Gå til innhold
Arkivverket

Ole Johnson (1758-1804) og Inga Johnsdotter (1760-1848) på Straume i Stamnes (Vaksdal) - huslyden deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Med utgongspunkt i emnet om John Ingvaldson frå Hafslo i Sogn og dotteri Inga (http://forum.arkivverket.no/topic/190965-john-ingvaldson-1727-og-karen-andersdotter-1733-fr%C3%A5-solvorn-i-hafslo-til-bergen-i-1780-%C3%A5ri-lagnad-til-dotter-deira-stamnes-sokn-i-haus/) ønskjer eg i dag å leggja ut denne huslyden som eige tema, òg for kan henda å henta merksemd kring dei konkrete problemi som no står att å løysa.

 

Status for denne huslyden ser i dag slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Dette manuskriptet er erstatta av ein ny oppdatert versjon i innlegg #11

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Huslyden ser ut til å ha sterke band til Evanger sokn på Voss, som geografisk ligg ganske nære, men lokalkunnskapen mitt i dette området er ikkje god, so no vonar eg på at nokon me god lokalkunnskap, eventuelt med tilgjenge på bygdebøkene for Vaksdal og Evanger, kan hjelpa meg fylla ein del av dei hòli som framleis finst.

 

Særleg er eg oppteken av å finna lagnadane til eldstedotteri Anna (som vart døypt Ingeborg, men som er kalla Anna både i 1801 og ved skiftet i 1804) samt sonen Ole (som bygdeboki for Valsdal seier busette seg i Jordal, men utan nærare opplysningar).

 

Elles vil vel bygdeboki for Vaksdal ha opplysningar om opphavi til Lars og Agatha på Vespelstad?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

f. Knut Olson, døypt i Stamnes 26.3.1797, d. som gardbrukar på Rasdal 2.1.1846.  Knut gifte seg på Evanger, Voss 18.6.1815 med Torborg Askildsdotter frå Tyssen i Evanger, døypt i Evanger, Voss 1.4.1793.  Ho d. som kårkone på Rasdal nedre på Voss 22.8.1866.  Knut og Torborg tok over som gardbrukarar på Tyssen i Evanger, Voss etter foreldri hennar, men vart sidan gardbrukarar på Rasdal nedre i Evanger, Voss.  Dei fekk sju born i lag.

 

     ##### (sjekka talet på born?)

 

Evangerboka: gards- og ættesoge, bind 1: Tyssen

 

s. 28-29:

 

"1815. Skøyte frå Askjel Sjurson til versonen Knut Olson Straume på 22 1/2 mk. smør. Knut Olson f. 1797, d. 1848, g. 1815 Torbjørg Askjelsdtr., f. 1793, d. 1866.

 

Born:

a. Ingjerd, f. 1816. Utv. til USA 1866

b. Ole, f. 1819

c. Askjel, f. 1822, d. som barn

d. Askjel, f. 1923. Utv. til USA, farmar, gift.

e. Sjur, f. 1828, reiste til Nordland 1858, dreiv fiske, ug.

f. Brita, f. 1827, d. 1827   

g. Mons, f. 1831. Utv. til USA 1866.

h. John, f. 1834, d. 1850

i. Ole, f. 1837, g. i Mo 1864 med Inga Nilsdtr. Myster (Farestveit), f. 1835, b. Rasdal."

 

Som du ser, er det i alle fall én trykkfeil i boka, Askjel nr.. 2 skal vel være født 1823, og Sjur skal antakelig være f. 1825 eller 1826 og ikke 1828, siden søsteren Brita er f. og d. 1827. Men dette har vel du koll på, Lars? 

 

For ordens skyld:

 

nr. 180

Hordaland fylke, Voss, Ministerialbok nr. A 12 (1823-1837), Fødte og døpte 1823, side 9. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11772&idx_id=11772&uid=ny&idx_side=-8
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070524640105.jpg

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nyttig og interessant innlegg!

 

Altso var det ni born i huslyden til Knut og Torborg på Tyssen.  Men so var det dette med bustaden deira:

 

* Det går tydeleg fram av kyrkjeboki at dei båe døydde på Rasdal, so dei må vera flytte dit i seinare år.  Står det noko om dette i bygdeboki for Evanger?

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden!

