Gå til innhold
Arkivverket

Elise Martine Christensen og Hartvig Bøe, gifte Nordkapp 1898 - lagnaden til Elise?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet tek utgangspunkt i dette emnet som i 2011 vart utlagt til Statsarkivet i Trondheim (http://forum.arkivverket.no/topic/173535-lebesby-gamleheim-i-bynesset-trondheim-doedsfall-1945-50/?hl=%2Bbynesset+%2Bnordkapp), der opningsinnlegget mellom anna var som følgjer:

 

~~~~~~~~~~

 

Johan Hartvig Kornelius, kjend som Hartvig Bøe, fødd i Brønnøy 30.9.1859, døydde på Lebesby gamleheim i Byneset, Trondheim 25.7.1950.

Hartvig gifte seg i Nordkapp 27.12.1898 med:

Elise Martine f. Christensen, fødd i Kjelvik (Nordkapp) 9.9.1873.  Ho skal vera avlidi noko før mann sin, truleg mellom 1945 og 1950.

Er det mogeleg å finna dato (og stad) for dødsfallet hennar?

 

~~~~~~~~~~

 

Under debatten i 2011 kom det fram at opphaldet til Hartvig Bøe på gamleheimen i Byneset vart betalt av Honningsvåg fattigstyre, og noko dødsfall for Elise vart ikkje finne i Bynesset.  Det er heller ikkje finne i Honningsvåg!

 

Er det i det heile mogeleg å finna dette dødsfallet?  Er det nokon som har lokalkunnskap i Hopnningsvåg?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for utfordrande og observant innlegg!

 

Anders Christensen og kona Maren fekk i alt tolv born, og fødselsdatoane deira er ein "total jungel".  Du kan jo bla i kyrkjebøkene for Kjelvik og samanlikna fødselsdatoar frå dåpsforretningane med dei frå konfirmasjonane og dei frå vigslene, so vil du oppdaga kva eg har i tankane...

 

Men denne "jungelen" har eg alt vore gjennom, og eg meiner eg har fått ut eit so fornuftig resultat som mogeleg.

 

For ordens skuld:  Her er Elise i FT1875: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=f72019&gardpostnr=18&personpostnr=159&merk=159#ovre

 

So vonar eg at dødsfallet hennar Elise kan finnast...

 

PS: Eg vil i tillegg leggja denne saki ut på Arkivforum hjå Statsarkivet i Tromsø.  Kanskje dei kan hjelpa meg?

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg skjønar kva du meiner !
 
Og her skal du få ein dato til som avvik frå innlegg nr 1  på KUN 1-ein dag, MEN (sjølvsagt) 5 år !!:
Else Marie Bøe 1009 1878 2910 1962 0211 1962 D 11 006 Styrvoll Lardal.  Kjelde:  DIS-Gravminner

 

Dette er MOGELIG dødsfallet hennar. I så fall er ho gravlagt i Vestfold.

______________

Kjem du inn i DIS-Gravminner frå Tyskland ?  Navnet ser du, f. 10.9.1878  d. 29.10.1962  Bdato. 2.11.1962. Gravsteinen er ikkje fotografert.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg skjønar kva du meiner !

 

Og her skal du få ein dato til som avvik frå innlegg nr 1  på KUN 1-ein dag, MEN (sjølvsagt) 5 år !!:

Else Marie Bøe 1009 1878 2910 1962 0211 1962 D 11 006 Styrvoll Lardal.  Kjelde:  DIS-Gravminner

 

Dette er MOGELIG dødsfallet hennar. I så fall er ho gravlagt i Vestfold.

______________

Kjem du inn i DIS-Gravminner frå Tyskland ?  Navnet ser du, f. 10.9.1878  d. 29.10.1962  Bdato. 2.11.1962. Gravsteinen er ikkje fotografert.

Det er vel denne: http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000002069164

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Svein og Lars !

 

Då er det nok IKKJE ho i Lardal, Vestfold ! Likevel !    Eg vart nok blenda av ein dag feil i fødselen, mens Vestfold-jenta har same f.dato når ho giftar seg, og når ho døyr.

 

Håpar Statsarkivet i Tromsø kan gje deg eit svar !

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon og Sven for nye spennande innlegg!

 

Her kom Sven meg i forkjøpet!  Eg ville seia at "vår" Elise var avlidi FØR 1950, so ho kunne ikkje verta aktuell i noko fall!

 

Merkeleg kor godt enkelte personar gøymer seg!

