmeland.  Som enkjemann hamna so Gjert som legdelem i Hjelmelandsvågen.  Han fekk i alt fire døtrer, som alle var frå andre ekteskapet.

d. Malena Gjertsdotter, døypt i Hjelmeland 25.12.1899,

     ##### (lagnaden hennar? – n. 1801 som ingeborg på 4 år!)

e. Johne Gjertson, f. i Hjelmeland

     ##### (fødselsdatoen/eventuelt dåpsdatoen hans? – ikkje innført i kyrkjeboki for Hjelmeland!)

     1802, d. som husmann og enkjemann i Prestehagen 16.10.1886.  Johne gifte seg i Hjelmeland 6.4.1825 med Mari Olsdotter frå Sandanger indre i Hjelmeland.  Ho vart døypt i Hjelmeland

     ##### (dåpsdatoen hennar?)

     1795 og d. som husmannskone i Hagen 16.3.1873.  Johne var skomakar, og han og Mari vart plassfolk i Hagen indre under Hjelmeland prestegard.  Dei fekk fem born i lag.

f. Ingeborg Gjertsdotter, f. i Hjelmeland

     ##### (dåpsdato elle fødselsdato? – konfirmert 1818 – 16 år!)

     1804, d. som legdelem på Børøy i Fister 6.9.1879.  Ingeborg gifte seg i Fister 30.6.1837 med enkjemannen Nils Christenson, opphavleg frå

     ##### (opphavet hans? – Vasvik?)

     Han var f.

     ##### (dato og stad for fødsli hans? – 1784?)

     og d. som husmann på Vasvik 17.5.1865.  Nils var husmann på Vasvik under Søvik i Fister sokn, men som enkje kom Ingeborg sidan på legd.  Ingeborg og Nils fekk to søner i lag, som båe d. i ung alder, men Nils hadde òg to døtrer frå første ekteskapet sitt.

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

med Siri Johnsdotter frå

##### (opphavet hennar?)

Ho var dotter av

##### (foreldri hennar?)

og f.

##### (dato og stad for fødsli hennar? – 1760?)

I følge ft 1801 var Siri født ca 1755. Hvis hun var fra Hjelmeland finnes ikke dåpsinnførselen, siden kirkebøken starter i 1760. Blant konfirmerte er det 3 aktuelle:

  • Siri JohannesDatter, f. ca 1751, Schartvedt, konfirmant 17.09.1769
  • Siri JoensDatter, f. ca 1755, Walde, konfirmant 25.11.1770
  • Siri JoensDatter, Svabberg, konfirmant 12.11.1775

Endret av Grete Singstad
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grete for interessant innlegg!

Eg er merksam på at alderen hennar Siri i 1801 er oppgjeve noko høgre enn kva eg har skrive i manuskriptet.  Dette har eg gjort medvite i det eg har studert fødselsåri til borni hennar.  Siri KAN sjølvsagt vera fødd so tidleg, men eg meiner eit fødselsår kring 1760 er mykje meir sannsynleg.  Kanskje er ho fødd endå seinare?

Eit anna spørsmål er om ho i det heile er fødd i Hjelmeland?  Korkje vigsli eller dåpen til eldste barnet er å finna i Hjelmeland!

Men finst det ikkje ei BYGDEBOK for Hjelmeland der denne huslyden er omskrivi?  Det kunne vore interessant å sjå kva forfattaren er kome fram til, når det gjeld opphavet hennar Siri...!?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grete og Grethe for nye interessante innlegg!

Eg ser at denne bygdeboki kom ut i 1990, og ho inneheld noko avvikande opplysningar i høve manuskriptet mitt.  Her ser det ut til å liggja forskingsoppgåver framfor oss...

Har forresten bygdeboki for Hjelmeland noko å seia om dei tre alternativi for Siri Johnsdotter som Grete nemnde i innlegg #2?

Dette vert ein spennande og utfordrande huslyd!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ingeborg gifte seg i Fister 30.6.1837 med enkjemannen Nils Christenson, opphavleg frå

     ##### (opphavet hans? – Vasvik?)

     Han var f.

     ##### (dato og stad for fødsli hans? – 1784?)

     og d. som husmann på Vasvik 17.5.1865.

