Gå til innhold
Arkivverket

"Bortrømt skriverkarl" Ole Andreas Alstrøm, f.1770, gm. Anna Myhlenport Pettersen


Håvard Moe
 Del

Recommended Posts

Eg kom over denne saka reint tilfeldig, og vart interessert i om det går an å finne noko meir om skjebnen til desse folka. Det eg har så langt er:

 

Ole Andreas Alstrøm vart født 1770 Svorkmo i Orkdal som son av pliktfogd Jonas Alstrøm og kona Rebekka Elisabeth f. Berg. Døbt Svorkmo 29. sep. 1770, konfirmert s.s. 31. okt. 1784. Den 13. jan. 1796 er det skifte etter faren Jonas, og "Monsieur Ole Andreas Alstrøm" er nemnt som myndig, og ein av tre sysken.  Like etter finn vi Ole Andreas i Trondheim ved truloving i Domkyrkja 24. jan. 1796 med jomfru Anna Myhlenport Pettersen. Dette må nok ha hasta litt, for berre to dagar seinare døyper dei sonen Johan Bernt. Paret vart gift 15. mars s.å.  Sonen Johan Bernt (d.e.) er nok død ung, men dei har etter kvart to born: Anna Johanna Krog, dp. 20. des. 1798 og Johan Bernt (d.y.) dp. 13. jun. 1800. Her er det det ser ut til å gå over styr...

 

Fyrst fann eg denne i Digitalarkivet, frå Skifteregister for Trondheim: Under "Merknader om personen": "skriverkar (bortrømt med sin kone)". Dette gjorde at eg fann fram skiftet i dei skanna protokollane, halde i Trondheim 19. aug. 1800. Eg har ikkje heilt klart å tyde alt, men ut frå eg har må det jo vere ei dramatisk hending som ligg bak:

 

"Skriverkarl Ole Andreas Alstrøm og hustru, hvilke natten til den 15de Mai? have rømt af Byen"

"Mad. Steen sagde at Alstrøm og kone intet mere? har efterladt sig - Alstrøm og kone har hos Mad. Steen efterladt sig 2 Børn, det ene 2 år det andet 16 Dager gamelt"

 

Spørsmålet er jo da - kva kan ligg bak? Kva kan ha forårsaka foreldra sin flykt, utan å ta med seg borna? Kva skjedde vidare?

 

Eg meiner eg finn sonen Johan Bernt som fosterborn på Meistad i Wiggen sokn i Byneset prg. i 1801, men ikkje etter dette. Dottera Anna Johanna finn eg ikkje i 1801, men meiner det må vere henne som er nemnt i Bergen i 1865: Enke Anne Johanne Reuscher f Alstrøm, 67 år. Født i Troondhjem.

 

Når det gjeld Ole Andreas har eg funn ein oversikt frå Stokhusarresten i København frå FT1801 som nemner "Ole Andreas Ahlstrøm, 31, Gift", så det ser ut til at flykten ikkje var vellukka. Kona Anne har eg ikkje funne noko meire på.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra Orkadalsboka, Svorkmo:

 

Med åra vart Svorkmo skift i 42 husmannsplasser. Bondegårdane var små med stugu, fjøs, låve og oftast et knøttlite stabbur.

Med levestandarden var det nok så ymse på disse plassene. Arbeidsføre personer klarte seg, men gamle og arbeidsuføre hadde det trist og fattigslig. Enker fikk 1 shilling i pensjon, noe de mistet om de giftet seg igjen. Hvor vanskelig folk hadde det viste ekstraskatten fra 1762 et forstemmende inntrykk:

 

Proviantskriver løytnant Lauridz Bie 'eier intet' og har satt seg i skyld for hus

Christian von Helm 'betjener nu i vacansen feldtskjærtjenesten ved verket, er ellers i bergskriverens tjeneste, og har ikke så meget at han uten nød kan subsistere med kone og barn, eier intet uden mange nøgne, fattige barn

Enken Anne Biering meget fattig, eier intet

Klokkar Ulrich Tostrup 'meget ussel og fattig'

Enken etter førre klokkaren Knerche Mentzoni, 'meget fattig'

Pliktsfut Johan Wæberg 'en utskyldig fattig mann'

JONAS ALSTRØM , en svensk skreddar 'eier slett intet' (faren til Ole A?)

 

Bare 14 av alle de menneskene som levde på Svorkmo var i stand til å betale ekstraskatten på 1 dalar.

 

Det dystre bildet av livsvilkårene vi kan lese fra skattelista, viser også de mange skiftebrev fra samme tid hvor vanskelig folket på Svorkmo hadde det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

JONAS ALSTRØM , en svensk skreddar 'eier slett intet' (faren til Ole A?)

 

Dette er nok han, ja. Han vart ikkje lenge etter gift med dotter til garmakar, seinare hyttemester, på Svorkmo Ole Larsson Berg. Det er nok slektskapet der som har gjort at han har fått stillinga som pliktsfogd etter Johan Weberg som er nemnt her.

En Ole Ahlstrøm døde 26. november 1801 i Christianshavns Fængsel, dette bør vel være vår mann.

 

Kilde: Registre til Københavns kirkebøger

 

Det er naturleg å tru at det er same mann. Er det nokon som veit kor ein må leite for å finne noko meire om kvifor han satt inne?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dottera Anna Johanna finn eg ikkje i 1801, men meiner det må vere henne som er nemnt i Bergen i 1865: Enke Anne Johanne Reuscher f Alstrøm, 67 år. Født i Troondhjem.

 

Det stemmer nok at Anne Johanne flyttet til Bergen. Hun ble gift 20 år gammel 25. april 1819 i Bergen Domkirke med Johan Friderich Røsche.

 

Bergen fylke, Domkirken, Ministerialbok nr. A 10 (1816-1821), Ekteviede 1819, side 197.

 

 

Opplysninger om hvorfor Ole Andreas Alstrøm og kona rømte fra Trondheim klarer jeg ikke å finne. Fangeprotokoller i Danmark er i ferd med å bli transkribert, men så langt er det bare Viborg tugthus som er ferdig.

 

Afskrift af tugthusarkivernes fangeprotokoller

Endret av Grete Singstad
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.