Gå til innhold
Arkivverket

Østen Thomasson (Helgeplass) - fødd i Finnås (Bømlo) 1816 - gift i Bergen 1839 - til Amerika eller død i Noreg før 1850?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet er ei vidareføring av tema #75733 frå det gamle brukarforum (http://forum.arkivverket.no/topic/161077-75733-oesten-thomasson-helgeplass-f-finnaas-boemlo-1816-kvar-vart-det-av-han/?hl=%2B%C3%B8sten+%2Bfinn%C3%A5s).

 

Østen Thomasson var son av gardbrukar Thomas Thomasson på Helgeplass of kona Anna Ingebrigtsdtter frå Habbestad og vart døypt i Finnås (Bømlo) 11.4.1816.  Han gifte seg i Bergen 5.5.1839 med Anna Endresdotter, dotter av gardbrkar Endre Halvorson på Rudi i Vang (Valdres) og kona Anna versdotter fr Kattevoll og vart døypt i Vang 9.8.1801.

 

Østen er i 1839 kalla både matros og dagarbeidar i Bergen.  Dei får ei einaste dotter som er registrert i Bergen:

 

* Anne Martine, fødd i Bergen 22.7.1839, døydde i Bergen 24.10.1839.

 

Kva skjedde so med denne huslyden?

 

Eg ser ikkje noko meir til dei i Bergen.  Fleire born fekk dei ikkje der, men Anna var jo òg 38 år då dette første(?) barnet hennar var fødd...

 

Eg trur dei må ha utvandra til Amerika ein gong på 1840-talet, for Anna var enkje då ho i Dane Co., Wisconsin 20.10.1850 gifte seg att med enkjemannen Anders Hansson, opphavleg frå garden Grov i Hafslo i Sogn, døypt der 15.9.1793.  Han hadde vore gift to gongar før; den andre kona var Martha Iversdotter frå Bø i Vang (Valdres), og dei utvandra til Amerika frå Hafslo i 1845.

 

Anders og Anna flytte kring 1851 til ein farm i Calmar township, Winneshiek Co., IA der Anders døydde 15.4.1860.  Lagnaden til Anna er so langt ukjend.

 

Men problemet i denne samanhangen er som før nemnt Østen Thomasson:

 

* Kvar kan det ha vorte av denne karen?

 

* Finst det pass- eller passasjerlister som syner utvandringi hans til Amerika?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det kan sjå ut som om Anna Endresdotter hadde minst eitt barn til født i Bergen FØR ho vart gift med Østen Thomasson:

 

* Endre Larsson, fødd i Krosskyrkja i Bergen 12.11.1835 "uekte" av musketer Lars Arneson Lilleslæt og pike Anna Endresdotter (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8685&idx_id=8685&idx_listetype=dp&idx_kjonn=m&uid=ny&idx_side=-52)

 

Me finn òg:

 

* Larsine Alida Maria Larsdotter, fødd i Domkyrkja i Bergen 27.5.1837 av daglønnar Lars Jacobsen og kona Anna Endresdotter (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8645&idx_id=8645&idx_listetype=dp&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-55).  Desse var rett nok gifte, MEN eg finn ikkje noki vigsle for dette paret, og då kan ein jo undrast...  Men so finn eg Larsine Alida Maria gift i Eikefjorden i Kinn i 1865, so då høyrer nok ikkje denne jenta til "vår" Anna Endresdotter uansett!

 

Men når eg no vil søkja i dei gamle databasane om eg kan finna ein gift eller avliden Endre Larsson i Bergen, sleg systemet seg heilt vrangt, og eg kjem ikkje inn, men det i alle fall INGEN høvande Endre Larsson nokon stad i Noreg i FT1865, so eg trur han KAN vera son av "vår" Anna, og ved utvandringi til Anna har truleg Endre følgt med!

 

Eg vonar det let seg gjera å kartleggja rørslene til denne huslyden mellom 1840 og 1850 og takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for siste innlegg!

 

Då veit me at Endre Larsson døydde, og truleg hadde Anna Endresdotter då ingen overlevande born.

 

Men lagnaden til Østen og Anna er framleis ei gåte.  Me veit berre at Anna vart attgift som enkje i Wisconsin hausten 1850, og sidan ingen Østen Thomasson synest vera avliden i Bergen før 1850, er eg ganske so overtydd om at Østen og Anna utvandra i lag til Amerika, men Østen må so vera avliden der borte før 1850...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.