Gå til innhold
Arkivverket

SF, Gloppen: Ole Jacobson Arnestad (f. på Hauge 1731)


Harald L. Bakke
 Del

Recommended Posts

Eg søkjer opplysningar om kvar det vart av Ole Jacobson Arnestad.

Han var fødd på Indre Hauge i Gloppen 1731.

Foreldrene var Jacob Olson og Kari Haraldsdtr.

Etter at mora Kari Haraldsdtr. døydde 1743 gifte faren Jacob seg oppatt og flytte til indre Arnestad, der systra til Ole, Sidzelle Jacobsdtr. overtok bruket etter faren.

 

Men kvar vart det av Ole?

Det siste eg finn om han er i skiftet etter faren i 1753.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er heller ikkje så mange stader å leite etter han - systra Sissele får ein son som blir gravlagd 20 veker gammal i 1757, men dåpen er ikkje ført, så vi får ikkje sett om han er fadder. Ho døyr deretter barnlaus, men det er ikkje skifte etter henne.

 

Det kan nemnast at kyrkjebøkene er slurvete ført i desse åra - det kan fort mangle eit dødsfall.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er heller ikkje så mange stader å leite etter han - systra Sissele får ein son som blir gravlagd 20 veker gammal i 1757, men dåpen er ikkje ført, så vi får ikkje sett om han er fadder. Ho døyr deretter barnlaus, men det er ikkje skifte etter henne.

 

Det kan nemnast at kyrkjebøkene er slurvete ført i desse åra - det kan fort mangle eit dødsfall.

 

Kvar finn du ført gravfestinga til sonen då, Aase?

 

Eg har lett og lett etter han, men finn ikkje gravfestingar for 1757 ført andre stadar enn på side 278 og der er det heller ikkje mange.

Dessutan er Sitzele Jacobsdtr. Arnestad si gravfesting ført som den fyrste under året 1757 med dato Dominic: 4 Adv.  som eg då tolkar som 4. advent i kyrkjeåret 1757 som skulle bli 19. desember 1756.

Eg finn heller ikkje sonen gravfest 1756.

 

Endret av Harald L. Bakke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det ser ut som eg har late meg lure av presten sitt rot i desse åra, og feiltolka gravfestinga. Erik og Anne får Jakob i 1758, så det er vel han som er gravlagd og - i 1758, ikkje 1757 som eg ville tolke det i fyrste omgang. Eg har tenkt at han var oppkalla etter ein tidlegare Jakob, men det er vel gjerne då ikkje tilfelle.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er sant ikkje godt å seie, Aase! 

Slik eg tolkar gravfestinga på s. 6 ser det ut for at den er utført Dom: 2 advent i kyrkjeåret 1758  - altså 4. desember 1757 -

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gloppen, Ministerialbok nr. A 4 (1758-1784), Døde og begravede 1758, Konfirmerte 1758, side 6.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11426&idx_id=11426&uid=ny&idx_side=-6

 

Jacob Ericss: Arnestad  gl: 20 uger  -  han var altså 20 veker gamal då han døydde, men kor lenge etter sjølve gravlegginga vart gravfestinga utført?  Vi veit at det kunne variere mykje.

Kan det tenkjast at mora Sidsele Jacobsdtr. døydde og vart gravfest kort tid etter barselen i desember 1756 og sonen Jacob døydde og gravlagd 20 veker deretter,(då er vi komne til ca fyrst i mai) - Kunne det då gå så lang tid som til 4. desember før han vart gravfest av presten ?  I så fall er han Sidsele sin son.

 

Dåpen til Erik Jetmundson og Anne Gundersdtr. sin son Jacob vart utført 15. mars 1758

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gloppen, Ministerialbok nr. A 4 (1758-1784), Fødte og døpte 1758, side 3.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11426&idx_id=11426&uid=ny&idx_side=-3

 

 

Endret av Harald L. Bakke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Konklusjonen kan vel vere at det er berre EIN Jakob. Det som skaper problem for meg i utgangspunktet, er nettopp namnet på barnet - Jakob. Det er ikkje etter besteforeldra, men det er heller ikkje etter den avdøde fyrstekona, Sissele, som det burde vere etter tradisjonen. Kanskje løysinga rett og slett vart å heidre Sissele med å kalle opp att far hennar?

 

Men uansett - dette har ikkje noko med Ola sin lagnad å gjere, anna enn at vi kan konstatere at der er nokre år midt på 1750-talet der det er mykje slurv i kyrkjeboka, og at han kan ha døydd utan at det er registrert. Eg har td heller ikkje funne andre ekteskapet til Erik.

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja det er ikkje fyrst gongen ein må gje tapt for kjeldemanglar i akkurat den periden så vi lyt nok bare finne oss i det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.