Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Arne Østenson Feigesagen (Lom 1693 - Luster 1763) - borni Thora, Østen og Anna til ytre Sogn - Gulen, Solund eller Kinn? - lagnadane deira?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Denne huslyden vart sovidt nemnd i samband med dette emnet frå i fjor (http://forum.arkivverket.no/topic/191184-er-det-mulig-%C3%A5-finne-aner-til-lars-larsson-bergum-f%C3%B8dt-1710-i-bergum-i-v%C3%A5g%C3%A5/page-2?hl=%2Barne+%2B%C3%B8stenson#entry1618873), men utan at det vart gjort noko meir for å finna ut av lagnaden deira.  Difor tek eg denne huslyden no opp til ny drøfting med von om at lokale ekspertar i ytre Sogn kan hjelpa meg finna ut kvar det vart av dei?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Arne Østenson Feigesagen, opphavleg frå

 

     ##### (kva gard/plass i Lom?)

 

     var son av

 

     ##### (foreldri hans?)

 

     og f. i Lom kring 1693.  Han gifte seg i Lom 6.11.1735 med Brit, kjend som Britha Johns­dotter frå Gran under Stusnes i Lom.  Ho var dotter av husmann John Stenerson på Gran under Stusnes og kona Thorø Kjøstelsdotter og f. i Lom kring 1710.

Arne og Brit tok over eter foreldri hennar som plassfolk på Gran under Stusnes i Lom og budde der fram til 1742.

So ser me at Arne og Britha i 1742 flytte over Sognefjellet til Luster, og her var dei først husmannsfolk i Einehaugen under Sørheim til dei kring 1749 fekk hand om plassen på Feigesagi og flytte hit.  Arne var sagmeister på Feigesagi så lenge han levde.  Han vart gravlagd frå Feigesagi 3.8.1763, medan Britha vart gravlagd same staden 22.11.1784.  Dei fekk sju born i lag:

 1. John Arneson, døypt i Lom 30.3.1736, vart gravlagd frå Gran i Lom 6.5.1736.

 2. Live Arnesdotter, døypt i Lom 26.5.1737, vart gravlagd frå Gran i Lom 10.6.1737.

 3. Thorø, kjend som Thora Arnesdotter, døypt i Lom 17.6.1738, vart konfirmert frå Feigum i 1759.

Men kring 1760 flytte Thora Arnesdotter til Gulen; der tente ho nemleg då faren fall ifrå i 1763,

 

##### (seinare lagnad?)

 

 4. Østen Arneson, døypt i Lom 5.3.1741, vart gravlagd frå Gran i Lom 26.3.1742.

 5. Østen Arneson, døypt i Luster 15.1.1743,

Østen Arneson flytte òg kring 1760 til ytre Sogn der han framleis budde i 1763,

 

##### (seinare lagnad?)

 

 6. John Arneson (1746-før 1763), f. og d. i Luster.

 7. Anna Arnesdotter, døypt i Luster 30.8.1750, budde framleis på Feigesagi i 1763.

Men Anna Arnesdotter vart ikkje konfirmert i Luster, så ho må vera fari frå bygdi alt kring 1764.  Kan henda reiste også ho til ytre Sogn,

 

##### (seinare lagnad?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Opphavet til Arne Østenson i Lom vert det nok ikkje so lett å finna ut av, men kanskje det finst spor etter dei tre borni, Thora, Østen og Anna, i ytre Sogn?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torø Anita Ringebo-Roen

skal Feigum være i Lyster eller i Lom...

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gro Anita for nytt innlegg!

 

Som det går fram av teksten, flytte huslyden i 1742 til Luster, og dei budde frå kring 1749 på Feigesagi (under Feigum) i Luster.

 

Då Arne og Brit gifte seg i Lom i 1735, står det berre "soldat" Arne Østenson og ikkje noko gards- eller plassnamn!  Og det finst vel ikkje noko manntal for Lom frå 1701 som kan hjelpa oss vidare der?

 

Då er det kanskje lettare å finna ut kva som skjedde med borni?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torø Anita Ringebo-Roen

noe som kan være viktig er at jeg ikke har sett Østen brukt i så mange slekter i Lom på den tiden...jeg skal lete

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gro Anita for ny melding!

 

Då kan eg berre ønskja deg lukke til i freistnaden på å finna opphavet til Arne Østenson.