 

PS: Manuskriptet i innlegg #1 er oppdatert med dei nye opplysningane om Knut og Torborg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Inga Jonsdtr f. 1758 d. 1848.  Ved skifte i 1849:  25 spd til deling.

h. Martha Olsdotter, døypt i Stamnes 30.8.1801, d. visstnok som innerst på Saue på Vangen, Voss 17.5.1868. Martha gifte seg i Stamnes 1.7.1827 med Erik Knutson frå Verpelstad i Stamnes, døypt i Stamnes 20.4.1808. Han d. som kårmann på Saue lille på Vangen, Voss 30.3.1861. Erik og Martha tok først over som gardbrukarar på Verpelstad i Stamnes, men flytte sidan til eit bruk på Saue lille på Vangen, Voss. Dei fekk åtte born i lag.
 
To av hennar døtre, Ingeborg og Inga, er gifte til Straume bnr. 1 og bnr. 5.
Bruk 5:

1863 fekk Jon Olsson skøyte etter far sin. Han var då berre 18 år, og mora og stykfaren dreiv dei fyrste åra. Jon f. 1844 d. 1910 var g.m. Inga Eiriksdtr. Verpelstad f. 1842 d. 1929. 9 ongar.

Slekt til: Jon Olsson (1844-1910)

Far:      Olav Jonson (1825-1916)

Besten: Jon d.e. Olson (1793-1840/41), sjå innlegg nr #1

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for nye interessante innlegg!

 

Jau, eg greier å logga meg inn på bygdebøkene for Vaksdal og trur eg har plukt ut det meste av det som kan finnast der,

 

Men du, Jon, du nemner skiftet etter Inga frå 1849!  Kan du lage ei lenke for dette skiftet?  Det skal vera i protokoll D4a (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=6&filnamn=skifnhor&gardpostnr=13834&merk=13834#ovre), men denne finn eg ikkje!!

 

Eg reknar med skiftet nemner dei to borni hennar Inga som eg har vanskar med å finna att, den eldste dotteri Anna og sonen Ole Olson!?

 

Eg takkar på ny for fine innspel!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars !

 

Eg fann heller ikkje skiftet i DA.  Så difor sendte eg eit spyrsmål til SAB.  Sjå der.

 

Er vi heldige har Yngve gitt deg svaret i løpet av natta.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars !

 

Ang sonen Ole Olson f. 1799, så finn du han på side 270 i Åsane IV, utg. 2012. 

Gard nr 214, Br 5, Nedre Jordal.

Gift 1834 m/ ekkja Brita Larsdtr Lavik (1796-1862).  Ole d. i 1837.  2 felles ongar:

a)  Ellef 1834-1855.  Skifte etter han: 14. sept 1855.

b)  Olina 1837-1904.  Gift 1857 m/ Ivar Nilsson Åsheim f. på Osterøy 1829 d. 1877. 9 ongar iflg bygebokji på s. 270.

______________________

Brita Larsdtr hadde enno eit ekteskap til.

____________________________

Kontakt bygebokforfattaren for Åsane, som no sit på Statsarkivet i Bergen, så sender han nok meir dersom du ynskjer det.

 

Diverre har eg ikkje noko meir om Anna.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for nye spennande innlegg!

 

Eg ser det er òg komme svar frå Statsarkivet i Bergen om skiftet frå 1848/1849 der eg mellom anna finn at dotteri Anna "Strømme" framleis levde då mori døydde!

 

Eg har etter dei siste opplysningane oppdatert manuskriptutdraget i innlegg #1, og det er etter kvart ikkje so fælt mykje som no manglar...

 

Eg takkar på ny for kjempefin innsats!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Åsane BB, bd III, Rolland:

 

Brukere 1861-65:

 

Jon Andersen Eikemo f 1803 i Vaksdal, d 1868 på Rolland, g 1838 m e. Brita Larsdatter Jordal f 1796 i Vaksdal, d 1862 på Rolland. Jon var sønn til Anders Rasmussen og Anna Johannesdatter Eikemo. 1 barn:

 

Andreas Olai f 1844 på Jordal, d etter 1914 g 1870 med Marta Johannesdatter Sandal f 1830 på Osterøy d 1908 på Rolland

 

Grete

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grete for interessant og nyttig innlegg!