Nils var 52 år gammel da han giftet seg med Ingeborg i 1837, f. 1785:

Rogaland fylke, Fister i Hjelmeland, Ministerialbok nr. A 7 (1834-1850), Ekteviede 1835-1837, side 68. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1601&idx_id=1601&uid=ny&idx_side=-66
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20051209010461.jpg

Da han døde i 1865 var alderen oppgitt til 81 år, f. 1784. I 1801 er det en Niels Christensen, født (beregnet) 1785 på Hauschevaagen i Hjelmeland, sønn av Christen Nielsen og Siri Michelsdatter:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058357001070

Så vidt jeg kan se, var denne Nils først gift med en Elisabeth Andersdatter. Se vedlagte utklipp fra det som står om andre personer under Hausken. Men jeg vil ikke si noe mer, før du har bekreftet om dette stemmer, Lars. 

post-541-0-49093000-1426799621_thumb.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ingeborg og Gjertru i FT 1865.

Hvem som ble brukt som faddere til Gjert og Siri sine barn kan muligens si noe om Siri sitt opphav.

Endret av Grete Singstad
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ei Siri Joensdatter fikk et barn utenfor ekteskap i 1778 med Jon Larsen. I bygdeboka står det at hun var tjenestejente på Rande.

Rogaland fylke, Hjelmeland, Fister, Årdal i Hjelmeland, Ministerialbok nr. A 1 (1760-1799), "Uægte" fødte og døpte 1771-1778, side 294-295.

Hjelmeland : gardar og folk. 3 : Fister og sørsida av Randøy

S. 225

Ellers ingen andre "Siri Jonsdatter" i aktuell alder i bind 2 og 3 (Bind 1 ikke sjekket - har akkurat lagt inn den på Slektshistoriewiki).

post-232-0-73713700-1426803854_thumb.png

Endret av Grete Singstad
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Se her, ekteparet nr. 12/13: http://helgeland.nu/English/genealogy/Other/Fister/anna_l_midtfister.htm#i8770

Eldste datter Siri var altså "uekte", hennes dåp i Røldal 1793: 

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Røldal, Ministerialbok nr. A 1 (1780-1816), Kronologisk liste 1793, side 14. 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11628&idx_id=11628&uid=ny&idx_side=-16

Omtrent slik:

"Døbt et uægte barn Siri.  Moderen Siri Grøve, pige? Udlagt til barnefader en blind dræng? namnlig Jert paa Hielmelands Presteg?
Test: (faddere listet)
 
Røldal (Hordaland) hørte til Suldal prestegjeld (Rogaland), jeg har kikket etter en eventuelle vielse også i Suldal kirkebok ca. 1794+-, men ikke funnet noe.
Saken bør vel kanskje også være nevnt i en tingbok, Jeg så ikke noe under Hjelmeland sommerting 1793 til sommerting 1794, men mulig det står noe under Røldal (Tingbok for Hordaland/Hardanger?)
Endret av Håvard Hjorteland

Hei Lars!

Siri var datter av Jon Jarandson og første kona Siri Øysteinsdtr. Ved skiftet etter faren i 1797 er det opplyst at Siri var gift med Gjert Gjertson, men det er nok samme dame som finnes i Hjelmeland. Kirkebøkene for Røldal og Suldal begynner ikke før i 1780-årene, dermed finnes ikke dåpen

Mvh.

Kenneth Bratland

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Grete for spennande innlegg frå førre månad, og ein spesielt stor takk til Håvard for det siste innlegget frå i ettermiddag!  Takk ogso til Kenneth for eit spennande innlegg!

Det er kjempemessig!  Opphavet til Siri Johnsdotter er soleis oppdaga, og eit STORT hòl i manuskriptet mitt er fyllt!

Dei største problemi som no står att å løysa i denne huslyden, er spørsmåli kring dei yngste borni til Gjert og Siri!  Hadde dei ei dotter Malena, eller er det ei feilskrift for Ingeborg?  Og kor gamal var eigentleg sonen Johne?  Dessutan lagnadane til eldste dotteri Siri og eventuelt Malena, om ho eksisterte, og opphavet til svigersonen Nils Christenson?

Kanskje du, Kenneth, som lokalkjend i Røldal, har noko å føya til?  Kva yrke hadde John Jarandson Grøve?

