Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Anders Olsen (Aase) frå Sund (1782- ) gift med Agatha Larsdotter frå Hafslo (1780- ), budde i Bergen til 1850 og forsvinn! - kvar vart dei av?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette emnet er ei oppfølgjing av tema #77041 (http://forum.arkivverket.no/topic/162383-77041-andreas-olsen-178-e1846-kona-agathe-jekteskipper-og-oelbryggjar-bergen/?hl=%2Bagatha+%2Blarsdotter) og tema #77188 (http://forum.arkivverket.no/topic/162530-77188-anders-olsen-aase-sund-borgarskap-bergen-1841-som-marketentar-kven-var-han/?hl=%2Bagatha+%2Blarsdotter), båe i det gamle Brukarforum.

 

Her kjem eit oppdatert manuskript for denne huslyden der kona kom frå Solvorn i Hafslo, medan mannen kom frå Åse i Sund:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Agatha Larsdotter, døypt {i Hafslo} 17.12.1780,

Agatha Larsdotter flytte i ung alder til Bergen der ho 30.3.1812 gifte seg med Anders Olson frå Åse i Fjell, i Bergen kjend som Andreas Olsen.  Han var son av gardbrukar Ole Nilsson på Åse og kona Britha Monsdotter frå Kallestad og vart døypt i Fjell, Sund 13.10.1782.  Andreas var sjømann og sidan jekteskipper i mange år, men tok i 1841 borgarskap som marketentar(!).  Han er sidan òg nemnd ølbryggjar. 

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1850 – selde huset sitt i Bergen 1850, men var avliden før 1870!)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1844 – 1844: ”Madame Agathe Olsen” )

 

Dei fekk fem søner i lag:

a. Lars Olai Andreasson Olsen, f. i Bergen 11.5.1813,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans? – funnen som konfirmant 1829! – d. barnlaus før 1870!)

 

b. Nils Andreas Andreasson Olsen, f. i Bergen 5.1.1815,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans? – ikkje funnen som konfirmant! – d. barnlaus før 1870!)

 

c. Carl Johan Andreasson Olsen, f. i Bergen 30.1.1818, d. i Bergen 3.6.1876.  Carl gifte seg i Bergen 28.4.1844 med Anna Lovise Salomonsdotter Jørgensen, f. i Bergen 20.3.1821.  Ho d. i Bergen 27.4.1871.  Carl var kontormann og vart sidan òg spansk tolk (!) i Bergen der han og Lovise budde levetidi ut.  Dei fekk sju born i lag.

d. Severin Andreasson Olsen, f. i Bergen 30.9.1819, d. i Bergen 4.12.1906.  Han gifte seg i Bergen 22.11.1846 med Helle Margrethe Juliusdotter Wiesener, f. i Bergen 5.2.1822.  Ho d. på Fløen i Årstad, Bergen 14.2.1900.  Severin var gesell og sidan handelsborgar og meklar.  Han og Helle budde òg i Bergen og fekk elleve born i lag.

e. Michael Blydt Andreasson Olsen, f. i Bergen 1.2.1822, d. i Bergen 6.3.1904.  Han gifte seg på Seim i Hosanger 21.7.1849 med Alida Marie von Krogh Willadsdotter Doth, f. på Lindås 21.2.1821.  Ho d. i Bergen 19.12.1898.  Michael var ei tid landhandlar på Valde i Seim (Meland), men flytte i 1850 attende til Bergen og var sidan handelsmann der.  Han og Alida fekk tre born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det som manglar i denne huslyden, er å finna fire dødsfall:  For Anders og Agatha samt for dei to eldste sønene.  Som det går fram av eitt av dei gamle emni, vart det i 1870 halde skifte etter ein barnlaus bror av Anders, Knut Olson, og då var tydeleg Anders og dei to eldste sønene avlidne!  Det vart søkt "over alt" etter dei fire dødsfalli då desse emni var oppe for fem år sidan. men utan hjel.  Kanskje det seg gjera finna noko i dag?  Eg mistenker Anders og Agatha for å vera flytte ut av byen i 1850, men so langt av stad kan dei vel ikkje vera farne?

 

Det er i alle fall lov å vona, og eg takkar so mykje for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg ønskjer i kveld å henta fram att dette problemet, som framleis står uløyst!

 

Det er merkeleg korleis dette parfolket berre "forsvinn", men me lyt vel vona at dei vil dukka opp, før elleer sidan, jo fleire kjelder som vert registrerte...?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.