Gå til innhold
Arkivverket

Kirsti Gjertsdotter Fladhammer (1825-1916) frå Luster til Bergen til Wisconsin - gift med Jonas Jensson (1825-1919) - kven var han? - utfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er eit over 30 år gamalt problem som eg ikkje fann ei løysing på den gongen, men som kanskje i dag, med so mange nye tilgjengelege kjelder, kan vera mogeleg å finna ut av?

 

~~~~~~~~~~

 

Kirsti Gjertsdotter Fladhammer, fødd i Luster 17.12.1825, fekk i 1850 attest for å flytta til Bergen der ho ifølgje gamle kjelder skulle ha gift seg kring 1853 med ein snikkarmeister med namn Jonas Jensson, fødd 27.10.1825 (kjelde dødsattest eller gravminne), uvisst kvar, og dei skal ha utvandra til Amerika i 1854 i lag med ei dotter ho hadde frå før:

 

* Kari Pedersdotter Fladhammer, barnefar Peder Hermundson Høyum (1824-1851), fødd i Luster 15.9.1848.

 

Huslyden busette seg på ein liten farm i McFarland, Dunn township, Dane Co., WI der Jonas mellom anna òg livnærte seg som snikkar.  Dei skreiv seg for Jonas og Kirsti, stundom Christine JOHNSON.  Christine døydde i McFarland, WI 12.6.1916, medan Jonas døydde same staden 28.9.1919.  Dotter hennar, i 1860 nemnd som Caroline Johnson, var framleis i live då ho vart konfirmert i 1863, men den seinare lagnaden hennar er ukjend.

 

~~~~~~~~~~

 

No syner FT1900 noko avvikande opplysningar:  Båe utvandra i 1854, men vigde i 1857,

 

medan FT1910 syner at dei båe utvandra i 1858, og at dei gifte seg i 1860.

 

Ved båe høvi vert det sagt at Kirsti aldri hadde hatt born!

 

Eg har i første omgong fire utfordande spørsmål:

 

* Kvar i Noreg hadde Jonas Jensson opphavet sitt frå?

 

* Kan vigsli deira finnast?

 

* Kva tid utvandra dei til Amerika?

 

* Kvar vart det av dotteri Kari?

 

Eg krossar fingrer og tær og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan dette være noe? http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/22/pe00000000042611

 

Pass for emigrasjon til Amerika, utstedt i Bergen 1842-1860


Christine Gjertsdtr Fladhammer
Fornavn: Christine
Etternavn: Gjertsdtr Fladhammer
Kjønn:  
Alder: 38
Stilling/stand: Pike
Familiestilling: med Pigebarn
Bosted:  
Tinglag:  
Prestegjeld: Lyster Fødested:  
Utstedt/vist: 04.05.1854
Nytt pass utstedt:

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Se på denne Jonas Johnsen som utvandrer fra Stavanger i 1852 - født 25.10.1825, N. Sourdal, Sokndal:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=9&filnamn=STAV&gardpostnr=64267&merk=64267#ovre

 

Men fødselsdatoen er visst 25.08.1825:

Rogaland fylke, Sokndal, Klokkerbok nr. B 1 (1815-1848), Fødte og døpte 1825, side 150-151. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15868&idx_id=15868&uid=ny&idx_side=-77
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070625640077.jpg

 

Kildeinformasjon: Rogaland fylke, Sokndal i Sokndal, Ministerialbok nr. A 8.2 (1842-1857), Inn- og utflyttede 1852, side 388. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1662&idx_id=1662&uid=ny&idx_side=-145
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20051214020539.jpg

 

Men denne Jonas er nok mest et skudd i blinde. 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for kjempegode skòt, og det i blinde!  Eg er imponert kor godt du treff utan å bruka augi!

 

Du har finne utvandringi til Kirsti, og du har finne huslyden i 1860.

