Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Jørgen Pedersen frå Urnes (Haugen) i Hafslo (1729-1789) og huslyden hans i Bergen - kvar vart det av desse borni hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette emnet utgår frå følgande emne: http://forum.arkivverket.no/topic/193913-ole-johannesson-og-anna-andersdotter-vigde-i-hafslo-1767-kvar-flytte-dei-til-l%C3%A6rdal-til-ytre-sogn/page-2#entry1656359 og tek for seg huslyden til Jørgen Pederson frå Urnes (Haugen) i Hafslo som vart gift med enkja etter Lars Andersson (1738-1769), ein svoger av Ole Johannesson i hitt emnet.

 

Eg børjar med ein fullstendig oppdatert status for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Jørgen Pederson Haugen, opphavleg frå Kjos, vart døypt 2.10.1729 og gifte seg første gongen 13.6.1751 med Gjøri Hansdotter frå Plassen i Kinserdalen under Urnes.  Ho vart døypt 4.9.1729 og d. truleg på Børtnes kring 1770.  Jørgen gifte seg so att i Årdal 27.10.1776 med enkja Britha Rasmusdotter, opphavleg frå Hovland i Årdal.  Ho var dotter av husmann Rasmus Olson i Hola under Hovland og kona Metta Olsdotter

 

     ##### (opphavi deira?)

 

     og vart døypt i Årdal 27.4.1738.  Ho gifte seg første gongen i Årdal 29.9.1768 med Lars Andersson frå Hovland i Årdal.  Han var son av husmann Anders Olson i Hola under Hovland, opphavleg frå Svalheim, og kona Martha Hermundsdotter frå Hola under Hovland og var f. i Årdal kring 1738.  Lars og Britha var plassfolk på Vollen under Hovland i Årdal der Lars d. alt 6.1.1769.  Jørgen og første kona Gjøri budde som plassfolk på Børtnes under Urnes, kan henda alt frå kring 1752, og dei budde nok der so lenge Gjøri levde.  Då Jørgen i 1776 gifte seg att, fekk han ta over som husmann i Haugen, og her vart han og Britha buande til kring 1782.

Jørgen Pedersen og kona Bertha flytte kring 1782 til Bergen der Jørgen livnærte seg som dagarbeidar.  Dei busette seg i Knøsesmuget i Bergen, og derifrå vart Jørgen gravlagd 26.5.1789.  Bertha d. i Bergen 4.2.1804.

     Jørgen fekk i alt åtte born, seks frå første ekteskapet og to frå det andre; dessutan hadde andre kona Britha ein son frå første ekteskapet sitt:

 1. Kari Jørgensdotter (1753-1821), vart gift med husmann Rasmus Andersson i Grøt under Nes i Sogndal (1757-1820), opphavleg husmannsson frå Løkjen under Kvam nedre (s.d.).

 2. Peder Jørgenson (1755-1845), vart husmann i Haugen (Røykhaug) under Urnes.

 3. Anna Jørgensdotter (1758-1830), vart gift med gardbrukar Lars Knutson i Kvam øvre (1761-1836).

 4. Britha Jørgensdotter (1761-1779).

 5. Martha Jørgensdotter (1765-1783).

 6. Gunvor Jørgensdotter, døypt 14.8.1768,

Gunvor Jørgensdotter flytte kring 1782 med faren og stemori til Bergen og

 

##### (konf. DK 1785 – lagnaden hennar?)

 

 7. Johannes Larsson, son av Britha og første mann hennar, var f. i Årdal 14.4.1768,

Johannes Larssen (Hovland) flytte kring 1782 med mori og stefaren til Bergen og

 

##### (konf. DK 1787 – n. 1804 som dagarbeidar og sjauar i Bergen! – lagnaden hans?)

 

 8. Lars Jørgenson, døypt 27.7.1777,

Lars Jørgensen flytte òg kring 1782 med foreldri til Bergen og

 

##### (konf. NK 1792 – lagnaden hans?)

 

 9. Gjøri Jørgensdotter, døypt 24.5.1779,

Guri Jørgensdotter flytte likeins med foreldri til Bergen og

 

##### (konf. NK 1795 – lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Under innlegg #18 i det opphavlege emnet hadde eg ein teori om at Gunvor Jørgensdotter kunne ha hamna i Risør eller ein annan stad på Sørlandet, men eg lyt tilstå, eg har ikkje den heilt store trui på det..., særleg etter at eg fann konformasjonane til heile denne søskenflokken i BERGEN!

 

Elles vil eg gjerne få attgje innlegg #22 og delar av innlegg #25 frå det opphavlege emnet, som gjeld Lars Jørgensen og Gjøri (Gurine) Jørgensdotter:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Dette er vel berre eit "skot i blinde", men kven veit...

 

FamilySearch syner denne fødsli i Bergen:

 

Name: Anphen Larsen

Gender: Male

Birth Date: 20 Feb 1807

Christening Date: 01 Mar 1807

Christening Place: Bergen, Bergen, Norway

Father's Name: Peder Larsen

Mother's Name: Guri Jorgensdr

 

http://www.arkivverk...y&idx_side=-190

 

Vigsli deira i Nykyrkja i Bergen:

 

16390 Peder Andreas Larsen Gurine Jørgensdatter ungkarl matros pige søndag Jul 13 Aug 03 1806 NK

 

Kan dette vera "vår" Gjøri?

