Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Nils Holgerson Jørpeland - fødd Stavanger 1890 - utvandra 1911 - forulukka i 1916? - men kvar?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Nils Holgerson Jørpeland, son av Holger Jørgenson Jørpeland frå Strand og Johanna Larsdotter frå Hafslo i Sogn, var fødd i Stavanger 22.5.1890.

 

Nils utvandra i 1911 som kontorarbeidar med reisemål IOWA, men ifølgje slekti flytte han snart til ein eller annan stad i eller nær New York City, NY der han skal ha vore dokkarbeidar.  Det vert vidare fortalt at han ein gong i "drukken tilstand" fall overbord frå båten han arbeidde på og drukna i sjøen.  Dette skal ha skjedd i (eller kring?) 1916!

 

Er det mogeleg å finna ut kva dato og kvar dette skjedde?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Kan dødsfallet være meldt til lokal myndighet i Norge, lensmann, sokneprest? Ellers hender det at det dukker opp saker i Utenriksdepartements store arkiv som gjelder avdøde nordmenn i utlandet - spørsmål om slekt i Norge osv. 

 

Vet du hvilket navn han brukte i USA?

 

For ordens skyld, her er han i f.t. 1910 - kontorist, D/S eksp.:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036615005778

 

Og dåpen:

Rogaland fylke, St. Petri i Stavanger, Ministerialbok nr. A 20 (1888-1901), Fødte og døpte 1890, side 30. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=3666&idx_id=3666&idx_listetype=dp&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-31
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060519050289.jpg

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nytt utfordrande innlegg!

 

Eg er so å seia heilt overtydd om at Nils i Amerika har kalla seg Nels Jorpeland.  Dei av søskeni som utvandra, skreiv alle Jorpeland, inkl. ein bror Henrik som òg var dokkabeidar og som døydde i spanskesjuka i Manhattan, NY 24.1.1919.  (Dødsattesten har namnet rett nok feilstava "Jorteland", men det er vel helst tilfeldig...).

 

Tja, om Nils er registrert hjå Utanrikesdepartementet, so ville jo det vera kjekt, men der er han vel ikkje so lett å få auge på...?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kurt Østbye

Han kom i alle fall fram ! Ankomst med SS Adriatic den 9. febr. 1911 til New York, avgangen var 1. febr. 1911 fra Southampton. Reisemålet var Norway, North Dakota, til onkel Daniel Jorpeland. (Navnet og alderen hans er skrevet korrekt, men Ancestry har ikke klart å gjøre det søkbart, passasjerliste, nest nederst, side 139 av 1289 hos Ancestry).

Endret av Kurt Østbye

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Han kom i alle fall fram ! Ankomst med SS Adriatic den 9. febr. 1911 til New York, avgangen var 1. febr. 1911 fra Southampton. Reisemålet var Norway, North Dakota, til onkel Daniel Jorpeland. (Navnet og alderen hans er skrevet korrekt, men Ancestry har ikke klart å gjøre det søkbart, passasjerliste, nest nederst, side 139 av 1289 hos Ancestry).

 

Da reiste han tidligere på året i 1911; Henrik ankom Ellis Island 18.08.1911. 

 

Her fant jeg Nils i emigrantlistene for Stavanger i 1911:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000370804

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Kurt for nye spennande innlegg!  Særleg var det interessant å sjå at Nils utvandra med reisemål Norway, Dickey Co., ND, men uansett kvar han fór.  Han må snart ha flytt vidare til New York!

 

ELLER, kan det vera feil at han døydde i New York?  Opplysningi kom i si tid frå ei søsterdotter av Nils i Stavanger som hadde svært god kunnskap om huslyden!  Ho kunne òg fortelja om morbroren Henrik at han budde i New York og døydde i spanskesjuken.  Det med spanskesjuken stemmer, og ogso dødsstaden, MEN Henrik budde for det meste i New Orleans, LA!  Kan det tenkjast at Nils døydde i 1916, men ein annan stad?

 

Uansett, merkeleg kor godt han gøymer seg....

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kurt Østbye

Ja, med et så lite tidsvindu som 1911 til 1916 kan det bli vanskelig. Må se om det var noen telling for året 1915 i New York.

 

Når det gjelder Henrik, så ankom han sammen med en del andre sjøfolk, de skulle mønstre på SS Stavangeren i New Orleans.

 

Han seiler mellom Karibia og USA med forskjellige skip fram til 1918 da han blir registrert i det militære, han er da arbeidsløs, adressen er New Orleans.

