Gå til innhold
Arkivverket

Henrik Andersson Walaker, fødd og avliden i New York City mellom 1914 og 1920 - er det mogeleg å finna lagnaden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Manuskriptet mitt inneheld mellom anna denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anders Jensson Walaker, f. i Luster 22.2.1869.

Anders Walaker flytte i ung alder til Ålesund der han skal ha livnært seg som tømmermeister til han i 1906 utvandra til Amerika.  Under namnet Anders Walaker busette han seg i New York City, N.Y., og han gifte seg på Manhattan, N.Y. 9.7.1914 med Valborg Karlsdotter Jacobsen frå Larvik, i Amerika kjend som Walborg Jakobsen.  Ho var dotter av skreddarsvein Karl Johan Jacobsen i Larvik, opphavleg frå Christiania, og kona Anna Gurine Christophersdotter frå Sandefjord og f. i Larvik 8.8.1878.  Ho arbeidde ei tid i Larvik som strykerske, men utvandra til Amerika i 1909.  Andrew var bygningsarbeidar (“construction worker”), og han og Walborg vart buande i New York City, N.Y. til dei kring 1919 kom attende til Noreg og busette seg på Nanset i Hedrum.  Anders tok til som byggmeister, og han og Anna vart buande på Nanset levetidi ut.  Anders d. i Larvik 30.5.1953, medan Walborg Walaker d. same staden 27.7.1958.  Dei fekk to born i lag:

a. Anna Sigrid Andersdotter Walaker, f. i New York City, N.Y. 1.8.1916, d. på sjukehuset i Larvik 7.8.1992.  Ho gifte seg i Larvik 15.12.1945 med Fritz Magnar Olson Holst frå Larvik, f. i Larvik 1.12.1911.  Han d. på sjukehuset i Larvik 24.3.2005.  Fritz var bygningsarbeidar, medan Anna var sjukepleiar.  Dei budde i Larvik og fekk ei dotter i lag.

b. Henrik Andersson Walaker, f. i New York City, N.Y.

 

                   ##### (døydde kort etter fødsli i New York City - dato for fødsel og dato for dødsfall??)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg er ikkje i stand til å finna korkje fødsli eller dødsfallet til denne ghuten som må vera fødd anten hausten 1914/våren 1915 eller hausten 1917-1918?

 

Eg har snakka med einaste dotteri til Anna Sigrid, men ho veit ikkje svaret!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Henry Berthel Walaker

New York, New York City Municipal Deaths, 1795-1949

birth:
22 March 1919
New York City
death:
27 April 1920
Bronx, New York, New York, United States
burial:
29 April 1920
New York
residence:
Bronx, New York, New York
father:
Andres Jansen
mother:
Valbary Jacobsen

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for kjemperaskt og perfekt svar på dette problemet!  Eg er imponert!

 

Er det forresten mogeleg å finna ut kva tid, nøyaktig, denne huslyden flytte attende til Noreg?  Truleg var det alt i 1920, men eg veit ikkje...

 

Nok ein gong: Kjempetakk!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.