Gå til innhold
Arkivverket

Ole Olson Milene - fødd i Sand, Ryfylke 1835 - utvandra til Amerika før 1864? - kven var han?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Frå Amerika finn me denne personen:

 

Ole Olson Milene, skal ifølgje FamilySearch vera fødd i Sand i Ryfylke 5.4.1835 og døypt same stad 15.5.1835 av foreldri:

 

Ole Olson og Ingrid Nilsdotter

 

Han utvandra til Amerika før 1864 og farma i Saratoga township, Winona Co., MN der han døydde 21.3.1910.  Han var gift og fekk ti born!

 

No har eg freista finna fødsli hans i Sand, og eg fann til slutt fødde i Sand under Jelsa, men ingen Ole Olson på denne datoen (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1623&idx_id=1623&uid=ny&idx_side=-248)!

 

Gjer eg kanskje noko feil?

 

Eg er på leiting etter:

 

* Stadfesting av fødselsdatoen og fødestaden hans?

 

* Bustad til foreldri og yrkestitel?

 

* Gard eller plass for opphavet til faren Ole Olson?

 

* Gard eller plass for opphavet til mori Ingrid Nilsdotter?

 

* Utvandringsåret til Ole Olson, f. 1835?

 

Kanskje finst det ei bygdebok som kan gje svar på desse spørsmåli?

 

Eg takkar so mykje for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det ser i alle fall ut som de samme ekteparet hadde en sønn Nils til dåpen i 1838:

 

Rogaland fylke, Sauda i Sand, Ministerialbok nr. A 2 (1838-1859), Fødte og døpte 1838, side 3. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1641&idx_id=1641&uid=ny&idx_side=-6
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20051213030101.jpg

 

Her er konfirmasjonen til Ole Olsen Aabøe (Milene):

Rogaland fylke, Sauda i Sand, Ministerialbok nr. A 2 (1838-1859), Konfirmerte 1849, side 100. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1641&idx_id=1641&uid=ny&idx_side=-104
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20051213030199.jpg

 

Her er dåpen til Ole:

Rogaland fylke, Sauda i Suldal, Ministerialbok nr. A 7 (1817-1838), Fødte og døpte 1835, side 85. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15850&idx_id=15850&uid=ny&idx_side=-85
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070622610635.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for spennande og nyttig svar!

 

Milene er altso namnet på ein husmannsplass under garden Åbø, og etter dette har eg no òg finne vigsli til foreldri i Sauda, Suldal: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15850&idx_id=15850&uid=ny&idx_side=-146

 

Ole Olson Flygstadtræet, husmann, 28 år gamal

Ingrid Nilsdotter Østereim, 23 år gamal

vigde 16.6.1834

 

Det kan sjå ut som me då har finne bustaden og opphavi til foreldri (med forbehald når det gjeld opphavi), og det står då att å finna utvandringi...

 

Ein ny stor takk til deg, Grethe!

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne-Lise for spennande og utfordrsnde svar!

 

Her har me heilt klart å gjera med personar med same namn som dei eg leiter etter, og alderen til Ole høver òg godt.  MEN, er ikkje mori litt i eldste laget?

 

Og dessutan, "vår" Ole hadde talrike yngre søsken, ifølgje FamilySearch var det i alle fall Nils (1838), Anna (1841), Barbro (1844) og Inger Oline (1848), og det er vil urimeleg å tru at mor er reist ifrå alle desse borni til Amerika...?

 

Elles ville eg vel òg venta at "vår" Ole utvandra via Stavanger...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, det er nok ikke dem..

.

Jeg fant han utflyttet i kirkeboka 3. mai 1862:

 

Kildeinformasjon: Rogaland fylke, Sauda i Sand, Ministerialbok nr. A 4 (1859-1880), Innflyttede 0, Utflyttede 1862, side 208.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6312&idx_id=6312&uid=ny&idx_side=-196
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070104310456.jpg

(Nr. 17)

 


Barken Hebe 13. mai 1862 fra Stavanger til Quebec 23. juni:

.

http://www.norwayheritage.com/p_ship.asp?sh=hebeb

.

1862 Captain Tønnes Olsen  from Stavanger May 13 to Quebec June 23 

1862 Most of them were from Sands, Vigdals, Hjelmeland and Strand parish. A few was from Stavanger and sounding areas. They carried some 4000 Spd in cash.%5Cimages%5CBlank.gif

.

Passasjerlistene i Quebec starter først i 1865:

Search: Passenger Lists for the Port of Quebec City, 1865-1900 - Library and Archives Canada

Endret av Anne-Lise Hansen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne-Lise for kjempeflott innlegg!