 

Eg vonar òg at Statsarkivet i Tromsø greier løysa denne floken, men takkar på ny for alle freistnader og gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i dag fått eit skuffande svar frå Statsarkivet i Tromsø når det gjeld lagnaden til Elise

 

~~~~~~~~~~

 

De kirke- og klokkerbøker som er avlevert til Statsarkivet i Tromsø fra kirken i Nordkapp er tilgjengelig i Digitalarkivet. Nyere bøker enn dette (om de ikke gikk tapt under andre verdenskrig) er fortsatt hos kirkekontoret i Nordkapp.

I arkiv avlevert fra Nordkapp lensmannskontor har vi gjennomgått dødsfallsprotokoller (lnr 1 og 2) fra perioden 1934-52. Vi har ikke funnet Elise innført. Det er lett på følgende etternavn: Andersdotter, Bøe, Christensen og Kristensen. Eldre dødsfallsprotokoller enn 1934 finnes ikke bevart hos oss. Vi antar at slikt materiale kan ha gått tapt under andre verdenskrig.

I arkivet til Hammerfest sorenskriveri finnes det ingen dødsfallsprotokoller for perioden 1911-1947. Det antas at disse er gått tapt. Vi har sjekket dødsfallsmeldinger (lnr. 671) for 1950 (juli-desember). Vi har ikke funnet noen melding for Hartvig Bøe. Vi har også sett gjennom et dødfallsregister (lnr. 659) for perioden 1944 og fremover. Her er ikke Hartvig Bøe (heller ikke Elise) innført.

Statsarkivet i Tromsø kan dermed ikke være til hjelp i denne saken. Dersom Elise døde i perioden 1929-1933 så har vi ingen dødsfallsprotokoller eller kirkebøker som dekker perioden.

 

~~~~~~~~~~

 

so eg veit ikkje annan råd enn å freista spora borni etter Hartvig og Elise Bøe - kanskje finn me barneborn som kan hjelpa oss?

 

Eg finn fem døtrer etter Hartvig og Elise Bøe konfirmerte i Honningsvåg (Kjelvik):

 

* Erna Hardine Bøe, f. 27.6.1899, vart konfirmert i 1914

 

* Elisif Bøe, f. 8.5.1902, vart konfirmert i 1917

 

* Hildur Marie Bøe, f. 4.5.1903, vart konfirmert i 1918

 

* Rønnaug Aminda Bøe, f. 21.10.1908, vart konfirmert i 1925 - ligg gravlagd på Moholt i Trondheim, døydde som Rønnaug Aminda Myhre 2.10.1989, var truleg gift med Olaf Myhre, f. 27.9.1902, døydde 24.5.1991.

 

* Malfrid Elvine Bøe, f. 21.1.1912, vart konfirmert i 1927

 

men ingen av dei kan eg finna vigde i Honningsvåg fram til og med 1928.  Eg finn heller ikkje nokon av dei gravlagde i Honningsvåg.

 

So einaste sporet førebels er Rønnaug Myhre i Trondheim...  Kanskje kan ei dødsannonse finnast?

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for direkte melding med kontaktinformasjon til dotteri hennar Rønnaug.  Eg har ikkje fått tak i ho, men eg har snakka med ein bror hennar, som kunne fortelja følgjande:

 

Han hugste ikkje bestemori Elise Martine; ho var nok avlidi før han kunne hugsa, men om søstrene til mori Rønnaug kunne han fortelja:

 

* Erna Hardine var gift i Tyskland

 

* Elisif var gift i Oslo

 

* Hildur var gift på Ringerike

 

* Malfrid var gift i Oslo

 

So det ser ut til at det kan gå mot ei løysing av dette problemet...

 

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter at eg no har vore i kontakt med fleire av denne ætti, er det no klart at:

 

* Elisif Bøe var gift Gaaserud og budde i Oslo, men ho ligg gravlagd på Nesodden.  Son hennar fortalt meg at besteforeldri vart evakuerte frå Honningsvåg i byrjingi av kringen, kan henda det var i 1941, og dei vart då "sende" til Trondheim.  Elise var då framleis i live, men det er mogeleg at ho døydde på ein eller annan pleieheim i eller nær Trondheim...

 

* Hildur Bøe var gift med Hartvigsen(?) og budde på Ringerike.  Dei fekk tvillingar, ein gut og ei jente, men er elles ukjende,

 

* Malfrid, visstnok kjend som Målfrid, var gift Larsen og vart òg evakuerte frå Honningsvåg i byrjngi av krigen, men kom til Oslo og budde ei tid hjå Elisif.

