Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Parykkmakarsvein Jørgen Østensen i Bergen (1742- ), gift 1769 med Bertha Andersdotter - opphavet hennar? - kvar vart det av dette parfolket?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette emnet er ein "avleggjar" av emnet om Clemmet Nilsson (http://forum.arkivverket.no/topic/196021-clemmet-nilsson-sj%C3%B8thun-1631-1710-og-huslyden-hans-i-hafslo-%C3%A5rdal-og-bergen-ei-p%C3%A5sken%C3%B8tt-av-dimensjonar/)

 

Jørgen Østensen, truleg døypt i Bergen 12.8.1742 som son av Østen Østensen og Maren Polsdatter, gifte seg i Nykyrkja i Bergen 5.2.1769 med enkja Bertha Andersdotter, truleg fødd på 1720-talet.  Ho hadde før vore gift med blokkedreiar Johannes Thomassen i Tyskesmuget i Bergen (1721-1768) og fekk i dette ekteskapet fem born:

 

* Maren Johannesdatter, døypt i Nykyrkja, Bergen 13.1.1750, vart gravlagd 30.4.1751

 

* Lars Johannessen, døypt i Nykyrkja, Bergen 23.1.1754

 

* Martha Johannesdatter, døypt i Nykyrkja, Bergen 26.9.1756, vart konfirmert i Nykyrkja i 1773 og budde då "hjå faren Jørgen Østensen"

 

* Thomas Johannessen, døypt i Nykyrkja, Bergen 18.4.1760. var kornmålar i Bergen og døydde i 1804

 

* Anders Johannessen, døypt i Nykyrkja, Bergen 6.3.1763

 

Skiftet etter Johannes Thomassen frå 1768 syner at dei fire yngste borni då framleis levde: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24004/179/

 

Under "hovudemnet" gjorde Grethe Flood ein "fadderanalyse" for å komma på spor etter opphavet til Bertha Andersdotter, som eg vil attgje her:

 

~~~~~

 

Maren, 1750 - blant fadderne er Ole Andersen og Ane Margrethe Andersdatter og Ole Thomassen (Tommisen): http://digitalarkive...d00000006048391
 
Lars, 1754 - blant fadderne er Ole Andersen, Stephen Andersen og Mons Andersen: http://digitalarkive...d00000006048391
 
Marthe, 1756 - blant fadderne er Borni Andersdatter, Elen Andersdatter, Mons Andersen og Stephen Andersen. Mors navn skrives Birthe Andersdatter. Det er også en Marthe Jensdatter blant fadderne: http://digitalarkive...d00000006057045
 
 
Anders, 1763 - én av fadderne heter Ole Andersen:http://digitalarkive...d00000006063849
 
Da Mons Andersens sønn Simen ble døpt i Nykirken i 1756, er både Ole Andersen og Stephen Andersen og Birte Andersdatter blant fadderne: http://gda.arkivverk...merk=66346#ovre
 
En Ole Andersen har en sønn Ole til dåpen i Nykirken i 1753 og blant fadderne er en Ane Margrete Andersdatter Vefle? (det står spmtegn etter Vefle): http://gda.arkivverk...merk=62337#ovre
 
Bergen fylke, Nykirken, Ministerialbok nr. A 3 (1717-1764), Fødte og døpte 1753, side 252. 

 

~~~~~

 

Namnet Vefle kan vera frå Haus, og det faktum at det her synest vera fleire søsken som bur i Bergen, KAN vera eit teikn på at dei ætta frå det "nære" omland til Bergen.  Kanskje det let seg gjera finna spor etter dei?