 

Jau, han er det, utvandra i 1862, same året som jenta frå Luster han i 1864 gifte seg med.  Kan henda vart dei kjende undervegs...?

 

Då kan me vel seia at problemet er løyst, og eg takkar på ny for god innsats!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 år senere...

Hei, eg syner til innlegg #3 over, som inneheld vigsli til

 

Ole Olson Flygstadtræet, husmann, 28 år gamal

Ingrid Nilsdotter Østereim, 23 år gamal

vigde 16.6.1834 i Sauda

 

Her er konfirmasjonen til Ole Olson i 1823: https://media.digitalarkivet.no/view/15850/159

 

Her er konfirmasjonen til Ingrid Nilsdotter i 1826: https://media.digitalarkivet.no/view/15850/162

 

Er det nokon med lokal kunnskap i dette området som eventuelt med oppslag i ei lokal bygdebok kan hjelpa meg definera:

 

** På kva gard/plass voks Ole Olson opp?

 

** På kva gard/plass voks Ingrid Nilsdotter opp?

 

** Kan nokon fortelja meg i kva kommune, Sauda eller Sand, desse stadane ligg i?

 

Eg takkar so mykje for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Forfatter Lillehammer, Arnvid
Publisert Sauda kommune, 1974
 
 
Øyrå og Vangnes (Milene)
 
H23. Ola Olsson Fløgstad (H 22b),
f. 1806, d. 1856, g. 1834 m. Ingrid
Nilsdotter Austarheim (H 11a),
f. 1811.
a. Ola Olsson, f. 1835.
b. Nils Olsson, f. 1838.
c. Anna Brekke (80).
d. Barbro Teig (29).
e. Inger Oline Olsdotter, f. 1848.
 
Du finner Fløgstad og Austarheim i samme bind.
Rettelse: Sand er i dag i Suldal Kommune. Sauda er egen Kommune.
Endret av Håvard Hjorteland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Ser at fødselsdato ikke er oppgitt på Find a grave. 

 

Ole Milene

BIRTH Apr 1835
Norway
DEATH 1910 (aged 74–75)
BURIAL Arendahl, Fillmore County, Minnesota, USA Add to Map
PLOT ROW 36-8
MEMORIAL ID 116660476 · View Source

 

Family Members

Spouse
Children

https://www.findagrave.com/memorial/116660476/ole-milene

 

----

 

Redigert 18 timer senere;

 

Jeg sendte riktig fødselsdato til registrator på Find a grave. 

Nå er fødselsdatoen kommet med. 

 

Flott at ting blir ordnet så fort! 😊

 

Ole Milene

BIRTH 5 Apr 1835
Rogaland fylke, Norway
DEATH 1910 (aged 74–75)
BURIAL Arendahl, Fillmore County, Minnesota, USA Add to Map
PLOT ROW 36-8
MEMORIAL ID 116660476 · View Source

 

Suggested edit: He was born in Sauda, Rogaland, Norway.

Ole, born 5 april 1835
No 15
https://media.digitalarkivet.no/view/15850/85
Contributor: Ann-Mary Engum (47941634)


Family Members

Spouse
Children

https://www.findagrave.com/memorial/116660476/ole-milene

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Håvard og Ann-Mary for nye spennande innlegg!

 

Då er opphavet til Ole Olson Milene «på plass», samstundes som eg fekk ei avklaring på kommunespørsmålet i indre Ryfylke!

 

Når det gjeld huslyden i Amerika, so er denne ganske komplett, med unntak av ein par detaljar, mellom anna opphavet til ei svigerdotter som skal vera frå Halden!  Kanskje nokon kan hjelpa meg fylla nokre hòl der?  Eg ville setja kjempestor pris på det!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript;

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ingeborg Olsdotter {Havreberg}, f. {i Luster} 30.8.1842,

Ingeborg Olson utvandra til Amerika i 1862 og gifte seg i Fillmore Co., Minn. 2.12.1864 med Ole Olson frå Åbø i Sauda, i Amerika kjend som Ole O. Milene.  Han var son av husmann Ole Olson på Milene under Åbø, opphavleg frå Treå ytre under Fløgstad, og kona Ingrid Nilsdotter frå Bøen under Austreim og f. i Sauda 5.4.1835, men utvandra til Amerika i 1862.  Ole og Ingeborg Milene slo seg ned som farmarar i Saratoga township, Winona Co., Minn. der Ole d. 21.3.1910.  Ingeborg Milene d. same staden 30.12.1920.  Dei fekk ti born i lag:

a. Anna Christine Milene, f. i Fillmore Co., Minn. 30.10.1865, d. i Winona Co., Minn. 8.10.1876.