 

Når det gjeld Jonas, so ser eg av FT1900 at fødselsmånaden då er oppgjeven til AUGUST, og han var tross alt døypt i oktober.  Kanskje har det vore ei samanblanding?  Eg TRUR du har finne rett Jonas, men 100% sikre kan me jo sjølvsagt ikkje vera...  Likevel, er det mogeleg å få tak i følgjande tilleggsopplysningar om foreldri hans, ved dåpen oppgjevne som husmann John Johnson Saurdal og kona Marie Rasmusdotter:

 

* Jonas er kalla gardbrukarson ved utvandringi i 1852 - tyder dette at John og Marie sidan vart gardbrukarar på Saurdal i Sokndal?  Eller var dei gardbrukarar på Aamodt nedre (jmf. dåpen til sonen Andreas i 1835: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1659&idx_id=1659&uid=ny&idx_side=-73)?

 

* Kva gard/plass har John Johnson opphavet sitt ifrå? - her er vigsli hans med Marie 25.6.1819 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15868&idx_id=15868&uid=ny&idx_side=-136), men kva gardsnamn står på John?

 

* Kva gard/plass har Marie Rasmusdotter opphavet sitt ifrå? - truleg frå Aamodt nedre (jmf. vigsli)?

 

So sit me att med dotteri/stedotteri Kari.  Kvar kan ho ha vorti av?  Ho vert nok ikkje so lett å finna att...

 

Eg takkar på ny for kjempeflotte innlegg so langt, og det nesten i blinde!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra www.wisted.net

 

Åmodt nedre:

 

21. JON JONSEN f. 1792 d. 1863
N. Støle nr. 25h, kaltes Surdal i 1820 – 1825, døde på N. Støle
g.1819m. MARIE RASMUSDTR. f. 1794 d. 1864
nr. 17b, døde på N. Støle
Barn :
a. Anne f. 1820 d. 1835 i en båtulykke
b. Tolene f. 1822 gift på Bakke nr. 18
c. Jonas f. 1825
d. Reinert f. 1828 N. Støle nr. 32
e. Johanne Marie f. 1834 d. 1834
f. Andreas f. 1835

 

I utflytterlisten er fødselsdato oppgitt til 25.10, og i dåpsinnførselen leser jeg fødselsdatoen til 25. oct (ser ut som det kan  være rettet i ettertid).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

"I utflytterlisten er fødselsdato oppgitt til 25.10, og i dåpsinnførselen leser jeg fødselsdatoen til 25. oct (ser ut som det kan  være rettet i ettertid)." - her er dåpsinnførselen i ministerialboka:

 

Kildeinformasjon: Rogaland fylke, Sokndal, Ministerialbok nr. A 6 (1815-1826), Fødte og døpte 1825, side 166-167. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15867&idx_id=15867&uid=ny&idx_side=-83
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070625630695.jpg

 

Litt på siden, men er dette søsteren til Kirsti/Christine Gjertsdatter Fladhammer?

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/22/pe00000000042245

  Pass for emigrasjon til Amerika, utstedt i Bergen 1842-1860

 

Magrte Gjertdsdtr Fladhammer

 

Fornavn: Magrte

Etternavn: Gjertsdtr Fladhammer

Kjønn:   Alder: 17

Stilling/stand: Pike

Familiestilling:  

Bosted:   Tinglag:  

Prestegjeld: Lyster

Fødested:  

Utstedt/vist: 25.05.1847

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette her du fra før, men legger det inn: Jonas og Chisti i Wisconsin 1880:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=3&filnamn=ft21001880wisc&gardpostnr=19270&merk=19270#ovre


Fant denne: http://www.oregonareahistoricalsociety.org/bios/johnson_j.htm

 

"Jonas Johnson


JONAS JOHNSON, carpenter and joiner, McFarland; was born in Norway in August, 1825; he emigrated to Wisconsin in 1855, stopped six months at Milwaukee, whence he came to Stoughton, Dane Co., and thence to McFarland, where he has since lived.  Mr. Johnson was the first blacksmith at McFarland, which he continued, in connection with the other business, till 1860; then began carpentering and building, which he now follows.

