Gå til innhold
Arkivverket

Anna Olsdotter - fødd i "Husevaag prestegjeld" 1806 - i Bergen 1865 - gift med Lars Jensson Sjøthun (1796-1876) - kven var ho?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

FT1865 for 11. rode nr. 216f i Bergen syner mellom anna dette parfolket (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038249013684):

 

Lars Jensen Sjøthun  71  Hafslo prestegjeld  stenarbeider  gift

Anne Olsdatter  59  Husevaag prestegjeld  hans kone  gift

 

Lars Jensson var fødd på plassen Haugen under Valaker i Hafslo kring 1796 (innførsli manglar i kyrkjeboki) og døydde på Sjøtun i Hafslo 2.3.1876, er då kalla "fattiglem" og 88 år gamal.

 

Det står ikkje noko om at han var gift eller enkjemann då han døydde, men FT1875 for Hafslo då Lars budde som fattiglem hjå ein brorson på plassen Haugen under Hillestad (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052307001353), syner at han då var enkjemann.

 

Eg finn ikkje noki vigsle for dette parfolket i Bergen (eller nokon anan stad), og heller ikkje finn eg born fødde av dei!

 

Den einaste staden med namn Husev¨g som eg kjenner, ligg i DAVIK i Nordfjord, so eg reknar med at Anna var derifrå?

 

Kan nokon hjelpa meg fnna svar på desse spørsmåli:

 

* Dato og stad for vigsli til Lars og Anna?

 

* Kven var Anna - dato og stad for fødsli/dåpen hennar?

 

* Fulle namn på foreldri hennar med yrke og opphav?

 

* Dato og stad for dødsfallet hennar?

 

* Fekk dei born i lag?

 

Eg står heilt fast og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det syner seg vera fleire Anna Olsdøttrer som er fødde i Davik i perioden melom 1800 og 1812,men INGEN av dei er fødde på garden Husevåg.  Heller ikkje budde nokon av dei på Husevåg då dei vart konfirmerte!

 

Eg finn heller ikkje nokon mellom dei avlidne i Bergen som høver særleg godt.  Eg kan heller ikkje sjå at ho døydde i Hafslo...

 

Dette problemet ser ganske so vanskeleg ut, men ein eller annan stad må dei jo ha gift seg...?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er berre heilt utruleg å sjå kva de finn!  Hjarteleg takk til Carsten og Grethe for kjempemessige og nyttige innlegg!

 

Eg har analysert dei avlidne i Hafslo.  Eg har fleire Anna Olsdøtrer som vart om lag på same alder, men dei var ei "for mykje" mellom dei avlidne, og eg er komen til at den Anna Olsdotter som døydde på Hillestad i 1874, 70 år gamal, MÅ vera "vår" Anna Olsdotter.  Dette vert jo òg delvis stadfest gjennom opplysningane som Grethe fann hjå fattigvesenet i Bergen.  So vidt eg forstår, må dei hausten 1868 vera flytte til Hafslo!?

 

Men i heimstavnsprotokollen kjem det fram at Lars "stedse" hadde bniütt i Hafslo til han i 1849 vart dømd for fjerde gonge tjuveri, og at han etter sju år bak murane for det meste hadde vore steinarbeidar i Bergen.  Interessant var det òg å lesa at han hadde gift seg "for seks år sidan", d.v.s. i eller kring 1858, men at dei var barnlause.

 

Her er mange brikker etter kvart komne på plass, men desse spørsmåli står framleis opne:

 

* Kven var Anna Olsdotter frå "Husevaag prestegjeld" - rimelegvis fødd kring 1804?

 

* Og so var det å finna vigsli til Lars og Anna i eller kring 1858 - eg ser ho ikkje (hjå FamilySearch) korkje i Bergen, Hordaland eller Sogn og Fjordane, men eg er usikker på om absolutt alle prestegjeldi er omfatta av basen til FamilySearch(?)

 

Eg takkar på ny for desse flotte innspeli og vonar på fleire avsløringar kring Anna Olsdotter;

 

* kanskje har ho ei eigi innførsle i heimstavnsregisteri?

 

* kanskje ho òg har sete inn til straff?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt innlegg om Anna Olsdotter.

 

At Anna fekk fattigstøtte på lik line som mann sin, er vel ikkje so overraskande, men finst ho nemnd i  heimstavnsregisteri for Bergen?  Eller er ho ogso der innført i lag med mann sin?

