Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Anders Madsen i Bergen (1722?-1810) - var han fødd på Kvam i Jølster?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Undersøkjingskommisjonen for Bergen 1804 nemner denne Anders Madsen, fødd på "Qvam i Jølster", 82 år gamal skoflikkar: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=7&filnamn=berg1804&gardpostnr=248&merk=248#ovre

 

Ifølgje FT1801 var han fødd kring 1724: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390000823

 

Ved dødsfallet i Nykyrkja i Bergen 3.1.1810 er alderen oppgjeven til 99 år: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=bedo1668&gardpostnr=66812&merk=66812#ovre

 

Eg kan elles leggja til at Anders Madsen var gift tre gongar:

 

1. ............................................... med Elisabeth Larsdotter

 

2. i Nykyrkja i Bergen 23.8.1778 med Ragnhild Larsdotter

 

3. i Nykyrkja i Bergen 26.6.1796 med Anna Margrethe Ellingsdotter

 

Er det mogeleg å finna den nøyaktige datoen for fødsel/dåp samt nøyaktig fødestad i Jølster for Anders Madsen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Hei Lars!

 

Hvis Anders Madsen var 77 år i 1801, 82 år i 1804, og 99 år i 1810, må aldringsprosessen har gått forferdelig fort! Men jeg ser at det står 99 år i gamle DA.

 

I 1801 var Anders fisker. Det samme var han da kona Elisabeth døde i 1775, 45 år gammel:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=8&filnamn=bedo1668&gardpostnr=51004&merk=51004#ovre

 

Han er også nevnt fisker i 1790, da kone nr. 2 døde, 48 år gammel. 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=9&filnamn=bedo1668&gardpostnr=51940&merk=51940#ovre

 

Tredje kona døde i 1814, avgangen fiskers enke:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=10&filnamn=bedo1668&gardpostnr=67399&merk=67399#ovre

 

 

Dette har du vel fra før, men Anders og Lisbet Larsdatter hadde datteren Lovisa til dåpen i Nykirken i 1766:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000005652628

 

I 1769 ble sønnen Matz Larsen døpt:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000005655321

 

I 1776 ble datteren Elisabeth døpt (oppkalt etter Anders Madsens første kone). Moren het Ragnhild Larsdatter. 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000005626211

 

Ole, 1780

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000005629031

 

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for spennande og utfordrande svar!

 

Tja, dette med alderen til Anders Madsen lyt ein nok ta med "ein klype salt".  Kva som er rett, veit eg ikkje.  Eg kan ikkje sjå han døypt i Jølster, men ein Mads Kvammen i Jølster er ifølgje FamilySearch skriven med desse borni:

 

* Gaut, døypt 31.1.1734

 

* Siuv, døypt 15.6.1734

 

* Karen, døypt 24.7.1735

 

* Villum, døypt 2.9.1742

 

og truleg høyrer ogso denne sonen til Mads Villumson til i denne huslyden:

 

* Peder, døypt 1.11.1739

 

kanskje òg Mads "Vischedal"'s dotter:

 

* Sygnilde, døypt 30.9.1736

 

sjølv om nokon av desse datoane synest "merkelege", jmf. avstanden mellom dei tre første!

 

Anders Madsen er nok òg del av denne søskenflokken, og eg vil gissa på at han må vera fødd på midten av 1720-talet?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.