Gå til innhold
Arkivverket

Christopher Erikson Glad (1555-1617), sokneprest til Vågå og huslyden hans - hjelp?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har ingen stader greidd å finna noki fullstendeg oversikt over huslyden til denne soknepresten i Vågå, Christopher Erikson GLAD, som skal ha só mange etterkomarar over heile landet.  Er det nokon som kan hjelpa meg?

 

Eg har notert med at Christopher i ulike kjelder vert oppgjeven fødd kring 1550 eller 1555 og at han døydde i Vågå kring 1617, eller kanskje 1619?  Kona hans var Aasta Torstensdotter Morsing frå Ringebu, rimelegvis fødd kring 1570 og avlidi kring 1630.

 

Ein stad har eg lese at dei fekk ni born i lag, og sjølv ættar eg frå to av døtrene deira,

 

* Kirsti Christophersdotter Glad - gift først med ein Anders og so med sokneprest Mons Johnsson Schanke i Luster

 

* Bertha Christophersdotter Glad - gift med Gjert Christopherson Morgenstjerne (i Bergen?)

 

Elles var det òg minst tre andre døtrer:

 

* Margretha Christophersdotter Glad - gift med sokneprest Thue Aveson Bare i Vang i Valdres

 

* Kari Christophersdotter Glad - gift med futen Simon Nilsson på Sjøthun i Hafslo

 

* NN Christophersdotter Glad - gift med sokneprest NN Mule i Lom.

 

Spørsmål:

 

** Finst det noki nøyaktig oversikt over denne barneflokken med (omtrentlege) leveår?

 

** Dotteri gift med sokneprest Mule i Lom fekk minst ein son med namn Bernt MULE, som ei kort tid budde hjå mosteri Kari på Sjøtun i Solvorn (truleg kring 1675-1677).  Er det nokon som veit noko meir om denne Bernt Mule og lagnaden hans?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette må sjekkes, men finner dette på geni:

 

http://www.geni.com/people/Christen-Mule/6000000014197769104

http://www.geni.com/people/Anna-Glad/6000000017957137075

 

Så finner jeg dette i Bastian Svendsens  Biografiske efterretninger om geistligheten i Hamars Stift.  

VIII. Nordre Gudbrandsdalen

 

s. 338: http://da3.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=geisthamarVIII&sideid=93&storleik=

s. 339: http://da3.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=geisthamarVIII&sideid=94&storleik=

s. 340:http://da3.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=geisthamarVIII&sideid=95&storleik=

 

Så vidt jeg kan se, står det her at Else Michelsdatter hadde 4 barn med Christen Bertelsen Muhle (s. 338): Michel, Anne, Karen og Margrethe. Det ble holdt skifte etter Else i 1659: 

 

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Gudbrandsdal sorenskriveri, Nord-Gudbrandsdal tinglag, Skifteprotokoll 1 , 1658-1673, oppb: Statsarkivet i Hamar.

Merknader: Aut. 25.02.1658 til bruk for Jacob Knutsen i Fron, Vågå, Lom og Lesja.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/25153/14/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081209710551.jpg

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I boka til Finne-Grønn om Michelet-slekten har jeg funnet en liten slektstavle over Mule. Må laste den opp i to deler pga fil-størrelsen.

 

Kaptein Jacob Michelet ble gift omkring 1657 med Anne Mule, datter av sokneprest til Vågå hr. Christen Bertelsen Mule og hans andre kone, Else Michelsdatter. Anne var født på Vågå prestegård 06.08.1636 og døde hos sin eldste datter i Vinger, hvor hun iflg. slektsboka ble gravlagt 18.11.1698.  (side 248)


Her følger del 2 av Mule-tavla. 

 

Jacob Michelet og Anne Mule hadde 10 barn:

 

Christen, f.ca. 1658 på Hjellum i Vang

Otto, f. ca. 1660 samme sted

Else, f. 1662 samme sted 

Peter f. ca. 1663 samme sted

Michol, f. 1666 på Freberg i Furnes

Brostrup f. ca. 1667 samme sted

Sophie, f. ca. 1669 samme sted

Anne, f. 24.11.1670 samme sted

Paul Christopher f. ca. 1672 samme sted 

Jacob, antakelig født etter farens død i 1676, på Freberg i Furnes - siden han fikk farens navn. 