 

Eg finn ikkje nokon Anna Olsdotter mellom straffa personar i Bergen som direkte kan knyttast til "vår" Anna...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om opphavet hennar Anna!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg er svært lite flink til å finne fram i den skanna 1865-tellinga, elles skulle eg gjeve deg svaret sjølv - men kanskje andre kan? Står det eigentleg Husevaag i originalen, eller kan det vere feil avskrift?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Anna er oppført som født i "Husevåg" prestegjeld?

Finnes en orginal kilde der dette kan leses?

 

mvh Ottar

Endret av O. Eliassen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg er svært lite flink til å finne fram i den skanna 1865-tellinga, elles skulle eg gjeve deg svaret sjølv - men kanskje andre kan? Står det eigentleg Husevaag i originalen, eller kan det vere feil avskrift?

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Bergen kjøpstad, Statlig folketelling 301-311 (RA/S-2231/E), 1865-1865, oppb: Riksarkivet.

Merknader: Bergen kjøpstad besto i 1865 av Domkirkens, Korskirkens, Nykirkens og St. Mariæ Kirkes menigheter.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:db_read/ft/38249/2528/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-ft20090729390970.jpg

 

Det kan se ut som man ved skanningen ikke har "brettet" ut den originale protokollen av hensyn til nettopp originalen. Dermed er fødested blitt bare halvveis synlig. 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe, Aase, Inge og Ottar for nye utfordrande innlegg!

 

Det synest heilt klart at dersom den digitaliserte utgåva av denne teljingi er skriven på bakgrunn av denne kopien, so kan prestegjeldsnamnet vera nær sagt kva som helst som sluttar på -waag.  Merkeleg er det då at dei har klart å tyda fødestaden hans Lars som Hafslo, for det er vel ikkje so mykje enklare å forstå?

 

Om ikkje eg hugsar heilt feil, so skal originalen av 1865-teljingi stå på lesesalen på Riksarkivet; det gjorde den i alle fall den gongen Riksarkivet var på Bankplassen... og eg las igjennom heile Nord-Noreg på leiting etter utflytte sogningar...  Eg vil senda eit spørsmål til Riksarkivet med von om at dei ikkje treng fire veker på å gjera eit oppslag...

 

Er det elles nokon som har tips om kva -waag kan vera for eit prestegjeld?  Laksevåg var vel ikkje eige prestegjeld på den tidi?  Det einaste eg elles kjem på i farti, er Djupvåg prestegjeld i Aust-Agder!  Kan ho vera derifrå?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk Grethe.

 

Mitt i sideskillet, ikke lett. Men det står "??vaag Præstegjeld", og hvor?

 

Tja??

 

mvh Ottar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i dag sett litt på fødde i Laksevåg sokn av Askøy og finn eit par "spennande" kandidatar:

 

* 11.8.1802 døypt (i Bergen Domkyrkje) Ane Sophia Lovisa av Ole Olson og kona Øllegaard fød Netter (Nitter!) i Gravdal

 

* 10.10.1802 døypt Anne Jacobia av Ole Knutson og Gjertrud Jacobsdotter på Damsgård - gravlagd 10.8.1806 (3 år)

 

* 12.6.1803 døypt Anne Elisabeth av Ole Andersson og Anne Turine Monsdotter på Damsgård - gravlagd 14.8.1803 (7 veker)

 

* 15.12.1805 døypt Anne Maria av Ole Knutson og Gudve Halstensdotter på Damsgård

 

* 23.8.1807 døypt Anne Karine av Ole Olson og Malene Rasmusdotter på Damsgård

 

* 28.2.1808 døypt Anne Olene av Ole Knutson og Petriche Andersdotter på Alvøen

 

Når det gjeld Djupvåg i Aust-Agder, ser eg i grunnen ikkje nokon som høver særleg bra, ei Ane Marie Olsdotter i 1800 og ei Anne Olsdotter i 1810, men ingen imellom!

 

Kan det vera ei av dei fire jentene frå Laksevåg?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Aase for nytt innlegg!

 

Som eg vel var inne på i eit tidlegare innlegg, trur eg ikkje Laksevåg var eige prestegjeld på denne tidi, men ser ein på FT1865, finn ein fleire personar som er oppførte med Laksevaag eller Laxevaag som fødestad!

