Gå til innhold
Arkivverket

Sollieds arkiv og avskrifter - Morten Erlandson


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Det vart 21. og 22.6.1677 halde registrering og skifte etter gjestgjevar og handelsmann Morten Erlandson i Solvorn, Hafslo (http://arkivverket.n...read/24133/277/).  Skiftet byrjer på pag. 287a og går over 8 sider.  Dette er tydeleg eit "rikmannsskifte" med fleire hundre Dalar til deling mellom ervingane,

 

* enkja Sara Pettersdotter og fire born frå tidlegare ekteskap (med ??):

 

* Jørgen Mortenson

 

* Henrik Mortenson (med kone Gunnhild Hansdotter)

 

* Anna Mortensdotter, avlidi, fire søner og ei dotter

 

* Gretha Mortensdotter

 

Henrik Mortenson budde i Hafslo og skal vera avliden der på 1690-talet.  Han etterlet tre born, to (namn ukjende) var busette i Holland, medan den tredje, Maren Henriksdotter BLOCH, reiste frå Hafslo i 1696, uvisst kvar.

 

Dei andre borni var tydeleg farne frå Hafslo før 1677.

 

Ei bok med resumé av dei eldste skifteprotokollane for indre Sogn stod i si tid (i 1970-åri) på kontoret til fru Berge på Statsarkivet i Bergen.

 

* Er det mogeleg å få ei skanna kopi av den eller dei sidene som gjeld dette skiftet?

 

* Finst det elles opplysningar om denne huslyden i Sollieds gamle kartotek, om borni Jørgen, Henrik, Anna og Gretha, eventuelt om sonedotter Maren Henriksdotter Bloch?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Morten Erlandsen har kort i Sollieds kartotek, men det handler om ulike rettssaker han var involvert i, og med kildetilgang i tingbøkene for Indre Sogn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Yngve for svar på siste del av innlegget mitt.  Det er berre å seia seg lei for at Sollied ikkje har noko meir om denne huslyden.  Då vert det truleg vanskeleg å komma noko lenger...

 

Men eg er likevel interessert i det nemnde resymé av skiftet hans og vonar dette kan finnast?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.