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

~~~~~~~~~~~~~~

Gjert Torbjørnson {Bolstad}, vart døypt {I Luster} 11.2.1755.  Gjert var visstnok blind frå barndomen og voks opp hjå kapellan Jens Christopherson Munthe på Kvale og budde der fram til 1774.

Gjert Torbjørnson flytte med Jens Munthe dü han i 1775 vart soknprest til Suldal og i 1777 sokneprest til Hjelmeland i Ryfylke.  Han gifte seg i Røldal

##### (dato for vigsli hans? – kring 1794?)

med Siri Johnsdotter frå Grøve i Røldal.  Ho var dotter av

##### (yrkestitel? – gardbrukar?)

John Jarandson på Grøve, opphavleg frå Holmane, og kona Siri Østensdotter frå Grøve og  i Røldal kring 1760.  Gjert og Siri slo seg ned som plassfolk i Hagen under Hjelmeland prestegard der dei vart buande levetidi ut.  Gjert d. som legdelem i Hagen 6.12.1827, medan Siri Johnsdotter d. som legdelem same staden 4.8.1828.  Me kjenner til seks born etter dei:

##### (sjekka talet på born? – var det kanskje berre fem?)

a. Siri Gjertsdotter, døypt i Røldal 22.6.1793,

     ##### (n. 1801 – konf. 1807 – lagnaden hennar?)

b. Gjertrud Gjertsdotter, døypt i Hjelmeland 6.3.1795, d. som legdelem på Viga i Hjelmeland 30.10.1875.  Gjertrud var tenestejente ulike stader i Hjelmeland og budde ei tid òg hjå søsteri Ingeborg på Vasvik under Døvik i Fister.  Gjertrud var ugift, men fekk ei dotter.

c. Gjert Gjertson, døypt i Hjelmeland 2.3.1797, d. som innerst og legdelem i Hjelmelandsvågen 4.9.1866.  Han gifte seg første gongen i Hjelmeland 1.7.1828 med Inger Marie, kjend som Marie Hansdotter frå Hjelmelandsvågen.  Ho vart døypt i Hjelmeland 15.9.1805, men d. som paktarkone på Sande i Hjelmeland alt 28.7.1828.  Gjert gifte seg so att i Rennesøy 10.7.1829 med Berit Jacobsdotter frå Sokn på Mosterøy, Rennesøy, døypt i Rennesøy 13.4.1800.  Ho d. som strtandsitjarkone i Hjelmelandsvågen 22.7.1860.  Gjert og første kona Inger pakta prestegarden på Sande i Hjelmeland, medan Gjert og Berit slo seg ned som plassfolk på Rennå under Sæbø i Hjelmeland.  Som enkjemann hamna so Gjert som legdelem i Hjelmelandsvågen.  Han fekk i alt fire døtrer, som alle var frå andre ekteskapet.

d. Malena Gjertsdotter, døypt i Hjelmeland 25.12.1899,

     ##### (lagnaden hennar? – n. 1801 som ingeborg på 4 år!)

e. Johne Gjertson, f. i Hjelmeland

     ##### (fødselsdatoen/eventuelt dåpsdatoen hans? – ikkje innført i kyrkjeboki for Hjelmeland!)

     1802, d. som husmann og enkjemann i Prestehagen 16.10.1886.  Johne gifte seg i Hjelmeland 6.4.1825 med Mari Olsdotter frå Sandanger indre i Hjelmeland.  Ho vart døypt i Hjelmeland

     ##### (dåpsdatoen hennar?)

     1795 og d. som husmannskone i Hagen 16.3.1873.  Johne var skomakar, og han og Mari vart plassfolk i Hagen indre under Hjelmeland prestegard.  Dei fekk fem born i lag.

f. Ingeborg Gjertsdotter, f. i Hjelmeland

     ##### (dåpsdato elle fødselsdato? – konfirmert 1818 – 16 år!)

     1804, d. som legdelem på Børøy i Fister 6.9.1879.  Ingeborg gifte seg i Fister 30.6.1837 med enkjemannen Nils Christenson, opphavleg frå Hausken i Hjelmeland. 

     ##### (sjekka om dette ste,mmer? – eller var han frå Vasvik?)

     Han var f. i Hjelmeland kring 1785

     ##### (dåpsdato?)

     og d. som husmann på Vasvik 17.5.1865.  Nils var husmann på Vasvik under Søvik i Fister sokn, men som enkje kom Ingeborg sidan på legd.  Ingeborg og Nils fekk to søner i lag, som båe d. i ung alder, men Nils hadde òg to døtrer frå første ekteskapet sitt.

~~~~~~~~~~~~~~

Eg er imponert over dei detaljane som er framkomne so langt, og takkar nok ein gong for framifrå hjelp!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...

Etter 2 og eit halvt år i «dvale» vil eg i kveld gjerne få henta fram att denne utfordrande huslyden frå Hjelmeland.  Diverre slit me med mangelfulle kyrkjebøker, men eg vonar at kanskje ein eller annan med lokal kunnskap kan hjelpa finna svar på i alle fall nokre av dei òpne utfordringane.

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.