Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

LØYST: Ole og Mary Tollefson - ei ny utvandringsutfordring - kvar i Noreg kom desse folki ifrå?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Her følgjer ei ny utfordring for dei utvandringsinteresserte:

 

FT1870 for Newburg township, Fillmore Co., MN syner:

Tollefson, Ole  57  Nor  farmer
Tollefson, Mary  50  Nor  wife
Tollefson, Ole  15  IA  son
Tollefson, Ole O  12  MN  son
Tollefson, Thomas  10  MN  son
Tollefson, Isabel  18  WI  daughter
Tollefson, Mary  8  MN  daughter
Tollefson, Caroline 4  MN  daughter

FT1875 for Birch Cooley township, Renville Co., MN syner:

Tollefson, Mary  56  Nor  Nor  Nor
Tollefson, Ole  21  WI  Nor  Nor
Tollefson, Subille  23  MN  Nor  Nor
Tollefson, Ole  19  MN  Nor  Nor
Tollefson, Thomas  16  MN  Nor  Nor
Tollefson, Mary  14  MN  Nor  Nor
Tollefson, Caroline  11  MN  Nor  Nor
Tollefson, Sophia  1  MN  Nor  Nor

FT1880 for Birch Cooley township, Renville Co., MN syner:

Tollefson, Ole  23  MN  Nor  Nor  farmer
Tollefson, Mary  60  Nor  Nor  Nor  mother
Tollefson, Carrie  15  MN  Nor  Nor  sister

To av borni gifte seg inn i utvandrarætter frå Hafslo i Sogn:

Thomas Tollefson, fødd i Goodhue eller Fillmore Co., MN 23.2.1961 (skal vel vera 1860?)

Marit "Mary" Tollefson, fødd i Fillmore Co., MN 2.2.1862

 

Eg har ikkje finne fødselsdatoar til nokon av desse borni i amerikanske kyrkjebøker.  Fødselsdatoane for Thomas og Marit "Mary" kjem frå dødsattestane deira!

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om opphavi deira!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

???

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=21&filnamn=ft21001860&gardpostnr=52647&personpostnr=52647#nedre

 

 

Nordmenn i USA i 1860-teljinga  

 

Stat Fylke Herad Side Førenamn Etternamn Kjønn Alder Yrke Fødestad

52642 Minnesota Fillmore Newburg 32 Ole Tollifson m 32 farmer Norway

52643 Minnesota Fillmore Newburg 32 Marrett Tollifson f 30   Norway

52644 Minnesota Fillmore Newburg 32 Ole Tollifson m 6   Norway

52645 Minnesota Fillmore Newburg 32 Ole A. Tollifson f 4   Norway

52646 Minnesota Fillmore Newburg 32 Ingebor Tollifson m 8   Norway

52647 Minnesota Fillmore Newburg 32 Thomas Tollifson m 3   Norway

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for spennande og nyttig innlegg!

 

Du har heilt klart finne att huslyden i FT1860.  Denne hadde eg oversett, men det kjem truleg av at eg leitte etter borni fødde i Amerika!  Her har jo den lokale "skrivaren" skrive feil fødestad!  Alderen til Thomas må forresten ha vore 3 månader, ikkje 3 år!

 

Elles er det framleis eit "mysterium" kvar i Noreg dette parfolket kan ha utvandra ifrå.  Om kona heitte Marit, er dei neppe komne frå Sogn...  Kanskje Telemark?  Kanskje Valdres?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Du kan stort sett sjå vekk frå heile Vestlandet for Marit sin del - der ville ho heitt Marte/Marta.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Dag T. Hoelseth

Telemark er jo en god mulighet, for eksempel Bø. Men når man nå har kommet så sent på 1850-tallet bør man også se på Numedalen og Hallingdalen foruten Valdres. Det er jo "bare" å ta kirkeboken fatt. Kan familien være nevnt i Martin Ulvestads arbeider, mon tro?

 

DTH

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Aase og Dag for siste kommentarar!

 

Sjølv om namnet Martha i Lærdal ofte vart skrive Maritta på 1700- og 1800-talet, kan me vel då vera vel samde om at desse folki kom frå ein eller annan stad austafjells.

 

Dei må ha utvandra seinast i 1852, men om dei gifte seg i Noreg eller i Amerika er uvisst.  Skal eg gissa på noko, so måtte det vera at kona heitte Marit Olsdotter, og mor til ein av dei heitte Ingeborg!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Dag T. Hoelseth

Hjarteleg takk til Aase og Dag for siste kommentarar!

 

Sjølv om namnet Martha i Lærdal ofte vart skrive Maritta på 1700- og 1800-talet, kan me vel då vera vel samde om at desse folki kom frå ein eller annan stad austafjells.

 

Dei må ha utvandra seinast i 1852, men om dei gifte seg i Noreg eller i Amerika er uvisst.  Skal eg gissa på noko, so måtte det vera at kona heitte Marit Olsdotter, og mor til ein av dei heitte Ingeborg!

 

Muligens jeg har oversett noe, men hvorfor skriver du at de senest må ha utvandret i 1852? Thomas f. ca. 1857 var da ifølge 1860-tellingen født i Norge.

 

DTH

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

???

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=21&filnamn=ft21001860&gardpostnr=52647&personpostnr=52647#nedre

 

 

Nordmenn i USA i 1860-teljinga

 

Stat Fylke Herad Side Førenamn Etternamn Kjønn Alder Yrke Fødestad

52642 Minnesota Fillmore Newburg 32 Ole Tollifson m 32 farmer Norway

52643 Minnesota Fillmore Newburg 32 Marrett Tollifson f 30 Norway

52644 Minnesota Fillmore Newburg 32 Ole Tollifson m 6 Norway

52645 Minnesota Fillmore Newburg 32 Ole A. Tollifson f 4 Norway

52646 Minnesota Fillmore Newburg 32 Ingebor Tollifson m 8 Norway

52647 Minnesota Fillmore Newburg 32 Thomas Tollifson m 3 Norway

 

Et par ved navn Ole Tollefsen og Marit Henriksdatter fikk en datter Ingeborg i Slidre i 1851.