 

 

post-541-0-20116500-1429027845_thumb.png

post-541-0-11430700-1429028291_thumb.png

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for fleire spennande og utfordrande innlegg om Glad- og Mule-ætti!

 

Artikkelen i Wikipedia har eg ikkje sett før, men det går jo tydeleg fram at Anna Christophersdotter Glad var gift med Christen Bertelson Mule.  Når sonen Bernt Mule ikkje er nemnd nokon stad, so kjem vel det av at me manglar detaljopplysningar om borni frå dette første ekteskapet til Christen Mule.  At han fekk fire born med Else Michelet fell jo "utanfor" Glad-ætti...

 

Elles er det tydeleg eit mysterium kvar Christopher Erikson Glad hadde opphavet sitt ifrå?  Men han bør vel på eitt eller anna tidspunkt vera innskriven som student i København?

 

Likeins er denne Bernt Mule ein kar som tydeleg "gøymer seg" godt i kjeldene våre?

 

Nok ein stor takk for alle nye innspel!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hovudkjeldene til Wikipedia-artikkelen, E. A. Thomles Lidt om familien Glad i Norge (NST band 1) og S. H. Finne-Grønns Oplysninger om familier i Oslo og det gamle Christiania (PHT band 3), er relativt greie for si tid når det gjeld kjeldetilvisingar og kjeldekritikk. Dei har med mange fleire detaljar og ein del kjeldetilvisingar som ikkje går fram av Wikipedia, og bør lesast.

 

Det gjeld ikkje minst fordi Thomle ikkje beint fram dokumenterer alle dei seks barna han listar opp etter Christopher Erikssøn Glad. To av Finne-Grønns tre suppleringar er basert på at han ikkje fann "nogen anden forbindelse, selv med en temmelig vid periferi, i de angjældende slegtskredse, saa langt de kjendes, der kan begrunde [...] svogerskab". Med andre ord vil sikkert både Thomle og Finne-Grønn ha godt av ny gransking. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars K. for interessant og spennande kommentar!

 

Det høyrest ut som eg bør få tak i og lesa dei nemnde artiklane av Thomle og Finne-Grønn.  Eg har eit bortimot komplett sett av NST, men det ligg nedpakka i flyttelasset mitt på Geilo og eg ikkje tilgjengeleg...  Kanskje artiklane finst i skanna versjonar ein eller annan stad?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I en debatt på DIS-Danmark fant jeg dette:

 

Her er lidt oplysninger fra Norsk Slektshistorisk Forening's mangeårige prosjekt ~ Norsk Prestehistorie ~: 
 
Christopher Erichsen (Glad) var spr. til Øyer fra før 1585 og ble spr. til Vågå ca. 1592. 
 
1589: I Cancelliets brevbøker 1593, side 119 nevnes at han hadde halvparten av Kronens tiende i Øyer i 1589 "kvit og frit". 
 
1591: medundertegner fullmakten til Christian IVs hyldning 20.5.1591. Segl.[1] 
 
1599: nevnt i en setning i NST XII, side 227. 
 
1608: "Her Christoffer Erickssønn Sogneprest paa Wouge" var vitterlighetsvitne på et dok. utstedt på Kleppe i Vågå 24. juni 1608. Seglene mangler.[2] 
 
1610: hr. Christoffer Erichsen, spr. Vaaghe var 28/5-1610 med på å utstede fullm. for utsendingene fra Gudbrandsdalens prosti til prins Kristians hylding i Oslo - Segl.[3] 
 
1611: Hans segl (dårlig avtrykk) finnes på et diplom av 25/4-1611. (bekrefter riktigheten av en avskr. av et dok. av 4 (7?) febr. 1458. [4] 
 
1619: hr. C. E. var kirkeverge for Vågå hovedkirke årene 1617 og 1618 (han hadde også vært det året før). Regnskapet avsluttet 10.3.1619 og medundertegnet av C. E., som skriver seg Christoffer Erichsønn. - Segl med navnet i omskrift og monogram i skjoldet. Som fullmektig for prosten, hr. Jens Mortensøn til Fron, medundertegnet han regnskap for Lom 7/3-1619, og for Lesja samme år. Regnskapet for 1618 ble avsluttet med et underskudd på 1 rdl. "som ieg till kirchen will haffue foræridt."[5] 
 