 

Vigselsregisteret for Bergen har to "mogelege" "kandidatar" til Gjøri Jørgensdotter som vigd før 1815, jenta gift i NK og nemnd ovanfor, og so denne:

 

16068 Otte Persen Gurine Jørgensdatter ungkarl matros pige i froepr Jan 10 1796 Des 26 1798 NK

 

Dette parfolket får i alle fall tre born i Bergen:

 

* Jørgen (FT1801 seier Peer!), fødd i Nykyrkja i Bergen 15.4.1798

 

* Jørgen, fødd i Nykyrkja i Bergen 13.9.1801

 

* Berthe Gurine, fødd i Nykyrkja i Bergen 25.10.1804

 

Ingen av desse borni har "spennande" fadrar, kanskje bortsett ifrå Jørgen 1801 der eine fadderen heiter Guri Jørgensen.  Og dessutan er mori ved dei to yngste fødslene kalla Anna Gurine, so kanskje me kan utelukka ho?  I 1801 bur denne huslyden i 5. rode nr. 142, men Anna Gurina er 29 år gamal, og det vert vel litt i meste laget...?

 

~~~~~

 

Eg ser ikkje nokon Lars Jørgensen i Bergen, korkje i undersøkjingskommisjonen 1804 eller i FT1801 som høver med "vår" Lars.  Konklusjonen min er difor følgjande:  Dersom Lars nytta Jørgensen som ættenamn, so var han borte frå Bergen før 1801!

 

Her er truleg dødsfallet til Guri Jørgensdotter, ho som gifte seg i Bergen i 1806 med Peder Andreas Larsen og som hadde sonen Anfind i 1807:

 

11790 1830 291229 231229 Almisselem Gurine Jørgensd. 10-76 59 Aar K           Domkirken fglass.gif

 

http://www.arkivverk...ny&idx_side=-91

 

Rett nok er alderen hennar litt for høg, men andre alternativ finn eg ikkje.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

So vil eg halda fingrer og tær vel krossa med von om at ein eller annan "ser" løysingar kring denne huslyden!  Ein eller anna stad må dei jo ha gjort av deg, desse borni og stesonen til Jørgen Pedersen?

 

Alle gode tips vert mottekne med stor takksemd!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

I folketellingen 1815 finner jeg en Guri Jørgensdatter, 40 år, og en Anfin Levinsen, 9 år. De bor på adresse 9-112 og det ser ut til å være Fattigcommisionen Til Hørende Hus. ( Av beboerne er 4 menn og 2 kvinner fattige.) Kan dette være Guri, som fikk sønnen Anphen i 1807??

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=berg1815&gardpostnr=5078&merk=5078#ovre

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nytt innlegg!

 

Jau, du har finne den Guri som eg kanskje held som den mest trulege "kandidaten" for "vår" Gjøri.  Men greier me å prova dette?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har diverre ingen nye element å by på når det gjeld denne huslyden, men har framleis tru på at det ein eller annan stad der ute må finnast fleire ppplysningar om borni etter Jørgen Pedersen.

 

Kvart einaste vetle tips vert motteke med stor takksemd!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

I 1843 ble kone Johanne Jeremiasdatter gravlagt fra Korskirken i Bergen, 65 år gammel (f. ca. 1778). Enkemannen var bordarbeider Johannes Hovland:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=26&filnamn=1301begr&gardpostnr=27250&merk=27250#ovre

 

Men det viser seg at denne Johannes har Berentsen som farsnavn og var bare 24 år gammel da han giftet seg med enken Johanne Jeremiasdatter:

 

Hordaland fylke, Os, Ministerialbok nr. A 12 (1816-1825), Ekteviede 1824, side 206.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11623&idx_id=11623&idx_listetype=vi&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-20
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514680019.jpg
 

Johanne var eller født og konfirmert i Korskirken i Bergen og ble gift der første gang i 1807: http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000000433812

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for ein god freistnad på å leita etter stesonen til Jørgen Perdersen.

 

Kanskje vert Johannes Larsson (Hovland) den enklaste av dei fire borni å spora opp, men det er vel ein viss fare for at han har skrive seg for Larsen, og dei er det som kjent litt fleire av...  Eg har søkt gjennom listene for avlidne i Bergen, men har ikkje finne nokon som "jump out at me"...!

 

Nok ein kjempetakk for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet som har lege i «dvale» det siste året.

 

Eg har ingen nye element å syna fram.  Eg har søkt «høgt og lågt» etter Gunvor Jørgensdotter, men det finst ikkje nokon med dette namnet på denne tidi utanom dei me har sett på Sørlandet (og Stavanger?).  Lars Jørgenson er kanskje litt vankelegare å leita etter, medan Guri nok er ho som gifdte seg i Bergen med Peder Larsson og fekk sonen Anfind!?

 

Korleis er det mogeleg at dei eldre søskeni hennar berre «forsvinn»?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.