Gå til innhold
Arkivverket

Gjertrud Paulsdotter Berget, fødd i Solvorn, Hafslo kring 1719, var "gift" ved skiftet etter morbror i 1773, men kvar og med kven?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei skikkeleg "nøtt" som eg har strevd med i lengre tid, og eg reknar vel ikkje med å greia finna svar på dette problemet, men eg vil ikkje lata det stå "uprøvt" i dette forum av ekspertar på ættegransking!

 

Paul Ingebrigtson (1694-1778) og kona Synneva Olsdotter (1693-1771) var plassfolk i Berget under Valaker i Solvorn, men var i mange år "på lægd", og noko skifte etter dei finst ikkje.

 

MEN, Synneva hadde ein bror det stod noko "betre" til med, Elling Olson Solvi, og då det i 1773 vart halde skfte etter han (http://arkivverket.no/URN:sk_read/24140/256/), får me vita at søsteri Synneva hadde etterlete tre born, opprekna slik:

 

* Ældste Søn Ole Paalsen myndig

 

* Anden Søn Ingebrigt Paalsen myndig

 

* Datteren Giertrud Paalsdr gift

 

Sidan følgjer andre ervingar, deribland umyndige born, og sist i skiftet er det oppgjeve formyndarar for dei umyndige borni, men INGEN verge eller formyndar for Gjertrud.

 

Eg trudde kanskje skrivaren hadde gjort ein feil då han skreiv Gjertrud var gift, utan å oppgje namnet på mann hennar, men når det heller ikkje nemnest ein formyndar for ho, må me gå ut ifrå at ho verkeleg VAR gift.

 

Etter det eg so langt veit, budde både Ole og Ingebrigt på heimeplassen i Berget under Valaker, men Gjertrud ser eg ikkje noko til Hafslo.  Ho kan i alle fall ikkje ha vorte GIFT her, so kvar vart det av ho?

 

Eg ser at ei Gjertrud Paulsdotter gifte seg i Nykyrkja i Bergen i 1758 med ein Rasmus Andersson.  Dei fekk tre born fram til 1762, men eg finn namni Paul Olson og Jannike Paulsdotter mellom fadrane, so eg trur IKKJE det kan vera ho...

 

Eg takkar so mykje for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Eg har diverre ikkje fleire opplysningar å gje om Gjertrud Paulsdotter, men vonar framleis på at ho vil "dukka opp" ein eller annan stad der ute.

 

Sjølv det minste tips vert motteke med stor takksemd!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har ikke noe å bidra med når det gjelder Gjertrud. Men var noen av brødrene hennes gift, var hun fadder på noen av deres barn? Dette har du vel allerede forlengst sjekket ut, men jeg bare spør. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt innlegg!

 

Jau, eg har sjekka fadrane til dei tre døtrene etter Ole fødde 1757, 1758 og 1759, samt dotteri etter Ingebrigt fødd 1778, men den einaste søsteri som dukkar opp som faddar, er Britha Paulsdotter i 1757.  Britha vart døypt i Hafslo 22.5.1721, men var tydeleg avlidi før 1773 utan å etterlata seg born!

 

Nei, det vert nok ikkje lett å finna att Gjertrud, men ein eller annan stad må ho jo vera!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt innlegg!

 

Jau, eg har sjekka fadrane til dei tre døtrene etter Ole fødde 1757, 1758 og 1759, samt dotteri etter Ingebrigt fødd 1778, men den einaste søsteri som dukkar opp som faddar, er Britha Paulsdotter i 1757.  Britha vart døypt i Hafslo 22.5.1721, men var tydeleg avlidi før 1773 utan å etterlata seg born!

 

Nei, det vert nok ikkje lett å finna att Gjertrud, men ein eller annan stad må ho jo vera!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

 

At Gjertrud ikke dukker opp som fadder, kan kanskje tyde på at hun ikke bodde i bygda? Siden du skriver at Britha tydeligvis var død før 1733, men uten å etterlate seg barn, vet du ikke hvor og når hun døde? 

 

Jeg så også den Gjertrud som var gift og fikk barn i Bergen. Gjertrud var jo født ca 1719 og må ha vært ganske voksen, hvis hun fikk barn i Bergen fram til 1762. Og hvis Gjertrud bodde i Bergen, er det ikke sikkert at søsknene - hvis de bodde i hjembygda - hadde mulighet til å reise inn til byen for en barnedåp. Men navnene Paul Olsen og Jannike Paulsdatter kan likevel tyde på at dette er en annen Gjertrud.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Forslag fra FS: søkte etter Giertrud Paalsdatter gift 1735 - 1760 i Norge.