Andre opplysninger: 
 
Hr. Christopher Eriksen Glad, sogneprest til Øyer 15(85) ? 92, sogneprest til Vaage 1592 ? 1619. Død 1619. Gift med Aaste Torstensdtr. død 1630 Vaage (datter av sogneprest til Ringebu, og senere Gran Hr. Torsten Søfrensen Morsing)[6] 
 
Hr. Christopher Glad, sogneprest i Vaage g.m. Aaste Torstensdtr. (datter av hr. Torsten Søfrensen Morsing, sogneprest til Ringebu[7] 
 
Hr Chrfr Eriksen spr til Vaage x Aaste Torstensdtr 
sønn: Søren Chrfr.sen Glad, borger i Bergen 
datter: Anna Chrfr.dtr. x hr Christen Mule, spr til Vaage. De har en sønn med eiendel i Hvalby i Gran.[8] 
 
I 1631 skatter sognepresten til Vågå av 2 pund tunge i Hualleby på Hadeland. Sogneprestens navn ikke oppgitt. 
 
I Thomles samlinger ligger et notat om prester i Vaage, en konvolutt merket ?Glad?. 
-------------------------------------------------------------------------------- 
 
[1] Aktstykker Norske Stænder nr. 1 - 47 
[2] RA. Dipl. papir. 24/6-1608 
[3] Aktstykker Norske Stænder nr. 1 - 135 
[4] RAs diplomsamling, papir 
[5] RA Kirkeregnskap Akershus stift, pk. 1a Gudbrandsdals prosti 
[6] Norsk Personalhistorisk Tidsskrift III, 28. 
[7] Norsk Personalhistorisk Tidsskrift II, 409 
[8] Norsk Personalhistorisk Tidsskrift I etter skjøte av 10.10.1634 RA, yngre diplomsamling. 
 
Men dette var sikkert noe du hadde ;)
 
Hadde vært interessant om dette er samme slekt som dukker opp på Sunnmøre: http://forum.arkivverket.no/topic/98042-12155-glad-paa-sunnmoere/
Min 7-tippoldefars (min farsslekt) bror Hans Nilsson Glad (ca. 1690–1759), brukte også Glad, usikker hvorfor, men han var også handelsmann på Sunnmøre..
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til David for eit spennande innlegg!  Det var spesielt interessant å lesa følgjande:

 

~~~~~

 

"datter: Anna Chrfr.dtr. x hr Christen Mule, spr til Vaage. De har en sønn med eiendel i Hvalby i Gran.[8] 
 
I 1631 skatter sognepresten til Vågå av 2 pund tunge i Hualleby på Hadeland. Sogneprestens navn ikke oppgitt."

 

~~~~~

 

Den sonen det er tale om, må vera Bernt Mule, noko som tyder at han var "godt vaksen" då han flytte til Hafslo i 1670-åri.  Då er det underleg at han ikkje er nemnd i andre kjelder?  Kanskje finst det noko under Hvalby i Gran?

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

For ordens skuld kan det også nemnast at diploma frå prestearkivet i Vågå, av desse mange frå herr Christophers tid, ligg ute på Digitalarkivet

 

Det same gjer dei to RA-diploma på papir som det blir vist til i sitatet i Davids innlegg (#8). Desse inneheld diverre ikkje informasjon om herr Christopher sjølv eller familien hans, han signerer som vitne på diplomet frå 1608 og stadfestar vidisse i 1611. I samlinga finst også to andre diplom der av han er vitne, det eine frå 1600, det andre såpass seint som 18. januar 1619.  

 

 

 

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til David for eit spennande innlegg!  Det var spesielt interessant å lesa følgjande:

 

~~~~~

 

"datter: Anna Chrfr.dtr. x hr Christen Mule, spr til Vaage. De har en sønn med eiendel i Hvalby i Gran.[8] 
 
I 1631 skatter sognepresten til Vågå av 2 pund tunge i Hualleby på Hadeland. Sogneprestens navn ikke oppgitt."

 

