Gå til innhold
Arkivverket

Martha Ingebrigtsdotter, fødd på Hæreid i Årdal 1748 - til Urnes i Hafslo - fekk ein son 1777 - og so forsvinn dei båe... - kvar vart dei av?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Husmann Thomas Clemmetson i Årdal (1685-    ) hadde ei dotter Guri Thomasdotter (1715-1770) som i ekteskap med Ingebrigt Hansson (Urnes) i Hafslo (1710-1800) fekk fleire born, mellom anna denne dotteri:

 

* Martha Ingebrigtsdotter, fødd på Hæreid i Årdal 24.8.1748.  Ho voks opp på Urnes i Hafslo der ho vart konfirmert i 1766.  So fekk ho med ein Lars Paulson ein son:

 

** Paul Larsson, døypt i Hafslo 26.1.1777.

 

Etter dette forsvinn både mor og son frå Hafslo!  Kvar kan dei ha vorte av?  Kan henda til Årdal?  Eller til ytre Sogn?  Eller nordover?

 

Eg finn som einaste "relevante" kandidatar for Paul Larsson i FT1801 desse to:

 

*** Paul Larsson, 24 år,. tenestedreng på Sommersæt i Lødingen, Nordland: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058479000869

 

*** Poul Larsson, 25 år, tenestedreng på Rixem i Ørskog, Møre og Romsdal: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058418001964

 

Kan det vera ein av desse?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Paul Larsen som du finner i Lødingen i 1801, gifter seg i 1804 med Torina Torsdatter:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:N7BG-8NG

 

Nordland fylke, Lødingen, Ministerialbok nr. 872A06 (1787-1829), Ekteviede 1802-1804, side 210. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16684&idx_id=16684&uid=ny&idx_side=-141
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20071105610382.jpg

 

Jeg synes det står Kjørnes på Paul ved giftermålet. Kjørnæs er, så vidt jeg kan se, et gårdsnavn både i  Sogndal og i Lødingen. Og så er det vel Kjørnes i Lærdal??

 

Datteren Kirsten ble døpt i Hamarøy i desember 1808 - parets tredje barn ifølge kirkeboka:

 

Nordland fylke, Hamarøy, Ministerialbok nr. 859A01 (1766-1821), Fødte og døpte 1809, side 260-261. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16665&idx_id=16665&uid=ny&idx_side=-124

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20071102610215.jpg

 

Det ser ut som fire barn også er døpt i Verran/Ytterøy:

 

Lisa, 1818

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000004752612

 

Christian, 1820

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000004752976

 

Pouline, 1823

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000004753406

 

Mariana, 1826

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000004754174

Lenke til kommentar
Del på andre sider

To stykker Paul Larsen gifter seg i Ørskog i hhv 1808 og 1810:

 

Møre og Romsdal fylke, Ørskog, Ministerialbok nr. 522A03 (1773-1809), Kronologisk liste 1808, side 802-803. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15985&idx_id=15985&uid=ny&idx_side=-352
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070831620417.jpg

 

Den ene cautionisten er Thomas Rigsem.

 

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Ørskog, Ministerialbok nr. 522A04 (1810-1816), Fødte og døpte 1810, Ekteviede 1810, Døde og begravede 1810, side 6-7. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15986&idx_id=15986&uid=ny&idx_side=-4
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070831620450.jpg

 

Paul Larsen som gifter seg i 1810 er enkemann, så det spørs vi kan utelukke ham. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye innlegg om dette problemet!

 

Eg har ogso sett lite vetta på FamilySearch og kva mogelege løysingar me kunne finna der når det gjeld Paul Larsson.  Eg har sett dei nemnde giftarmåli, MEN eg har òg sett at fleire personar med namn Paul Larsson er FØDDE i desse områdi, som til dømes

 

~~~~~~~~~~

 

Name: Paul Larsen Gender: Male Christening Date: 15 Sep 1776 Christening Place: , ORSKOG, MORE OG ROMSDAL, NORWAY Father's Name: Lars Olsen

 

~~~~~~~~~~

 

og:

 

~~~~~~~~~~

 

Name: Paul Larsen Gender: Male Birth Date: 01 Nov 1775 Christening Date: 05 Nov 1775 Christening Place: Ofoten, Nordland, Norway Father's Name: Lars Nielsson Mother's Name: Karn Mikkelsdatter

 

~~~~~~~~~~

 

og:

 

~~~~~~~~~~

 

Name: Paul Larsen Gender: Male Birth Date: 10 Jun 1774 Christening Date: 17 Jul 1774 Christening Place: FOLDA, NORDLAND, NORWAY Father's Name: Lars Steffensen Mother's Name: Beridte Nielsdr

 

~~~~~~~~~~

 

Lødingen er rett nok ikkje Ofoten eller Folda, men me er i same "nabolaget", so det er vel mykje meir sannsynleg at ein av desse er mannen som hamna i Lødingen?  Og Paul fødd i Ørskog 1776 er vel svært truleg han som buidde der i 1801!?

 

So eg trur me må søka "vår" Paul Larsson ein annan stad...

 

Men kvar?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette problemet, der me framleis saknar ei løysing.

