Gå til innhold
Arkivverket

Hille Kirstine Ludvigsdotter - gift i Domkyrkja i Bergen 1743 med seinare artillerismed Ole Thomassen - kven var ho?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet er ein "avleggar" av emnet om Clemmet Nilsson (http://forum.arkivverket.no/topic/196021-clemmet-nilsson-sj%C3%B8thun-1631-1710-og-huslyden-hans-i-hafslo-%C3%A5rdal-og-bergen-ei-p%C3%A5sken%C3%B8tt-av-dimensjonar/):

 

Eg syner til vigsli 25.8.1743 i Domkyrkja mellom Ole Thomassen og Hille Kirstine Ludvigsdotter:

 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8640&idx_id=8640&uid=ny&idx_side=-22
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070306660567.jpg

 

Ole Thomassen vart døypt i Årdal 11.12.1713 som son av Thomas Clemmetson og Mari Christensdotter i Årdal og vart gravlagd frå Domkyrkja i Bergen 29.5.1770.  Kona Hille vart gravlagd i Bergen 12.3.1764.  Alder er ikkje oppgjeve, men ho må vera fødd kring 1715-1720.

 

Eg kjenner til følgjande born etter dette parfolket:

 

* Thomas, døypt Domkyrkja, Bergen 15.3.1744, truleg gravlagd ("dotter") 28.8.1749

 

* Abelone, døypt Domkyrkja, Bergen 2.3.1746, levde 1764

 

* Johanne Marie, døypt Domkyrkja, Bergen 12.5.1748, levde 1764

 

* Thomas, døypt Domkyrkja, Bergen 20.2.1750, levde 1764

 

* Maren Cathrine, fødd Domkyrkja, Bergen kring 1752, levde 1764

 

* NN (son), fødd Domkyrkja, Bergen kring 1754, gravlagd Bergen 7.1.1758

 

* Ludvig, fødd Domkyrkja, Bergen kring 1757, levde 1764

 

Eg har inntrykk av at Ole og Hille Kirstine følgde dei gamle "oppkallingsreglene", og i so fall vil eg tru at foreldri hennar heitte Ludvig og Abelone!  Men kven var dei og kvar budde dei?

 

Er det mogeleg å finna ut kvar og kva dato/år Hille Kirstine Ludvigsdotter var fødd?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg trodde jeg kanskje hadde skutt "en liten gullfugl", da jeg fant ekteparet Ludvig Nilsen og Johanna Karlsdatter i Bergen, men de giftet seg i 1722 http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000001008613 og jeg kan ikke se at de har noen datter Hille Kristine. Johanna Karlsdatter kunne jo eventuelt ha vært oppkalt....(Johanne Marie). 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt innlegg!

 

Nei, eg trur nok heller ikkje Ludvig Nilsson og kona Johanna kan vera foreldri til Hille Kirstine.

 

Eg har finne Hille Kirstine som faddar eit par gongen, den første var visstnok i 1738.  Elles er det ingen fadrar til borni deira som heiter Ludvig eller Ludvigson/-dotter.  Dette KAN tyda på at Hille kanskje òg var innflytt til Bergen og ikkje hadde nære slektningar i byen!?  Kan ho vera av DANSK opphav?

 

Eg er vel ikkje heilt optimistisk når det gjeld å finna opphavet til Hille Kirstine, men det er lov å vona, og eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg er etter kvart ganske so overtydd om at Hille Kirstine ikkje kan vera frå Bergen, men kvar var ho då ifrå?

 

Eg ser at ei Kirstine Lodvigsdotter var fødd i Austre Fredrikstad i 1717, men kanskje meir spennande er denne jenta frå Danmark som attpåtil har ei mor som heitte Mette Apollone:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Name: Christina Ludwigsdatter

Gender: Female

Christening Date: 12 Feb 1721

Christening Place: HASLEV, SORO, DENMARK

Father's Name: Ludwig Nicolai Hanssen Herfort

Mother's Name: Mette Apollone Jacobsdatter

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ei søster Dorothea var fødd same stad i 1718.