 

Under hovudemnet hadde Grethe òg eit innlegg om Thomas Johannessen, som eg attgjev her:

 

~~~~~

 

En matros Thomas Johannesen blir gift 2 ganger i Korskirken med få års mellomrom:

 

1782 (trolovet 1781) - første kone: Kirstine Axelsdatter: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=4578&idx_id=4578&uid=ny&idx_side=-45

(kausjonistar: Hans B. Røpke og Jørgen Øst.... Beyer)

 

1784 - kone nr. 2 Helvig Johanne Stephensdatter: http://gda.arkivverk...merk=10714#ovre

 

I 1801 finner jeg Helvig Johanne med ektemann og sønn Stephen, 11 år, bosatt i Bergen: http://digitalarkive...f01058390012080

 

Ektemannen står i folketellingen som Thomas Thomasen, født (beregnet) 1761 og han er kornmåler: http://digitalarkive...f01058390012079

 

Sønnen Steffen ble døpt i Domkirken, faren Thomas Johannesen er "Undermæter": http://gda.arkivverk...merk=84725#ovre

 

Bergen fylke, Domkirken, Ministerialbok nr. A 4 (1763-1820), Fødte og døpte 1790, side 8-9. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...ny&idx_side=-18
Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...70306650571.jpg

 

Ser også at de har en sønn Stephan Gotsche til dåpen i DK i 1785: http://gda.arkivverk...merk=81920#ovre

 

Kanskje denne sønnen som dør her: http://gda.arkivverk...merk=16978#ovre

 

Dette er vel forresten begravelsen til Helvig i 1808: http://digitalarkive...g00000000372585

 

Bergen fylke, Domkirken, Ministerialbok nr. A 9 (1776-1821), Døde og begravede 1808, side 148-149 - nederst v side:
Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...ny&idx_side=-79
Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...70306660435.jpg

 

Og her er vel dødsfallet til Thomas Johannesen: http://digitalarkive...g00000000371818

 

~~~~~

 

Eg finn ingen av dei to andre brørne, Lars eller Anders, i Undersøkjingskommisjonen 1804, so anten var dei avlidne eller dei var bortflytte!

 

Eg har sjølv sett etter mogelege Martha Johannesdotter i Bergen.  Ho var fødd i Nykyrkja 1756, og her er dei beste alternativi for vigde i Bergen:

 

* gift KK 2.11.1777 med Iver Olsen, paktar på Sydnes (kausjonistar E. Olsen og Ole Rasmussen)

 

* gift KK 6.3.1791 med Jørgen Nielsen, enkjemann og fiskar

 

* gift NK 2.7.1797 med Lars Jensen, tømmermann

 

* gift SJ 5.6.1796 med Mons Johannessen, ungkarl

 

Men ingen av desse tykkjer eg er nokon "god" kandidat, eventuelt med unntak av den første...

