Gå til innhold
Arkivverket
Ole-Ragnar Riise

Knut Jetmundsson Skjaastad f. 1830

Recommended Posts

Ole-Ragnar Riise

Knut Jetmundsson Skjaastad var bror til mi tippoldemor, og var fødd i 1830 på Skjåstad i Hjørundfjorden, no ein del av Ørsta kommune. Frå om lag 1849 til 1854 arbeidde han som lærar i Hjørundfjorden, men etter dette ser det ut til at alle spor etter han forsvinn.

Eg trur dette kan henge saman med at han i 1853 og 1854 fekk barn med to ulike kvinner utanfor ekteskap, og at han enten vart straffa for det eller måtte reise derifrå for godt. Begge deler, kan det vel sjå ut til?

Det har iallfall ikkje lukkast meg å finne fleire spor etter han, anna enn at eg fann ein stad at han døydde i USA. Men dette finst det ingen annan dokumentasjon på, ser det ut for. Kan vere ei samanblanding med sonen, som utvilsamt utvandra til Amerika.

Finst han i noko strafferegister, og står det i så fall noko der om kvar han enda opp etter ei eventuell straff? All informasjon er av interesse.

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Sånn for ordens skyld;

Kanskje lurt å legge inn opplysningene om barna også.

Ifølge et tre på FS døde ham i USA.
Men ingen andre opplysninger om han i Amerika.

https://familysearch...03/2:2:STLM-96C

Barna :

Bernt Edvard 29 aug 1853

https://familysearch...03/1:1:NCRH-DY3

http://www.arkivverk...50727040936.jpg

Marta Birgitte 11 mai 1854.

https://familysearch...03/1:1:NCR4-F7X

http://www.arkivverk...50727040941.jpg

Bernt var fostersønn på Riise i 1865

http://www.rhd.uit.n...nr=0048&lnr=000

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Har søkt på  etternavnet  Jetmundsen,Sjaastad og Skjaastad,både i Amerika og Canada,men mannen er ikke å finne etter 1854.Og i 1865 var han ikke her til lands,etter det jeg kunne se.

Merkelig!

Takk for forsøket. Eg kjem ikkje lenger eg heller. Sonen Bernt Edvard Knutsson Skjaastad/Skaar, f. 29. august 1853, utvandra i mai 1883, og kalla seg etter kvart Edvard Knutson. I folketeljinga frå juni 1900, finn vi han ugift i Township 152, Ward County i Nord-Dakota, der huslyden til søskenbarnet/fosterbroren Johan/John Riise/Rice også bur og truleg driv farm saman sidan dei er nemnde "partner". Men etter dette ser det ut til at han også forsvinn ut av historia. John Rice dreg sidan til Montana med familien, men Edvard Knutson ser ikkje ut til å fylgje med.

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Har du vært i kontakt med etterkommere av John Rise/Rice?

Kanskje de vet noe Bernt Edvard Knutsen og hans far ?

Endret av Ann-Mary Engum

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ole-Ragnar Riise

Har samarbeida ein del med barnebarn av John Rice, men på dette området har vi ikkje kome lenger. Det vert vanskeleg når folk driv å skiftar namn slik når dei emigrerer også.

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Ja,det kan være vanskelig å finne folk etter at de emigrerte.

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ole-Ragnar Riise

Då fann eg at ein Knud Jetmundsen Skjaastad, 24 år gamal, fekk utsteda pass frå Ålesund 26. april 1854. Der står også at utreisedato er 27. april. Eg fekk ikkje til å legge inn linken her, men fann den i digitalarkivet under emigrantar. Då må ein gå ut i frå at Amerika er målet. Såleis er han då truleg den første hjørundfjordingen som utvandra etter Paul Pedersson Sæbø i 1852.

Då startar arbeidet med å prøve å finne han att i USA. Vert glad for all eventuell hjelp her!

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Det kan vere noko forhasta. I 1854 måtte ein ha pass for å reise innanlands. 

https://arkivverket.no/arkivverket/Arkivverket/Bergen/Nettartikler/Passtvang-i-Norge

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Ja,det er sant .

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ole-Ragnar Riise

Tusen takk for oppklaring og hjelp! Då har vi altså havna i Bergen. Men kva skjer med han når han kjem til byen? Dreg han vidare? Spanande dette her...

Han møter vel opp på politistasjonen og viser fram (eller leverer inn) passet sitt, og fortel kva han har der å gjere og kor lenge han har tenkt å vere der.   Passprotokollen?