 

Eg har samstundes finne ut at Britha Larsdotter på Jordal/Rolland først var gift med Ellef Johannesson på Jordal, og at dei visstnok fekk fire born i lag.  Eg har etter dette oppdatert manuskriptet for denne huslyden, som følgjer her:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Inga Johnsdotter, døpt {i Hafslo} 27.4.1760,

Inga Johnsdotter flytte visstnok frå Hafslo før ho var kommi i konfirmajonsalder, og mykje talar for at ho er identisk med ei Inga Johnsdotter som 22.6.1788 gifte seg første gongen på Stamnes, Haus med Ole Johnson frå Straume i Stamnes,  Han var son av gardbrukar John Knutson på Straume og kona Martha Olsdotter frå Bolstad på Evanger, Voss og vart døypt i Stamnes 26.11.1758.  Ole og Inga tok over som gardbrukarar etter foreldri hans på Straume i Stamnes, og Ole vart gravlagd derifrå 3.6.1804.  Inga gifte seg 24.6.1805 att i Stamnes med Mons Larsson frå Verpelstad i Stamnes.  Han var son av gardbrukar Lars Larsson på Verpelstad og kona Agatha Knutsdotter frå Fosse i Evanger, Voss og vart døypt i Stamnes 27.3.1768.  Mons tok over som gardbrukar på Straume i Stamnes der han d. som kårmann 3.10.1825.  Inga Johnsdotter d. som enkje same staden 1.4.1848.  Inga fekk i alt ni born, som alle var frå første ekteskapet med Ole Johnson:

a. Anna Olsdotter, truleg døypt som Ingeborg i Stamnes 8.2.1789,

 

     ##### (n. som Anna både i 1801 og i 1804 – ogso 1849! – lagnaden hennar?)

 

b. Martha Olsdotter, døypt i Stamnes 27.12.1790, vart gravlagd frå Straume 22.4.1792.

c. Kari Olsdotter, f. i Stamnes våren 1792, vart gravlagd frå Straume 4.11.1792.

d. John Olson, d.e., døypt i Stamnes 9.6.1793, d. som gardbrukar på Straume 31.12.1840.  John gifte seg i Stamnes 3.6.1813 med Martha Olsdotter frå Dyvik i Stamnes, men døypt på Evanger, Voss 16.10.1791.  Ho d. som kårenkje på Straume 30.4.1871.  John og Martha fekk ta over som gardbrukarar på Straume i Stamnes etter mor og stefar hans og fekk elleve born i lag.

e. John Olson, d.y., døypt i Stamnes 8.3.1795, d. som husmann på Bolstad i Evanger, Voss 16.8.1859.  John gifte seg i Stamnes 19.6.1831 med Anna Knutsdotter frå Verpelstad i Stamnes, døypt i Stamnes 2.10.1796.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     ##### (yrke og bustad? – Bolstad på Evanger, Voss!? – 1832 husmann Tyssen!)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – ei dotter Inga f. Voss 3.11.1832 – einaste barnet?)

 

f. Knut Olson, døypt i Stamnes 26.3.1797, d. som gardbrukar på Rasdal i Evanger, Voss 2.1.1856.  Knut gifte seg i Evanger, Voss 18.6.1815 med Torborg Askildsdotter frå Tyssen i Evanger, døypt i Evanger, Voss 1.4.1793.  Ho d. som kårenkje på Rasdal nedre 22.8.1866.  Knut og Torborg tok over som gardbrukarar på Tyssen i Evanger, Voss etter foreldri hennar, men flytte i 1840-åri til eit bruk på Rasdal nedre i Evanger, Voss.  Dei fekk ni born i lag.

g. Ole Olson, døypt i Stamnes 16.6.1799, d. som gardbrukar på Jordal i Åsane, Hamre 16.5.1837.  Han gifte seg i Åsane, Hamre 15.6.1834 med enkja Britha Larsdotter, opphavleg frå Lavik i Hosanger, døypt i Hosanger 29.3.1796.  Ho d. som gardbrukarkone på Rolland i Åsane, Hamre 7.6.1862.  Britha sat enkje på Jordal i Åsane, Hamre, og dette bruket tok Ole over då han gifte seg dit i 1834.  Britha vart sidan attgift nok ein gong med ein gardbrukar på Rolland i Åsane, Hamre og budde der levetidi ut.  Ho fekk i alt sju born; av dei var to frå andre ekteskapet med Ole Olson.

h. Martha Olsdotter, døypt i Stamnes 30.8.1801, d. visstnok som innerst på Saue på Vangen, Voss 17.5.1868.  Martha gifte seg i Stamnes 1.7.1827 med Erik Knutson frå Verpelstad i Stamnes, døypt i Stamnes 20.4.1808.  Han d. som kårmann på Saue lille på Vangen, Voss 30.3.1861.  Erik og Martha tok først over som gardbrukarar på Verpelstad i Stamnes, men flytte i 1844 til eit bruk på Saue lille på Vangen, Voss.  Dei fekk åtte born i lag.

i. Inga Olsdotter, døypt i Stamnes 23.1.1804, vart gravlagd frå Straume 21.4.1815.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

No sit me altso att med spørsmåli kring borni Anna og John d.y.  Kanskje bygdeboki for Evanger kan gje oss svar når det gjeld John d.y.?