Endret av Kurt Østbye

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kurt Østbye

Krigsreg.kort for Henrik Jørpeland. Jeg fant ikke Nils i New York State census for 1915.

post-38-0-95068800-1431800777_thumb.jpg

Endret av Kurt Østbye

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kurt for nye spennande innlegg!

 

Det var særleg interessant å sjå at Nils Jorpeland ikkje finst i FT1915 for New York (dekker teljingi heile staten eller berre New York City?), og då lyt ein verkeleg spørja seg kvar han kan ha butt?  Eg har ingen forslag utover kva eg alt har skrive, men kanskje han finst nemnt i Utanrikesdepartementet sine dokument, som Grethe gjorde framlegg om ovanfor?

 

Kan han mot formodning ha skrive seg Holgerson?

 

Ikkje so enkelt dette, men eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kari for kjempeflott innlegg med avisartikkelen frå Stavanger Aftenblad!  Hjarteleg takk ogso til Grethe for vidare kommentarar!

 

Eg var i ferd med å bla igjennom avisa, som hjå meg kom opp i eit merkeleg flatt format, og hadde nettopp finne artikkelen, då meldingi frå Grete tikka inn.

 

Då stemte altso dødsåret, men dødsstaden var ein annan enn eg hadde vorte fortald!

 

No vil eg freista finna den nøyaktige datoen og staden for dette dødsfallet (må tydeleg ha vore nær East Chicago, IN!?) og likeins kva slag arbeid Nils hadde i denne verksemdi.  Eg har sendt eit spørsmål om dette til den norsk-amerikanske Rootsweb-lista, men om nokon her kan svara på det, so tek eg gjerne imot!

 

Nok ein kjempetakk for god hjelp so langt!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg tek i kveld opp att dette emnet etter at eg frå Amerika er vorten fortald, eg lyt kontakta Nasjonalbiblioteket i Noreg for å sjå dei gamle utgåvene av "Skandinaven".  Her er delar av ein katalog:

 

~~~~~

 

"From the Norwegian National Library web site:

 

Skandinaven (Chicago, Ill.: daglig utg.)
10 (1876) -1930
Skandinaven (Chicago, Ill.: semi-weekly utg.)
1 (1866) - 76 (1941)"

 

~~~~~

 

Det ser ut til å vera vanskeleg å finna nærare opplysningar om Nils i Amerika.  Han er nok avliden i Indiana, og derifrå har eg vanskar med å finna dødsopplysningar...  Difor skulle eg svært gjerne sett den originale avisartikkelen frå "Skandinaven" som fortel om ulukkeshendet til Nils Jørpeland i 1916.

 

Er det nokon som kan hjelpa meg med dette?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet i von om at ein eller annan kan hjelpa meg med kontakt med Nasjonalbiblioteket

 

Eg har eit sårt ønskje om å sjå den artikkelen som vart skriven i "Skandinaven" i 1916 om dette uhendet til Nils Jørpeland i Indiana og ville verta svært takksnemleg om noko greier å finna denne (sjå mellom anna innlegg #12 ovanfor)!

 

Er ikkje desse publikasjonane frå Nasjonalbiblioteket online?

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil først av alt få retta ein takk til Anne-Lise, som har vore so venleg å vitja Nasjonalbiblioteket for å bla igjennom ein del utgåver av "Skandinaven" frå 1916.  Diverre lukkast ho ikkje i å finna artikkelen som var utgangspunktet for meldingi i Stavanger Aftenblad frå 28.9.1916, so førebels har eg no skrive følgjande biografi for Nils Jørpeland:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Nils Holgerson Jørpeland, kjend som Nels Jorpeland, f. i Stavanger 22.5.1890, utvandra til Amerika i 1911 og fór då til ein farbror i Norway, Benton Co., Ia. for å arbeida som kontormann (”office worker”).  Men Nels vart sidan lensearbeidar (”dredge worker”) i Whiting, Ind. der han miste livet ved eit ulukkeshende på seinsommaren 1916.  Han var ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Me kjem vel ikkje noko nærare når det gjeld dødsdatoen til Nils, men om nokon er viljug og har tid til å leita meir etter originalartikkelen i "Skandinaven", ville eg sjølvsagt setja kjempestor pris på det!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Etter at eit fullstendig dødsregister for staten INDIANA no er publisert hjå ancestry.com, er ogso dødsattesten til Nels Jorpeland endeleg dukka opp!

 

Han døydde i East Chicago, IN 21.8.1916

 

so då er kanskje ogso ein obituary mogeleg å finna?

 

Eg takkar igjen so mykje for hjelpi med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.