 

Eg er spent på kva eit studium av originalen kan gje som resultat og takkar igjen for alle gode tips!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Godt poeng, Lars. Det er elles ikkje det enklaste mennesket du leitar etter; Anna/e Olsdtr er vel det aller vanlegaste namnet i landet i lang tid.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvis det tilfeldigvis skulle stått vang, og ikke vaag i folketellinga, og at det da gjaldt Ullensvang Prestegjeld, så kunne dette kanskje være en kandidat.
Anna, døpt 3.desember 1803, til Ole Olsen og Katrina Olsdatter.
Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Ullensvang, Klokkerbok nr. A 2 (1803-1804), Fødte og døpte 1803, uten sidenr.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11728&idx_id=11728&uid=ny&idx_side=-14
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070522660205.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Aase og Kyrre Martin for nye innlegg!

 

Eg var òg inne på tanken at det KUNNE stå -wang som fødestad, og då er sjølvsagt Ullensvang eit heitt tips, men det har vel liti hensikt å gissa noko meir før me får sjekka kva det står i originalen...

 

Elles er det ikkje eg som har valt namnet Anna Olsdotter på kona til Lars Jensson, men han kunne jo ha finne seg ei med eit noko meir uvanleg namn...

 

Eg tykkjer elles det er svært so merkeleg at me ikkje kan finna vigsli nokon stad...!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

So er det kome eit svar frå Riksarkivet i denne saki, og fødestaden til Anna Olsdotter er stadfesta: LAXEVAAG!

 

Då vil eg få attgje lista mi frå innlegg #15 over døypte i Askøy prestegjeld der eg trur den "rette" Anna Olsdotter MÅ vera ei av desse:

 

* 11.8.1802 døypt (i Bergen Domkyrkje) Ane Sophia Lovisa av Ole Olson og kona Øllegaard fød Netter (Nitter!) i Gravdal - ikkje finni konfirmert i Askøy prestegjeld!

 

* 15.12.1805 døypt Anne Maria av Ole Knutson og Gudve Halstensdotter på Damsgård - vart konfirmert i 1821: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8603&idx_id=8603&uid=ny&idx_side=-146 - kan det vera ho som står brur her i Domkyrkja i Bergen 27.4.1834: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8643&idx_id=8643&uid=ny&idx_side=-444- kanskje er det mann hennar som døydde i Bergen 1843: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=1301begr&gardpostnr=21313&merk=21313#ovre

 

* 23.8.1807 døypt Anne Karine av Ole Olson og Malene Rasmusdotter på Damsgård - vart konfirmert i 1824: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8603&idx_id=8603&uid=ny&idx_side=-154 - vigsli hennar i Bergen 1851: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1816&gardpostnr=10531&merk=10531#ovre- dødsfallet til mann hennar i Bergen 1868

 

* 28.2.1808 døypt Anne Olene av Ole Knutson og Petriche Andersdotter på Alvøen - vart konfirmert i 1824: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8603&idx_id=8603&uid=ny&idx_side=-156

 

I mine auge er Anne Maria Olsdotter frå 1805 og Anne Olene Olsdotter frå 1808 dei "heitaste" "kandidatane", men er det mogeleg å finna ut kven som til sist vart gift med Lars Jensson Sjøthun?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den "kandidaten" som eg etter kvart har mesyt tru på av desse, når det gjeld Anna Olsdotter, ogso med omsyn til alder, er "kandidat #2":

 

* Anne Maria Olsdotter Damsgaard, fødd 1805

 

Far hennar ser ut til å vera komen frå Voss:

 

* Ole Knutson Langeland, busett på Damsgård, son av Knut Andersson Horvey på Voss, døydde 20.6.1828. 65 år gamal (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=ASKOYDOD&gardpostnr=2745&merk=2745#ovre)

 

* Gudve må vera identisk med Gunvor Halstensdotter, busett på Damsgård, døydde som enkje 5.5.1839, 66 år gamal (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=ASKOYDOD&gardpostnr=4134&merk=4134#ovre)

 

Men ho er nok IKKJE identisk med den jenta som gifte seg i Bergen med Iver Sørensen, for no ser eg at ei Anna Marie Olsdotter var fødd i Bergen 20.9.1805 som dotter av arbeidsmann Ole Knutson og kona Anna Hansdotter (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011668&gardpostnr=31873&personpostnr=93862&merk=93862#ovre), og då er det nok ho som gifte seg med Iver Sørensen!!

 

Her er forresten "kandidat #3", Anna Karine Olsdotter i FT1865: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038249025900- so då er ho endeleg "eliminert"!