 

Eh takkar nok ein gong for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skal tru om dette ikkje er skiftet etter den her etterlyste Anna Johnsdtr.??

Sorenskrivaren for Nordhordland held nemleg skifte/ utlodning i buet etter 'vilkaarskone Anna Johnsdtr. Strømme af Vasværs Thinglag' den 9. juli 1851. Det står rettnok Anna Johannesdtr. i skifteregisteret, men det må då vera feil (?), for ho har tydelegvis vore gift og avla born med ein Johannes på Strømme.

 

http://arkivverket.no/URN:sk_read/24101/34/?size=full&mode=0

 

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Nordhordland sorenskriveri, Skifteutlodningsprotokoll D 5 , 1851-1857, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: 1857-1859 i skifteprotokoll A 21. 1859-1862. Sjå D 2.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24101/34/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081118670036.jpg

 

 

Mykje tyder vel på at dette er den 'rette' Anna Johnsdtr. på Strømme/ Straume, som i følgje skiftet etterlet seg i alt sju born ('afdødes livsarvinger') i live i 1851: - sønene, John d.e., John  d.y. og Mons, og døtrene Anna d.e., Synneva, Anna d.y. og Brite; pluss borneborn etter to då avdøde døtre (Ragnhilde og Ingeborg).

 

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

... Og her har du då dødsfallet til den same Anna Johnsdatter, 80 Aar, Strømme i Stamnæs sokn den 29. april 1851, gravlagt same stad 5. mai 1851. Det høver godt med skiftet etter henne som vert halde den 9. juli same året -. Skilnaden i oppgjeven alder kontra den réelle (80 versus 82) er òg høgst akseptabel.

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?show=69&uid=475675&urnread_imagesize=full&hode=nei&ls=1&lc=x%259CK%25B42%25B2%25AA.%25B62%25B4R%25CAT%25B2.%25B62%25B1R2%25B444%25021%2581B%25C5J%25D6%2599Vf%2596%25D6%25B5%2500%25BF%2597%2509%25BE

 

Kyrkjebok for Haus 1848 - 1857, Begravede og Dødfødte, år 1851, s. 334, innføring # 46

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for interessante meldingar.

 

Det er berre det at du truleg har forveksla Anna OLSDOTTER med Anna JOHNSDOTTER.  Eg veit ikkje kven Anna Johnsdotter var, med mindre ho har vore ei søster av Ole Johnson og soleis ei faster av den Anna Olsdotter som me leiter etter?  Anna Olsdotter var fødd i 1789 og kan godt ha levd lenge etter 1849, men eg finn ikkje nokon i FT1865 som høver, so truleg er ho borte før den tid...

 

Eg takkar igjen for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan Anna f. 1789 ha budd hos syster si, Martha f. 1801 då Anna døydde ? 
 
I gravlagde på Voss 1845-89 i GAMLE DA, finn eg:
Pigen, 76 år,  Anne Olsdtr Lille-Saue, d. 4.3.1860.  76 år = f. 1784, dvs ein diff på 5 år
 
Martha døydde på Saue 17.5.1868, 78 år.  Dvs f. 1790, ein diff på 11 år: Her er Marta:
2452 Voss MINI A20 70 34, 1868, 2505, Avdød Inderst Marta Olsdatter Saue k Vangen, 78 Aar, 1705, Naturlig Død.

_______________________________

Har "Pigen Anna Olsdtr Lille-Saue" hatt noko pengar å gje til sine slekningar etter sin død i 1860?  Eit skifte ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for nytt spennande innlegg!

 

Eg trur so sanneleg at du har finne rett Anna.  Namnet er vanleg, men bustaden er ganske so uvanleg!  Det er ikkje utruleg at Anna, etter mori døydde i 1848, flytte inn hjå søster si på Lille Saue på Voss.  Eg ser ikkje noko skifte på Voss, men kanskje vart det halde i Nordhordland tinglag?  Me kan freista!

