Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Hans Pedersen (Otteren) frå Davik (1783-1856) - matros i Bergen - gift to gongar - kven var 2dre kona Synneva Andersdotter - lagnaden til sonen Peder?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ei oppfølgjing av følgjande tema frå det gamle Brukarforum: http://forum.arkivverket.no/topic/162363-77021-hans-pederson-otteren-1783-fraa-bremanger-davik-til-bergen-huslyden/?hl=%2Bagatha+%2Blarsdotter

 

Karen Larsdotter frå Solvorn i Hafslo (1778-1813) flytte i ung alder til Bergen og gifte seg der med Hans Pederson frå Otteren i Davik.  Denne huslyden byr på fleire utfordringar, men først av alt: eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kari Larsdotter, døypt 11.10.1778,

Karen Larsdotter flytte i ung alder til Bergen der ho 9.8.1807 gifte seg med Hans Pederson frå Otteren i Davik, i Bergen kjend som Hans Pedersen.  Han var son av gardbrukar Peder Andersson på Otteren og kona Dortha Isaksdotter frå Kjelkenes i Kinn og vart døypt i Davik 27.4.1783.  Hans var snikkar, og han og Karen vart buande i Nykyrkjesokni i Bergen der Karen d. 14.3.1813.  Hans Pedersen gifte seg 8.10.1815 att i Bergen med ei Synneva Andersdotter av ukjent opphav. 

 

¤¤¤¤¤ (eller var ho frå Os i Eid? – sjå trulovingi 1815: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=4598&idx_id=4598&uid=ny&idx_side=-6)

 

Ho var truleg f. kring 1784.  Hans Pedersen livnærte seg frå 1815 som matros, og han og Synneva budde òg i Nykyrkjesokni i Bergen.  Synneva d. visstnok på sjukehuset i Bergen 18.2.1827, medan Hans Pedersen d. på ein pleieheim i Bergen 19.12.1856.

Kari Larsdotter fekk ei dotter, medan ho budde i Hafslo:

a. Britha Johannesdotter (1799-1856), dotter av Kari og gardbrukarsonen Johannes Larsson frå Øvrebø (1776-1800), voks visstnok opp på Øvrebø, men vart sidan gift med gardbrukar Hans Olson på Urnes (1791-1878) (s.d.).

Hans Pedersen fek i alt seks born; av dei var desse to sønene frå første ekteskapet med Ksren:

b. Peder Hansen, f. i Bergen 19.11.1807,

 

     ¤¤¤¤¤ (truleg d. før 1821?)

 

c. Lars Hansen, f. i Bergen 20.10.1809, d. i Bergen 19.6.1874.  Han gifte seg i Bergen 8.6.1845 med Christiane Helgesdotter frå Øyjorden på Askøy, døypt på Askøy 7.10.1813.  Ho d. som enkje i Bergen 14.5.1881.  Lars var matros og ferjemann, og han og Christiane budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk fem born i lag.

 

     ¤¤¤¤¤ (skifte 1821 nemner berre ein son ”Arne Peder Hansen, 12 aar”! – FT1815 nemner ein son Peder Pedersen 7 år!)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Denne huslyden har to hovudutfordringar:

 

* Opphavet til Synneva Andersdotter som i 1815 gifte seg med Hans Pedersen.  Eg meiner trulovingi seier ho hadde OUS som ættenamn og ville tru det antyder eit opphav frå garden Os i Eid, nabobygdi til Davik i Nordfjord?

 

* So var det spørsmålet om sønene etter Karen Larsdotter og Hans Pedersen.  Det vart i 1821 halde skifte etter Peder Arneson Lunde, ein onkel til Karen, og der går det fram at Karen let etter seg ein son Arne Peder Hansen på 12 år.  So har me FT1815 der Hans Pedersen har buande hjå seg sonen Peder Pedersen på 7 år!  Men Lars Hansen, som eg har greidd å følgja vidare (argumentasjonen ligg i det gamle emnet) var i alle fall sonen til Karen og Hans!  Kan det tenkjast at skiftet frå 1821 er feil og at det på den tidi levde att TO søner etter Karen?  Kanskje Lars budde hjå andre skyldfolk i 1815?

 

Eg takkar so mykje for alle gode tips når det gjeld denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gunnar Sigdestad

Hei Lars!