b. Inger Olina, kjend som Olina Milene, f. i Fillmore Co., Minn. 24.10.1867, d. i Winona Co., Minn. 9.11.1881.

c. Olaus Milene, f. i Winona Co., Minn. 26.7.1869, d. i Haakon Co., S.D. 12.12.1952.  Han gifte seg i Pierre, S.D. 10.6.1910 med Florence Nightingale Brown, f. i Otoe Co., Neb. 10.3.1875.  Ho d. i Kansas City, Mo. 2.6.1959.  Olaus var hesteranchar («horserancher») i Township 7 Moenville, Stanley, frå 1915 Haakon Co., S.D.  Dei var barnlause.

d. Mary Karen Milene, f. i Winona Co., Minn. 6.9.1871, d. i Winona Co., Minn. 30.7.1961.  Ho gifte seg i Winona Co., Minn. 3.12.1895 med Herman I. Hermanson.  Han ætta visstnok frå Leikanger, men var f. i Fillmore Co., Minn. 21.6.1865.  Han d. i Winona Co., Minn. 25.8.1945.  Mary og Herman Hermanson farma i Saratoga township, Winona Co., Minn. og fekk ti born i lag.

e. Ole O. Milene, Jr., f. i Winona Co., Minn. 5.5.1873, d. i Lanesboro, Minn. 29.10.1944.  Han gifte seg i Fillmore Co., Minn. 1.12.1923 med enkja Josephine Amalie Sogla, f. Magnusson, opphavleg frå

 

     ##### (Halden?)

 

     Ho var dotter av

 

     ##### (yrkestitel?)

 

     Johannes Magnus­son på

 

     ##### (bustad?)

 

     ##### (opphavet hans?)

 

     og kona Anna

 

     ##### (fullt namn og opphav?)

 

     Josephine var f. i

 

     ##### (fødestaden hennar? – Halden!?)

 

     19.9.1889, men utvandra til Amerika i 1910

 

     ##### (sjekka utvandringsåret hennar?)

 

     og d. i Rushford, Minn. 10.3.1979.  Ole og Josephine farma i Saratoga township, Winona Co., Minn., men fekk ikkje born i lag.  Ho hadde derimot fire born frå første ekteskapet sitt.

f. Edward Milene, f. i Winona Co., Minn. 29.8.1875, d. i Lanesboro, Minn. 4.3.1951.  Edward farma òg i Saratoga township, Winona Co., Minn., men var ugift.

g. Hanna Christine, kjend som Annie Milene, f. i Winona Co., Minn. 11.1.1878, d. i Rochester, Minn. 22.9.1951.  Annie gifte seg

 

     ##### (place of her marriage?)

 

     16.10.1902 med Ole D. Olson.  Han var f. i Fillmore Co., Minn. 25.12.1868 og d. i Harmony, Minn. 26.8.1961.  Annie og Ole Olson farma i Arendahl township, Fillmore Co., Minn. og fekk to døtrer i lag.

h. Mathilda L.

 

     ##### (middle name?)

 

     kjend som Thea Milene, f. i Winona Co., Minn. 13.11.1879, d. i Lanesboro, Minn. 21.8.1964.  Thea gifte seg i Winona Co., Minn. 24.11.1903 med John I. Hermanson, f. i Fillmore Co., Minn. 8.2.1870.  Han d. i Lanesboro, Minn. 24.12.1957.  John og Thea farma i Saratoga township, Winona Co., Minn. og fekk tre døtrer i lag.

i. Oscar Milene, f. i Winona Co., Minn. 18.9.1882, d. i Fosston, Minn. 21.7.1963.  Han gifte seg i Fillmore Co., Minn. 26.6.1912 med Julia Agnetta Ukkestad.  Ho var f. i Fillmore Co., Minn. 19.11.1890 og d. i Fosston, Minn. 12.12.1973.  Oscar og Julia budde nokre år i Fillmore Co., Minn., men flytte i 1921 til ein farm i Pine Lake township, Clearwater Co., Minn.  Derifrå flytte dei sidan til ein annan farm i Sinclair township, Clearwa­ter Co., Minn.  Dei fekk fire born i lag.

j. Henry Milene, f. i Winona Co., Minn. 29.10.1884, d. i St. Charles, Minn. 28.3.1964.  Henry gifte seg i Fillmore Co., Minn. 16.8.1922 med Gertrude Mae Perry, f. i Hennepin Co., Minn. 31.10.1904.  Ho d. i Rochester, Minn. 10.2.1998.  Henry og Gertrude farma òg i Saratoga township, Winona Co., Minn. og fekk åtte born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå innsats i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.