Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

LØYST: Dødsfall Årstad etter 1917 - Lars Hansen?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Randine Hansen, fødd i Sogndal 30.11.1842, døydde i Årstad 2.2.1917, bustad Fløbakken (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=332&idx_id=332&uid=ny&idx_side=-203).  Enkjemann var:

 

skomakar Lars Hansen, var fødd på Enerstrand på Lindås 24.3.1946.

 

Dødsmeldingi i Bergen syner berre mannen som etterlevande, endå me veit dei hadde minst fire born: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27860/155/

 

Eg finn ikkje dødsfallet hans i basen for avlidne i Årstad.  Eg har slege opp i dødsfallsregisteret for Bergen 1912-1972, dei fire som er tilgjengelege (1921, 1923, 1933 og 1934), men det synes ikkje vera nokn av dei!  Kanskje er det han som døydde i Bergen 13.10.1937 (pag. 224)?

 

* Er det mogeleg, til dømes gjennom Folkeregisteret, å finna ein dato og stad for dødsfallet hans?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for nyttig svar!

 

Då må Lars Hansen vera flytt frå Bergen på eitt eller anna tidspunkt, men kvar?

 

Eg vonar at Folkeregisterkortet kan gje oss eit svar...

 

PS: Dette er borni som eg har notert for Lars og Randine:

 

* Hansone Randine, fødd Møllendal, St. Jørgen 30.3.1878

 

* Olai Martin, fødd Kronstad, St. Jørgen 31.1.1880

 

* Gustav Berntin, fødd Møllendal, St. Jørgen 8.6.1882

 

* Hansine Ovidia, fødd Møllendal, St. Jørgen 11.10.1885

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Bergesen

Jeg ville sjekket Lars Hansen død 17/12-1923, han er født i Masfjorden i 1846 og er nemnd Lars Hansen Møllendahl i Dødsmeldingen, datteren Hansine er eneste arving gm Georg Gundersen, Stend, de ble gift i Aarstad 25/11-1911, Georg Johan Gundersen maskinist 1886 og Hansine Ovidia Hansen 1885

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Rune for skikkeleg spennande og interessant innlegg!

 

Eg har studert opplysningane som du kom med.  Eg var rett nok svær i stuss når du sa han var fødd i Masfjorden, men eg har sett på Googlemaps og ser at Einestrand i dag ligg like innanfor kommunegrensa til Masfjorden mot Lindås, og eg er ikkje i tvil!  Dette må vera "vår" Lars som då har teke Møllendahl som namn!

 

Problemet mitt, som gjaldt dødsfallet til Lars Hansen, er soleis løyst!  Nok ein gong ein kjempetakk for hjelpi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.