He was married in Norway, about 1845, to Bertha Everson, who died in Dane Co. Wis. in 1855, leaving one daughter, Mary, who is now deceased; his second marriage was in 1857, to Christina Johnson, a native of Norway, who came to Wisconsin that year.

Ref. 1880 History of Dane County, Wisconsin, p. 1205-06"

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

En kandidat fra Stjørdal

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:N7YB-BM4

 

Dåpen
Kildeinformasjon: Nord-Trøndelag fylke, Stjørdal, Ministerialbok nr. 709A10 (1820-1832), Fødte og døpte 1825, side 59.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16375&idx_id=16375&uid=ny&idx_side=-62
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070925630157.jpg

Han var i tilfelle født 8. august 1825

 

En datter Mali født 12. april 1848
Kildeinformasjon: Nord-Trøndelag fylke, Stjørdal, Ministerialbok nr. 709A14 (1845-1858), Fødte og døpte 1848, side 52.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2463&idx_id=2463&uid=ny&idx_side=-54
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050510030300.jpg

Endret av Lars Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Finner denne dåpen - i Stjørdal!! - så dette er nok definitivt et skudd i tåka:

 

Mali, 1848 - far: Jonas Jensen Medhaug, mor Beret Iversdatter - gift: 

 

Nord-Trøndelag fylke, Stjørdal, Ministerialbok nr. 709A14 (1845-1858), Fødte og døpte 1848, side 52. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2463&idx_id=2463&uid=ny&idx_side=-54
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050510030300.jpg

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jonas og Beret ble gift 16.04.1848:

 

Nord-Trøndelag fylke, Stjørdal, Ministerialbok nr. 709A14 (1845-1858), Ekteviede 1848, side 408. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2463&idx_id=2463&uid=ny&idx_side=-316
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050510030563.jpg

 

Jonas var født 08.08.1825:

Nord-Trøndelag fylke, Stjørdal, Ministerialbok nr. 709A10 (1820-1832), Fødte og døpte 1825, side 59. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16375&idx_id=16375&uid=ny&idx_side=-62
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070925630157.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. og Grethe for fleire kjempeflotte og imponerande innlegg!

 

Hadde det ikkje vore for den gamle lokalsoga frå Dane Co., WI frå 1880, so hadde me vel truleg ikkje leitt vidare etter eit betre alternativ for Jonas Johnson enn "kandidaten" frå Sokndal!  Sjølv om fødselsdatoen og dei fleste detaljane elles frå Sokndal høvde svært so godt, hadde eg heile tidi ein viss tvil, særleg p.g.a. farsament, som ifølgje mine oplysnngar skulle vera JENSSON!

 

Uansett, mannen er funnen, og eg har utarbeitt eit oppdatert manuskript for denne huslyden, som følgjer:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

NB: Dette manuskriptutsnittet er ertstatta av eit nytt i innlegg #15

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Når det gjeld Margretha Gjertsdotter (1829-1915), var eg ikkje kjend med at ho skulle ha utvandra til Amerika i 1847.  Derimot har eg notert meg at ho flytte til Bergen dette året, men alt 29.12.1850 gifte ho seg i Lærdal med husmann og murar Petter Hansson frå Lærdalsøyri, og dei vart buande der på Øyri!

 

Det var ei tredje søster, Britha Gjertsdotter (1820-1893) som me veit sikkert utvandra til Amerika i 1847 med mannen Ole Torkildson Kroken, og eg vil ikkje uteklukka at Margretha kan ha slege følgje med dei, for so å vera kommi attende etter kort tid!?  Men dette vert vanskeleg å prova...  Eg lurer på om det ikkje manglar passasjerlister nettopp for 1847?