 Han var son av gardbrukar Peder Andersson på Otteren og kona Dortha Isaksdotter frå Kjelkenes i Kinn

Litt pirk: Det heiter i Otteren, ikkje på... :)

Peder Andersen Otteren var forresten utsending frå Davik til Lærdal i 1814.

Endret av Gunnar Sigdestad

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gunnar for den grammatiske rettingi!  Det er ikkje godt å vita for ein "utbygding" korleis lokalfolket uttrykker seg...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Bergesen

En Synneve Andersdatter er døbt i Eid Kirke 13/11-1782, Faren er Anders Andersen Tachloe 1751-1807 gift 19/7-1782 i Hornindal Kirke med Anne Olsdatter Frislid 1748-. dette paret er jordløs husmand på Ous i 1801, da Synneve A blir konfirmert i Hornindal Kirke i 1798 er hun skreven for Oushougen, som er en husmandsplass under Ous.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Rune for framifrå innlegg!

 

Eg såg på 1801-teljingi at der budde eit par som KUNNE vera foreldri hennar Synneva, og eg vart mildt sagt svært oppglødd då eg oppdaga meldingi di med dåpen og konfirmasjonen til Synneva.  Eg er ikkje i tvil om at dette må vera den "rette" Synneva.  Alderen høver òg godt!

 

Forrresten, kan det stemma at Anders hadde opphavet sitt frå Taklo, medan Anna var frå Frislid?  Eller budde dei berre ei kort tid på desse stadene då dei gifte seg?

 

Det eine spørsmålet er soleis løyst, og eg lyt no vona at ogso det andre finn ei løysing...

 

Nok ein kjempetakk for hjelpi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Bergesen

De hadde ophavet sitt på disse gardene.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hatvik

En Synneve Andersdatter er døbt i Eid Kirke 13/11-1782, Faren er Anders Andersen Tachloe 1751-1807 gift 19/7-1782 i Hornindal Kirke med Anne Olsdatter Frislid 1748-. dette paret er jordløs husmand på Ous i 1801, da Synneve A blir konfirmert i Hornindal Kirke i 1798 er hun skreven for Oushougen, som er en husmandsplass under Ous.

 

 

Ho kom i alle høve ikkje frå prestegarden Os, Os prestegjeld i Hordaland, som òg vart skrive Ous på den tida. Ous i Eid er nok rett.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Rune og Terje for nye innlegg!

 

Som sagt ovanfor, so trur eg me trygt kan slå fast at Rune har finne den "rette" Synneva!  Kan henda har dei kjent korandre frå barndomen av og so vortne i lag etter at Hans vart enkjemann!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden, der me no berre saknar opplysningar kring denne sonen Peder!?

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kari Larsdotter, døypt {i Hafslo} 11.10.1778,

Karen Larsdotter flytte i ung alder til Bergen der ho 9.8.1807 gifte seg med Hans Pederson frå Otteren i Davik, i Bergen kjend som Hans Pedersen.  Han var son av gardbrukar Peder Andersson i Otteren og kona Dortha Isaksdotter frå Kjelkenes i Kinn og vart døypt i Davik 27.4.1783.  Hans var snikkar, og han og Karen vart buande i Nykyrkjesokni i Bergen der Karen d. 14.3.1813.  Hans Pedersen gifte seg 8.10.1815 att i Bergen med Synneva Andersdotter frå Os i Eid.  Ho var dotter av husmann Anders Andersson på Oshaugen under Os, opphavleg frå Taklo, og kona Anna Olsdotter frå Frislid og vart døypt i Eid 13.11.1782.  Hans Pedersen livnærte seg frå 1815 som matros, og han og Synneva budde òg i Nykyrkjesokni i Bergen.  Synneva d. visstnok på sjukehuset i Bergen 18.2.1827, medan Hans Pedersen d. på ein pleieheim i Bergen 19.12.1856.

Kari Larsdotter fekk ei dotter, medan ho budde i Hafslo:

a. Britha Johannesdotter (1799-1856), dotter av Kari og gardbrukarsonen Johannes Larsson frå Øvrebø (1776-1800), voks visstnok opp på Øvrebø, men vart sidan gift med gardbrukar Hans Olson på Urnes (1791-1878) (s.d.).