 

~~~~~~~~~~

 

Eg har i kveld fastslege at korkje Thomas Johannessen eller Anders Johannessen er konfirmerte i Bergen, d.v.s. i Nykyrkja, Krosskyrkja eller Domkyrkja.  Me veit at Thomas vart vaksen, for i 1781 vart han trulova første gongen i Krosskyrkja!

 

Konklusjon:  Heile huslyden må vera flytt frå Bergen etter at Martha vart konfirmert i 1773, og i alle fall Thomas flytte attende til Bergen før 1781.

 

Spørsmål:  Kvar kan dei vera flytte?  Kvar kunne ein parykkmakarsvein tena til livets opphald?  Det ligg nær å tenkja seg dei kan ha butt i eitt av naboprestegjeldi til Bergen, men kvar skal me leita?  Kan henda på fødestaden til kona Bertha?

 

MEN, so ser eg at den eine kausjonisten ved første trulovongi til Thomas Johannessen i 1781 heitte Jørgen Øst..... Beyer!  Kan dette vera stefaren?  Har han bytt namn eller høyrde han til Beyer-ætti?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips, både om opphavet til Bertha Andersdotter og om lagnaden til Bertha og Jørgen!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

I skiftet etter Johannes i 1768, står det da et etternavn på Jørgen Østensen?? Reen? Been? 

 

 

post-541-0-60816000-1431542862_thumb.png

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for interessant og utfordrande svar!

 

Eg hadde oversett dette namnet frå skiftet etter Johannes, og eg tykkjer det ser ut som REEN.

 

Og med dette namnet i "mente" finn eg ein referanse på Digitalarkivet til Berthe Andersdotter REEN: http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/27/pa00000000743409

 

Dette har å gjera med eit skifte frå 1786, men eg kan ikkje sjå at dette skiftet er skanna!?  Eg får vel senda eit spørsmål til Statsarkivet i Bergen...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

So har eg finne gravferdi til parykkmakar Jørgen REIN i Nykyrkja i Bergen 14.2.1795: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=17&filnamn=bedo1668&gardpostnr=52216&merk=52216#ovre

 

og her er gravferdi til kona Bertha i Nykyrkja i Bergen 20.12.1785: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=32&filnamn=bedo1668&gardpostnr=51638&merk=51638#ovre

 

Her ser me at Bertha er oppgjeve vera 68 år, altso fødd kring 1717, noko eg trur er nokre år for mykje (siste son var fødd i 1763).  So då sit me att med spørsmålet om opphavet hennar!  Men dette vert det vel vanskeleg å finna ut av...?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Hjarteleg takk til Grethe for interessant og utfordrande svar!

 

Eg hadde oversett dette namnet frå skiftet etter Johannes, og eg tykkjer det ser ut som REEN.

 

Og med dette namnet i "mente" finn eg ein referanse på Digitalarkivet til Berthe Andersdotter REEN: http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/27/pa00000000743409

 

Dette har å gjera med eit skifte frå 1786, men eg kan ikkje sjå at dette skiftet er skanna!?  Eg får vel senda eit spørsmål til Statsarkivet i Bergen...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

 

Jeg ser at du allerede har kommet et stykke videre, men jeg fant skiftetkortet på Berthe Andersdatter med henvisning til Reen, B. A. Jeg kan imidlertid ikke finne noe skiftekort på Reen.

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Bergen by, Skiftekort , 0-, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/39937/12/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20110329610012.jpg

 

Det hadde vært interessant å se på skiftet mht barna. 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Skiftekortet er her:

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Bergen by, Skiftekort , 0-, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/39937/885/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20110329610885.jpg

 

Det vert nemnt sønene Lars, Thommes og Anders som var 22 år og matros.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

 

 

Skiftekortet er her:

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Bergen by, Skiftekort , 0-, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/39937/885/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20110329610885.jpg

 

Det vert nemnt sønene Lars, Thommes og Anders som var 22 år og matros.

 

 

Takk, Inge!  :) Jeg overså at det var skannet to kort pr side. Da vet vi i alle fall at vi har med rette folkene å gjøre, og at sønnene Lars, Thommes og Anders levde i 1786. Men datteren Marthe mangler. 

-----------------------------------------------------------------------------------------

 

Jeg ser at Lars har gjengitt "fadderanalysen" min. I 1767 hadde Borni Andersdatter og ektemannen Peder Arbrahamsen datteren Anna til dåpen i Nykirken. Blant fadderne finner jeg en Berthe Andersdatter:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=14&filnamn=dp13011700nk&gardpostnr=9768&personpostnr=78659&merk=78659#ovre

 