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:N4M6-LHD

 

Hun var tvilling med Sigrid.

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:VWPM-4Z4

 

http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070207630602.jpg

 

 

Men det er jo ikke sikkert dette er ditt par.

Endret av Ann-Mary Engum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Fant ikke dette paret i Vestre Slidre i 1865.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Med utgangspunkt i 1860 som er det fyrste funnet, kan det vere 3 av borna som er fødde i Noreg - Ingeborg (Isabel/Sybille) ca 1852, Ole A ca 1854 og Ole ca 1856. Thomas har du funne fødd i USA i 1860, så han må vere 3 mnd eller 3 veker, ikkje 3 år som det står i tellinga. 

 

Har eg oppfatta det rett?

 

Fødselsåret til foreldra blir meir flytande - etter 1860 snakkar vi om 1828 og 1830; i 1870 er dei blitt 10 år eldre (1813 og 1820). I 1875 og 1880 er dei i nærleiken av denne siste alderen. (Barnet Sophia på 1 år i 1875 bør derfor vere eit barnebarn).

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Dag, Ann-Mary og Aase for nye spennande innlegg!

 

Om de går attende til første innlegget mitt, so vil du sjå at ALLE BORNI i denne huslyden i 1870 er oppgjevne fødde i Amerika.  Det at FT1860 opererer med Norway som fødestad for heile huslyden, trur eg er feil!

 

Her er forresten huslyden i FT1885 for Birch Cooley township, Renville Co., MN:

 

Tollefson, Mary  73  Norway

Tollefson, Ole  26  MN

Tollefson, Thomas  23  MN

Rey(!), Mary  22  MN

Tollefson, Caroline  19  MN

Rye, John  4  MN

Rye, Mary  2  MN

 

Og her er dei i FT1895 for Birch Cooley township, Renville Co., MN:

 

Tollefson, Mary  73  Norway

Tollefson, Ole  38  MN

Tollefson, Carrie  29  MN

 

Næraste nabo er sonen Thomas med eigen huslyd.

 

Og so har eg (endeleg) finne huslyden i FT1857 for Township 101 Range 8 i Fillmore Co., MN:

 

Tollifson, Ole  33  Norway  farmer

Tollifson, Mary  40  Norway  wife

Tollifson, Issabella  6  Norway(!)

Tollifson, Ole 1st  4  WI

Tollifson, Ole 2nd  6 mo  MN

 

Her kjem det fram at Ingeborg er fødd i NOREG, og for ein par minuttar sidan tikka det inn ei melding frå Amerika om at foreldri til denne søskenflokken skal vera Ole Tollefson og Marit Halstensdotter!  Eit par med desse namni gifte seg i Vestre Slidre 4.1.1851: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8994&idx_id=8994&uid=ny&idx_side=-145

 

Og då ser me at dette MÅ vera same parfolket som Ann-Mary fann med tvillingdøtrene Ingeborg og Sigrid fødde på Nesja i Vestre Slidre 22.2.1851, berre med avvikande farsnamn på mori!

 

Aldrane på Ole og Marit stemmer svært godt med dei som er oppgjevne i FT1857, so Marit har fått borni sine i ein ganske so "avansert" alder, frå 34 år ved første fødsel til 48 eller 49 ved den siste, utan opphald!  Slå den!?

 

Uansett, eg trur trygt me kan seia at dette problemet no er so å seia løyst, berre sjølve utvandringi til Ole og Marit står att, men den må ha vore mellom 1851 og 1855!

 

Nok ein kjempetakk for fin innsats!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kyrre Martin Sveen

Her er utvandringa til Ole Tollefsen og Marit Halstensdatter: (Fra 208 og nedover)
Kildeinformasjon: Oppland fylke, Vestre Slidre, Ministerialbok nr. 1 (1844-1855), Inn- og utflyttede 1851-1854, side 229.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8994&idx_id=8994&uid=ny&idx_side=-189
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070207640060.jpg

Endret av Kyrre Martin Sveen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kyrre Martin og Ann-Mary for nye interessante innlegg!

 

Altso hadde dei ei dotter Kari som var fødd før dei gifte seg, men ho må vera avlidi før 1857.  Samstundes er ikkje Ingeborg nemnd ved utvandringi...  Men ingen tvil om at det er dei, so då har eg fått svar på alle spørsmåli mine om denne huslyden!

 

Nok ein kjempetakk for glimrande dugnadsinnsats!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne-Lise Hansen

Her er utvandringa til Ole Tollefsen og Marit Halstensdatter: (Fra 208 og nedover)

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Vestre Slidre, Ministerialbok nr. 1 (1844-1855), Inn- og utflyttede 1851-1854, side 229.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8994&idx_id=8994&uid=ny&idx_side=-189

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070207640060.jpg

.

De reiser med barken Emanuel 3. mai 1851 fra Bergen og framme i New York 18. juni. (Nr. 155, 156 og 157= Ingeborg)

 

http://www.norwayheritage.com/p_list.asp?jo=524

Endret av Anne-Lise Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne-Lise for siste interessante bidrag!

 

So dei "traded in" Kari med Ingeborg før dei gjekk på båten!  Då er sikkert Kari avlidi før dei kom so langt...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.