 

Men dette vert ikkje noko meir enn reine spekulasjonar frå mi side...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars,

Flott at du har funnet opphavet til denne Ole Thommesen i Bergen, jeg har leita lenge selv. Har du noen kilder som (be)viser dette opphavet ?

 

Hille Kristine Ludvigsdtr. ble født i Ulvik, Hardanger. Dåp 6 September 1714: kolonne 2: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11740&idx_id=11740&uid=ny&idx_side=-129

 
Foreldre var Ludvig Pederson Paasche og Apelone Bårdstr. Sponheim.
Ludvig f.c. 1685 i Ulvik, sønn til sokneprest i Ulvik Peder Jørgenson Paasche og Hille Christine Urne (hennes opphav ukjent, men navnet tyder på Dansk/Norsk adel)
 
Det finnes flere poster om disse folkene på dette forumet, da spesielt om Hille Christine Urnes opphav + Ludvig Paasches skjebne (han døde i 1745 i Bergens fengsel)
Jeg har også mange andre liker og kilder, men jeg tror du finner mye i disse postene:
 
 
 
 
 
Min interesse er via Ole Thommesen og Hille Christine's datter Johanne Marie (gravlagt 27/11 1802) , gift med mester skredderen Hans Henrik Lind. Deres sønn Johan Christian f. 1776 ble mesterskredder i Stavanger.
 
Johanne Marie kalte seg for Johanne Marie Bagge , forklaringen kan ligge i det du har oppført i din andre post:
 
Thomas Clemmetson budde i 1701 som tenestedreng på Øvstetun i Årdal og gifte seg i Årdal 22.10.1713 med ei Mari Christensdotter

 

##### (dotterdotter av Ole Skuleson Bagge, Urnes – foreldri var Christen ”Soue” og Gro Olsdotter – kvar i Årdal(?) budde Christen og Gro?)

 

 

I en av debattene står dette: 

Om Ludvig står det: "Han hadde studert ei tid og gjorde jamvel litt presteteneste i Ulvik. Men i staden for å bli Herrens tenar slo han seg ned som gjestgjevar på Lærdalsøyra i Sogn, og Abelone har teke borna med seg dit." 

 

Da er det mulig at hans datter Hille Christine har truffet Ole Thommesen via kjennskap fra oppholdet i Sogn ?

 

Endret av Håvard Hjorteland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har ikkje ord, men vil freista likevel:  Hjarteleg takk til deg, Håvard, for at du har hjelpt meg identifisera Hille Kirstine og opphavet hennar.  So var eg ikkje so borte vekk likevel når det gjaldt eit mogeleg ættesamband til Danmark, berre at sambandet ligg lenger attende i tid via Urne-ætti...

 

Det er heilt utruleg kva som kjem fram av opplysningar når ein berre tek seg tid til å følgja med i debattane i forumet.  No har eg pløyd meg igjennom det meste av vedleggi som du Håvard har sendt med, og eg er vorten ein del "klokare" enn eg var i går!  Eg hadde ikkje drøymt om at Hille Kirstine kunne høyra til Paasche-ætti; ho nytta jo aldri dette namnet sjølve.  Me har her drive og leitt etter same ættetilknyttingi, men kvar i si retning!!

 

For meg er no dette problemet med eitt heilt løyst, men det kan vera vel verd å sjå på nokre av dei faktaopplysningane som kjem fram og nokre relaterte spørsmål som me enno ikkje har fått svar på:

 

Eg har med dette siste innlegget ditt fått svar på mitt problem, men det kan vera litt spennande å sjå nærare på ættesamanhangen.  Eg har ikkje kjennskap til at Ludvig Paasche var gjestgjevar eller krohaldar på Lærdalsøyri i Lærdal, men om so var tilfelle, bør han jo vera nemnd i bygdeboki for Lærdal.  No har eg blatt ein del fram og attende i den nye bygdeboki som Kåre Hovland har skrive for Lærdalsøyri, men merkeleg nok kan eg ikkje finna Ludvig Paasche nemnd nokon stad!  Merkeleg!  Og er ganske so sikker på at eg har sett Paasche-namnet i kyrkebøkene for Lærdal, utan at eg no kan hugsa nett kvar det var!