 

Samstundes vonar eg at nokon med lokal kunnskap og "god teft" kan greia å finna att borni i ytre Sogn...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Alf Strand

Har ikkje funne nokon av dei i Solund i dei kjelder eg har vore borti. Ikkje å finna i Eivindvik prestegjeld (Gulen + Solund) i 1801 heller.

 

Alf Strand

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Alf for nytt innlegg!

 

Det er merkeleg kor godt denne søskenflokken har "gøymt" seg!

 

Eg ser denne fødsli frå Manger (kjelde FamilySearch):

 

Name: Magdeli Johansen

Gender: Female

Christening Date: 30 May 1773

Christening Place: MANGER,HORDALAND,NORWAY

Father's Name: Johannes Larsen

Mother's Name: Thuri Arnesdr

 

men dette er vel helst ei "avsporing"...?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet som har lege i «gløymeboki» i over tre år...

 

Eg har diverre ikkje noko nytt å leggja fram av opplysningar i høve manuskriptet mitt frå innlegg #1, men eg grublar framleis på om denne Thuri Arnesdotter som dukkar opp som barnemor på Manger i 1773 (jmf. innlegg #7), kan vera identisk med jente eg leiter etter!  Namnekombinasjonen Thuri og Arnesdotter var ikkje so heilt vanleg, og tidspunktet høver jo ganske so godt...

 

Johannes Larsson og Thuri Arnesdotter gifte seg på Manger 1.7.1770, og då heitte dei båe Herdlevær: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001257727

 

Thuri Arnesdotter vart gravlagd frå Herdlevær alt 19.3.1775, 41 1/2 år gamal: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000580809

Alderen er rett nok litt i høgste laget, men den gongen var dei ikkje like nøye på det, og særleg om ho var innflytt til bygdi...  Og frå Gulen til Herdlevær er det ikkje so lange stykket med båt!!

 

Eg ser dei hadde fleire born i tillegg til Magdeli frå 1773:

 

* Siri, døypt 24.3.1772: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000001707046

 

* Thuri, døypt 21.1.1775: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000001707762

 

Når det gjeld Østen Arneson, so ser eg at ein person med dette namnet gifte seg i Vågå 1.11.1764 med ei Kari Paulsdotter, og desse budde i 1801 som plassfolk under Rudi i Vågå: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058252002590

Eg ser han døydde i Vågå i 1805: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001663739

Men båe kjeldene gjev oss fødselsåret 1731, so han er nok litt i eldste laget...

 

Eg hadde vorte kjempeglad om nokon greidde å identifisera lagnaden til minst eitt av dei tre søskeni frå Feigum som me veit budde i Gulen i 1763, og takkar på ny for framifrå bistand til løysing av denne kjempeutfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per S. Nestande

Til orientering så har ikkje bygdebok for Lom kobla Arne Østensson til nokon annan gard i Lom, men familien med dei fire eldste borna er førde under Gran. 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Per og Ivar for dei siste innleggi!

 

Kvar denne Arne Østenson kan ha opphavet sitt frå, vert ikkje noki enkel oppgåve å løysa.  Me manglar diverre FT1701 for heile øvre Gudbrandsdalen, og i Sogn og Fjordane ser me IKKJE noko til han...  Det beste me kan vona på, er at han dukkar opp i eitt eller annan skifte, eller kanskje i ei tingsak?  Han kunne vel teoretisk òg dukka opp i ei soldatrulle frå øvre Gudbrandsdalen, men dei er vel ikkje so lett tilgjengelege...?

 

Med omsyn til Østen Arneson i Kinsarvik, er nok dette, som du, Ivar, òg seier, litt «utanfor allfarveg» frå Luster, men det som i dette tilfellet gjer Østen uaktuell for meg, er det faktum at me har ein annan Østen Arneson fødd i Kinsarvik same år, 1743:

 

Name Osten Arnesen
Gender Male
Birth Date 26 Nov 1743
Christening Date 28 Nov 1743
Christening Place , KINSARVIK, HORDALAND, NORWAY
Father's Name Arne Jonsson
Mother's Name Brita Ostensdr

 

og han budde framleis der i 1801 med same kone som han gifte seg med i 1771: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058376001053

 

«Vår» Østen Arneson vert nok ikkje so enkel å finna att, men det er lov å vona, og det gjer eg...!  Då er kanskje Thuri Arnesdotter på Herdlevær ein mykje meir aktuell «kandidat» tilhøyrande denne huslyden...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torodd Kinn

Kan Tore Arnesdotter ha hamna i Vik? Dette kan sjølvsagt vere eit villspor ...