 

Ikkje so lett dette..., men eg gjer ikkje opp endå...!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nok en datter: Borghild Anette

 

Nummer 22

 

Kildeinformasjon: Finnmark fylke, Kjelvik i Måsøy, Ministerialbok nr. 8 (1900-1910), Fødte og døpte 1905, side 37.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=4329&idx_id=4329&uid=ny&idx_side=-37
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060504070460.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for nye spennande meldingar!

 

Eg var merksam på Borghild, men har med vilje ikkje nemnt ho ovanfor, for ho døydde kring 11 år gamal i Honningsvåg og hadde soleis ingen etter seg som eventuelt kunne hjelpt oss vidare...

 

Kan du, Sven, eller andre, finna ein dødsannonse etter Malfrid Larsen?  Son hennar KAN vite meir om bestemori, men ingen av søskenborni hans veit kvar han no bur eller om han i det heile lever...!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg er i kveld vorten tipsa om at Elise og Hartvig Bøe vart evakuerte då Honningsvåg vart sett i brann i november 1944.  Dei vart sende med andre evakuerte til Trondheim, men skal derifrå vera flytte vidare til dotteri Hildur som var gift med skofabrikkeigar Einar Engebretsen ved Sundøya i Tyrifjorden (Hole).  Der skal Elise vera avlidi sist på 1940-talet.

 

Kjeldene frå denne tidi er vanskeleg tilgjengelege, so eg vil no kontakta Statsarkivet på Kongsberg for å undersøka saki nærare!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja,dette stusset jeg på også. :rolleyes:


Evakueringen av Lebesby gamlehjem
 
img039.jpg
Her hviler 18 personer fra nord Troms og Finnmark  
Sted: Byneset i Trøndelag.
 
Da tyskerne beordret evakuering av de 27 eldre ved aldershjemmet i Lebesby, fikk de kun 1 1/2 time på å forlate bygget. De fikk ikke ta med seg annet enn sengetøyet de lå i, og de klærne de gikk eller stod i.  Av de 27 eldre på hjemmet var 14 pleiepasienter.  Det var pasienter fra bl.a. Alta, Karasjok, Kistrand, Måsøy, Sørøysund, Kvalsund, Tana, Polmak, Berlevåg.

Samemisjonen skriver følgende om hendelsen :
 

På denne tid bodde

http://krigshistorisklandskap.blogspot.no/2011/03/evakueringen-av-lebesby-gamlehjem.html

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kjell og Ann-Mary for interessante innlegg!

 

Jau, eg lyt òg tilstå eg stussa fælt over Lebesby gamleheim i Byneset ved Trondheim, men det var no eingong slik at dei kalla opp denne gamleheimen etter den som vart avsvidd i Lebesy i 1944!

 

Elles har eg i dag fått greie på at Elise Martine og mannen Hartvig oppheldt seg ei tid ved Tyrifjorden i Hole, men at dei so ville nordover att til Honningsvåg.  Hartvig var bortmot 90 år gamal då han bestemte seg for sjølv å byggja opp att det som tyskarane hadde øydelagt i 1944!  Dette fortel ein svigerson til dotteri Hildur som framleis lever og bur ved Tyrifjorden.  Han hugste godt Hartvig som ein viljesterk mann sjølv i so høg alder, ein "ekte" nordlending!!

 

Men, på vegen nordover vart Elise sjuk, og ho vart "plassert" på "Hospitalet" i Trondheim der ho truleg døydde, kan henda kring 1947/1948?  Truleg var det på same tidi at Hartvig flytte inn på Lebesby gamleheim...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Randi for nytt interessant innlegg!

 

No trur ikkje eg at Hartvig og Elise var mellom dei som budde på Lebesby gamleheim, medan heimen var i Finnmark, men Hartvig var mellom dei som flytte inn etter at heimen var "flytt" til Trondheim...

 

Dødsfalli på "Hospitalet" skal forresten liggja under Vår Frue (Domkyrkjesokni) i Trondheim, og eg har alt sendt spørsmål dit om hjelp til å finna dette dødsfallet hennar Elise.  Me får vona dei greier det...!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Til tross for grundig leiting i kyrkjebøker for Trondheim har det so langt ikkje vore mogeleg å avsløra ein nøyaktig dødsdato for Elise Martine Bøe.

 

Ho må vera avlidi kring 1948, so me lyt truleg slå oss til tols med dette anslaget, men skulle nokon greia å finna meir nøyaktige opplysningar, står sjølvsagt døri òpi!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.