Hans Pedersen fekk i alt seks born; av dei var desse to sønene frå første ekteskapet med Karen:

b. Peder Hansen, f. i Bergen 19.11.1807,

 

     ¤¤¤¤¤ (truleg d. før 1821?)

 

c. Lars Hansen, f. i Bergen 20.10.1809, d. i Bergen 19.6.1874.  Han gifte seg i Bergen 8.6.1845 med Christiane Helgesdotter frå Øyjorden på Askøy, døypt på Askøy 7.10.1813.  Ho d. som enkje i Bergen 14.5.1881.  Lars var matros og ferjemann, og han og Christiane budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk fem born i lag.

 

     ¤¤¤¤¤ (skifte 1821 nemner berre ein son ”Arne Peder Hansen, 12 aar”! – FT1815 nemner ein son Peder Pedersen 7 år!)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny so mykje for hjelpi med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg veit ikkje korleis opplysningane om dei to sønene etter Hans Pedersen (Otteren) og første kona Kari Larsdotter er komne inn slik dei var.  Når eg i dag finles skiftet etter Agatha Hansdotter Bjørnetun frå 1821

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24148/34/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081121650461.jpg

 

går det heilt tydeleg fram at Kari og Hans let etter seg TO SØNER:

 

* Peder Hansson på 12 år, og

 

* Lars Hansson på 10 år.

 

Dette gjev eit oppdatert manuskript som ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kari Larsdotter, døypt [i Hafslo] 11.10.1778,

Karen Larsdotter flytte i ung alder til Bergen der ho 9.8.1807 gifte seg med Hans Pederson frå Otteren i Davik, i Bergen kjend som Hans Pedersen.  Han var son av gardbrukar Peder Andersson i Otteren og kona Dortha Isaksdotter frå Kjelkenes i Kinn og vart døypt i Davik 27.4.1783.  Hans var snikkar, og han og Karen vart buande i Nykyrkjesokni i Bergen der Karen d. 14.3.1813.  Hans Pedersen gifte seg 8.10.1815 att i Bergen med Synneva Andersdotter frå Os i Eid.  Ho var dotter av husmann Anders Andersson på Oshaugen under Os, opphavleg frå Taklo, og kona Anna Olsdotter frå Frislid og vart døypt i Eid 13.11.1782.  Hans Pedersen livnærte seg frå 1815 som matros, og han og Synneva budde òg i Nykyrkjesokni i Bergen.  Synneva d. visstnok på sjukehuset i Bergen 18.2.1827, medan Hans Pedersen d. på ein pleieheim i Bergen 19.12.1856.

Kari Larsdotter fekk ei dotter, medan ho budde i Hafslo:

a. Britha Johannesdotter (1799-1856), dotter av Kari og gardbrukarsonen Johannes Larsson frå Øvrebø (1776-1800), voks visstnok opp på Øvrebø, men vart sidan gift med gardbrukar Hans Olson på Urnes (1791-1878) (s.d.).

Hans Pedersen fekk i alt seks born; av dei var desse to sønene frå første ekteskapet med Karen:

b. Peder Hansen, f. i Bergen 19.11.1807,

 

     ##### (levde ved skfte 1821 – lagnaden hans?)

 

c. Lars Hansen, f. i Bergen 20.10.1809, d. i Bergen 19.6.1874.  Han gifte seg i Bergen 8.6.1845 med Christiane Helgesdotter frå Øyjorden på Askøy, døypt på Askøy 7.10.1813.  Ho d. som enkje i Bergen 14.5.1881.  Lars var matros og ferjemann, og han og Christiane budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk fem born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Då sit me att med følgjande viktige spørsmål:

 

* Kvar vart det av Peder Hansen etter 1821?

 

Eg har ikkje finne han gift eller avliden i Bergen og heller ikkje i Noreg 1865.

 

Eg har òg lese kjapt igjennom konfirmantlistene for Nykyrkja, Domkyrkja og Krosskyrkja i Bergen, men kan ikkje sjå Peder Hansen i nokon av dei..., MEN denne huslyden synest ha vore relativt "mobil", so Peder kan jo godt vera konfirmert ein annan stad.  Eg fann heller ikkje broren Lars Hansen mellom konfirmantane i Bergen, sjølv om han vart buande i Bergen!

 

Dette spørsmålet om Peder Hansen vert soleis ei skikkeleg utfordring, og eg takkar so mykje for alle gode tips kring lagnaden hans!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.