 

Her vil nok svaret liggja "langt inne", men det er lov å vona, og eg takkar nok ein gong so mykje for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 11 måneder senere...

Tidi synest vera «mogi» for å henta fram att denne saki frå i fjor.

 

Eg sit framleis helt utan sikre spor etter denne Martha Ingebrigtsdotter som i 1777 fekk ein son i Hafslo og som so forsvinn frå bygdi, men eg har i dag studert FT1801 med nytt søkjeverkty, og eg er komen over ei Martha som eg tykkjer ser spennande ut:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=f18011301&gardpostnr=1234&personpostnr=8744&merk=8744#ovre

 

Anglemakar(meister) Martinus Olsen, 48 år, gift med Martha Ingebrigtsdotter, 56 år i 13. rode nr. 20.

 

Desse gifte seg i Nykyrkja i Bergen 6.6.1784, men ser ikkje ut til å ha fått born i lag.  Martha vart gravlagd frå Domkyrkja i Bergen 12.3.1804, 69 år gamal, og Martinus gifte seg att i Domkyrkja 27.9.1805 med ei «pige» Malene Eriksdotter, men kvar det sidan vart av desse, har eg førebels ikkje finne ut av...

 

Son hennar, Paul Larsson, ser eg ikkje noko til i Bergen.

 

Eg har lagt inn eit spørsmål om skifte etter Martha i Arkivforum.  Er me heldige, finst det eit slikt, og då får me endeleg «prov» på kven ho var!

 

Martinus Olsen tok forresten borgarskap i Bergen som anglemakareister i 1784 og vert oppgjeven vera fødd i Bergen.  Men eg finn ikkje nokon barnedåp på han, i alle fall ikkje om alderen stemmer.  Heller ikkje har eg greidd å finna ut kvar det vart av Martinus og andre kona Malene...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 år senere...

Innlegg #7:

 

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet som har lege «i dvale» i over fem år.

 

Diverre fann ikkje Arkivverket noko skifte etter Martha i 1804 i Bergen, men der lyt ein nok lesa skifteprotkollane side for side for å freista finna det...: https://forum.arkivverket.no/topic/202088-skifte-bergen-1804-olsen/?tab=comments#comment-1705377

 

Elles har eg oppdaga ein bra «kandidat» for sonen Paul Larsson: https://www.digitalarkivet.no/nn/view/267/pg00000001043447

 

Denne Paul var gardbrukar på Hagen i Solund, men bygdebokskrivaren for Solund har ikkje finne opphavet hans! Eg finn heller ikkje nokon som høver i FT1801!

 

PS: Paul Larsson i Solund var ein annan person frå Hafslo!

 

Det hadde vore kjempeflott å finna ut av lagnaden til Martha og son hennar, og eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #8:

 

Eg har i dag blatt igjennom skifteprotokollen for Bergen 1804-1805, men ikkje noko skifte er registrert etter Martha Ingebrigtsdotter.

 

Elles har eg leitt litt meir etter anglemakarmeistaren Martinus Olsen og finn han som konfirmant i Domkyrkja i 1773, 18 år gamal: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000437600

 

Han er hjå anglemakar Elias Olsen, som må vera denne karen, son av matros Ole Pederson og Anna Rosina Eliasdotter: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006043249

 

Elias vart døypt i Nykyrkja, men innan 1749 var dei komne til Domkyrkja: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006134948

 

Men sidan dåpsprotokollane for Domkyrkja manglar kring 1755, finn me ikkje dåpen til Martinus, som eg trur må vera bror av Elias...!

 

Vigsli til foreldri i Bergen 1744; skal me gissa på at faren er frå Rimstad i Davik: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001010495

 

Anna Rosina er frå Bergen: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006180726

 

Men kvar vart det av Martinus Olsen etter han gifte seg att i 1805??

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Martha Ingebrigtsdotter {Dahlen}, truleg døypt frå Hæreid i Årdal 24.8.1748, vart konfirmert på Urnes i 1766.

Martha Ingbrigtsdotter flytte visstnok til Bergen der ho gifte seg i Nykyrkja 6.6.1784 med Martinus Olsen frå Bergen.  Han var truleg son av matros Ole Pedersen i Bergen, opphavleg frå Rimstad i Davik, og kona Anna Rosina Eliasdotter (Strand) frå Bergen og f. i Bergen kring 1755.  Martinus tok i 1784 borgarskap som anglemakarmeistar i Bergen, og han og Martha budde i Pundersmuget i Bergen der Martha vart gravlagd 12.3.1804.  Martinus gifte seg att i Domkyrkja i Bergen 27.9.1805 med

 

¤¤¤¤¤ (pige Malene Eriksdotter – oppl. om ho?? – lagnaden deira? – Martinus budde 1801 i 13-20)

 

¤¤¤¤¤ (dødsfalli deira?)

 

Martinus fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men Martha hadde ein son frå før:

a. Paul Larsson, son av Martha og husmann Lars Paulson i Naustbakken under Hovland i Årdal (1754-1829), opphavleg husmannsson frå Øy under Mareim i Hafslo, vart døypt i Hafslo 26.1.1777,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.