 

Nok ein gong må eg få takka so mykje for dei kjempeflotte opplysningane som er framkomne på so kort tid om Kirsti og huslyden hennar.  Eg kan berre gje meg ende over!  Men sjølvsagt vonar eg òg at nokre av dei detaljane som framleis manglar, kan dukka opp...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ho var dotter av

 

##### (Iver Pederson Trøbakk? – fulle namn på foreldri hennar med yrkestitel og opphav?)

 

og f. i Stjørdalen

 

##### (fødselsdatoen hennar? – 1818?)

 

Kan dette være en kandidat til Berit? - se høyre side:

Nord-Trøndelag fylke, Hegra i Stjørdal, Ministerialbok nr. 709A08 /4 (1815-1819), Fødte og døpte 1817, side 71. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16945&idx_id=16945&uid=ny&idx_side=-16
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050510030071.jpg

 

Foreldrene Iver og Anne (Ane) er føderådsfolk hos sønnen Peder på Trøbak i 1865:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038333005382

 

Jeg klarer ikke helt å tyde hvor familien bodde da Beret ble døpt. Men faren var innerst. Men ved konfirmasjonen står det at Berit var født på Evjen:

 

Nord-Trøndelag fylke, Stjørdal, Ministerialbok nr. 709A10 (1820-1832), Konfirmerte 1830-1831, side 275. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16375&idx_id=16375&uid=ny&idx_side=-237
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070925630332.jpg

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt spennande innlegg!

 

Eg fann ikkje noki høveleg Berit Iversdotter hjå FamilySearch, men eg ser at du har finne ho likevel!

 

Eg har etter dette sett opp eit korrigert og oppdatert manuskript som følgjer:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~ (oppdatert etter nye opplysningar i innleggi t.o.m. #19)

 

Kirsti Gjertsdotter {Fladhammer}, f. {i Luster} 17.12.1825,

Kirsti Gjertsdotter, sidan kjend som Christine Johnson, flytte til Bergen i 1850, men utvandra derifrå i 1854 til Amerika.  Ho gifte seg i Dane Co., Wis. 6.6.1857 med enkjemannen Jonas Jensson, opphavleg frå Meråker i Stjørdalen.  Han var son av husmann Jens Jonasson på Medhaugen under Meråker og kona Mali Olsdotter frå Rønning

 

##### (sjekka opphavet hennar?  kva plass under kva gard var ho ifrå?)

 

og f. i Stjørdalen 8.8.1825.  Han gifte seg første gongen i Stjørdalen 16.4.1848 med Berit Iversdotter frå Rønning i Stjørdalen.  Ho var dotter av husmann Iver Pederson på Trøbakken under Rønning, opphavleg frå Hesttrøa under Nustad, og kona Anna Nilsdotter frå Evjen og f. i Stjørdalen 21.12.1817.  Jonas og Berit tok over som plassfolk etter foreldri hans på Medhaugen under Meråker i Stjørdalen, men under namni Jonas og Bertha Johnson utvandra til Amerika i 1854.  Bertha Johnson, d. i Dane Co., Wis. kort etter ankomsten dit hausten 1855.  Jonas var smed og snikkar (”blacksmith and carpenter”), og han og Christine busette seg på ein liten farm nær McFarland, Dunn township, Dane Co., Wis. der Christine d. 12.6.1916.  Jonas Johnson d. same staden 28.9.1919.  Dei fekk ikkje born i lag, men Kirsti hadde ei dotter frå før, medan Jonas òg hadde ei dotter frå første ekteskapet sitt:

a. Kari Pedersdotter, kjend som Caroline Johnson, var dotter av Kirsti Gjertsdotter og husmannssonen Peder Hermundson frå Høyeimsviki under Høyeim (1824-1851) og f. i Luster 15.9.1848.  Caroline utvandra til Amerika med mori i 1854 og levde framleis i Dane Co., Wis. i 1863,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

b. Mali Jonasdotter, kjend som Mary Johnson, f. i Stjørdalen 12.4.1848, utvandra med foreldri sine til Amerika i 1854,

 

     ##### (lagnaden hennar? – avlidi før 1880!)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny so mykje for hjelpi med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I folketellingen 1865 er vel fødselsåret til Iver Pedersen satt til 1784. Kan dette være en kandidat på Nustad 1801?