 

Men om det stemmer at Ludvig Paasche budde på Lærdalsøyri, er det heilt klart at Hille Kirstine og Ole mest sannsynleg er vortne kjende med kvarandre alt før dei flytte til Bergen!

 

Du Håvard spør etter prov på opphavet til Ole Thomasson frå Årdal.  Dei finn du fleire stader, mn først og framst i skiftet frå 1762 etter Marit Olsdotter på Skjedsvold i Vågå, mellom anna referert til i innlegg #27 i denne debatten:

 

http://forum.arkivverket.no/topic/196021-clemmet-nilsson-sj%C3%B8thun-1631-1710-og-huslyden-hans-i-hafslo-%C3%A5rdal-og-bergen-ei-p%C3%A5sken%C3%B8tt-av-dimensjonar/

 

Søskenflokken, d.v.s. borni til Ole Skuleson Bagge, er ogso opprekna i skiftet frå 1740 etter Kari Olsdotter på Hauge i Lærdal.  Ætti etter Ole Skuleson finn du her:

 

http://forum.arkivverket.no/topic/196084-ole-skuleson-bagge-p%C3%A5-urnes-i-hafslo-1631-1710-med-kona-guri-knutsdotter-og-huslyden-deira-hafslo-%C3%A5rdal-l%C3%A6rdal-v%C3%A5g%C3%A5-utfordrande-huslyd/?hl=%2Bskuleson+%2Bbagge

 

To sentrale spørsmål som står att å løysa, lg som me vel båe har stor interesse av å finna svar på, er desse:

 

* Dato og stad for dødsfalli til Thomas Clemmetson og Mari Christensdotter, foreldri til Ole Thomasson.  Me veit om Thomas at han levde i 1742 då det vart skift etter ei søsterdotter hans i Årdal, medan Mari Christensdotter levde i 1740, men ho var avlidi før 1762 (jmf. dei nemnde skifti etter mostrene Kari og Marit!)

 

* Bustadane til Gro Olsdotter (Bagge), ho som i skiftet frå Vågå vert sagt først å ha vore gift med Christen "Soue" og sidan med Sjur "Hammer", som båe skal ha butt i Sogn!

 

Greier du, Håvard, eller nokon annan å løysa desse spørsmåli, då ville eg få ei kjense av å feira jul, påske og gebursdag på same tid!

 

Eg takkar på ny for den kjempeflotte meldingi og vonar samstundes på fleire innspel, anten her eller under dei to andre nemnde debattane!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sakser dette fra debatten - påskenøtt av dimensjoner - innlegg ved Knut Bryn:

 

"Gro Olsdatter ble senere gift med med "hendes anden mand ved navn Siur Hammer udi Sogn og med ham avlede en daatter ved navn Margaretha Siursdatter der er gift med Torsten Einersen boende i Sandvigen her ved Bergen".

 

Ektemann nr 2 het vel Siur og ikke Thomas Hammer, slik jeg oppfatter det her. Og at Gro og Sjur hadde datteren Margareta, gift og bosatt i Bergen. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt innlegg!

 

Sjølvsagt heitte andre mannen hennar Gro Olsdotter (Bagge) SJUR og ikkje Thomas.  Eg skreiv dette etter "hugse" utan å sjå etter, men no har eg retta opp det føregåande innlegget mitt!

 

Merkeleg det skal vera so vanskeleg å finna bustaden til desse ektemakane hennart Gro!  Ein av dei må jo ha levd i 1701!?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.