Ser ut som datteren døde:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=32&filnamn=bedo1668&gardpostnr=50495&merk=50495#ovre

 

Finner også Peder Abrahamsens dødfødte drbarn:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=31&filnamn=bedo1668&gardpostnr=50779&merk=50779#ovre

 

Borni (Borne) og Peder ble gift i Askøy i 1758:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000000548372

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Hei igjen, Lars!

 

Jeg finner disse personene døpt i Hamre med far Anders Paulsen (FS): 

 

Stephen, 1727

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NCJR-153

 

Baarnie, 1735

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NCJK-9XR

 

Lars, 1739

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NCJ5-ZPY

 

Mogns, 1731

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NCJY-49Q

 

Hordaland fylke, Hamre, Ministerialbok nr. A 4 (1727-1733), Kronologisk liste 1731, side 78. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11464&idx_id=11464&uid=ny&idx_side=-79
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070507680270.jpg

 

Jeg ser også at det er en Anders Poulsen som har en sønn Lars i Hamre i 1719, men jeg vet ikke om dette er samme mannen:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NCJ5-Z51

 

Det er også en Anders Paulsen, gift med Anna Rasmusdatter, som har en datter Brithe til dåpen i Nykirken i Bergen, men det er så seint som i 1740: https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:VW54-ZD4

 

En Anders Pofelsen ble gift i Hamre i 1714 med Marithe Olsdatter:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000001130266

 

I 1731 bodde Anders Poulsen på Seim, og jeg ser at han hadde tre barn til graven i Hamre på 1720-tallet:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000001007677

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000001008321

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000292482

 

Men før man går videre, hadde det vært interessant å se om det kan finnes et skifte etter Anders og/eller kona. Da ville vi vite om vi er på rett vei...!

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Fra bokhylla.no:

 

Bygdebok for Alenfit. 1 : Gards- og personhistorie fram til kring 1814

Forfatter:
Publisert:
[Eydehavn] : [s.n], 1968
 
Side 577 - gården Seim, bruk II (oppsummering av innholdet):
 
Anders Paulsen f. 1688, sønn av Paul Andersson, gift 1714 med Maritte Olsdatter, f. 1694, datter Ola Eiriksson, dødsårene for Anders og Maritte er ukjente. De var på bruket 1714-1740, men må ha flyttet ut av bygda, men var på Seim i 1740 og trolig til 1744. Anders og Maritte hadde 12 barn:
 
  1. Ola, f. og d. 1715
  2. dødf. 1715
  3. Ola, f. 1716, d. 1733
  4. Lars, f. 1719
  5. Paul, f. 1721, d. 1722
  6. Brita, f. 1723
  7. Kari, f. 1726
  8. Steffen, f. og d. 1727
  9. Steffen, f. 1729. Innført i ekstrarulle 1778. I mønstringsrulle 1799-1800 er det sagt at han var gift og bodde i Bergen
  10. Mons, f. 1731
  11. Bårni, f. 1735
  12. Lars, f. 1739
Ifølge bygdeboka vet man ikke hvor det ble av barna Brita, Mons, Bårni og Lars. ("sitat slutt")

 

Men det er antakelig disse barna vi har funnet som faddere i Bergen...????

 

-------------------------------------------------------------------

Her er vel Anders Paulsen i manntallet 1701:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=16&filnamn=1701sba&gardpostnr=5027&merk=5027#ovre

 

Og her er dåpen til Anders i 1688:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000004149979

 

Dåpen til Maritte i 1693:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000004676204

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Detter er jo berre heilt fantastisk!  Hjarteleg takk til Grethe og Inge for kjempemessige innlegg!

 

For det første får me ei stadfesting av at det er "rett" Bertha som var gift med Jørgen Rein, noko me vel forsovidt kunne vera ganske so sikre på ogso utan å sjå skiftet etter Bertha frå 1786, men so har du, Grethe, heilt openberrt greidd å finna opphavet til Bertha Andersdotter på Seim i Hamre!  Det MÅ jo vera denne søskenflokken frå Seim som vel alle er flytte til Bergen og som, gudskjelov, nytta kvarandre som fadrar!

 

Denne huslyden er eit framifrå døme på kor nyttige "fadderanalyser" kan vera, særleg på 1700-talet, for berre det å finna opphavet til ein person i Bergen med eit so vanleg namn som Bertha Andersdotter, er jo ein prestasjon i seg sjølv som det berre er å ta av seg hatten for!

 

Nok ein kjempetakk til Grethe for godt "fotarbeid".

 

Eg treng for mitt føremål ingen fleire detaljar om borni til Bertha, so problemet er soleis LØYST!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.