 

Fant 2 Giertrud Paalsdt. gift i Borgund MR, men det viser seg at det er kun 1 da det er samme dame som blir oppgift. Denne Giertrud Paalsdatter har da ihvertfall vært gift 3 ganger

 

1) enke GP 24/4 1748 med em. Rasmus Ingebrigtsen Linge nu boende i Bjørnsgaaarden. Hun også boende i Bjørnsgaarden. Høyre side http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15996&idx_id=15996&uid=ny&idx_side=-51

 

2) 4/5 1753  med uk.Jens Andersen og enken GP Bjørnsgaarden. Også h. side http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15996&idx_id=15996&uid=ny&idx_side=-56

Endret av Berit Knudsen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjertrud ovenfor også gift 19 juli 1745 med enkemann Ole Knudsen Bjørnsgaard. Står det at hun er besovet?

Venstre side:

 

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Borgund i Borgund, Ministerialbok nr. 528A02 (1739-1761), Ekteviede 1746, uten sidenr.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15996&idx_id=15996&uid=ny&idx_side=-49

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070831640624.jpg

 

Mvh

Linda

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har søkt på døpte i Borgund 1698-1800 (gamle DA) med barn navn Giertrud og far navn Paul/Poul/Povel, men finner ingen dåp med denne kombinasjonen. I Borgund. 

 

Men dette kan kanskje være dødsfallet til Gjertrud Paalsdatter Biørngaard, gravlagt 04.06.1767, 70 år gammel (f. 1703). 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=19&filnamn=gr15311698&gardpostnr=3691&personpostnr=3691&merk=3691#ovre

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe, Berit og Linda for nye utfordrande innlegg!

 

Når det gjeld Britha, hadde eg, fram til i dag, ingi meining om kvar ho kan vera avlidi.  For diverre veit me at kyrkjebøkene for Hafslo heilt manglar dødsfall før 1755, og ogso etter den tid er listene ufullstendige!  Dette gjeld periodevis heilt fram til 1850-talet!

 

Når det er sagt, so har eg i dag studert dødslistene me har for Hafslo noko nærare, samstundes som eg har teke for meg ein sjølvprodusert database for legdelemmer i Hafslo 1755-1800, og eg har gjort ei spennande oppdaging!

 

* Det syner seg at me i perioden 1721-1735 hadde TRE personar døypte i Hafslo med namnet Britha Paulsdotter, og me har likeins TRE dødsfall for Britha Paulsdotter i "rett" alder.  Ei var fødd i Kinserdalen og vart gift og busett der, medan ei onnor var fødd i Jørongasokni, fekk ein son utanfor ekteskap og vart buande der.  Den tredje var Britha Paulsdotter Berget, og ho må då vel vera identisk med den Britha Paulsdotter som etter eit par år på legd vart gravlagd i Solvorn sokn, der "vår" Britha var fødd og oppvaksi, so seint som 17.11.1799, 79 år gamal!

 

Då har me to opsjonar vidare:

 

* Anten var Britha utegløymd i skiftet etter morbroren frå 1773

 

* Eller ho gøymer seg attom Gjertrud, som me ikkje ein gong har funni døypt i Hafslo!

 

Det er i det heile ingen andre kjelder enn dette skiftet frå 1773 som nemner ei dotter Gjertrud i denne huslyden, so tanken om feilskriving i skiftet ligg svært so nær!  Desse skifteskrivarane var ikkje alltid 100% å stola på; det har me sett døme på fleire gongar...

 

Endå eg tykte denne Gjertrud Paulsdotter i Borgund såg svært so spennande ut, sjølv om alderen hennar kanskje var litt i høgste laget...

 

Eg er ikkje sikker på at eg har finne rett svar!  Etter dette burde den nemnde Britha ha vore gift før 1773, men eg finn ikkje noki Britha Paulsdotter gift i heile Sogn og Fjordane på denne tidi, med unnatak av jenta frå Kinserdalen!  Og om ho var gift, må ho ha butt i eller nær Hafslo, sidan ho kjem attende og døydde her!

 

Eg takkar på ny for eventuelle nye kommentarar til dette problemet!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.