~~~~~

 

Den sonen det er tale om, må vera Bernt Mule, noko som tyder at han var "godt vaksen" då han flytte til Hafslo i 1670-åri.  Då er det underleg at han ikkje er nemnd i andre kjelder?  Kanskje finst det noko under Hvalby i Gran?

I artikkelen om Glad er "Bernt Mule" nevnt som "Berthel Mule"

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Riksarkivet har skannet en del diplomer fra prestearkiver. Her er et diplom datert 19.04.1619, hvor soknepresten Christopher Glad er nevnt. 1) Forside, 2) transkribert tekst, 3) og 4) selve diplomet. Kan dette bety at soknepresten fremdeles var i live i april 1619?

 

Kildeinformasjon: Riksarkivets diplomsamling, F15 - Diplomer fra prestearkiv, stykke 13 (RA/EA-5965/F15/L0013), 1590-1657, oppb: Riksarkivet.

Merknader: Prestearkiv - Oppland

 

1) http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sa10101406240119.jpg

2) http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sa10101406240120.jpg

3) http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sa10101406240121.jpg

4) http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sa10101406240122.jpg

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars K., Lars W. og Grethe for spennande nye innlegg, og takk ogso til Lars W. for direkte meldingar med supplerande opplysningar!

 

Eg er etter kvart ganske so nøgd med tilgangen av opplysningar om denne huslyden og har no sett opp følgjande manuskript(utkast) for garden Sjøtun i Hafslo:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

 

Simon Nilsson Sjøthun, av ukjent opphav,

 

     ##### (er opphavet til denne futen kjent?)

 

     var f. kring 1580 og d. i Sjøtun kring 1654.  Simon gifte seg første gongen kring 1615 med enkja Øllegaard Pedersdotter, som me heller ikkje kjenner opphavet til. 

 

     ##### (er opphavet til Øllegaard kjent?)

 

     Ho var truleg f. kring 1570 og d. i Kroken kring 1631.  Ho hadde før vore gift to gongar, først med gardbrukar John Andersson Teiste i Kroken i Hafslo (1560-1697) og deretter med Peder Frost, òg i Kroken i Hafslo (

 

     ##### (detaljar om Peder Frost? – fødselsåret?)

 

     -1614).  Simon gifte seg so kring 1632 att med Kari Christophersdotter Glad frå Vågå.  Ho var dotter av sokneprest Christopher Erikson Glad i Vågå og kona Aasta Torstensdotter Morsing, prestedotter frå Ringebu, og truleg f. i Vågå kring 1600. 

 

     ##### (høyrest dette fødselsåret rimeleg ut?)

 

     Ho d. som enkje i Sjøtun kring 1677.  Simon flytte inn i Kroken då han kring 1615 gifte seg med Øllegaard og tok samstundes over som fut i Dale og sidan i heile indre Sogn.  Kring 1632 tok han so over som gardbrukar på Fet der han budde til han kring 1644 flytte hit til Sjøtun.  Her vart dei buande levetidi ut.  Simon fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, og i ei sak dagsett 15.9.1654 kom det fram at han hadde testamentert eine helfti av eigendomen sin til kongen og hi helfti til enkja Kari og ættlingane hennar.

 

Bertel Christenson Mule, ein søsterson av Kari, var son av sokneprest Christen Bertelson Mule i Vågå, opphavleg frå Oslo, og første kona Anna Christophersdotter Glad frå Vågå, var visstnok f. i Vågå kring 1628.  Det ser ut som om Bertel kom til Solvorn alt på 1650-talet, og i 1668 vert det nemnt at sokneprest Mons Schanke i Luster ville ha Bertel til ny klokkar i Luster, men at Bertel på grunn av eit leigarmål ikkje fekk denne stillingi.  Noko meir ser me ikkje til han Bertel, so kan henda d. han i Solvorn kring 1670?