 

Når det gjeld "kandidat #4", Anne Olene Olsdotter, so finn eg dødsfallet til mor hennar:

 

* Petriche Andersdotter Alvøen, enkje, døydde 2.1.1845, 74 3/4 år gamal (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=ASKOYDOD&gardpostnr=4308&merk=4308#ovre).

 

Eg vil freista eit par spørsmål i Arkivforum for dødsmeldingar eller skifte etter foreldri til kandidatane #2 og #4...

 

men takkar elles på det hjartelegaste for alle synspunkt og tips elles når det gjeld opphavet til "mi" Anna!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet som framleis står utan endeleg løysing!

 

For å summera opp det me veit so langt:

 

Anna Olsdotter,

fødd på Laksevåg ved Bergen kring 1806,

gifte seg truleg kring 1858 med

Lars Jensson Sjøthun, døypt i Hafslo 14.8.1796

 

Lars var steinarbeidar, fekk fattigstøtte i Bergen frå 1864

budde i Bergen i 1865

flytte hausten 1868 til Hafslo der

Anna døydde 20.2.1874

Lars døydde 2.3.1876

 

To store spørsmål står att:

 

* Dato og stad for vigsli til Lars og Anna?

 

* Dato for fødsli til Anna og foreldri hennar?

 

Dette med vigsli kan eg ikkje forstå.  Kan dei vera gifte utan at presten har ført det inn i kyrkjeboki?  Det kjem beviseleg føre fem-seks gongar i Luster kring 1810, i Sogndal fleire gongar kring 1830 og sikkert ogso andre stader, men i Bergensområdet???

 

Det er vel ikkje nokon grunn til å tvila på at Anna var fødd på Laksevåg, og då har me berre desse alternativi (jmf. innlegg #21/22):

 

* 11.8.1802 døypt (i Bergen Domkyrkje) Ane Sophia Lovisa av Ole Olson og kona Øllegaard [Pedersdotter Nitter!] i Gravdal - ikkje finni konfirmert i Askøy prestegjeld!

 

* 15.12.1805 døypt Anne Maria av Ole Knutson og Gudve Halstensdotter på Damsgård - vart konfirmert i 1821: http://www.arkivverk...y&idx_side=-146

 

* 28.2.1808 døypt Anne Olene av Ole Knutson og Petriche Andersdotter på Alvøen - vart konfirmert i 1824: http://www.arkivverk...y&idx_side=-156

 

Dei to siste av desse "kandidatane" er i mine auge dei "heitaste", men kva for ei av dei kan det vera??

 

Eg set mi lit til at einkvan i Brukarforum kan komma med nye tankar og gode tips for å løysa denne utfordringi og takkar nok ein gong for hjelpi!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er i dag komme svar i Arkivforum når det gjeld dødsmeldingane til dei aktuelle foreldri til Anna Olsdotter på Laksevåg, men diverre fann Statsarkivet i Bergen berre ei melding:

 

"Gudve/Gunvor Halstensdotter, busett på Damsgård, døydde 5.5.1839. Hun var enke. I protokollen står det 1 mindreaarig Søn og en umyndig datter."

 

Går me til FamilySearch, finn me følgjande born fødde av foreldri Ole Knutson og Gudve Halstensdotter:

 

* Kari Olsdotter, døypt i Askøy 11.11.1798

 

* Halsten Olson, døypt i Hamre 21.9.1801

 

* Kari Olsdotter, døypt i Hamre 14.8.1803

 

* Anne Maria Olsdotter, døypt i Askøy 15.12.1805

 

* Halsten Olson, døypt i Askøy 4.10.1809

 

* Ole Olson, døypt i Askøy 28.8.1815

 

I 1839 var sonen Ole Olson framleis "mindreårig" (under 25), so han er trueleg sonen som då levde, men kan me vona på at Anna Marie var dotteri?

 

Det er vel eit spørsmål om ikkje denne Anna er det beste alternativet for ho som sidan vart gift med Lars Jensson...?  Kunne me berre finna denne vigsli??

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Eg vil i kveld gjerne få freista ein siste gong på å finna løysingi på dette problemet!

 

Eg har vanskeleg for å tru at det skal vera so absolutt umogeleg å finna svari på dei to spørsmåli som står att (jamfør føregåande innlegg!)

 

Ei kjempestor takksemd følgjer med oppklaringi av denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.