Gå til innhold
Arkivverket

Martha Endresdotter frå Nordfjord, døydde i Bergen 1821, 48 år gamal - kven var ho? - frå Bø i Innvik?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Martha Endresdotter døydde 5.10.1821 (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=17&filnamn=1301begr&gardpostnr=10894&merk=10894).  Ho er oppgjevi vera 48 år gamal og fødd i Nordfjord!

 

Ho gifte seg i Bergen 26.5.1805 med Ingebrigt Knudsen frå Bergen (1776-1816), men med foreldre frå Årdal i Sogn, Knut Erikson og Inger Ingebrigtsdotter

 

Ingebrigt og Martha fekk fire born i lag:

 

* Inger Karine 1806: http://digitalarkive...merk=94030#ovre

* Endre Olai 1807: http://digitalarkive...merk=94891#ovre

* Inger Dorthea 1808: http://digitalarkive...merk=95679#ovre

* Ingebrigt 1811: http://digitalarkive...erk=104282#ovre

 

Ifølgje FamilySearch er det berre ei einaste "kandidat" som høver so nokolunde:

 

Martha døypt i Innvik 15.5.1770 som dotter av Endre Bøe og Dortha Arnesdotter (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11506&idx_id=11506&uid=ny&idx_side=-74).

 

Oppkallingi kan jo høva bra, dotteri Inger Dorthea, etter dei to bestemødrene, men er det ho?  Og vidare: Kven var denne Martha Endresdotter?

 

Eg takkar so kykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Marthe Endredtr. er vel truleg dattera til Endre Olson og Dorthea Hansdtr. (f. Faleide) på Ytre Bø i Stryn.

 

Ved mora sitt skifte 19.05.1775 er ho oppgjedd være 5 år gamal og ved faren sitt skifte 2. mai 1785 var hi oppgjedd være 22 år gamal.

Ho er for langt ut i mi slekt til at eg har noko vidare på ho med ektemann og barn, men har ein kommentar at ho truleg var busett i Bergen.

 

**  At mora ved dåpen til Martha er oppført som Arnedtr. og ikkje Hansdtr. må være ei feilinnførsle frå presten si side.

Endret av Harald L. Bakke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Harald for framifrå opplysningar om Martha Endresdotter.  Eter kva du skriv, er eg overtydd om at det er den "rette" jenta me har finne, og problemet er soleis løyst!

 

Forseinkingi kjem av et eg gløymde å kryssa av for "varsling" om nytt innegg,, og soleis vart det diverre oversett.  Eg ber om orsaking!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.