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

Anders Monsson Schanke, òg ein søsterson av Kari, men sjølv frå Dale prestegard i Luster, var f. i Luster kring 1635 og d. truleg i Solvorn kring 1675.  Anders gifte seg kring 1660 med Anna Jensdotter frå Hafslo prestegard.  Ho var f. kring 1627 og d. kan henda i Solvorn kring 1700.  Det er ikkje stort me veit om denne prestesonen frå Luster, men han skal i 1668 ha vore busett i Solvorn, og det er rimeleg å tru at ogso han har vore i hus hjå mosteri i Sjøtun.  Kanskje var han aktuell som ny brukar på garden etter Kari, men dette vart det ikkje noko av.  Me kjenner til ein son etter Anders og Anna:

 1. Mons Andersson Schanke (1662-1746), vart gardbrukar på indre Eikjo.

 

Nils Thueson Bare, likeins ein søsterson av Kari, var son av sokneprest Thue Aveson Bare i Vang, opphavleg frå Lund i Skåne, og kona Margrethe Christophersdotter Glad frå Vågå og f. i Vang kring 1650.  Han gifte seg i Strømsø, Drammen 24.2.1681 med Anna Cathrine Madsdotter Bjørn frå Rønneberg i Hof, Vestfold.  Ho var dotter av sorenskrivar Mads Jensson Bjørn på Rønneberg i Hof og kona Alhed Falch

 

     ##### (kvar hadde Mads Bjørn og Alhed Falch opphavi deira ifrå?)

 

     og truleg f. i Hof kring 1655.  Nils kom visstnok til Sjøtun alt i 1677 då han fekk ta over som gardbrukar og eigar av det som mosteri Kari då åtte mellom anna i Sjøtun og i Fet i Hafslo.  Nils var òg handelsmann på garden, men fekk etter kvart økonomiske vanskar.  Han lånte mellom anna mykje pengar hjå grannen, handelsmann og borgar This Arntson Nagel i Solvornstrondi under Sjøtun.  Gjeldi var i 1687 komi opp i heile 882 riksdalar og laut selja mykje av jordegodset sitt for å sletta gjeldi.  Nils vart i 1690 dessutan dømd for å ha drepe onnekaren sin, Nils Endreson Solvi, men slapp med å bøta 129 riksdalar som straff.  Han vart òg stemnd for gjeld til soknepresten i Luster, Mons Schanke.  Nils heldt likevel fram som gardbrukar i Sjøtun til 1692.

Nils Bare og kona Anna Cathrine flytte i 1692 til Bragernes for, som det vart sagt i Sogn, ”at søge Redning hos sine Venner”, men den seinare lagnaden hans er ukjend.  Me veit heller ikkje noko meir om kona Anna Cathrine eller om born etter dei.

 

##### (lagnaden til Nils og Anna Cathrine? – borni deira?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Her er framleis fleire utfordrande "hòl", og sjølv om eg heile tidi VONAR at nye detaljar kan komma på plass, er eg so pass realistisk at eg veit det vert vanskeleg å komma med suppleringar.  MEN, ein skal aldri seia aldri, og eg takkar på ny so mykje for alle tillegg som kan skaffast fram!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Riksarkivet har skannet en del diplomer fra prestearkiver. Her er et diplom datert 19.04.1619, hvor soknepresten Christopher Glad er nevnt. 1) Forside, 2) transkribert tekst, 3) og 4) selve diplomet. Kan dette bety at soknepresten fremdeles var i live i april 1619? 

 

Ja, det går fram av brevet at Anne Olavsdotter hadde vore i prestegarden hos herr Christopher og sagt opp bygselen av Sande same dagen som diplomet vart utferda. Med andre ord var herr Christopher i live 19. april 1619. Thomle skriv i NST 1 (s. 315) at Erik Christopherssøn avla embetseiden 8. september same året, men teoretisk sett kan jo herr Christopher ha avstått embetet i levande live. Thomle skriv vidare at Åste Torsteinsdotter kjøpte Hvalaby i Gran i juni 1624. Ho hadde neppe operert på eiga hand med ektemannen i live. Det ser av artikkelen ut som om Thomles kjelde er eit diplom (i Riksarkivet) av 10. oktober 1634. Det er ingen diplom frå denne datoen mellom dei *papir*diploma som ligg ute på Digitalarkviet. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 uker senere...

I ‘Studenterne ved Københavns Universitet 1479 - 1602’ av H. Friis Petersen, står følgende: ‘Ericus Christophori Nortvagus, Komm. 1605 = Erik Christophersen Glad, født ca. 1583, Præst i Waage i Norge 1619, død 1627 (K.M. - Finne-Grønn 12 - N.P.T.1/318,3/29)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.