Om han slær seg ned, leverer han kanskje preste-attesten sin til den lokale soknepresten. Altså må du leite i utflyttar-listene i kyrkjeboka for Hjørundfjord og innflyttar-listene i kyrkjebøkene i Bergen.

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ole-Ragnar Riise

Takk igjen. Når det gjeld kyrkjebøkene i Hjørundfjord, så ser det ikkje ut til at utflyttarar har vorte registrert før 1856. Då får eg byrje å leite i kyrkjebøkene frå Bergen.

Det er inn- og utflyttarlister frå 1819, her frå 1847:

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2244&idx_id=2244&uid=ny&idx_side=-2520  (til høgre på oppslaget)

Men eg ser ikkje Knut der (men ingen grundig gjennomgang).... 

Dersom han ikkje gifte seg, søkte lærar- eller klokkarstilling o.l., trong han (i praksis) ikkje vise fram attest til presten der han kom (og dermed ikkje få frå presten heime).

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ole-Ragnar Riise

Om han søkte arbeid i Bergen, er det truleg som lærar. Men kan han ha reist til Bergen for å sone ei eventuell straff? Kunne han ha reist åleine då? Eller så reiste han kanskje for å sleppe unna ei eventuell straff? Hadde han fått pass ved eit slikt høve? I april 1854 var enno ikkje det andre barnet utanfor ekteskap fødd. Det hende om lag 2 veker etter han reiste. Kva kunne han vente seg i ein slik situasjon?

I 1854 var det straff (8 d. fengsel) for 3.gongs leiermål, men ikkje (rettsleg) straff for 1. og 2. gongs. Det var neppe noko hinder for å få reisepass. Bygdesnakket var ikkje regulert... - og det kunne vere ei vel så tung straff.

Ein lærar skulle vere eit føredøme, og det kunne nok vere vanskeleg å få seg lærarpost for ein kar med fleire lausungar. Eg vil tru at eit skulestyre ville sjå attest frå presten heime før dei tilsette nokon.

Takk igjen for oppklarande svar. Har sett over innflyttarlistene i kyrkjebøkene for Bergen, men Knut dukkar ikkje opp der, så vidt eg kan sjå. Om han hadde tenkt seg vidare, f.eks. til USA, er det råd å finne det ut på nokon måte? Det ser ut til at emigrantlistene over Bergen, som er tilgjengelege i digitalarkivet iallfall, startar i 1874.

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ole-Ragnar Riise

Finn ikkje at Knut er registrert som utflytta frå Hjørundfjorden korkje i 1854 eller i åra før og etter. I passprotokollen står det at han har tent hos ein "J F Scheldrup," som utreisestad. Finn ingen Scheldrup i Hjørundfjorden på den tida. Kvar kan dette ha vore?

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ole-Ragnar Riise

Av ein eller annan grunn får eg ikkje til å lage lenke i innlegget. Prøver å fylgje instruksjonen for forumet, men før eg kjem i målet, låser alt seg.

Eg har eit spørsmål angåande dåpen til dottera til Knut, Marta Birgitte, som står oppført som døypt 9. juni (fødd 11. mai) 1854. Ho står som nr 25 av døypte i året 1854, i ministerialboka for Hjørundfjord 1847-1868, side 34.

Kan nokon hjelpe meg med å tyde teksta under namn på foreldre. Der står: "Udlagt(?) til Barnefader ........................................Knud Jetmundsen Sjaastad. Eg går ut i frå at det er tittel/stilling som står oppført der, men greier ikkje å tyde teksten. Set stor pris på eventuell hjelp !

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne-Lise Hansen

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Hjørundfjord, Ministerialbok nr. 515A05 (1847-1868), Fødte og døpte 1854, side 34.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2244&idx_id=2244&uid=ny&idx_side=-38
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050727040941.jpg
(Nr. 25)

Jeg måtte trykke på 'Toggle'-knappen for å få lagt inn lenken nå (med Firefox), så nå er det ikke dette et problem bare for Internet Explorer-brukere.

.

.

Det står forhenværende Skolelærer.

Endret av Anne-Lise Hansen

Tusen takk for hjelp!

På side 29 i same boka finn vi dåpen til Bernt Edvard, nr 41, døpt 9. oktober 1853. Der står også Knut som barnefar. Også der har eg problem med å tyde tittelen. Nokon som kan tyde?

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne-Lise Hansen

Gesell.

Endret av Anne-Lise Hansen

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ole-Ragnar Riise

Tusen takk igjen!

Ordet gesell tolkar eg nærmast som lausarbeidar, men kunne det også f.eks. bety omgangsskulelærar på den tida?

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.