 

Etter dette er det berre broren John Olson d.y. som står att som problem.  Kvar kan no kona hans ha gjort av seg?  Og fekk dei meir enn den eine dotteri Inga?  Her er den delen av manuskriptet som gjeld John d.y.:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

e. John Olson, d.y., døypt i Stamnes 8.3.1795, d. som husmann på Bolstad i Evanger, Voss 16.8.1859.  John gifte seg i Stamnes 19.6.1831 med Anna Knutsdotter frå Verpelstad i Stamnes, døypt i Stamnes 2.10.1796.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     ##### (yrke og bustad? – Bolstad på Evanger, Voss!? – 1832 husmann Tyssen!)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – ei dotter Inga f. Voss 3.11.1832 – einaste barnet?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny so mykje for hjelpi med denne huslyden og krossar fingri for at ogso denne John d.y. kjem "på plass" i lag med hi søskeni!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars !

 

John Olson, d.y., døypt i Stamnes 8.3.1795, d. som husmann på Bolstad i Evanger, Voss 16.8.1859. John gifte seg i Stamnes 19.6.1831 med Anna Knutsdotter frå Verpelstad i Stamnes, døypt i Stamnes 2.10.1796. Ho d.

 

Iflg Evanger 2, utg 1984, s. 444, er dette eteskap nr 1 til John d.y.  KUN 1 onge i dette ekteskapet.  Skifte etter kona i 1836.

 

Iflg same boka, gift igjenn i 1836 m/ Ingebjørg Olsdtr Hermundsdal (1804-92).  3 ongar her:

a)  Ola f. 1837.  Utv til USA i 1866

b) Ola f. 1839 gift 1874 m/ Marta Knutsdtr Tyssen f. 1852. Husmann på Bolstad

c)  Anna f. 1842.  Utv til USA i 1866

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for eit skikkeleg godt innlegg!

 

Då er ogso biografien til John Olson d.y. NESTEN komplett, og her følgjer eit oppdatert manuskript for heile huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~ (redigert med opplysning frå innlegg #19 og jmf. innlegg #20)

 

Inga Johnsdotter, døpt {i Hafslo} 27.4.1760,

Inga Johnsdotter flytte visstnok frå Hafslo før ho var kommi i konfirmajonsalder, og mykje talar for at ho er identisk med ei Inga Johnsdotter som 22.6.1788 gifte seg første gongen på Stamnes, Haus med Ole Johnson frå Straume i Stamnes,  Han var son av gardbrukar John Knutson på Straume og kona Martha Olsdotter frå Bolstad på Evanger, Voss og vart døypt i Stamnes 26.11.1758.  Ole og Inga tok over som gardbrukarar etter foreldri hans på Straume i Stamnes, og Ole vart gravlagd derifrå 3.6.1804.  Inga gifte seg 24.6.1805 att i Stamnes med Mons Larsson frå Verpelstad i Stamnes.  Han var son av gardbrukar Lars Larsson på Verpelstad og kona Agatha Knutsdotter frå Fosse i Evanger, Voss og vart døypt i Stamnes 27.3.1768.  Mons tok over som gardbrukar på Straume i Stamnes der han d. som kårmann 3.10.1825.  Inga Johnsdotter d. som enkje same staden 1.4.1848.  Inga fekk i alt ni born, som alle var frå første ekteskapet med Ole Johnson:

a. Anna Olsdotter, truleg døypt som Ingeborg i Stamnes 8.2.1789, d. visstnok hjå søsteri Martha på Saue lille på Vangen, Voss 4.5.1860.  Anna budde heime hjå mor si so lenge ho levde og flytte truleg då inn hjå søster si på Saue lille på Voss.  Anna var ugift.

b. Martha Olsdotter, døypt i Stamnes 27.12.1790, vart gravlagd frå Straume 22.4.1792.

c. Kari Olsdotter, f. i Stamnes våren 1792, vart gravlagd frå Straume 4.11.1792.

d. John Olson, d.e., døypt i Stamnes 9.6.1793, d. som gardbrukar på Straume 31.12.1840.  John gifte seg i Stamnes 3.6.1813 med Martha Olsdotter frå Dyvik i Stamnes, men døypt på Evanger, Voss 16.10.1791.  Ho d. som kårenkje på Straume 30.4.1871.  John og Martha fekk ta over som gardbrukarar på Straume i Stamnes etter mor og stefar hans og fekk elleve born i lag.

e. John Olson, d.y., døypt i Stamnes 8.3.1795, d. som husmann på Bolstad i Evanger, Voss 16.8.1859.  John gifte seg i Stamnes 19.6.1831 med Anna Knutsdotter frå Verpelstad i Stamnes, døypt i Stamnes 2.10.1796.  Ho d. som husmannskone på Tyssen i Evanger, Voss kring 1834. 