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058452006266

 

Ved vielsen i 1814 står det at Iver var skiløper:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000001557202

 

Fødselsåret til Anne i 1865-tellingen er (beregnet) 1791. I 1801 har vi to Anne Nielsdatter født omkring dette årstallet:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058452000187(Anne Nilsdatter, Folviken)

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058452001317(Anne Nilsdatter, Slungaard)

 

I 1819 har Iver og Anne datteren Mali til dåpen i Hegra. Én av fadderne er Mali Evjen. Så vidt jeg kan se, har Anne Nielsdatter på Folviken en søster som heter Mali. 

 

Nord-Trøndelag fylke, Hegra i Stjørdal, Ministerialbok nr. 709A08 /4 (1815-1819), Fødte og døpte 1819, side 91. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16945&idx_id=16945&uid=ny&idx_side=-36
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050510030091.jpg

 

Dette må selvsagt sjekkes opp!

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt spennande og utfordrande innlegg!

 

Det var interessant å sjå at Iver Pederson var skiløpar av yrke.  Han har truleg vore postberar eller noko liknande...  Elles er han tydeleg frå ein husmannsplass under Nustad i Stjørdalen, men truleg treng me hjelp frå ei bygdebok eller andre lokalkjende krefter for å finna ut kva plass under Nustad han voks opp på.  Likeins treng me nok òg lokal bistand for å få stadfest opphavet til Anna Nilsdotter, og dette gjeld vel òg for Mali Olsdotter (Rønning?)...

 

Ein ny stor takk for hjelpi med denne spennande huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har nå klart å lokalisere gårdsnavnene Nustad (gnr. 21) og Nustad nedre (gnr. 22) og Evjen (gnr. 11) i Stjørdalsboka: gards- og slektshistorie. Meråker herad. 

 

På side 163 under Evjen står det følgende:

 

"Ivar Pedersen Hesttrøa (21,9), d. 26/12 1791, død 1/7 1876. Byksla Evjen 1826. Fra 1837 på Trøbakk (19,2).

Gift 2/7 1814 med Anne Nilsdatter Evjen, d. 22/1-1792, død 19/4-1872. 

 

Barn:

Nils Nustad (22,2), f. 1815. Utv. U.S.A. 1854.

Beret, f. 21/12 1816, g.m. Jonas Jenssen Mehaug

Mali, f. 19/7 1819, g.m. Ingebrigt S. Østerøien

Ingeborg, f. 27/6 1821

Peder Trøbakken, f. 27/7 1823

Anne, f. 26/12 1825, ugift. Trolovet med sin fetter Karl P. Strådalen. Han døde før bryllupet. 

Halvor Iversen, 19/12 1827. Skipsreder. Se nedafor.

Ivar, f. 7/1 1830, d. 25/5 1849

Ingeborg, f. 25/7 1834, g.m. Rollag Petersen Evjen."

 

Ivar Pedersen står med gnr. 21,9 Hesttrøa, og når jeg slår opp på Hestrøa, finner jeg plassen omtalt under Nustad, gnr. 21, Utsikten, bruk nr. 9. Men det står samtidig at Hesttrøa er en plass under bruk nr. 1. Foreldrene til Ivar het Peder Ivarsen Hesttrøa (1757-1829) og Beret Olsdatter Meraker (1753-1829). Her under Utsikten står det at Ivar Evjen (gnr. 11), senere Trøbakk, var født 1785.

 

Under Evjen står det at Ivar var døpt 26/12-1791. Så her er det en liten "avklaring" som må til. Ved dødsfallet til Iver Pedersen - han døde 17.07.1876, står det han er f. 26/12.1791:

 

Nord-Trøndelag fylke, Meråker i Øvre Stjørdal, Ministerialbok nr. 706A02 (1862-1877), Døde og begravede 1876, side 128. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6620&idx_id=6620&uid=ny&idx_side=-120
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070423690418.jpg

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er dåpen til Anne Nilsdatter, datter av Nils Evjen - se høyre side, øverst:

Kildeinformasjon: Nord-Trøndelag fylke, Stjørdal, Ministerialbok nr. 709A06 (1781-1797), Kronologisk liste 1792, side 306-307. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16372&idx_id=16372&uid=ny&idx_side=-158
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070925620174.jpg

 

Anne var iflg bygdeboka datter av Nils Bertelsen Evjen (1759-1823), byksla 28/2 1794, og Mali Pedersdatter (1760-1832). Det står at Anne var gift med neste bruker og det var Iver Pedersen Hesttrøa. (Stjørdalsboka, Meråker, side 163)

 

Her er Nils Bertelsen (f. 1752 beregnet!) og kona Magli i 1801 - men Anne er ikke nevnt i barneflokken!

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058452006775

 

Hmmmm.... :huh:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye interessante innlegg!

 

Då er opphavi til Iver Pederson og Anna Nilsdotter på plass, og den einaste opplysningi som no manglar frå Noreg om denne huslyden, er stadfestingi av opphavet til Mali Olsdotter, mor hans Jonas Jensson.

 

Eg har oppdatert manuskriptutsnittet i innlegg #15 (sjå ovanfor).

 

Eg takkar nok ein gong for framifrå hjelp med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I Stjørdalsboka: gards- og slektshistorie, bind VI, del I: Meråker herad, finnes det en gnr. 19 Rydningen (Rønning). Omtalen av gården er på side 286-298 (bokhylla.no). Trøbakk er bruk nr. 2 under gnr. 19, ser jeg. 

 

Imidlertid  er det en gård i samme bygdeboka som er Brenna, med gnr. 10. Bruk nr. 1 er Brenna nedre vestre.  

 

s. 137-138:

Ola Pedersen Brenne (1744-1819), var i 1801 bruker på nedre vestre Brenne. Han var gift Mali Hemmingsdatter Aunet (1749-1846), og de hadde følgende barn:

 

Peder - neste bruker.

Ingeborg, døpt 1779, gift 1800 med Hemming Halvorsen over Brende. 

Beret, døpt 1782, død ugift 1860 - "Jamt-Beret". Hun hadde 4 uekte barn, hvor av de to yngste hadde far Johannes Blomgreen.

Ola O. Brende - "Blindgutten" - var blind og døde ugift, fiolinspillemann.

Hemming Rønning (gnr. 19)

Torgeir Andershaug (6,3)

Hans Reinåbølet

Mali, f. 1793, g.m. Jens Jonassen Mehaug (20,9)

 

Ola Pedersen i f.t. 1801: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058452006765

Datteren Mali i 1801: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058452006771

 

Mehaug er bruk nr. 9 under gnr. 20 Meraker. Jens Jonassen og kona Mali er omtalt på side 327. Her står det Jens var døpt 24/6-1792 og døde 12/2-1838. Kona Magli Olsdatter nedre Brende (gnr. 10, 1) var f. 1804 (??) og døde 22/2-1871. Jens og Magli giftet seg 23/6-1820, Jens bykslet Mehaug i 1835 og de hadde disse barna: 

 

Anne, f. 7/2 1822, g.m. Erik Andreas Paulsen på Pulden

Jonas, f. 8/8-1825, g. 1847 m. Beret Ivarsdatter Trøbakk

Ola

Nils, neste bruker.

Ivar.

Halvor, f. 3/1 1834. 

 

Jonas Mehaug med hustru og datter Mali utv. til U.S.A. våren 1854 (se tidligere innlegg fra Lars J.) 

 

Her på side 327 står det altså at Mali var født i 1804, men under selve gnr. 10, bnr. 1 står det at hun var f. 1793. Mali var 67 år gammel da hun døde i 1871, iflg kirkeboka. Og det gir fødselsåret 1804. Men da hadde hun ikke vært mer enn 16 år gammel da hun ble gift i 1820. 