 

Ei Thore ArnesD. Wigøren gifta seg med Ingebrigt Olsen Midlang i 1775, fekk dottera Kari same år og døydde kort tid etter, med skifte i 1776:

 

Truloving her øvst til venstre:

SAB, Vik Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 4, 1772-1783, s. 64-65
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070523640508
 

Dåp her nedst til venstre:

SAB, Vik Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 4, 1772-1783, s. 78-79
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070523640515
 

Skifte her til høgre:

SAB, Ytre Sogn Tingrett, H/Ha/L0009b: Skifteprotokoll, 1772-1782, s. 705-706
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081124640747

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Torodd for eit svært spennande og utfordrande innlegg!

 

Eg har ingen «fasit» for kva for ei som eventuelt er den «rette» Thora Arnesdotter, og jenta på Vikøyri ligg i same aldersgruppa som ho på Herdlevær.  Diverre kan eg ikkje finna noki gravferd for Thora Arnesdotter i Vik, so me får ingen nokolunde alder på ho...

 

Men kanskje Jon kan fortelja oss kva bygdebokforfattaren for Vik har å seia om denne jenta?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå freistnadar på å komplettera denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sværen

Lars !

 

På s 210, v 116, Vikøren, står det i Ættabokji frå 2008:

Arne Ivarson Røyrvik frå Kyrkjebø (f og død  ukjent) gift 1737 m/ Tora Arnesdtr Mjelleli 1707-41. 

2 ongar.

Arne f 1738, til Kyrkjebø

Gregorius f 1739 d 1739.

Arne attgift 1741 m/ Kari Gullaksdtr Teigen f 1717 frå Kyrkjebø.

1. Gullak f 1743

2. Ivar f 1745 d. ? 1745

3. Tora f 1747 gift 1775 på s 220 ( v 374) m/ Ingebrigt Olason Vikøyri f 1735 d 1805.  Tora døyr i 1776. 

        Ei dtr: Kari f 1775. Ugift tjenar i Bergen i 1805.

4. Marta 1749-49

5. Marta 1751-58

6. Ivar 1756-56

Huslyden kom til Vikøyri omlag 1755.

Arne og kona vanføre i 1763, trulig ekstraskatten.

 

Tora 1747-76:  

 

Tora Arnesdtr Vikøyri

Female 1747 - 1776

 
Personal Information    |    PDF
 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon for eit kjapt og spennande innlegg om Tora Arnesdotter på Vikøyri.

 

Då er det heilt tydeleg at ho IKKJE var frå Luster, so me kan på ny samla merksemdi kring Thora Arnesdotter på Herdlevær...  Ho har i alle fall førebels ingen lokale «konkurrentar» det eg kan sjå..., men so er jo bygdeboki for Herdla òg «so som so»...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å løysa denne kjempegåta!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sværen

Lars: Eg kom for seint til byn for å finna ut noko om Thora Arnesdtr på Herdla. Så det bli til mandag / andre hjelpare har bokji heime hos seg sjølve.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon for siste innlegget.

 

Det høyrest ut som om du ikkje har sett følgjande tema der eg tok opp til drøfting ganske særskilt lagnaden til Tora Arnesdotter på Herdlevær:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/223930-oppslag-i-bygdebok-herdlaøygarden-garden-herdlevær-1770-talet/

 

Om du kan finna kjeldemateriale som kan utvida kunnskapen vår om Tora Arnesdotter på Herdlevær, ville eg vorte svært so glad!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Då er det komme ei avklaring når det gjeld Thuri Arnesdotter på Herdlevær på Herdla.  Ho er IKKJE dotter av Arne Østenson på Feigum, so då er me «back to square #1» for heile denne huslyden til Arne Østenson!

 

Kvar i all verdi kan det ha vorte av dei tre søskeni, Thora, Østen og Anna, fødde i Lom, men oppvaksne på Feigum i Luster og flytte til Gulen først på 1760-talet (jmf. innlegg #1)??

 

Eg takkar på ny for alle gode tips og lever i von om at eitt og anna «gullkorn» kan dukka opp...!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.