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – skifte 1836 – einaste barnet f. i 1832! - finst ikkje i kyrkjeboki!)

 

     og John gifte seg 21.6.1836 att i Evanger, Voss med Ingeborg Olsdotter frå Hermundsdal i Evanger, Voss, døypt i Stamnes, Haus 13.5.1804 og d. som kårenkje på Bolstad 11.6.1892.  John og Anna var husmannsfolk under Tyssen i Evanger, Voss, medan han og Ingeborg vart plassfolk under Bolstad i Evanger, Voss.  John fekk i alt fire born, eitt frå første ekteskapet og tre frå det andre.

f. Knut Olson, døypt i Stamnes 26.3.1797, d. som gardbrukar på Rasdal i Evanger, Voss 2.1.1856.  Knut gifte seg i Evanger, Voss 18.6.1815 med Torborg Askildsdotter frå Tyssen i Evanger, døypt i Evanger, Voss 1.4.1793.  Ho d. som kårenkje på Rasdal nedre 22.8.1866.  Knut og Torborg tok over som gardbrukarar på Tyssen i Evanger, Voss etter foreldri hennar, men flytte i 1840-åri til eit bruk på Rasdal nedre i Evanger, Voss.  Dei fekk ni born i lag.

g. Ole Olson, døypt i Stamnes 16.6.1799, d. som gardbrukar på Jordal i Åsane, Hamre 16.5.1837.  Han gifte seg i Åsane, Hamre 15.6.1834 med enkja Britha Larsdotter, opphavleg frå Lavik i Hosanger, døypt i Hosanger 29.3.1796.  Ho d. som gardbrukarkone på Rolland i Åsane, Hamre 7.6.1862.  Britha sat enkje på Jordal i Åsane, Hamre, og dette bruket tok Ole over då han gifte seg dit i 1834.  Britha vart sidan attgift nok ein gong med ein gardbrukar på Rolland i Åsane, Hamre og budde der levetidi ut.  Ho fekk i alt sju born; av dei var to frå andre ekteskapet med Ole Olson.

h. Martha Olsdotter, døypt i Stamnes 30.8.1801, d. visstnok som innerst på Saue på Vangen, Voss 17.5.1868.  Martha gifte seg i Stamnes 1.7.1827 med Erik Knutson frå Verpelstad i Stamnes, døypt i Stamnes 20.4.1808.  Han d. som kårmann på Saue lille på Vangen, Voss 30.3.1861.  Erik og Martha tok først over som gardbrukarar på Verpelstad i Stamnes, men flytte i 1844 til eit bruk på Saue lille på Vangen, Voss.  Dei fekk åtte born i lag.

i. Inga Olsdotter, døypt i Stamnes 23.1.1804, vart gravlagd frå Straume 21.4.1815.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eit par små spørsmål står likevel att:

 

* Går det fram nokon stad (Evangerboki?) KVA PLASS under Bolstad denne huslyden budde på?

 

* Eg finn ikkje dødsfallet til Anna Knutsdotter - kvar kan det vera?

 

* Eg finn heller ikkje dødsfallet til Ingeborg Olsdotter i 1892 - eg har søkt på Voss, i Bruvik og i Vaksdal - kvar kan det vera?

 

Eg takkar på ny for kjempefin innsats med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars !
 
Gamle DA, døde i Evanger 1878-1970:
Nr 474 11 d.11.06.1892, gravl: 18.06.1892 Jordf. 03.07.1892 Kaarenke Ingeborg Olsdatter f. 1804 Hermundsdatter Bolstad k 1892

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for siste avklarande innlegg om dødsfallet hennar Ingeborg!  Eg forstår framleis ikkje kvar denne datoen vart finnen, men hovudsaki er at han er komen på plass!

 

Elles har eg endeleg finne skiftet etter Anna Knutsdotter Tøssen med registrering 15.4.1836 (http://arkivverket.no/URN:sk_read/24095/674/), men diverre står det ikkje noko om kva dato ho døydde.  Eg vel å tru at det vart halde skifte fordi John ville gifta seg att, so truleg døydde ho mykje tidlegare enn dette.  Eg har skrive kring 1834, med førbehald, for ho er ikkje innført i kyrkjeboki, korkje på Voss eller i Haus!  Manuskriptet i innlegg #18 er oppdatert deretter!

 

Nok ein gong ein stor takk for hjelpi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.