 

Nord-Trøndelag fylke, Meråker i Øvre Stjørdal, Ministerialbok nr. 706A02 (1862-1877), Døde og begravede 1871-1872, side 124. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6620&idx_id=6620&uid=ny&idx_side=-116
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070423690414.jpg

 

Mali Olsdatter nedre Brenna (Nederbrænde) ble konfirmert i 1808, og det kan stemme med at hun er født (beregnet) 1793:

Nord-Trøndelag fylke, Stjørdal, Ministerialbok nr. 709A07 (1797-1815), Kronologisk liste 1808, side 332-333. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16373&idx_id=16373&uid=ny&idx_side=-180
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070925620492.jpg

 

Hvis fødselsåret 1793 er riktig og Mali døde i 1871, så ville hun være 78 år gammel og ikke 67 ved dødsfallet. 

 

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Leig, Grethe og Lars J. for nye spennande og interessante innlegg!

 

Då har eg fått alt eg treng om den "norske" sida av denne huslyden.  Alt som no står att, er å finna lagnadane til dei to jentene i Amerika, men det vert nok ikkje so enkelt...  Det finst pantebøker og skifteprotokollar ogso i Amerika, og kanskje kan det finnast obituaries etter Jonas og Kirsti (Christine), men desse er diverre vanskeleg tilgjengelege, særleg i Dane Co., WI...

 

Her følgjer ny status for dette manuskriptet:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kirsti Gjertsdotter {Fladhammer}, f. {i Luster} 17.12.1825,

Kirsti Gjertsdotter, sidan kjend som Christine Johnson, flytte til Bergen i 1850, men utvandra derifrå i 1854 til Amerika.  Ho gifte seg i Dane Co., Wis. 6.6.1857 med enkjemannen Jonas Jensson, opphavleg frå Meråker i Stjørdalen.  Han var son av husmann Jens Jonasson på Medhaugen under Meråker og kona Mali Olsdotter frå Brenna nedre og f. i Stjørdalen 8.8.1825.  Han gifte seg første gongen i Stjørdalen 16.4.1848 med Berit Iversdotter frå Rønning i Stjørdalen.  Ho var dotter av husmann og skiløpar Iver Pederson på Trøbakken under Rønning, opphavleg frå Hesttrøa under Nustad, og kona Anna Nilsdotter frå Evjen og f. i Stjørdalen 21.12.1817.  Jonas og Berit tok over som plassfolk etter foreldri hans på Medhaugen under Meråker i Stjørdalen, men under namni Jonas og Bertha Johnson utvandra til Amerika i 1854.  Bertha Johnson, d. i Dane Co., Wis. kort etter ankomsten dit hausten 1855.  Jonas var smed og snikkar (”blacksmith and carpenter”), og han og Christine busette seg på ein liten farm nær McFarland, Dunn township, Dane Co., Wis. der Christine d. 12.6.1916.  Jonas Johnson d. same staden 28.9.1919.  Dei fekk ikkje born i lag, men Kirsti hadde ei dotter frå før, medan Jonas òg hadde ei dotter frå første ekteskapet sitt:

a. Kari Pedersdotter, kjend som Caroline Johnson, var dotter av Kirsti Gjertsdotter og husmannssonen Peder Hermundson frå Høyeimsviki under Høyeim (1824-1851) og f. i Luster 15.9.1848.  Caroline utvandra til Amerika med mori i 1854 og levde framleis i Dane Co., Wis. i 1863,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

b. Mali Jonasdotter, kjend som Mary Johnson, f. i Stjørdalen 12.4.1848, utvandra med foreldri sine til Amerika i 1854,

 

     ##### (lagnaden hennar? – avlidi før 1880!)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for kjempemessig dugnadsinnsats!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att denne saki frå april 2015.

 

Eg har diverre ikkje noko nytt å by på om utover det som kjem fram i manuskriptet i innlegg #24 over.  Det er ganske sikkert ei «skikkeleg utfordring» å finna ut kva som skjedde med dei to jentene, Kari og Mali, i Amerika, men er det eit prinsip ein bør følgja når det gjeld ættegransking, so er det aldri å gje opp, so eg vonar framleis på at eit og anna «gullkorn» kan komma for ein dag.

 

Eg takkar på ny for framifrå dugnadsinnsats om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.